Viser innlegg med etiketten Hilary Mantel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hilary Mantel. Vis alle innlegg

31. desember 2023

Oppsummering desember 23

Påbyrja i november, fullført i desember:
Hilary Mantel - Skygger av et liv du kunne ha levd - Britisk memoar/sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket
Tony Fischier - I mesterens skygge - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Lese i desember:
Edvard Hoem - Husjomfru - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Jane Casey - Den siste datteren - Britisk krim - Lyd Storytel
Kjersti Johnsen - Jul på Himmelfjell hotell - Lyd Storytel  [avbraut]
Klas Ekman - De kapable - Svensk krim - Lyd Storytel
Anders de la Motte - Glassmannen - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lånt lydbok BookBites

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Ken Follett - Lysets rustning - Britisk historisk roman - Lånt e-bok BookBites


3 lyd, 2 papir, 1 lyd + papir
4 lånt, 2 abonnement
4 krim, 1 historisk roman, 1 biografi
1 norsk, 3 svenske, 2 britiske
4 menn, 2 kvinner
Nye forfattarar: Ekman

Det vart berre 6 fullførte bøker i desember, men totalt 103 bøker i 2023. Eg tykkjer det er bra - for eg har veldig mykje anna enn lesing som eg fyller livet mitt med. Oppsummering av leseåret 2023 og årsstatistikk kjem i eit seinare innlegg.

Eg gjorde eit forsøk på å lesa "julefeelgood" denne månaden, men det var ikkje særleg vellukka. Hovudgrunnen til at eg avbraut lyttinga var likevel ikkje sjølve boka, men opplesaren av lydboka: Ei forferdeleg irriterande stemme som eg ikkje orka å høyra på. Sidan det er uaktuelt å lesa ei slik type bok sjølv på papir eller nettbrett, gjekk eg dermed glipp av Jul på Himmelfjell hotell. Like så greit sikkert..

Deretter ga eg meg i kast med ei anna bok frå ein for meg ny forfattar; Klas Ekman. Her snakkar me "feelbad", og eg må tilstå at det passar meg mykje betre. De kapable er ein spennande thriller, fylt med usympatiske karakterar, ubehagelege situasjonar og masse svart humor. Usannsynleg handling, men veldig underhaldande. I ettertid har eg googla meg fram til at boka vart tildelt Crimetime Award for Årets krimdebut 2021. 

Eg likar veldig godt Edvard Hoem sine bøker om sine eigne slektningar, forfedre og formødre. Difor hadde eg store forventningar til Husjomfru som handlar om livet til den yngste dottera til Felemakaren. Boka er slett ikkje dårleg, her får ein fine tidsbilete og eit bra innblikk i eit strevsamt liv. Likevel - eg vart ikkje så betatt og begeistra som eg hadde forventa - og lesinga gjekk merkeleg tregt. Les Tine sin fine omtale av boka.

Den siste boka eg fullførte i 2023 vart Glassmannen av Anders de la Motte. Denne likte eg veldig godt, og eg har så vidt starta på ein omtale.

Med dette ynskjer eg alle blogglesarar og følgjarar, bokormar og lesehestar, eit riktig godt nytt år!

14. desember 2023

Bokomtale: Skygger av liv du kunne ha levd av Hilary Mantel

Forlaget Press 2023
222 sider
Lånt papirbok biblioteket

Forfattaren Hilary Mantel døydde i fjor, berre 70 år gammal. Sjølvbiografien/memoarane hennar Skygger av liv du kunne ha levd kom ut på engelsk i 2003 (originaltittel Giving up the ghost) og no er boka omsider også utkommen på norsk. 

Mantel er mest kjent for trilogien ho skreiv om Thomas Cromwell, og for at ho vart ein av få forfattarar som mottok den prestisjetunge Booker-prisen to gonger. Ho fekk prisen for Ulvetid (Wolf Hall) i 2009 og følgde opp med nok ein pris for Falkejakt (Bring up the bodies) i 2012. Også den tredje boka Speilet og lyset vart nominert, men nådde ikkje heilt opp.

Men her skal det egentleg handla om forfattaren sjølv. Skygger av liv du kunne ha levd er ingen tradisjonell sjølvbiografi - og er altså skriven før Mantel slo gjennom internasjonalt med Ulvetid - og lenge før ho vart Dame Hilary. Men i 2003 hadde ho alt gitt ut fleire bøker og var blitt ein relativt kjent og etablert forfattar. Klassereisa hennar var godt i gang.

