Påbyrja i januar, fullført i februar: Tore Renberg - Lorden - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Lese i februar: Håvard Haftor Arntzen - Åsted. På innsiden av Kripos - Norsk dokumentar - Lyd Storytel Erik Fosnes Hansen - Tyskland på 200 sider - Norsk dokumentar - Lyd Storytel Ketil Raknes - Hvit makt. USAs rasistiske historie - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites Atle Nielsen - Hallo! - Norsk dokumentar/humor - Lyd Storytel Helen Fields - Perfekt død (DI Callanach #3) - Skotsk krim - Lyd Storytel Håkan Nesser - Ung manns ferd mot natt (Gunnar Barbarotti #9) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites Garry Disher - Dragemannen (Peninsula #1) - Australsk krim - Kjøpt lydfil
Påbyrja i februar, fullførast i mars: Bernard Minier - Et øye i natten (Martin Servaz #8) - Fransk krim - Lånt papirbok privat Maria Fallström - Grevgatan (Grova brott #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Det vart like mange fullførte bøker i februar som i januar, trass i at denne månaden var kortare. Det må eg sei meg nøgd med.
Eg pleier å lika Tore Renberg sine bøker veldig godt, men med Lorden vart det nedtur. Det vart aldri nokon "kjemi", det vart for mykje galskap, og slutten var rett og slett dårleg. Eg fullførte boka, og kan lika både skildringar og skrivestil, men eg fekk ikkje historia til å henga saman og konklusjonen min vart ein 3'ar.
Også Atle Nielsen si humoristiske bok om telefonen si historie, Hallo!, får terningkast 3. Det er ei heilt grei bok der me som har levd ei stund finn mange gjenkjennelege og nostalgiske element, men det blir liksom litt tynt.
Dei tre andre sakprosabøkene er veldig bra. Eg vil spesielt trekka fram Hvit makt - USAs rasistiske historie. Elles var Åsted - på innsiden av Kripos interessant lesing, sidan eg les mykje krim. Forfattaren er kriminalteknikar og åstedsgranskar og har jobba med fleire store kriminalsaker her i landet.
Eg har lese dei fleste bøkene i 200 sider-serien, og Erik Fosnes Hansen sitt bidrag Tyskland på 200 sider er blant dei beste. Litt oppramsande til tider (det blir gjerne slik når store mengder fakta skal inn på få sider), men samstundes velskrive, underhaldande og lærerikt. Fosnes Hansen har dessutan ei svært behageleg opplesarstemme.
Når det gjeld dei tre fullførte krimromanane, må eg visa til ein eventuell framtidig samleomtale.
Påbyrja i september, fullført i oktober: Jan Guillou - Den som drepte helvetes engler - Svensk krim - Lyd Storytel
Lest i oktober: Sven Petter Næss - Tyv - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket Anne Holt - Tolv utemte hester - Norsk krim - Lånt papirbok privat Gard Sveen - En gang skal du dø - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Jeff Abbott - I siste øyeblikk - Amerikansk krim - Lyd Storytel Tore Renberg - Lungeflyteprøven - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat + Lånt lydbok BookBites Levi Henriksen - Som vi forlater våre skyldnere - Norsk novellesamling - Lånt lydbok BookBites
Påbyrja i oktober, fullførast i november: Hans Olav Lahlum - Terningmorderen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Pascal Engman og Johannes Selåker - Til minne om en morder - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Plutseleg november. Friskt og fint i dag, men etter kvart kjem det til å bli mørkt, grått og kaldt og dermed meir inneaktivitetar - og truleg meir lesing. Det vart "berre" 7 fullførte bøker i oktober, 5 av dei årets norske - og med Lungeflyteprøven som høgdepunkt.
Den som drepte helvetes engler er eit gjensyn med Erik Ponti og Carl Hamilton - som gamle menn. Sidan eg har lese mange av Jan Guillou sine bøker, såg eg fram til ei nostalgisk lesestund. Noko det vart, for her er det mange henvisningar til både Ondskapen, Hamiltonserien og Århundreserien. Boka er ikkje dårleg, men det vart for tregt, rett og slett - og kanskje noko patetisk. Kort oppsummert er det, etter mitt syn, ei bok me ikkje hadde bruk for. Samstundes forstår eg behovet Guillou har hatt for å knytta saman og oppsummera tidlegare bøker.
I siste øyeblikk er ikkje treg, tvert om. Andre bok i serien om Sam Capra er full av action, slåssing, skyting og biljakt. Samt ein dose romantikk. OK som underhaldning og avveksling, men likevel kjedeleg. Det er nesten som det er godt gjort å skriva ei bok som er både actionfylt og kjedeleg, men eg opplevde boka slik. Eg kjem neppe til å halda fram med denne amerikanske serien.
Pr. 1. november har eg lese 90 bøker i 2023. Det er innafor normalen og eg er nøgd med det.
Kva skal så lesast i november og desember? Vel - det blir som vanleg litt tilfeldig sidan eg fyrst og fremst låner bøker. Den fyrste eg har på vent er den siste til Jørgen Jæger. På vente- og ønskelista har eg mykje svensk krim: dei nyaste bøkene til Jens Lapidus, Håkan Nesser, Anders Roslund, Stefan Ahnhem og Anders de la Motte. I tillegg dei siste til danske Thomas Bagger og finske Max Seeck. Dessutan har eg sett meg på venteliste for ei bok eg har store forventningar til: Ken Follett si nyaste bok i det som er blitt Kingsbridge-serien; Lysets rustning.
Og når ein er inne på historiske romanseriar: Edvard Hoem kjem med ny bok i serien Familien i Rekneslia seinare denne månaden. Den har tittelen Husjomfru og handlar om Felemakaren si dotter. Og her må eg faktisk sitera meg sjølv frå min eigen omtale av Felemakaren: "Det er ikkje gitt noko hint, men eg anar at det kan komma fleire bøker basert på Hoemske forfedre og -mødre. Kanskje vert ein av døtrene til Lars og Gunhild hovudperson i neste bok?"
Oktober forlag 2023 558 sider Lånt papirbok privat og lånt lydbok BookBites
Fyrst: Eg likar ikkje omslaget på boka. Kva i alle dagar er det illustrasjonen viser? Ein blekksprut, ein plante, eit torturinstrument? eller noko heilt anna? Eg forstår ikkje kva det er og kva det har med boka å gjera - og eg tykkjer det er stygt. Eg nemner dette innleiingsvis, for sjølve omslaget er det einaste eg kan komma på som er negativt med boka - og så er me ferdige med det liksom.
Korleis omslaget ser ut har sjølvsagt ikkje noko å sei for innhaldet - for eg vart svært nøgd med denne leseopplevinga. "Makaber lesefest" var overskrifta på bokmeldinga i VG, og eg kan forsåvidt skriva under på at deler av boka er makaber. Og lesefest? Jo, absolutt. Boka er både lærerik, interessant, underhaldande, gripande og opprørande.
Romanen byggjer på verkelege hendingar, reelle rettssaker og historiske personar. Overraskande mykje er dokumentert, noko forfattaren gjer greie for både undervegs og i ein eigen oversikt over historiske personar bakerst i boka.
Me er i Leipzig i Sachsen i noverande Tyskland i 1681. Femten år gamle Anna Voigt vert tiltalt for å ha drepe det nyfødde barnet sitt - og om ho vert kjent skuldig ventar dødsstraff. Ein ung jurist, ein framsynt lege og ein knust far gjer det dei kan for å bevisa at ho er uskuldig. Anna drap ikkje barnet sitt, det var dødfødt.
