Viser innlegg med etiketten Frank McCourt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frank McCourt. Vis alle innlegg

8. april 2018

Smakebit på søndag? Ja så menn

Det er søndag - noko som betyr at det er høve til å dela smakebitar frå bøkene ein les på bloggen Betraktninger. Mitt bidrag denne søndagen er frå Ja så menn av Frank McCourt (Originaltittel 'Tis). Boka er eit framhald av erindringsromanen Engelen på det sjuende trinn (Angela's ashes) som eg las i januar og som gjorde sterkt inntrykk på meg.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Aschehoug 1999
469 sider
Lånt ebok Nasjonalbiblioteket

Ja så menn tek til der den fyrste boka sluttar; med at Frank forlet Irland og vender tilbake til byen der han vart fødd; New York. Han er blitt 17 år og har streva og spara for å få råd til reisa - og er klar for livet i "mulighetenes land".
Det skal visa seg at det nye tilværet vert utfordrande for Frank, med sin katolske og irske bakgrunn og oppvekst. Han strevar med dårleg råd, elendige buforhold og med dei sosiale kodane. Jobbmulegheiter finst, men han får ikkje akkurat draumejobben:
"New York var mine drømmers by, men nå som jeg er her, er drømmene vekk, og det er ikke sånn som jeg hadde tenkt i det hele tatt. Jeg hadde aldri trodd at jeg skulle gå rundt i en hotellvestibyle og feie opp etter folk og vaske klosettskålene på toalettene".
Det vert fortalt om ulike jobbar, om militærteneste, om studiar, kompisar, naboar og kjærestar. Gradvis tilpassar Frank seg til det me kallar vaksenlivet og han finn sin plass i det amerikanske samfunnet. Størsteparten av livet sitt arbeidde Frank McCourt som lærar.

Det som vel gjorde sterkast inntrykk i den fyrste boka, var faren sin alkoholisme og at han gong etter gong svikta familien sin. Eg reagerer difor med undring på at også Frank viser teikn til alkoholmisbruk. Burde han ikkje ha lært? Begge foreldra og alle brødrene kom over til USA etter kvart og Frank får også sin eigen familie. Det fyrste ekteskapet var turbulent, men resulterte i alle fall i ei stor glede; dottera Maggie. Det var nok ufatteleg vondt for han å forlata henne:
"Morgenene med Maggie var like gylne eller rosenrøde eller grønne som morgenene med far i Limerick. Til han gikk sin vei, hadde jeg ham for meg sjøl. Til alt raknet, hadde jeg Maggie..."
"...Ekteskapet smuldret bort. Irske katolikker oppvokst i en slum har ingenting til felles med pene piker fra New England, som hadde små gardiner i soveværelsesvinduet, som hadde hvite hansker helt opp til albuene og gikk på skoleball med pene gutter..."
"... (Maggie) må ha skjønt at familien gikk i oppløsning, at faren hennes snart ville bli borte for alltid, slik faren hans var blitt borte for alltid..."
Ja så menn er ei fin og lærerik erindringsbok. Det vert fortalt om lengsel, vanskar og sorger. Om kontrastar, utvikling og urettferdigheit. Om daglegliv, yrkesliv og familieliv. McCourt brukar ein heilt spesiell livleg og levande forteljarmåte; ein skrivestil som er konkret og heilt utan jåleri. Eg har eit inntrykk av at han er like oppriktig og ærleg i denne boka som i Engelen på det sjuende trinn, men denne er nok ikkje like hjerteskjerande.

2. april 2018

Oppsummering mars 2018

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Bernard Minier - Hvis helvete var av is - Fransk krim - Kjøpt lydfil
Malin Persson Giolito - Størst av alt - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Lest i mars:
Dan Brown - Opprinnelse - Amerikansk spenning - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Eugen Kallmanns øyne - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Frank McCourt - Ja så menn - Irsk-amerikansk erindringsroman - Lånt ebok nb.no
Agatha Christie - Tre blinde mus og andre historier - Krimnoveller - Lånt ebok eBokBib
Peter Swanson - Hennes største frykt - Amerikansk thriller - Lånt papirbok biblioteket
Ninni Schulman - Jenta med snø i håret - Svensk krim - Kjøpt pocket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
David Lagercrantz - Mannen som jaget sin egen skygge - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Emelie Schepp - Skjult agenda - Svensk krim - Kjøpt pocket
Erika Fatland - Grensen - Norsk dokumentar - Lånt ebok eBokBib