Ho kom til verda som Hilary Mary Thompson i landsbyen Glossop, ikkje så langt frå Manchester. Begge foreldra tilhøyrde arbeidarklassa, dei var katolske og hadde irske røtter. Ressursane var små, buforholda dårlege og familieforholda sære - og det var neppe nokon lukkeleg barndom. Etternamnet Mantel kom frå stefaren Jack som kom inn i familien då Hilary var seks år gammal. Stefaren behandla henne dårleg, mora var som regel opptatt med andre ting og faren mista ho kontakt med. Barnet Hilary trekte seg difor ofte tilbake og gjorde seg usynleg for omverda, kun i selskap med sine eigne tankar og fantiasiar. Ho likte å lesa og var skuleflink, men som omslagsbiletet syner var ho tynn og bleik - og ho vart ofte sjuk. I tenåra vart Hilary sitt liv svært prega av ubehag og smerter, men ho tok likevel ei høgare utdanning. Medan ho var student møtte ho mannen ho gifta seg med (og skilte seg frå, og gifta seg på nytt med).

Fyrste halvdel av Skygger av liv du kunne ha levd handlar om barndom og ungdom. Andre del handlar om vaksenlivet - men svært lite om yrkesliv og forfattarliv. Det handlar aller mest om kvinnesjukdommen endomentriose; ein svært smertefull sjukdom som tidlegare ofte vart knytta til skam, sidan det handla om blødningar og underliv. Legane trudde ho var gal og ho fekk både psykosemedisin og vart lagt inn på psykiatrisk sjukehus. Men Hilary las og søkte informasjon og fann sjølv ut av diagnosen, og fekk etter kvart medhald av legar. Som 27-åring fekk ho fjerna livmora, i håp om at ho skulle bli betre. Etter inngrepet vart sjukdommen annleis, men ho vart aldri heilt bra. Medisinen ho måtte ta for å halda sjukdommen i sjakk hadde ubehagelege bivirkningar; mellom anna kraftig vektauke og hårtap. Det vanskelegaste var likevel at ho aldri kunne bli gravid og bera fram eit barn. 

Boka er ei sterk personleg beretning der det vert teke opp alvorlege tema. Ein får nesten fysisk vondt av å lesa om alt Hilary Mantel måtte gjennomgå. Mantel er overraskande lite bitter; ho kjem i staden med jamnlege små stikk. Mellom alt det saklege og faktabaserte er det ein heil del sarkasme og mykje beisk humor. 

Stemninga i boka er elles mest melankolsk og ettertenksam: Ei kvinne som tenkjer på det som det ikkje vart noko av - som ser skuggane av eit anna liv.

3. februar 2021

Bokomtale: Speilet og lyset av Hilary Mantel

Press forlag 2020
818 sider
Lånt papirbok biblioteket

Omsider kom den tredje og avsluttande boka i trilogien om Thomas Cromwell ut. Speilet og lyset har vore etterlengta av mange, ikkje berre fordi det har gått så lang tid sidan forrige bok, men også fordi Hilary Mantel vart tildelt Bookerprisen for begge dei to føregåande romanane Ulvetid (2009) og Falkejakt (2012).
Lista var såleis lagt høgt og forventningane tilsvarande høge då eg starta på boka i romjula. Etter omlag fire veker(!) kunne eg leggja boka frå meg; tilfreds, imponert og litt utmatta. Det er krevjande å "opphalda seg" så lenge og så nært ein slik hovudperson,  utfordrande med alle detaljane og tidvis forvirrande med alle bipersonane.
Samstundes er det komplekse og all detaljrikdommen med på å gjera boka til ei så god leseoppleving.

Den mest sentrale karakteren i boka er Cromwell sjølv, men den ubereknelege, sjølvopptekne og maktglade kong Henrik ruvar liksom i bakgrunnen heile tida.

Speilet og lyset omhandlar dei fire siste åra av Cromwell sitt liv. Handlinga tek til i mai 1536, umiddelbart etter at dronning Anne (Boleyn, Henrik VIII si andre kone) er død. Thomas Cromwell, lojal mot monarken, arbeidde i si tid for at kongen sitt fyrste ekteskap (med Katarina av Aragon) kunne annullerast slik at Henrik kunne bli gift med Anne, Katarina si hoffdame. No har Cromwell fullført eit nytt oppdrag; nemleg å samla nok bevis for at Anne har drive med utruskap, incest og forræderi - og dermed henrettast. Ti dagar etter henrettinga gifter Kong Henrik seg for tredje gong, no med Anne si hoffdame, Jane Seymour.

Som takk for innsatsen vert "han, Cromwell" forfremja og adla og vert "han, lord Cromwell". Forteljarstemma Thomas Cromwell,  aka "Cremuel", aka "Crumb", aka "han" er svært spesiell og liknar ikkje på noko eg har lest i andre bøker. Det er som om lesaren sit på skuldra til Cromwell og ser samfunnet og hendingane rundt han på same måte som han sjølv gjer. Men av og til vert liksom perspektivet utvida; det vert zooma utover slik at ein ser heile biletet - frå oversida. (Eg veit ikkje om det er slik det er meint frå forfattaren si side, men som lesar opplever eg det på denne måten.) 

Mark Rylance som Thomas Cromwell
i BBC-serien Wolf Hall
Det er interessant å sjå kor ulikt Thomas Cromwell vert framstilt forskjellige plassar. I C.J. Sansoms "tudorkrimromanar" (Shardlake-serien) er Thomas Cromwell ein viktig biperson i dei fyrste bøkene. Der er Cromwell framstilt som ein skummel person som står bak ymse intrigar. Mantel framstiller Cromwell med meir menneskelege og forsonlege trekk enn det C.J. Sansom gjer. 