Tittelen på boka viser til ei eksperimentell medisinsk prøve, som i ettertid vert sett på som starten på moderne rettsmedisin. Prøva skal visa om ei kvinne har bore fram eit dødfødt eller eit levandefødt barn: Eit barn som har døydd i mors liv har aldri drege pusten og lungene til barnet er kompakte. Om ein bit av lungene vert senka i vatn vil det synka. Har barnet levd, har det pusta, lungene er svampaktige og lungebiten vil flyta opp. Prøva som vart teke av Anna sitt barn flaut ikkje opp.
Rettsprosessen tok fleire år. Retten og samfunnet var ikkje klar for eit slikt vitenskapeleg og eksperimentelt prøvesvar, med få unntak, - som Anna sin forsvarar Christian Thomasius. Det som dominerte i rettssalane på denne tida var teologi, tradisjon og rykter. Spebarnsdrap var eit reellt samfunnsproblem, trass i dei harde straffene som venta dei som vart kjende skuldige: tortur, forvisning, dødsstraff. Ofte var uønskte svangerskapa resultat av overgrep, men det var kvinna som vart straffa (hardast) sidan ho hadde "latt seg besvangra".
Lungeflyteprøven er ein roman som flommar over av forteljarstemmer, folk og hendingar, men eg tykkjer at forfattaren har ei stødig hand over det heile. Av og til kjem forfattaren si stemme inn og forklarar kva som er fiktivt og kva som er historisk. Han undrar seg over kva dei involverte har tenkt, legg fram ulike alternativ, presiserer at enkelte ting er slikt som kunne ha hendt. Andre ting er historiske fakta og vel dokumentert. Glimta inn i kvardagsliva til dei ulike familiane fortel mykje om tidsepoken - altså starten på opplysningstida. Eg vil tru at både godseigarfamilien, advokatfamilien, pastorfamilien, legefamilien og skarprettarfamilien er tidstypiske og realistiske. Religion, ære, moral og ivaretaking av orden var sett på som grunnleggjande viktig av dei styrande i samfunnet, men hadde groteske utslag - sett med notidsauge. I boka får ein fleire eksempel på at dobbeltmoralen blomstra og at klasseskilnadene var djupe. Folk med nye tankar om likskap for lova og ny kunnskap basert på forsking og vitenskap møtte motstand frå mange hald, særleg frå kyrkja, men også frå andre autoritetar. Thomasius måtte etter kvart flykta frå Leipzig på grunn av dei kontroversielle standpunkta sine. Han var til dømes så "radikal" at han meinte at bruk av tortur burde avskaffast.Språket i boka er snirklete, noko gammalmodig - og passar til tida det vert fortalt om. Omgangsformene var ikkje slik som i dag og synet på medmenneske og samfunnet elles var totalt annleis. Stemninga varierer gjennom boka. Noko vert fortalt om på ein sakleg og nøktern måte, i andre sekvensar er det intenst, nærgåande, sorgtungt og desperat.
Boka passar ikkje for alle, deler av handlinga er rimeleg brutal og som sagt innleiingsvis; makaber. Men dette var ei brutal tid prega av vald og straff, så eg meiner det er innafor. Ein bør dessutan ha ei genuin interesse for historie om ein skal gi seg i kast med ei forteljing som dette, og gjerne ei særskilt interesse for kriminalhistorie, rettshistorie og politisk historie.
Alle som les denne bloggen veit at eg les mest (og helst) krim. Det er det eg slappar av med og kosar meg med. Men dei bøkene eg likar best og som gir meg mest - som "er med meg" lenge etter avslutta lesing - er dei svære (og barske) historiske forteljingane. Som til dømes Shardlake-serien, Hortten/Beouberge-serien og Grønland-trilogien.
Lungeflyteprøven er også eit storverk som ga meg mykje. Eg kjem aldri til å gløyma Anna Voigt og hennar lagnad. Eg kjem heller aldri til å gløyma faren Hans Heinrich Voigt, kampen han kjempa og sorga han måtte gjennomgå - og som førte han inn i galskapen.
Eg er mektig imponert over all jobben forfattaren må ha hatt med innhenting av historiske fakta og bakgrunnsstoff (Han skal ha brukt fem og eit halvt år på arbeidet). Vidare er eg imponert over at Tore Renberg stadig fornyar, utviklar og utfordrar seg som forfattar. Han har gjennom forfattarskapet sitt veksla mellom stilartar og målføre og skapt såpass ulike karakterar som Jarle, Tollak, Steinar og Rudi. Lungeflyteprøven er den fyrste historiske romanen til Renberg, og han må gjerne skriva fleire i denne sjangeren!
Eg var så heldig at eg fekk låna papirbok privat - og då eg var kommen vel halvveges var hellet med meg nok ein gong; lydboka var tilgjengeleg i BookBites. Sidan Tore Renberg er ein så fenomenal opplesar av sine eigne bøker vart valet enkelt: derifrå og ut vart det lyd.
Her kan du sjå og høyra forfattaren lesa prologen:
Påbyrja i august, fullført i september: Johanna Mo - Nattsangeren - Svensk krim - Lånt papirbok privat William Shaw - Salt Lane - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Lest i september: Martin Holmén - Slugger - Svensk historisk krim - Kjøpt lydfil Kim Faber og Janni Pedersen - Satans sommer - Dansk krim - Lånt papirbok privat Tore Renberg - Assalamu alaikum - Norsk roman - Kjøpt lydfil Anders Roslund - Tre dager - Svensk krim - Lyd Storytel Rune Timberlid - Jakta på Siskin - Norsk krigsdokumentar/lokalhistorie - Lånt papirbok biblioteket Torbjørn Færøvik - India på 200 sider - Norsk dokumentar/fakta - Lånt ebok BookBites
Påbyrja i september, fullførast i oktober: Val McDermid - Brennende hat - Britisk krim - Lyd Storytel Kristina Ohlsson - Stormvakt - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Fleire veldig gode leseopplevingar i september. Både Assalamu alaikum og Slugger har "vore med meg" lenge etter avslutta lesing, noko som stadfestar at dei - kvar på sin måte - er spesielle bøker. Vidare finn eg det gledeleg at Anders Roslund held fram med Ewert Grens-serien, sjølv om han no skriv åleine. Tre dager er minst like neglebitande spennande som forventa. Eg har heller ikkje stort å utsetja på Færøvik og Timberlid sine bøker. Det einaste er at dei er litt korte, men det har sine heilt naturlege forklaringar. India-boka er i 200 sider-serien og er ei grei innføring i dette landet si mangfaldege historie. Jakta på Siskin handlar om motstandsrørsla i Sogn under krigen, og Timberlid fortel her sakleg og greitt om ei for meg hittil ukjent historie. Satans sommer og Salt Lane er også bra bøker som kan anbefalast. Nattsangeren er heller ikkje dårleg.
Straks oktober - og tre fjerdedeler av året 2021 er over. Eg presenterte lesestatistikken min for fyrste kvartal, men gløymde å laga halvårsstatistikk. Når tre månader av året gjenstår er stillinga slik:
Det har gått fire år sidan sist me møtte Rudi, Cecilie, Jan Inge og dei andre i og rundt Hillevågsgjengen. No er dei omsider tilbake, og eg kjenner at dette er ei bok eg verkeleg har venta på. I Assalamu alaikum har det imidlertid kun gått nokre veker sidan hendingane i Skada gods. Det er januar 2013 i "verdens rikaste by" Stavanger.