Mars har vore ein ualminneleg travel månad, både på jobb og i fritid - så eg kan nesten ikkje fatta at eg har klart å lesa såpass mange bøker. Men no er det slik at eg brukar bøker og lesing som rekreasjon og avkobling - og når det er ekstra travelt er det naturlegvis viktig å kobla av når ein kan. Dessutan har det vore litt påskefri. Ingen av marsbøkene mine er av norske forfattarar. Det er "mot normalt" for denne lesar.
  • 4 papir, 2 lyd, 2 ebøker
  • 5 lånt, 3 kjøpt
  • 7 krim/spenning, 1 biografisk roman
  • 3 svenske, 2 amerikanske, 1 irsk-amerikansk, 1 britisk, 1 fransk
  • 3 kvinner, 5 menn
  • Glimt frå draumepåsken 2018
  • "Nye" forfattarar: Minier, Giolito, Schulman



Lesemål - etter fyrste kvartal: 

22/100 bøker totalt
2/8 mursteinar (over 600 s.)
0/25 norske utgitt 2018
3/12 utgitt før 2000
3/10 biografiar
0/15 annan sakprosa
1/6 frå bokhylla
9/40 bokomtalar
6/30 "nye" forfattarar
1/20 Storytel

Eg ligg dårleg an på fleire av delmåla mine, så eg skal prøva å vera meir "bevisst" med omsyn til lesemåla mine framover.

31. januar 2018

Oppsummering januar 2018

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Mo Hayder - Ulven - Britisk krim - Kjøpt papirbok
Frank McCourt - Engelen på det sjuende trinn - Irsk-amerikansk biografisk roman - Kjøpt lydfil

Lest i januar:
Peter May - Lewismannen - Britisk krim - eBokBib
Ann Cleeves - I løse luften - Britisk krim - eBokBib
Jussi Adler-Olsen - Hun takket gudene - Dansk thriller - Papirbok fått i julegåve
Jan Guillou - 1968 - Svensk roman - eBokBib
John le Carré - Spionenes arv - Britisk spenningsroman - Lydbok lånt biblioteket

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Gert Nygårdshaug - Afrodites basseng - Norsk roman - Kjøpt pocket (OTS)
Roar Sørensen - Mørkets blod - Norsk krim - Kjøpt ebok

Langlesing - påbyrja i november:
Yuval Noah Harari - Sapiens. En kort historie om menneskeheten - Israelsk - Populærvitenskap/dokumentar - eBokBib

  • 2 papir, 2 lyd, 3 ebøker
  • 4 lånt, 2 kjøpt, 1 fått
  • 5 krim/thriller, 1 biografisk roman, 1 historisk roman
  • 4 britiske, 1 dansk, 1 svensk, 1 irskamerikansk
  • 2 kvinner, 5 menn
  • "Nye" forfattarar: McCourt

Denne månaden har eg stort sett vore heldig med dei bøkene eg plukka ut; dei fleste har stått til forventningane mine. Eg vart rett nok bittelitt skuffa over 1968, men eg ser likevel fram til neste avsnitt av serien om 'Det store århundret'.
Eg las nesten ikkje norske bøker i januar. Det er uvanleg, og skuldast nok at det vart overdose norsklesing mot slutten av fjoråret. Eg er i ferd med å komma over overdosen no og startar februar med 2 x norsk.

Lesemål:
Årets fyrste murstein er fullført; Hun takket gudene er på 747 sider.
Eg har definert Engelen på det sjuende trinn som biografi sjølv om det egentleg er ein biografisk roman/ erindringsroman. Denne boka vart utgitt fyrste gong i 1996, så eg kan også kryssa av for punktet som gjeld "oldtidsbøker". McCourt er dessutan ny for meg - og dermed vart det trippelkryss med Engelen :-)

7/100 bøker totalt
1/8 mursteinar (over 600 s.)
0/25 norske utgitt 2018
1/12 utgitt før 2000
1/10 biografiar
0/15 annan sakprosa
0/6 frå bokhylla
3/40 bokomtalar
1/30 "nye" forfattarar
0/20 Storytel 

23. januar 2018

Bokomtale: Engelen på det sjuende trinn av Frank McCourt

Lydbokforlaget 2006
Speletid 15:01
Opplesar: Lasse Kolsrud
Originaltittel: Angela's Ashes
Kjøpt lydfil

Frank McCourt vart fødd i New York i 1930, men vaks opp i slumstrøket i den irske byen Limerick. Som nittenåring flytta han attende til USA der han skaffa seg utdanning og arbeidde som lærar i mange år. Han var pensjonist då han debuterte som forfattar med denne boka i 1996. Boka vart ein suksess; McCourt vart tildelt både National Book Critics Circle Award og Pulitzerprisen. 