Når ein ser på måleriet av Hans Holbein som er gjengitt på omslaget, ser han ikkje spesielt sympatisk ut. Ettermælet hans var heller ikkje positivt; det var han som sto bak (riktignok etter ordre frå kongen og i samband med reformasjonen) oppløysinga av klostra og alt det medførte av tapte kulturminner og øydelagde menneske.

Eg skjønnar godt at Hilary Mantel - og andre - ser på Thomas Cromwell som ein fascinerande historisk person. Cromwell var ein mann med mange talent og evner; han var språkmektig og diplomatisk og skaffa seg dyktige støttespelarar. Frå enkle kår og ein valdeleg far reiste unge Cromwell ut i verda og tilegna seg kunnskapar og erfaringar som skulle komma godt med då han vende tilbake til England som jurist, politikar og etter kvart som kongeleg sekretær og rådgjevar. I Speilet og lyset får Cromwell - og lesaren - jamvel tilgang til dei inste gemakkane i kongen sitt hoff. Etter kvart vert Cromwell den nest mektigaste mannen i landet, men han bør passa seg: Som den "oppkomlingen" han er, får han også fiendar. 

Ekteskap, graviditetar og barnefødslar var storpolitikk i kongelege og adelege kretsar på 1500-talet. Gjennom avtalar om framtidige ekteskap vart det skapt grunnlag for alliansar, og tilsvarande kunne alliansane bli brotne dersom avtalane vart endra. For kong Henrik var det å få ein mannleg arving viktigare enn noko anna. Han såg ikkje på døtrene han hadde fått med Katarina og Anne (hhv. Maria og Elizabeth) som arvtakarar til trona, og lukka var stor då Jane fødde ein son (den framtidige Edward VI). Men berre nokre dagar seinare døyr dronning Jane, og Henrik må, etter ei høveleg sørgetid, sjå seg om etter ei ny kone.

Cromwell får i oppdrag å leita etter aktuelle kandidatar på kontinentet, for på den måten å skaffa England ein alliert. Som sagt; ekteskap var politikk. Sidan Cromwell er tilhengar av internasjonalt samarbeid og religiøse reformer ser han mot dei protestantiske tyske fyrstedømma. Dette vert starten på Cromwell sitt fall. Anna av Kleve fell nemleg ikkje i smak hos kongen og ekteskapet vert annullert fordi det ikkje vert "fullbyrda", som det heiter. Det er uklart om den manglande fullbyrdinga skuldast Anna sin utsjånad eller Henrik sine evner.

Boka varierer fint reint stilmessig; frå lange, nærast poetiske tankerekker, via detaljerte og oppramsande hendingar, til røffe og brutale skildringar og skarpe karakteristikkar. Mantel skriv det meste i presensform, noko som gjer at ein som lesar er "nær" det som vert fortalt sjølv om det skjedde i ei fjern fortid. Boka er som sagt innleiingsvis veldig detaljert på alle måtar - og det er svært mange karakterar å forhalda seg til. Personoversikten fremst i boka hjelper lesaren med å halda ein viss oversikt. Oversikten syner óg at dei aller fleste er verkelege historiske personar.

Mot slutten av boka tenkjer Cromwell tilbake til barndommen og på opplevingar han har hatt og menneske han har møtt. Når han skjønnar at det går mot slutten av hans eige liv reflekterer han over det han har sett og gjort, men han angrar ikkje på noko. Han har trass alt handla ut frå ordre og etter det han til ei kvar tid har meint har vore best for landet. 

Wolf Hall-trilogien - Ulvetid, Falkejakt og Speilet og lyset - er ei stor litterær tidsreise og eit imponerande stykke arbeid. 

For å ha glede av bøkene bør ein nok ha eit "grunnlag"; ei viss interesse for historie generelt og Tudortida spesielt. Ei slik interesse må ha vore heilt fråverande hos VG sin anmeldar som hevdar at Speilet og lyset er "så kjedelig at anmelderen jukset". Les då heller bokmeldinga til NRKs Marta Norheim: "Shakespeare møter «Game of Thrones», mens Brexit vinkar i det fjerne". 
Også Aftenbladet og Dagbladet har omtalt boka i rosande vendingar.