Den fyrste me møter er Jan Inge - Jani - og det er tydeleg at han ikkje har det godt. Han er visst rett og slett i ferd med å mista det heilt. Rudi på si side er lei av alle drittjobbane han vert sett til (av Jani) og han har dessutan nettopp hatt svineinfluensa. Cecilie - Chessi - er gravid med tvillingar og lengtar etter eit meir normalt liv. For det er absolutt ikkje normalt at hagen deira er full av nedgravde likdeler og at frysaren er full av heroin.
Saman med dei tre bur også "fosterbarnet" Shaun, ein så skada gut at han faktisk har det betre og tryggare saman med Jani & co. enn heime. Og her er ein viktig bodskap i denne serien: Om kor viktig det er å ta vare på kvarandre, om å sjå kvarandre, om å sjå barna som fell utanfor. For er det nokon som er prega av ein utrygg barndom så er det nettopp søskenparet Jani og Chessi. I denne boka får me vita meir om kva dei gjorde og opplevde i barne- og ungdomstida si. Det er temmeleg sterke saker.
Handlinga i boka er, som i dei tidlegare bøkene i Teksas-serien, nokså ellevill. Det er temmeleg drøyt det som foregår, og enkelte lesarar kan nok bli støtt av visse detaljerte skildringar. Det handlar om vald og drap, narkotika og porno - og Renberg pakkar ikkje akkurat inn det han vil fortelja om.
Tittelen er spesiell. "Assalamu alaikum" betyr "fred vere med deg" på arabisk. Men "fred" kan det jo aldri bli i Hillevåg, så lenge dei driv med såpass spesielle "forretningar". Tittelen speglar i tillegg til andre hendingar i boka som ikkje skal røpast her.
Kva kan ein elles sei om boka, utan å røpa noko særleg av handlinga? Jo - eg siterer meg sjølv frå ein tidlegare omtale (av Skada gods): "Det er morosamt og fælt, fascinerande og energisk, frekt og frodig, trist og sjarmerande, viltert og engasjerande." Me møter enkelte bikarakterar frå tidlegare bøker og vert presentert for nokre nye. Alle har sine spesielle eigenskapar og særtrekk og det er ikkje vanskeleg å sjå dei for seg. Tidvis tek forfattaren turar langt ut på viddene og blir veldig skravlete, - nesten masete. I andre sekvensar, med andre rolegare forteljarstemmer, er det gjerne forsiktig, vart og ettertenksamt.
Av og til blandar forfattaren seg inn i forteljinga med sine tankar og forklaringar. Det er eit grep eg ikkje er spesielt begeistra for, men eg respekterer at han har hatt eit visst behov for å utdjupa.
Boka inneheld mange referansar til musikk og litteratur og er elles prega av sprudlande forteljarglede og sær fantasi. Ho er svært underhaldande, men også gripande og til tider ganske motbydeleg. Eg har både ledd, rista på hovudet og vridd meg i ubehag. Tore Renberg er ein av desse forfattarane som kan få ein lesar til å kjenna på mange ulike kjensler undervegs i lesinga.
Som erfaren krimlesar ser eg at Assalamu alaikum har visse krimroman-element og thriller-trekk. Men boka byr på noko langt meir og er på fleire måtar ei stor leseoppleving.
Eg anbefalar, så sterkt eg kan, lydbokversjonen. Tore Renberg er ein fantastisk opplesar av sine eigne bøker.
Påbyrja i juli, fullført i august: Simon Stranger - Leksikon om lys og mørke - Norsk roman - Lyd Storytel Bernard Minier - Konfirmanten - Fransk krim - Lånt papirbok privat John Harvey - I skuddlinjen - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Lest i august: Michel Bussi - Svarte vannliljer - Fransk krim - Lyd Storytel Karin Fossum - Drepende drage, angrende hund - Norsk krim - Lånt papirbok privat Tore Renberg - Ingen tid å miste - Norsk roman - Lyd Storytel Yrsa Sigurðardóttir - De tause - Islandsk krim - Lånt papirbok privat Helene Flood - Terapeuten - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites [ikkje fullført] Sharon Bolton - Håndverkeren - Britisk Krim - Lyd Storytel Harlan Coben - Hjem - Amerikansk krim - Lyd Storytel Hege Duckert - Norsk kvinnehistorie på 200 sider - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Påbyrja i august, fullførast i september: Johanna Mo - Nattsangeren - Svensk krim - Lånt papirbok privat William Shaw - Salt Lane - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
5 lyd, 3 papir, 2 ebøker 5 lånt, 5 abonnement 7 krim, 2 romanar, 1 dokumentar 4 norske, 2 britiske, 2 franske, 1 amerikansk, 1 islandsk 6 menn, 4 kvinner "Nye" forfattarar: Flood (men eg har ikkje rekna Terapeuten med i oversikten)
Eg har hatt ein del leseopplevingar der forventningane ikkje vart innfridde denne månaden. Ingen tid å miste, Drepende drage angrende hund og Konfirmanten er bra bøker, men eg veit at både Tore Renberg, Karin Fossum og Bernard Minier kan betre enn dei får vist her. Det same gjeld Michel Bussi og Sharon Bolton; Svarte vannliljer og Håndverkeren vart eg skuffa over.
Leksikon om Lys og mørke vart for meg ei både/og-leseoppleving. Interessant å lesa om familien Kommisar, Bandeklosteret, den unge Rinnan og Rinnan-banden, men eg mislikar måten forfattaren skriv seg sjølv inn i historia. Eg skjønte heller aldri poenget med "leksikon". Denne alfabetiseringa av stikkord vart berre rart og nokså krampaktig. Eg veit at boka vann både Bokhandlerprisen, Bokbloggerprisen og Riksmålsprisen, men eg meiner boka er oppskrytt.
Og Terapeuten? Den orka eg rett og slett ikkje å lesa ferdig. Uspennande, uinteressant og kjeeedeleg. Eg forstår ikkje alt skrytet den boka har fått heller.
Vel - eg får avslutta oppsummeringa med nokre positive inntrykk: Harlan Coben si siste Myron Bolitar-bok Hjem er mellom dei betre i serien. Yrsa Sigurðardóttir "leverer varene" med De tause. Det same gjer Hege Duckert med Norsk kvinnehistorie, med dei begrensingane som 200 sider-konseptet set.
Påbyrja i september, fullført i oktober: Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel
Lest i oktober: Tore Renberg - Tollak til Ingeborg - Norsk roman - Lånt ebok BookBites Øistein Borge - Bastarden - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket Anne-Britt Harsem - Den mørke hemmeligheten i Tysfjord - Norsk dokumentar - Lyd Storytel Alex Michaelides - Den tause pasienten - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites Unni Lindell - Nabovarsel - Norsk krim - Lånt papirbok privat Håkan Nesser - Den sørgmodige bussjåføren fra Alster - Svensk krim - Kjøpt lydfil Hans Olav Lahlum - Reiulf Steen - historien, triumfen og tragediene - Biografi - Lyd Storytel Gert Nygårdshaug - Den tredje engelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Tor Bomann-Larsen - Svaret. Haakon & Maud 6 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel Frits de Bourg - Dykket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i oktober, fullførast i november: Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Eg er svært nøgd med blogge- og lesemånaden oktober! Heile 12 bøker lest og mange av dei var skikkeleg gode leseopplevingar. Dessutan har eg fått skrive 3 bokomtalar og 1 samleomtale - så dermed føler eg meg meir ajour enn på lenge.