Engelen på det sjuende trinn er ein biografisk roman der McCourt skildrar ein vanskeleg oppvekst i ein lutfattig heim i det lutfattige Limerick. I 1999 kom oppfølgjaren Ja så menn ('Tis) som handlar om livet hans etter at han flytta til USA og i 2005 kom den tredje boka Lærer'n (Teacher man) som handlar om yrkeslivet hans.
Frank McCourt døydde i 2009.

Boka er visstnok kjent, men sjølv hadde eg aldri høyrt om verken boka eller forfattaren før eg tilfeldigvis kom over lydboka i romjula. Ein kjapp titt på forlaget sin omtale gjorde meg nysgjerrig og forventningsfull - og det er altså litt av ei forteljing. Engelen på det sjuende trinn er nok ei av dei mest hjerteskjerande, lærerike, underhaldande og fengslande erindringsbøkene eg nokon gong har lest.
Selvfølgelig var det en ulykkelig barndom: Lykkelige barndommer er ikke mye å samle på. Verre enn normalt ulykkelig barndom er en ulykkelig irsk barndom, og enda verre en ulykkelig irsk-katolsk barndom.
Slik innleier McCourt forteljinga om barndommen sin - og ein skjønnar at humoren - eller rettare sagt galgenhumoren - er ganske vesentleg i denne forteljinga. Forteljarstemma er naiv og direkte sidan me ser det heile frå barnet Frank sitt perspektiv. Alt som fireåring må Frank, den eldste i søskenflokken, ta ansvar for yngre søsken. Han opplever at tre småsøsken døyr av sjukdom og feilernæring. Dette vert det fortalt om på den same undrande og naive måten som i resten av boka - og det er ein effektiv forteljarteknikk.

Tilværet i familien McCourt var på 1930- og 40-talet prega av fattigdom, alkoholmisbruk, elendige butilhøve, arbeidsledigheit, spebarnsdød og all anna elendigheit: Faren drikk opp lønna/trygda og mora strevar med å skaffa barneflokken nok mat. Det som ein gong fantest av kjærleik og omsorg ser ut til å fordufta etter kvart som tida går og ein ikkje ser noko lyspunkt eller framtidstru. Borna er ofte både skitne, svoltne og frosne. Foreldra har ei viss omsut for borna sine, men Frank og brødrene går ofte for lut og kaldt vatn. Det er difor rørande å lesa om den omsorga brødrene har for kvarandre. Det er også rørande når Frank fortel om kor lukkeleg han er når faren er edru og fortel sine fantastiske historiar om ulike irske heltar.

Frank og søskena gjekk på skule, og som for så mange born i Irland; den katolske kyrkja spelte ei stor rolle i liva deira. Begge desse institusjonane var prega av streng disiplin, harde straffer og "høg" moral. Å vera fattig vart sett på som ei skam. Å vera fattig og i tillegg ha ein arbeidsledig og alkoholisert far var enno meir skambelagt. Frå han er 13 år gammal forsørger Frank seg sjølv med ymse strøjobbar, og etter nokre år har han spart opp såpass mykje at han har pengar til båtbilletten til framtida - til USA.

Engelen på det sjuende trinn er ei bok som gjer inntrykk. Ho er både trist og morosam og det er på alle måtar ei heilt utruleg forteljing. Det er utruleg at Frank og brødrene overlevde og vaks opp. Det er ufatteleg at det er berre 70-80 år sidan dette hende. Og det er ufatteleg at det rundt omkring i verda i dag lever ungar som har det like ille som McCourt-brødrene hadde det den gongen.

Andre bloggmeiningar:
Sidan boka ikkje er av ny dato, har eg ikkje funne så mange bloggomtalar av denne, men les gjerne omtalane til Betraktninger fra en veranda og Buskerud leser.