Eg har ikkje funne omtalar på andre norske bokbloggar enno, men her er nokre svenske bloggmeiningar: Och dagarna går, Fiktiviteter

1. februar 2021

Oppsummering januar 21

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Hilary Mantel - Speilet og lyset - Britisk historisk roman - Lånt papirbok biblioteket

Lest i januar:
David Baldacci - Den sjette mannen - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Karen Dionne - Myrkongens datter - Amerikansk thriller - Lyd Storytel
Vegard Tenold Aase - Alt du elsker skal brenne - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
J.D. Vance - Hillbillyens klagesang - Amerikansk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Kim Faber og Janni Pedersen - Vinterland - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Tor Åge Bringsværd - Mens jeg har dere her - Norsk biografisk/filosofisk - Lyd Storytel

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Emelie Schepp - Broder Jacob - Svensk krim - Kjøpt pocket
Sharon Bolton - Dødsdømt - Britisk krim - Lyd Storytel


5 lyd, 2 papir
5 abonnement, 2 lånt
3 krim, 1 historisk roman, 1 dokumentar, 2 biografiske
2 norske, 3 amerikanske, 1 britisk, 1 dansk
5 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Dionne, Tenold Aase, Vance, Faber, Pedersen

Her på bloggen har det vore veldig stille i det siste. Eg er tilbake på heimekontor om dagane, så eg prøver å vera så sosial og aktiv som muleg på fritida - då sjølvsagt innan dei begrensingane koronasituasjonen/-restriksjonane/-anbefalingane set. Men eg les som vanleg også ein heil del, og eit par blogginnlegg er undervegs.

I januar las eg lite krim (til denne lesaren å vera) og fleire bøker frå (for meg) nye forfattarar. Av dei nye merkar eg meg spesielt det danske krimforfattarparet Faber/Pedersen. Sjølv om Vinterland er minst 100 sider for lang, er det ei svært lovande bok - og eg vil gjerne ha meir frå desse forfattarane. Ein annan ny forfattar er Karen Dionne. Hennar Myrkongens datter byr på fine naturskildringar frå eit (for meg, til no) ukjent geografisk område; Upper Peninsula i staten Michigan, USA. Boka er òg interessant med tanke på kor lojale barn kan vera, uansett kva dei vert utsette for. 

Tor Åge Bringsværd si bok Mens jeg har dere her har undertittel "om det å bli gammel" og er ei sjarmerande, filosofisk og underhaldande erindringsbok som eg kan anbefala på det sterkaste. "Det var aldri lett å hoppe etter Wirkola, men det er enda vanskeligere å dø etter Per Fugelli", skriv Bringsværd. Han har ein leiken penn og skriv med både humor og alvor.

Lesemånaden kan elles oppsummerast med stikkorda "britisk historie" og "amerikansk samtid". Avslutninga av Wolf Hall-trilogien, Speilet og lyset, er ei fenomenal bok; interessant, lærerik og gripande. Men boka er, med sine 814 sider, i overkant detaljert, tidvis langsam og ganske komplisert. Likevel konkluderer eg med terningkast 5, fordi eg - trass alt - er veldig imponert. Ein omtale er på veg.

USA har vore i hovudfokus i dei fleste nyhendesendingar denne månaden. Då den rasande mobben frå den ytste høgresida i politikken storma Kongressbygningen i Washington DC den 6. januar, følgde heile verda med på det som skjedde. Storminga skjedde etter ei (meir eller mindre) direkte oppfordring frå presidenten og me såg alle saman at USA er eit svært splitta samfunn i djup krise. 

Medan dette skjedde las eg Den sjette mannen av David Baldacci, og eg tenkte at "hadde berre King og Maxwell vore der, då hadde dei ordna opp!" Deretter las eg Alt du elsker skal brenne av Vegard Tenold Aase - ein dokumentar frå innsida av ulike høgreekstreme amerikanske grupper; informativ og skremmande lesnad. Familiebiografien Hillbillyens klagesang derimot, den trefte meg berre til ein viss grad. Forsåvidt interessant om ein white trash-storfamilie, men eg tykkjer forfattaren er ubehageleg utleverande om sine eigne.

Eg var nok ikkje den einaste som pusta letta ut då Joe Biden avla eden og den løgnaktige, narsissistiske og rasistiske presidenten forsvann. No er ikkje Biden heller nokon raddis akkurat, men han er i alle fall totalt annleis enn forgjengaren. Han har noko forsonande og velmeinande ved seg som kan komma vel med i arbeidet framover. Så - til slutt, dei avsluttande linjene frå Amanda Gorman sitt dikt "The Hill We Climb", som ho framførde på ein så framifrå måte under presidentinnsetjinga.

there is always light,
if only we're brave enough to see it;
if only we're brave enough to be it.

1. august 2016

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
C.J. Sansom - Mørk ild - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Belinda Bauer - Mørke dager - Britisk krim - Lydbok Storytel

Lest i juli:
Vera Henriksen - Sølvhammeren - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Vera Henriksen - Jærtegn - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Cecilie Skog - Antarktis - Bio/dokumentar - Lånt papirbok biblioteket
Jon Michelet - Skytteren (En sjøens helt 2) - Norsk roman - eBokBib - avbraut
Hilary Mantel - Falkejakt - Britisk historisk roman - Lånt papirbok biblioteket
Vera Henriksen - Helgenkongen - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Håkan Nesser - Marr - Svensk roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Alice Munro - Alice Munros beste: Noveller i utvalg - eBokBib
Tom Egeland - Djevelmasken - Norsk krim - Lånt papirbok privat