Det er umuleg å trekka fram eit enkelt høgdepunkt fordi eg har lest såpass mange bra bøker. Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen er rett og slett ein av dei beste politiske biografiane eg har lest nokon gong. Del 6 i biografiverket Haakon & Maud, Svaret, har eit oppsiktsvekkjande innhald, men er noko tyngre å lesa enn dei føregåande bøkene. Nabovarsel startar grøssande skummelt, slik me veit Lindell kan det, men undervegs endrar det seg noko slik at eg ved dette høvet "berre" gir terningkast 4. Eg hadde nemleg skyhøge forventningar til denne boka.
Både Tollak til Ingeborg, Den tredje engelen og Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er gode bøker, kvar på sin måte, og kan anbefalast på det varmaste. Og dei er ikkje dårlege Bolton, Brekke, de Bourg og Borge sine bøker heller.
Sterkast inntrykk gjorde dokumentaren frå Tysfjord; om "Liv" og hennar historie. Anne-Britt Harsem fortel i denne boka om ei jente som vart utsett for vald, mishandling og misbruk i heile barndommen. "Liv" bar alle teikn på at ho var utsett for vald og seksuelle overgrep, men det var ingen som sa frå og ingen som gjorde noko. Det er ei heilt utruleg; grusomt og hjerteskjerande. Det er mange som i ettertid kan føla på både skuld og skam. Les forkorta versjon i VG.
Største nedtur og skuffelse kom med den overhypa og oppskrytte Den tause pasienten. Den var etter mi meining uspennande og treg og inneheld for mykje psykosnakk og kunstprat. Må likevel innrømma at eg vart overraska over løysinga på det heile, så eg spanderer eit terningkast 3.
Til slutt kan eg nemna at eg lånte og leverte tilbake ei bok - ulest - denne månaden. Den psykologiske thrilleren Krypdyrmemoarer, som har fått så mykje merksemd, vart henta på biblioteket. Trass i høge terningkast og sal til utlandet kjende eg på ein veldig uvilje mot boka, så eg kom aldri i gang med den.
Og når eg tenkjer meg om: Det er lurare å satsa på bøker som eg har lyst til å lesa.
Tollak er rasande. Han rasar mot folk, likar ikkje "den nye tida" og hatar alt det dei andre kallar framsteg. Han nektar å innretta seg og vert sett på som ein stabeis og vanskeleg type. Men no har han ikkje lenge igjen, og det er på tide å fortelja. Han ber på ein mørk løyndom og har bedt dei vaksne ungane sine om å komma på besøk. I boka føl me Tollak sine førebuingar fram mot den samtalen han skal ha med sonen Jan Vidar og dottera Hillevi.
Tollak har ikkje alltid vore ein slik gretten gammal gubbe. Han har opplevd den store kjærleiken saman med Ingeborg. No har ho vore død i mange år og han saknar henne voldsomt.
"Eg elska henne så høgt som nokon mann har elska ei kvinne, og eg forbannar helveteskreftene som tok henne frå meg."
Etter at Ingeborg vart vekke er det kun Tollak og pleiesonen Oddo som bur i huset oppe i dalen, der "stova er nedskitna og nedslarva". Oddo er spesiell; "inne i han er det ikkje som hos andre folk". Ingen andre enn Tollak forstår Oddo og klarar å hanskast med han.
Tore Renberg skriv som alltid godt, og får sagt mykje, både på og utanfor linjene, i denne korte boka. Boka har enkelte thrillerelement, men er ikkje spennande på den måten ein "vanleg" krimthriller er det. Likevel er det ei bok som er vanskeleg å leggja frå seg.
Lesaren vert godt kjent med Tollak på godt og vondt. Tollak er ein kompleks figur full av kontrastar; han kan vera omsorgsfull, men også eigenrådig og valdeleg.
"Eg er Tollak til Ingeborg. Eg høyrer fortida til. Eg har ingen planar om å finne min plass nokon annan stad."
Eg ser Tollak til Ingeborg får mykje ros, både frå anmeldarar og lesarar. Det er vel fortent.
Påbyrja i juli, fullført i august:
Gard Sveen - Drømmenes gud - Norsk krim - Lyd Storytel John Harvey - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Alf R. Jacobsen - Djevelens kobber - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Lest i august: Tana French - Inntrengeren - Irsk krim - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Gråsonen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tore Renberg - Mannen som elsket Yngve - Norsk roman - Lyd Storytel
Tom Egeland - Kongen - Norsk krim - Lånt papirbok privat Chris Hammer - Krattlandet - Australsk krim - Lyd Storytel David Baldacci - Et enkelt geni - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Andre guder - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i august, fullførast i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Ein ny bra lesemånad er unnagjort. Sterk overvekt av krim som vanleg, men det var gjenlesing av "klassikaren" Mannen som elsket Yngve som førte til årets fyrste seksar. Har både sett filmen og lest og lytta til boka tidlegare, men den utgåva eg no har lytta til er ei nyinnspeling der forfattaren sjølv les. Og det løfta leseopplevinga til eit enno høgare nivå.
I august las eg óg tre av årets norske krimromanar. Både Gråsonen og Kongen er grei underhaldning, men eg meiner at både Tom Egeland og Jan-Erik Fjell kan betre enn det dei får vist her. Jørgen Brekke har óg vore mykje betre i tidlegare bøker. Andre guder er ei tynn forteljing i dobbel forstand.
Djevelens kobber (utgitt 2014) hadde eg aldri høyrt om før eg tilfeldigvis kom over boka på biblioteket. Det er ein svært bra historisk kriminalroman med handling frå andre verdenskrig og tida rett etter krigen og kan verkeleg anbefalast til alle krim- og historieinteresserte. Alf R. Jacobsen er mest kjend som forfattar av krigsdokumentarar, men han beherskar også krimsjangeren på ein framifrå måte.
Oppdaga plutseleg at det er lenge sidan eg har oppdatert favorittforfattarspalta mi..
På T har eg plukka ut to av dei beste forfattarane me har her i landet.
Tore Renberg
Norsk forfattar og musikar f. 1972.
Mest kjent for Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim som inngår i serien om Jarle Klepp.
Det vert kanskje feil å sei at ein fall pladask for ein type som denne Jarle - men faktum er at eg gjorde det. Det vil sei; eg fall for Tore Renberg sine karakterar, skrivestilen hans og måten han formidlar kjensler på. Eg har faktisk både ledd høgt og fått klump i halsen av bøkene til Renberg - og det er få bøker/forfattarar som får meg til å føla så mykje.
I tillegg til Jarle Klepp-serien må nemnast bøkene om Teksas-gjengen og den nydelege Du er så lys. Den (førebels) siste Jarle-boka Dette er mine gamle dager er også ein svært god roman.
Eit lite lydboktips: Tore Renberg er ikkje berre ein strålande forfattar, han er også ein fantastisk opplesar av sine eigne bøker.
Torkil Damhaug
Norsk forfattar og lege f. 1958.
Damhaug skriv psykiatri- og psykologi-krim av høg kvalitet. Han skildrar skakkøyrde personar og destruktive familieforhold på ein overbevisande måte. Han skriv intenst og med innsikt og innleving - og er då også blitt tildelt Rivertonprisen to gonger, for Ildmannen i 2011 og En femte årstid i 2016.
