Eg har ei heimesnekra excelliste som gjer at eg lett kan henta fram tal til årssstatisikken min.
Leseåret 2021
(Fjorårets tal i parentes)
Til saman
116 bøker (108)
- 12 av dei på over 500 sider
75 krim-, thriller- og spenningsromanar (74)
11 andre romanar (12)
25 sakprosa (20)
- av desse 12 biografiar (10)
5 novellesamlingar (2)
Format
35 papirbøker (34)
18 ebøker (23)
63 lydbøker (51)
Alder
71 av bøkene var utgitt i åra 2010 - 2020
36 i 2021 (32)
- av dei 19 norske (20)
Utgitt før 2010: 9
45 Storytel-abonnement (44)
7 kjøpt sjølv (11)
3 bøker fått i gåve (1)
Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)
Terningkast 6: 1 bok (1)
Terningkast 5: 26 bøker (36)
Terningkast 4: 76 (56)
Terningkast 3: 10 (14)
Terningkast 2: 3 (0)
Terningkast 1: 0 (0)
Forfattarar
24 "nye" forfattarar (19)
Kjønn
77 bøker skrivne av menn (81)
43 av kvinner (29)
Nasjonalitet
57 bøker skrivne av norske forfattarar (62)
23 av svenske forfattarar (18)
16 britiske (13)
10 amerikanske (4)
4 danske (2)
4 franske (3)
3 islandske (1)
I 2021 las eg flest bøker av
Val McDermid, William Shaw, Bernard Minier og David Baldacci - 3 bøker av kvar.
Eg las 2 bøker av kvar av desse forfattarane: Tore Renberg, Jørgen Jæger, Kurt Aust, Benedicte Ingstad, Thor Gotaas, Emelie Schepp, Hans Rosenfeldt, Cara Hunter, Sharon Bolton, John Harvey og Harlan Coben.
- For alle dei øvrige vart det ei av kvar.
- I 2021 har eg fullført alle påbyrja bøker, med eitt unntak (Terapeuten).
Elles er hovudpunkta frå statistikken følgjande:
- Fordeling på sjanger er omlag som i 2020, dvs. stor overvekt av krimromanar.
- Eg las faktisk fleire biografiar enn "vanlege" romanar.
- Nesten alle bøkene eg las var anten lånebøker eller abonnementbøker (Storytel).
- Dei aller fleste bøkene er nye og det formatet eg brukar desidert mest er lydbøker.
- Vidare er omlag halvparten av årets bøker av norske forfattarar.
- Legg òg merke til at kjønnsfordelinga ikkje er fullt så skeiv som i fjor.
Lesemål 2021
116/100 bøker totalt
12/10 mursteinar (over 500 sider)
12/10 biografiar
13/10 annan sakprosa
10/30 bokomtalar
24/20 nye forfattarar
Ynskjer alle eit strålande nytt leseår!