Oppsummert:
  • 0(!) ebøker, 5 lyd, 3 papir
  • 3 lånt, 3 kjøpt, 2 abonnement
  • 1(!) krim, 1 historisk krim, 4 historiske romanar, 1 annan roman, 1 biografisk dokumentar
  • 4 norske, 3 britiske, 1 svensk
  • 2 menn, 6 kvinner 
  • "Ny" forfattar: Skog
Det vart fleire historiske romanar i juli - og slike bøker gir meg ofte gode leseopplevingar. Eg har hygga meg med gjenlesing av Sigrid-trilogien (Vera Henriksen) og storkosa meg med dramatikk og politikk frå 1500-talet (C.J. Sansom og Hilary Mantel). Innimellom har eg så lest nokre Alice Munro-noveller, noko biografisk-polardokumentarisk (Cecilie Skog), noko mørk krim (Belinda Bauer) og noko krigsseglarhistorie (Jon Michelet). Den sistnemnde avbraut eg lesinga av etter eit par kapittel; boka passa meg ikkje akkurat no, og lånetida i eBokBib vart plutseleg ute. I tillegg har eg høyrt Håkan Nesser som opplesar av sin eigen kortroman Marr samt starta på den nyaste Bjørn Beltø-boka.
Konklusjon: Ein finfin lesemånad! - trass i at eg ikkje fekk tid til å lesa alle bøkene eg hadde planar om. Eg har visst vore altfor sosial i ferien ;-)
(Legg merke til at eg ikkje har lest ein einaste "svenskekrim" i juli. Det må gjerast noko med.)

24. juli 2016

Sommarlesing del 2: Ferielesing

Det mørke huset av Tor Edvin Dahl
Cappelen Damm 2015
271 sider, eBokBib


Ei bok som fortener mykje meir merksemd enn det ho har fått! Eg har ikkje funne ein einaste bokmelding på nett som gjeld fjorårets roman frå denne svært produktive forfattaren.
Eg trudde - feilaktig - at dette var ein kriminalroman, sidan eg har lest nokre David Torjussen-bøker før og fordi tittel og omslag er såpass "skummelt". Det vert rett nok fortalt om (minst) eit drap i boka, og det vert brukt enkelte element som ein kjenner att frå krim/spenningssjangeren, men dette er noko anna - og noko meir.

Handlinga går føre seg på tre ulike tidsplan; 1950-talet, 1970-talet og vår eiga tid. Hovudperson og eg-forteljar er ein mann som heile livet slit med opplevingar han hadde som fjortenåring. Opplevingane var hemmelege, tabubelagte og skremmande og sidan dei aldri har blitt "bearbeida" og snakka om går det ut over forholdet han har til folk rundt seg.

Det mørke huset er ei mørk og intens forteljing om venskap og foreldreskap, truskap og kåtskap. Det eg ikkje likar med boka er dei lause trådane som ikkje vert nøsta opp i på slutten. Eg har problem med den type open avslutning som ein får her, men boka er såpass fengslande at eg må gi terningkast 4.


Falkejakt av Hilary Mantel
Forlaget Press 2012
435 sider, lånt papirbok biblioteket


Bookerprisvinnar 2012 og oppfølgjar til Ulvetid. Falkejakt er ei knallbra bok, meir tilgjengeleg og strammare komponert enn den føregåande - og difor ei endå betre leseoppleving.
Hovudperson og forteljarstemme er framleis Thomas Cromwell - som slit med forholdet til kong Henrik den 8. og dronninga(ne) hans. Boka inneheld eminente skildringar, bitande karakteristikkar og interessante karakterar. At dei aller fleste av desse karakterane er verkelege historiske personar gjer det heile ekstra fascinerande.

Glimtet inn i dei private kongelege gemakkane og hoffkorridorane er groteske og latterlege - og like fullt truverdige. Her er intriger og begjær, konspirasjonar og maktkamp. Her er kvart einaste ekteskap, kvar einaste spontanabort og kvar einaste barnefødsel - storpolitikk.

Falkejakt er lagt til åra 1535-36 og det handlar om Anne Boleyn sitt fall. Kongen er desperat etter ein mannleg arving, noko verken den fyrste eller den andre dronninga hans har klart å gi han. No har han kasta blikket sitt på den unge hoffdama Jane Seymour. Alle metodar vert brukte for å få fjerna dronning Anne - ho som fekk kongen til å bryta heilt med pavekyrkja. Dei motreformatoriske kreftene byrjar å bli sterke på dette tidspunktet, men så lenge Henrik rår slår dei ikkje til for fullt. Og - enn så lenge - har "han, Cromwell", full tillit.
Mantel har ein spesiell stil og den norske oversetjinga er, etter det eg kan forstå; strålande. Terningkast 5+.