I Damhaug sine bøker ligg spenninga på eit anna plan enn det reint etterforskingsmessige. Spenninga dreiar seg meir om korleis og kvifor - om kva som rører seg inne i hovudet på forbrytar, offer og pårørande.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Andre forfattarar på T som eg set pris på er Tom Egeland, Tom Kristensen, Trude Teige og Tor Edvin Dahl. Dokumentarforfattar Torbjørn Færøvik må også nemnast - og salige Thorbjørn Egner.
La meg også leggja til unike Tove Jansson.
Påbyrja i september, fullførast i november:
Vera Henriksen - Beretningen om Jon Bentsson: Klangen av en lutt/ Ildens sang - Historisk roman - Lånt papirbok privat
Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ann Cleeves - Blått lyn - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Matt Wesolowski - Seks historier - Britisk krim - Lytteeksemplar
2 papir, 3 lyd, 1 ebok
3 lånt, 1 abonnement, 2 fått
3 krim, 2 romanar, 1 biografi
4 norske, 2 amerikanske
0 kvinner, 6 menn
"Nye" forfattarar: Springsteen, Hawley
I tillegg til dei seks fullførte bøkene har eg lest omlag halvparten av Vera Henriksen sin dobbeltroman i oktober. Beretningen om Jon Bentson er overraskande tung og treg. Det er skuffande, for eg hadde så høge forventningar til den.
Månadens høgdepunkt vart Skada gods og Tore Renberg si entusiastiske opplesing av si eiga bok.
Handlinga i den tredje boka i Teksas-serien er lagt til førjulsdagane 2012. Det startar med ei tilsynelatande gledeleg hending sidan leiaren av Hillevågsgjengen Jan Inge "giftar seg". Det skal komma til å bli ei heilt spesiell feiring - og bryllaupsnatta vert berre til ein viss grad slik som Jan Inge hadde tenkt seg på førehand. Faktisk vert sjølve stammen i gjengen splitta denne natta; Rudi vert bokstaveleg frosen ut og Chessi bestemmer seg for å forlata dei alle. Ho flyttar ut - med ambisjonar om å klara seg sjølv. Korleis skal det gå - ho som er gravid med tvillingar og som aldri har opplevd eit normalt familieliv nokon gong?
Både dei eldre og dei unge i Hillevågsgjengen går i det heile store utfordringar i møte før julefreden kan senka seg over desse som i fleire tydingar befinn seg i utkanten av verdens rikaste by.
Dette er opptakten til ei ellevill, grotesk, vakker og spennande historie - og stort meir vil eg ikkje røpa av sjølve handlinga. Men tru meg: Det er morosamt og fælt, fascinerande og energisk, frekt og frodig, trist og sjarmerande, viltert og engasjerande. Forfattaren spelar på heile kjensleregisteret til lesaren - og eg har verkeleg kosa meg gjennom nesten femten timar med lytting. Eg har både grøssa og humra - og jammen var det like før det vart felt ei tåre óg. Sjølv om mykje virkar håplaust og hjelpelaust, skimtar ein også glimt av framtidstru og optimisme.
Forutan hovudpersonane som me har blitt kjende med i Vi ses i morgen og Angrep fra alle kanter, vert me presentert for fleire nye karakterar. Renberg handsamar alle med omsorg og forståing - og med snert og ironi. Han framstiller dei som fargerike og sårbare. Kontrastane mellom medlemene av Hillevågsgjengen og samfunnet rundt dei er klår og tydeleg - spesielt sidan "folk flest" er opptatt av adventstid og juleforventningar.
"Ikkje gløm kjærligheden, for det e den så e sjefen", seier Rudi. Og dette er eit sentralt bodskap i boka: Å ta vare på kvarandre, på venskapet og kjærleiken. Men dette er sjølvsagt vanskeleg når alt buttar imot. Når grunnlaget for eit normalt liv aldri har eksistert og når alle planar for framtida vert lagt i grus - kva då? Jo - då snur ein seg rundt og skiftar fokus. Boka handlar om vald, misbruk og sosial inkompetanse og om lengsel etter det som gjerne vert kalla "eit vanleg liv". Men det handlar altså framfor alt om kjærleik og omtanke mellom menneske som står kvarandre nær.
Perspektiva skiftar stadig gjennom boka, og det gjer også språket. Renberg skildrar t.d. Rudi og Jani sine ulike personlegdomar gjennom måten dei snakkar på. Rudi med si babling, banning og bruk av tabuord - og Jan Inge med sin bruk av nyoppdaga framandord og liksomintellektuelle uttrykk. I eit glimt av sjølvforståing seier han at han og systera er "skada gods". For Chessi sin del handlar det nok også om "mindre håndbagasje", men for dei begge gjeld det at bagasjen/godset er blitt påført skader i ung alder og gjennom lang tid.
Eg er blitt veldig glad i Jani, Rudi, Cecilie, Rikki, Ben og dei andre me er blitt kjende med gjennom desse tre bøkene. Trass i at mykje av det dei står for og gjer "normalt sett" er umoralsk, forkasteleg og ulovleg. Forfattaren utfordrar lesaren til å tenkja over kva som er rett/galt, moralsk/umoralsk og normalt/unormalt.
Skada gods inneheld rikeleg med musikk-, film- og litteraturreferansar. Eg trur ikkje alt dette er like tilgjengeleg for lesarar flest, men det er med på å krydra leseopplevinga. Renberg er ein eminent forfattar som framfor alt syner ei enorm forteljarglede. At forteljinga er ispedd ein stor porsjon samfunnskritikk oppi all galskapen gjer det heile meir meiningsfullt.
Skada gods er ingen kriminalroman, men her finst element som ein kjenner frå denne sjangeren. Forteljinga har stort sett bra framdrift og byr på opptil fleire vendingar og overraskingar. Stemninga er jamnt over noko mørkare enn i dei føregåande bøkene.
Som sagt over likte eg boka veldig godt, og det låg lenge an til toppkarakter og terningkast 6 her. Men sidan det er eit par ting i avslutninga som skurrar for meg - t.d. at forfattaren sjølv blandar seg inn i historia - landar eg på ein 5'ar.
Eg rår til - så sterkt eg kan - å lesa Skada gods som lydbok. Tore Renberg er ein heilt fantastisk opplesar av sine eigne bøker.
Andre bloggmeiningar: ebokhylla PS: Då eg byrja på denne omtalen i går kom eg i skade for å klikka på publiseringsknappen før eg var klar. Eg oppdaga det ganske kjapt og fekk gjort om bloggposten til eit utkast igjen, men eg ser at eg har etterlate meg "spor" på andre bloggar. Beklagar dette.
Eg har nettopp hatt ei svært sterk og god leseoppleving. Tore Renberg sin nyaste roman gjorde verkeleg noko med meg og rørte ved heile kjensleregisteret mitt. Det er likevel vanskeleg å skriva noko om kviforDu er så lys gjorde eit uvanleg sterkt inntrykk på meg - fordi det er så djupt personleg - og fordi det er fare for å avsløra mykje av handlinga i boka.
I utgangspunktet er eg Tore Renberg-fan og ser fram til kvar einaste utgjeving frå denne forfattaren med store forventningar. Jarle Klepp-serien er eg veldig begeistra for - særleg Kompani Orheim, ei bok som også greip tak i meg på ein slik godvond måte. I ettertid har Renberg "avslørt" at enkelte karakterar og hendingar i boka byggjer på eigen familie og eigne opplevingar.
Det virkar som om Du er så lys også byggjer på eigne opplevingar og ekte personar og hendingar. Forteljinga er nærgåande og intens og Renberg er dessutan ein forfattar med god innlevingsevne og sterk empati med romanfigurane sine, noko han får formidla på ein god og sjarmerande måte for lesarane sine. Han skriv enkelt om vanskelege tema. Stilen er kvardagsrealistisk og slentrande på typisk Renberg-vis, men boka er mykje meir ettertenksam og stillfarande enn dei bøkene eg har lest av han tidlegare. "Det er en roman skrevet av rein nødvendighet", har Renberg uttalt - og så kan ein jo velja å spekulera i kva det betyr - eller ikkje.
Kor mykje - eller lite - veit me egentleg om naboane våre? I boka møter me Jørgen og Vibeke som får nye naboar. Dei to familiane vert gode vener, men noko skurrar med faren i nabohuset meiner Jørgen, som er forteljarstemma i boka. Naboen Steinar er så sprudlande, så overveldande; han er som eit lys i og for omgjevnadene sine - men det er også noko slitsamt, merkeleg og urovekkande med han. Kva er det med kona hans; kvifor trekk ho seg vekk frå det sosiale livet i nabolaget? Og kvifor er sonen deira så stille? Den velmeinande Jørgen skjønnar ikkje kva som gjer han så uroleg.
For lesaren byggjer det seg opp ei forventning om at noko vondt og vanskeleg skal skje. Og det gjer det, - men i ein annan retning enn det eg undervegs såg føre meg - og det skuldast sikkert at eg les mykje krim. Meir vil eg ikkje røpa av handlinga i boka. Det handlar om vanlege menneske som må takla meir eller mindre uvanlege utfordringar. Det handlar om at det ikkje er så lett å forstå det som er i ferd med å skje - ikkje eingong om det føregår rett framfor augene våre.
Du er så lys er Tore Renberg sin trettande roman - og handlar om noko heilt anna enn dei to føregåande bøkene hans, dei om den elleville Teksas-gjengen i Hillevåg.
Boka kom ut i dag, men lydboka har alt vore tilgjengeleg nokre dagar. Ho er skriven på nynorsk, men det at forfattaren har endra skriftspråk er knapt merkbart når ein lyttar til bøkene. Renberg les bøkene sine sjølv, på ein storarta måte og på si eiga dialekt - ei dialekt som ligg nærare opp til nynorsken enn bokmålet. Så valet av nynorsk burde vera heilt naturleg. Renberg sjølv seier til bok365.no at det har vore befriande å skriva nynorsk. Ei slik melding gledar ein nynorskbrukar.
Du er så lys kjem heilt sikkert til å bli nominert av meg i samband med Bokbloggerprisen 2016. Eg er ikkje enig med Brynjulf Jung Tjønn i VG som meiner at boka er ujamn. Etter mi meining er avslutninga "riktig" og logisk - og ikkje minst; til ettertanke.
I 2014 las eg i alt 33 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen; 28 i klassen for skjønnlitteratur (24 av desse innan krim-/spenningsjangeren) og 5 i såkalla open klasse (alle innan sakprosa).
Eg nominerte desse bøkene:
(Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving)
I dag vart nominasjonane til årets pris offentleggjorde. Eg seier berre: Heia Tore Renberg!
Anne B. Ragde, «Jeg har et teppe i tusen farger», Oktober Ikkje lest av meg enno, og vert heller ikkje prioritert
Carl Frode Tiller, «Innsirkling 3», Aschehoug Har lydboka på vent. Skal lesast, dvs. lyttast til med det fyrste
Frode Granhus, «Djevelanger», Schibsted Har lest og vurdert til Terningkast 4, sjå omtale
Jan-Erik Fjell, «Rovdyret», Juritzen Skal lesast, før eller seinare.
Jon Michelet, «En sjøens helt: Gullgutten», Oktober Har lyst til å byrja på denne romanserien, men er ikkje kommen i gang enno
Lars Mytting, «Svøm med dem som drukner», Gyldendal Har lydbok på vent
Siri Pettersen, «Råta», Gyldendal Kjem ikkje til å bli lest av meg
Tore Renberg, «Angrep fra alle kanter», Oktober Har lest. Terningkast 5, kjempebra! Min favoritt av desse. Omtale
Trude Teige, «Jenta som sluttet å snakke», Aschehoug Har lest. Sånn passe, terningkast 3. Omtalen min.
Unni Lindell, «Brudekisten», Aschehoug Har lest. Terningkast 5, spennande og grøssande, les omtale
Eg tykkjer at Bokhandlerprisen er mykje meir interessant enn den superseriøse og høgtravande Brageprisen.
Det er dei tilsette i norske bokhandlar som stemmer fram vinnaren i Bokhandlerprisen. I fjor gjekk prisen til Cecilie Enger og boka «Mors gaver», året før til Per Pettersson og «Jeg nekter» og i 2011 var det Jørn Lier Horst og «Vinterstengt» som vann. Prisen for i år skal delast ut 25. november.
Eg heiar altså på Renberg og Angrep fra alle kanter
Kven heiar du på?
Påbyrja i august, fullført i september: Elizabeth George - En løgn å tro på - Britisk krim - Papirbok lånt av mor
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok
Lest i september: Tore Renberg - Angrep fra alle kanter - Norsk roman - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
C.J. Sansom - Oppløsning - Britisk historisk krim - Papirbok lånt av mor Gert Nygårdshaug - Klokkemakeren - Norsk roman - Lydfil frå Storytel
Kjell Aukrust - Alvdalstrilogien. Simen, Bonden og Bror min - Humor - Lydfil frå Storytel Jorun Thørring - Mørketid - Norsk krim - Papirbok fått i gåve
Jens Bjørneboe - Kruttårnet - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket Unni Lindell - Brudekisten - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Frode Grytten - Popsongar - Novellesamling - Ebok lånt på biblioteket - Ebokbib John Grisham - En uskyldig mann - Amerikansk dokumentarkrim - Lydbok lånt på biblioteket Frode Eie Larsen - Du skal lide - Norsk krim - Leseeksemplar frå Liv forlag
Jamie Ford - Sanger til Willow Frost - Roman - Kjøpt lydbok + ebok-lån
Carl Frode Tiller - Skråninga - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Gert Nygårdshaug - Nøkkelmakeren - Norsk roman - Kjøpt ebok http://gertnyg.com/ebok/
Aslak Nore - Oslo Noir - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Månadens beste leseopplevingar:
Alvdalstrilogien. Eit soleklart terningkast 6. Har lest desse klassikarane til Aukrust fleire gonger tidlegare, men dette var fyrste gong som lydbok. Genialt og lunt, humoristisk og usentimentalt. Profft opplest av Toralv Maurstad.
Bestialitetens historie del 2 - Kruttårnet. Veldig spesiell, forholdsvis tungt og vanskeleg. Men intenst og tidlaust. Ein får liksom frysningar på ryggen av både det gripande og det groteske. Glimrande opplest av Nils Ole Oftebro.
Angrep fra alle kanter. Sterkt, underhaldande og lettlest.
Månadens nedtur: Himmelrike og helvete. Dystert, forvirrande og tunglest.
Målsetjinga mi om å lesa 100 bøker i år er nådd alt, - så no "treng" eg ikkje lesa ei einaste bok før til neste år...
..hehe..særleg..!
Lydbokforlaget 2014
Opplesar: Tore Renberg Speletid: 14 t 27 min Lytte-eksemplar frå Lydbokforlaget Tore Renberg er ein av favorittforfattarane mine, og det var med forventningar om ei fin og intens leseoppleving eg lasta ned lydfila for nokre dagar sidan.