Mørk ild av C.J. Sansom
Forlaget Press 2009
557 sider, lånt papirbok privat


Fantastisk bok for oss som likar finurlege kriminalmysterium og som også har sans for historie generelt og Tudortida spesielt. I del to av C.J. Sansom si historiske kriminalromanserie møter me på nytt den pukkelrygga, rettskafne og smarte sakføraren Matthew Shardlake. Han har i denne historia to oppdrag; det eine er ei slags "lukka rom"-mordsak og det andre er eit spesialoppdrag for kongens mann - Thomas Cromwell.

Cromwell er altså med i denne boka også - men her har han ei meir tilbaketrekt rolle og me befinn oss no i år 1540. Makta og innflytelsen han har hatt på kong Henrik er på retur. Det engelske samfunnet er prega av kaos og strid og for Cromwell sjølv er framtida uviss, for å sei det forsiktig.
Sansom framstiller Cromwell på ein noko annan måte enn det Mantel gjer, og det er greit - og interessant.
Skildringane av dei skitne Londongatene er så gode at ein nesten kjenner stanken medan ein les. Forfattaren er utdanna både historikar og advokat - og det merkast. Noko dårleg framdrift i fyrste halvdel av boka trekker ned heilskapsinntrykket, men likevel: Terningkast 5.



Bøddel av Torgrim Sørnes
Vigmostad & Bjørke 2016
253 sider, eBokBib


Meir historie, denne gongen som sakprosa og litt nærare: 1700-talet og Danmark-Norge - som landet vårt heitte den gongen. Undertittel på boka er Mathias Fliegenring 1685 - 1729 - og han har hovudrolla i denne biografiske og dokumentariske boka.

Tema er dødsstraff og ymse andre straffemetodar, og forfattaren fortel ubehageleg grundig om dette. Ved å veva inn forteljinga om skarprettar Fliegenring og familien hans får ein eit meir forståeleg bilete av historia.
I denne boka finn ein mange triste og grusomme hendingar. Både livet og døden var sanneleg ei lang pine for mange av dei fattige her i landet den gongen. Og desse folka som utførte sjølve avstraffinga - korleis kunne dei leva vidare med seg sjølve?
Vel, Fliegenring greidde det ikkje..
Boka er velskriven og passar fint for folk med kriminalhistorisk og morbid interesse. Terningkast 4+.



Antarktis av Cecilie Skog
Gyldendal 2011
191 sider, 
lånt papirbok biblioteket

Nyare polarhistorie avsluttar dette samleinnlegget. Cecilie Skog er ei kul jente som eg ser opp til.

Skog fortel her i dagboksform om ein heilt spesiell ekspedisjon; ein poltur som handlar om sorgbearbeiding og terapi like mykje som fysiske strabasar. Mannen til Cecilie Skog, Rolf Bae, omkom i ei klatreulukke på fjellet K2 i Pakistan 1. august 2008. Som den ekspedisjonspersonen Skog er, valde ho Antarktis som sorgterapi.
Ho og kompisen Ryan Waters brukte 79 dagar på dei 1800 kilometrane frå Berkner Island via Sydpolen til Rossbarrieren. Dei lukkast i å nå målet sitt ved hjelp av god planlegging og godt samarbeid. Skog fortel at turen var fantastisk, men også beinhard fysisk og mentalt - og at ho etter turen fekk eit anna syn på seg sjølv.
Boka er kort, illustrert og lettfatteleg. Forfattaren byr på seg sjølv på ein sympatisk måte. Terningkast 4.

30. april 2016

Oppsummering april

Påbyrja i februar, fullført i april:
Hilary Mantel - Ulvetid - Britisk historisk roman -  Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i mars, fullført i april:
Jørgen Brekke - Paradisplaneten - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i april:
Maja Lunde - Bienes historie - Norsk roman - Lånt lydbok biblioteket
Geir Tangen - Maestro - Norsk krim - eBokBib
Marit Reiersgård - Paradisbakken - Norsk krim - eBokBib
Patti Smith - Just kids - Biografi - Lånt papirbok biblioteket
Roy Jacobsen - Hvitt hav - Norsk roman - Lånt lydbok biblioteket
Emelie Schepp - Hvite spor - Svensk krim - eBokBib
A.J. Kazinski - Den gjenfødte morderen - Dansk krim - Lytteeksemplar
Øistein Borge - Den syvende demonen - Norsk krim - eBokBib

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Pierre Lemaitre - Vi ses der oppe - Fransk roman - Lånt papirbok biblioteket
Harlan Coben - Når noen bare forsvinner - Amerikansk krim - Lydbok Storytel
Helga Flatland - Vingebelastning - Norsk roman - eBokBib


Oppsummert:
  • 5 ebøker, 3 lyd, 2 papir
  • 9 lånt, 1 lytteeksemplar
  • 6 krimromanar, 3 andre romanar, 1 biografi/erindring
  • 6 norske, 1 svensk, 1 dansk, 1 britisk, 1 amerikansk
  • 5 menn, 5 kvinner 
  • "Nye" forfattarar: Mantel, Smith, Lunde, Tangen, Borge
Månadens høgdepunkt: 
  - Hillary Mantels historiske roman om Thomas Cromwell - Ulvetid.
  - Patti Smith si velskrivne erindringsbok - Just kids
  - Maja Lunde si forteljing om bier og biedød i fortid, notid og framtid - Bienes historie
  - A.J. Kazinskis alternative kriminalroman - Den gjenfødte morderen

Månadens nedtur:
  - Ingen direkte dårlege leseopplevingar, men Maestro og Den syvende demonen var nok dei svakaste bøkene eg las i april.