Så - denne lydboka er grunnen til at eg har vore litt fjern for enkelte familiemedlemmer i det siste: Ein del av meg (hjernen) har vore ein heilt annan plass; nemleg i Stavanger og Sandnes, saman med Hillevågsgjengen. Boka er altså umuleg/vanskeleg å leggja frå seg. Angrep fra alle kanter er ei direkte oppfølgingsbok av fjorårssuksessen Vi ses i morgen. Handlinga utspelar seg berre nokre veker etter den dramatiske slutten på forrige bok. Me møter att Rudi, Jan Inge og Cecilie - som har lege lågt sidan sist. Flyttebyrået deira driv nesten berre med slike ting som flyttebyrå skal driva med (dvs. lite innbrot og torpedo-verksemd). Ting har roa seg ned, den tidlegare kompisen Tong har fått ein kvilestad, Cecilie er gravid og Jan Inge har fått seg dame. Dei drøymer om noko dei aldri har hatt; eit normalt liv i ein forholdsvis normal heim. Men for å få det til, krevst det pengar, meiner Jan Inge. Store pengar. Så han er i ferd med å planlegga eit siste brekk før gjengen kan avslutta det kriminelle livet og bli lovlydige borgarar. For å få til det siste og avgjerande stuntet - eit spektakulært ran - må det rekrutterast nye medlemer i Hillevågsgjengen. Og det skal syna seg å bli litt av ein utfordring.
Me vert kjend med fleire nye karakterar, dei mest sentrale er brødrene Ben og Rikki. Ben er den bråkjekke og uredde veslebroren og Rikki er den engstelege storebroren. I opningsscenen i boka møter me dei to, sniffande på bensin medan dei ser utover heimbyen Sandnes. Skildringa av desse to gutane i 15-16 års-alderen og tilværet deira er hjerteskjerande og opprørande. Eit liv med "ein satan til far og ein zombie til mor" er eit elendig liv og gutane får nok av den valdelege faren og den psykisk sjuke mora - og rømmer heimefrå. Dei dreg frå heimen i Sandnes - og søkjer "naudhamn" - hos onkel Rudi i Hillevåg.
Eg opplever Vi ses i morgen og Angrep fra alle kanter som underhaldande og med ei heller absurd/grotesk handling, men bøkene inneheld ein del sterke tema som er til ettertanke. Det handlar i vid forstand om oppvekst og oppvekstvilkår, om barn og unge sine behov for grenser, tryggleik og kjærleik - og om kva som kan skje dersom desse grensene og denne tryggleiken ikkje er til stades. Mange av desse unge havnar utanfor det "normale" samfunns- og arbeidslivet; dei kjem på "feil spor" med rus, kriminalitet og arbeidsløyse. Men - enkelte greier seg - dei kjem seg gjennom ei barne- og ungdomstid prega av mishandling og omsorgssvikt og blir likevel normale og lovlydige borgarar.
Tore Renberg har rikeleg med forteljarglede og ein frodig fantasi. Han fortel historia si med stor innleving og på ein energisk og sprudlande måte. Alle karakterane hans vert skildra med omsorg og kjærleik, same kor skakkøyrde og lite sympatiske dei framstår. Her har alle personane fleire "dimensjonar" - med gode og dårlege sider. Ta for eksempel hovudpersonen Rudi - som jo er både omsynsfull, morosam og snill, men som i andre situasjonar er valdeleg, vulgær og rå. Renberg er ein forfattar som går svært tett inn på karakterane sine og relasjonane mellom dei - så tett at det av og til blir ubehageleg intimt, for lesaren.
Ved å visa fram vrangsida av "verdens rikaste by" får Renberg fram dei store skilnadene på folk. Han rettar eit kritisk søkjelys på overflodssamfunnet vårt og oljerikdommen vår. Den stadige jakta og jaget etter status og pengar har gjort at enkelte har mista noko undervegs. "Boka kallar på latterbrøl og medkjensle" vart det sagt om Vi ses i morgen, - og det gjeld også for Angrep fra alle kanter, meiner eg. Ein får kjenna på mange ulike kjensler medan ein les eller lyttar. Boka har mange ulike og truverdige forteljarstemmer, og er komponert slik at forteljinga vert veldig spennande.
Eg gir boka karakteren 5 + og anbefalar lydboka på det varmaste.
Tore Renberg er verdens beste forfattaropplesar!
Boken på vent er fast tysdagstema hos Beathes bokhylle, og her kan ein ofte finna gode og varierte lesetips. Som oftast har deltakarane fokus på nye/kommande bøker. Midt i startgropa til bokhausten er det kanskje ikkje så lett å halda oversikt over alle dei nye bøkene ein ønskjer å få lest snart? Og forresten; alle kan ikkje lesa alt, - kvar enkelt må finna si eiga "hylle" å konsentrera seg om.
Nøkkelmakeren er den aldeles "blodferske" romanen til Gert Nygårdshaug. Boka vart lansert på Engebret der det vart servert genever og rugbrød med fleskepølse, skriv forfattaren på facebook-sida si. Eg likar godt Nygårdshaug sin humor og særeigne skrivestil og kjem til å lesa boka - men ikkje med det fyrste. For etter det eg har fortstått, er Nøkkelmakeren eit slags framhald av Klokkemakeren - og den har eg heller ikkje lest. Men før Klokkemakeren skal eg lesa ferdig Fortellernes marked, som er eit slags framhald av Prost Gotvins geometri, og den har eg lest - og likt. Eg er litt usikker på om kronologi er viktig her - men slik er i alle fall planane min framover når det gjeld akkurat desse bøkene.
Innimellom skal eg lesa (og høyra på) andre bøker, nokre av dei er ferske og norske. Eg gledar meg spesielt til lydbokutgåva av Tore Renberg sin nye roman om Rudi og dei andre figurane me vart kjende med i Vi ses i morgen, Angrep fra alle kanter. Sjølv om eg ikkje pleier å ta imot gratisbøker/leseeksemplar, har eg gjort eit unnatak med denne; eg har bedt om å få tilsendt lydfil/lytte-eksemplar frå Lydbokforlaget.
Av andre kommande bøker eg ser fram til, kan nemnast Gunnar Staalesen si nye Varg Veum-bok Ingen er så trygg i fare og avslutninga av Carl Frode Tiller sitt Innsirklingsprosjekt.
Alt tyder på at det vert ein travel og triveleg lesehaust.
Eg har lest i alt 26 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2013, 21 i klassen for skjønnlitteratur - 19 av desse innan krimsjangeren - og 5 i såkalla open klasse.
Etter å ha diskutert litt att og fram med meg sjølv, kom eg fram til dei bøkene som skulle nominerast. Eg hadde i utgangspunktet 7 klare favorittar innan skjønnlitteratur, men så har eg no - heilt på tampen - lest ei knakande god krimbok (Det henger en engel alene i skogen) som eg sterkt vurderte å nominera - men då måtte ei av dei andre bøkene veljast vekk, og nettopp det vart (for) vanskeleg. Eg valde til slutt å halda på "mine sju", sidan eg berre så vidt vart ferdig med den nemnde boka før fristen gjekk ut.
Eg har nominert berre 3 stk. i open klasse. Dei andre eg har lest held ikkje mål i denne samanhengen.
Dei nominerte er.
(Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving) Skjønnlitteratur - Årets norske roman inkl. krim
Brekke, Jørgen:Menneskets natur (Gyldendal) Ein annleis komponert og utfordrande kriminalroman; ukronologisk og med ulike forteljarstemmer.