9. april 2016

Bokomtale: Ulvetid av Hilary Mantel

Forlaget Press 2010
695 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Denne boka vert sett på som eit mesterverk, ho vert beskriven som "fabelaktig", "fantastisk" og "sensasjonell" - og er den Bookerpris-vinnaren som er blitt selt mest - nokon gong. For meg vart det eit uvanleg langvarig og ganske utmattande leseprosjekt - og det er fleire grunnar til det.
For det fyrste hadde eg eit ynskje om å lesa boka skikkeleg, dvs. å ta meg tid til å gå grundig til verks.
For det andre er det ei omfattande bok på nesten 700 sider som inneheld utallige hendingar og samtalar og uendeleg mange personar. Oversikten bakerst i boka er slik sett uvurderleg.
For det tredje var forteljarstemma uklar for meg - lenge. Mantel nyttar ein temmeleg uvanleg måte å fortelja ei historie på. Noko er kronologisk, andre avsnitt er tilbakeblikk og digresjonar, utan at det går klart fram med tanke på overskrifter og oversikter. Eg måtte difor bla litt att og fram for å finna tibake til hovudtråden. Slikt tek tid.

Hendingar, personar og stader er historiske og verkelege. Handlinga er lagt til reformasjonen og Tudortida, hovudsakleg 1530-talet. Kongen i England er Henrik den 8., på denne tida gift med den fyrste dronninga si, spanskfødde og katolske Katarina av Aragon. Eg har ei grunnleggjande interesse for denne historiske epoken og har lest mykje, både sak- og skjønnlitteratur, samt sett ein del filmar og TV-seriar. Då har det stort sett handla om denne kongen og alle konene hans. I Ulvetid er hovudpersonen ein mann som sto på sidelinja, men som hadde tilgang til - og makt over - mange og mykje; Thomas Cromwell (1485 - 1540).

Det handlar om kampen om makta mellom krona og kyrkja - og om strid mellom gammal og ny tid og gamle og nye tankar. Gjennom Thomas Cromwell sine auge vert me vitne til korleis samfunnet endrar seg. Dette var ei tid med groteske straffemotodar og mykje brutalitet; avrettingar ved halshoggingar og bålbrenning var slett ikkje uvanleg - og det skjedde i religionen sitt namn. (Cromwell enda sjølv også sitt liv på skafottet, men det er ei anna historie..)
Ein får også kjennskap til privatpersonen og familiemannen Cromwell - og dermed eit interessant blikk inn i dagleglivet i ei heller velståande hus. Me møter ein pliktoppfyllande mann med store tankar som samstundes har omsorg for familien og hushaldningen sin.

Mantel framstiller Cromwell som ein språkmektig, kunnskapsrik, tilpassingsdyktig, engasjert og melankolsk mann. Han er ein diplomat, ein strateg og ein føregangsmann, men også ein manipulator. Han kom frå enkle kår, men fekk i kraft av sine kontaktar og sine evner, tilgang til dei inste gemakkane hos kongen - og hos hoffdamene. Han hadde eit nært forhold til pavens mann kardinal Wolsey, som etter kvart mista tilliten hjå kong Henrik og dermed også livet. Cromwell følte sorg etter dette, men tilpassa seg raskt den nye situasjonen.
Som kongen sin næraste rådgjevar spelte Thomas Cromwell ei stor rolle då Henrik den 8. ville ha ekteskapet med Katarina oppløyst for å gifta seg med Anne Boleyn. Kongen var desperat etter å få ein mannleg arving og det eksisterande og arrangerte 20 år gamle ekteskapet var kun ein formalitet. Han mislikte dessutan sterkt den makta pavekyrkja hadde og arbeidde for å få endra lovene. I dette arbeidet vart Thomas Cromwell sentral. Den engelske kyrkja vart gradvis reformert. (At Henrik den 8. og Katarina si dotter, Maria - med tilnamnet Den blodige - prøvde å gjeninnføra katolisismen eit par tiår seinare, er òg ei anna historie)

Eg likte Ulvetid, men er glad eg omsider vart ferdig. Boka er ikkje lett tilgjengeleg: Ho krev at ein er vaken og på medan ein les, særleg med tanke på alle familiane og forbindelsane mellom dei, alle personane, alle titlane (som gjerne endra seg etter som forteljinga skreid fram) og alle namna. Ta for eksempel alle Thomas'ane: Cromwell sjølv (advokat, kongeleg rådgjevar og 1. jarl av Essex), Thomas Wolsey (rikskansler, kardinal og erkebiskop), Thomas More (advokat, filosof, forfattar, rikskansler (og seinare helgen)), Thomas Boleyn (diplomat, politikar, 1. jarl av Wiltshire og far til Anne Boleyn), Thomas Avery (Cromwell sin trufaste hushaldssekretær), Thomas Cranmer (erkebiskop og gudfar til Henrik og Anne si dotter, som seinare vart dronning Elizabeth 1.), Thomas Howard (politikar, 3. hertug av Norfolk og onkel til både Anne Boleyn og Katarina Howard (hhv. Henrik 8. si kone nr. to og fem)).

Mantel skriv i presensform, noko som gjer at ein som lesar føler at ein er tilstades på ein heilt spesiell måte. Store deler av handlinga er dialogar. Viktige samtalar, daglegdagse samtalar, hemmelege samtalar, farlege samtalar, samtalar som blir gjenfortalt. Alt sett frå Thomas Cromwell sitt perspektiv. Dei skarpe og presise personskildringane er også sett frå Cromwell sin ståstad.

Ein bør nok ha meir enn gjennomsnittleg interesse for britisk historie dersom ein skal ha glede av denne boka. Eg kan ikkje heilt slutta meg til superlativane eg refererer til innleiingsvis, til det gjekk det for langsamt og eg vart lei av å lesa i den same boka i halvannan månad. Men altså: Dette er ei fascinerande tidsreise, ei interessant og omfattande forteljing, fortalt på ein heilt spesiell måte; ujålete, detaljert og nært.
Det finst rikeleg med lettleste og overfladiske historiske romanar. Ulvetid er definitivt annleis.
Oppfølgjaren Falkejakt skal lesast, men ikkje med det fyrste. No teng eg ein pause frå Tudortida.

Hilary Mantel er aktuell med både sjølvbiografi og BBC-serie. Ho vart Dame Hilary tidlegare i år - og rett før det skjedde vitja ho Skavlan:

31. mars 2016

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Kim Leine - Profetene i Evighetsfjorden - Dansk/norsk roman - Lydbok Storytel

Lest i mars:
Pierre Lemaitre - Irene - Fransk krim - Lånt ebok, eBokBib
Håkan Nesser - Elleve dager i Berlin - Svensk roman - Lytteeksemplar
Geir Hasle - Isens menn - Dokumentar/polarhistorie - Lånt papirbok biblioteket
Torkil Damhaug - En femte årstid - Norsk krim - eBokBib
Bernhard Borge (André Bjerke) - De dødes tjern - Norsk klassisk krim, 1001-bok - Lånt ebok, bokhylla.no
Hjorth og Rosenfeldt - Ikke bestått - Svensk krim - Lytteeksemplar
Frits de Bourg - Dødens elv - Norsk krim - Lånt papirbok
Håkan Nesser - Alois - Svensk (kort)roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i februar, fullførast i april: (!)
Hilary Mantel - Ulvetid - Britisk historisk roman -  Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Jørgen Brekke - Paradisplaneten - Norsk krim - eBokBib


Oppsummert:
  • 3 ebøker, 4 lyd, 2 papir
  • 5 lånt, 2 abonnement (Storytel), 2 lytteeksemplar
  • 5 krimromanar, 3 andre romanar, 1 sakprosa
  • 4 norske, 3 svenske, 1 dansknorsk, 1 fransk 
  • 9 menn, 0 kvinner (med unnatak av Hilary Mantel som blir med meg over i neste månad)
  • "Nye" forfattarar: Mantel, Hasle, de Bourg

Trass i påskefri vart det færre bøker enn normalt i mars - men dei bøkene eg las var alle gode/brukbare leseopplevingar, så difor er eg nøgd med "innsatsen" - og eg er i rute i høve lesemåla for året.
Lånetida for Ulvetid er forlenga - denne historiske romanen vart eit uvanleg langvarig prosjekt - men eg likar boka - og ho skal lesast ut i løpet av medio april.

Månadens høgdepunkt vart Profetene i Evighetsfjorden og Damhaug sin nye og eminente krimthriller En femte årstid. Begge gjorde inntrykk, kvar på sin måte. Irène var også ei svært god bok, men sidan eg las Irène og Alex i feil rekkefølge, vart ikkje leseopplevinga så bra som ho kunne ha vore.

Månadens nedtur vart gjenlesinga av klassikaren De dødes tjern. Denne gongen var den pirrande uhyggekjensla og spenninga som eg hugsar frå tidlegare - heilt fråverande. Eg vart overraska og skuffa over dette og kan ikkje heilt forklara det. Men det er lenge sidan sist eg las boka, og ein har jo i løpet av den tida som har gått fått med seg utallige og varierande leseopplevingar og -erfaringar. Slik som eg hugsar De dødes tjern frå tidlegare, var boka ei klar Terningkast 6-leseoppleving. Denne gongen vart det kun 4 prikkar på terningen.
Eg hadde planar om å lesa Enhjørningen av Bjerke i løpet av påsken også, men den vart lagt vekk på grunn av at De dødes tjern ikkje fenga meg noko særleg.