Flatland, Helga:Det finnes ingen helhet (Aschehoug) Om sorg og forsoning. Avslutninga av trilogien er god og held like høg kvalitet som forventa.
Nesbø, Jo:Politi (Aschehoug) Har fått (meir enn) nok PR tidlegare, men eg er Harry Hole-fan og boka er god!
Nygårdshaug, Gert: Pergamentet (Cappelen Damm) Kodekrim på høgt nivå og eit gledeleg gjensyn med Fredric Drum.
Renberg, Tore:Vi ses i morgen (Oktober) Eit sjarmerande og heidundrande møte med heil-, halv- og u-kriminelle stavangerfolk.
Sørensen, Roar:Smertens aveny (Commentum) Forfattaren er betre kjend som nettdebattant og -kverulant, men har altså skrive ein kriminalroman som er mykje, mykje meir enn ei krimbok. Sterkt, samfunnskritisk og med eit godt språk.
Wiik, Øystein: Casanovasyndromet (Aschehoug) Ellevill og fantastisk underhaldande operakrim.
Open klasse - sakprosa, lyrikk, barne- og ungdomslitteratur m.m.
Færseth, John - KonspiraNorge (Humanist forlag) Underhaldande, klokt og skremmande om ymse konspirasjonsteoriar og framveksten av desse.
Kalvø, Are: Ny grunnlov (Samlaget) Basert på TV-serien "Riksforsamlinga". Ironisk, friskt og med bra humrefaktor.
Tjomlid, Gunnar:Placebodefekten (Humanist) Morosamt og opplysande om kvifor tullemedisin virkar som den virkar - eller ikkje virkar.
Eg er veldig spent på kva bøker som kjem på lang- og kortlistene. Ein kan jo håpa på ein del krimbøker som eg enno ikkje har lest ;-) - men eg veit at mange av mine medbokbloggarar er heller skeptiske/negative til denne sjangeren. På same måte som eg er skeptisk/negativ til fantasylitteratur og slikt. Uansett - prosessen fram til at dei endelege prisvinnarane vert klare, kjem til å bli spennande og interessant å følgja med på, og eg skal muligens bruka litt tid til å lesa bøker som ligg utanfor komfortsona mi.
Lydbokforlaget 2013 Opplesar: Tore Renberg Speletid: 19:39 Tore Renberg har blitt ein populær og kritikarrost forfattarar, særleg gjennom Jarle Klepp-bøkene Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim. Og eg tenkte for meg sjølv; ei heil Renberg-bok utan Jarle?! då eg fekk høyra om denne nye boka. Men så kom eg på at den godaste Jarle egentleg var på god veg til å finna seg sjølv i Dette er mine gamle dager. Ei ny bok om ein velfungerande og optimistisk Jarle Klepp hadde blitt kjedeleg. Kanskje det er slike tankar Tore Renberg har hatt òg. For her handlar det om eit heilt nytt univers; "underverda" og "vrangsida" av verdens rikaste by, Stavanger.
Forfattaren let lesaren bli godt kjend med omlag ti personar i tre ulike miljø. Alle har si forteljarstemme og me får følgja dei nokre få avgjerande og tildels dramatiske septemberdagar. Renberg er ein menneskekjennar som har god innsikt i livet og tankane til både dei som er litt "skrudde" - og dei som er litt meir "vanlege". I denne boka fortel han dei enkelte karakterane si historie, og det er opp til oss som lesarar å vurdera moralen/umoralen deira. For det er som sagt skuggesida og dei noko mørke trekka ved menneska det handlar om i Vi ses i morgen.
Pål er den fyrste me møter, og han er faktisk eit gjensyn for oss som har lest kortromanen Videogutten. I den boka var handlinga lagt til åttitalet og Pål var ein søkande 14-åring. No er han ein stakkarsleg par-og-førti-åring, sakshandsamar i kommunen, speleavhengig, blakk og desperat. Så desperat at han kastar alle vinduskonvoluttar uopna og søker "hjelp" av yrkeskriminelle. Han er åleinefar til to tenåringsjenter, Malene og Tiril. Malene er den snille og flinke turnjenta som har tatt på seg omsorgsrolla i familien. Tiril er den yngste, ho er ei opprørsk og svartkledd emojente som lyttar til Evanescense og har Amy Lee som førebilete.
Ei venninne av dei to er Sandra, somkjem frå ein vellukka og kristen heim, men sjølv har ho eit hemmeleg, intenst og intimt forhold til den farlege og vakre Daniel William.
I alle desse ungdommane er det mykje hormonar og sterke kjensler.
Jan Inge, eller Jani (jepp, sjølvaste Videogutten) er sjefen i Hillevåg-gjengen og ser på seg sjølv som ein bedriftsleiar av David Toska-typen, berre litt meir filosofisk - og ikkje fullt så grådig. Han er sterkt overvektig og er som systera Cecilie prega av at han vart forlatt som 13-åring. "Fridomen" han fekk den gongen vart brukt til horror-filmar, tjuveri, heleri og anna småkriminalitet. Rudi er ein svær fyr med ADHD, han bablar i eitt sett, og er både ein håplaus romantikar og ein brutal kjeltring. Her har Renberg skapt ein heilt spesiell karakter som er irriterande og fascinerande på same tid. Han diggar heavy metal; Mötley Crüe, Metallica og W.A.S.P. Men han likar også Coldplay og Viva la vida, noko han ikkje innrømmer for nokon. Han er veldig veldig skeptisk til nymotens påfunn som internett. Cecilie, eller Chessie, har vore kjærasten hans i 27 år. Stakkars Cecilie er med i gjengen av gammal vane, og fordi ho er avhengig av Rudi og broren Jan Inge. Ho og broren var utsett for grov omsorgssvikt då dei var heilt unge, - mora var alkoholisert og døydde og faren reiste rett og slett frå dei, den gongen på åttitalet. Cecilie er kjenslemessig ustabil, er lite pen og elskar Van Halen og Aerosmith. Ho vert framstilt som lett tilbakeståande - eller kanskje ho er psykisk skadd etter gjentekne overgrep i ung alder.
Den fjerde personen i denne gjengen er den harde og kalde Tong, som akkurat har sona ferdig fengselsstraffa si - og som Cecilie har innleia eit forhold til medan han har sete inne.
Dette var kort om ein del av personane og forteljarstemmene i boka - og på same tid eit slags handlingssamandrag. For det er dei enkelte si historie som held oppe og som er handlinga i boka. Historiane til dei enkelte flettar seg inn i kvarandre, personane nærmar seg kvarandre på ulike vis og dei ulike hendingane skifter stadig perspektiv. Renberg skildrar karakterane sine mest ut frå måten dei snakkar på, men let òg lesaren ta del i tankane deira. Og det viser seg at både fjortisane og førtisane er heilt annleis inni enn utanpå. Ungdommane er tøffe i trynet, men usikre, einsame og redde inni seg. Det same er dei vaksne. Boka har ei stemning av noko håplaust, noko vemodig og hjelpelaust, - men det finst rikeleg med humor også. Barsk og mørk humor.
Mange anmeldarar har sagt at tempoet i denne boka er høgt. Slik oppfattar ikkje eg det, men det har truleg samanheng med at eg lyttar til Renberg si heller rolege stemme. Men handlingane er heftige, personane er energiske - her er både banning, sverging, puling og slåssing. Vi ses i morgen har eit røft og tøft språk - særleg gjeld dette dialogane. Her er det ikkje snakk om å snakka rundt grauten. Alle bannorda og tabuorda kan oppfattast som provoserande, men eg trur faktisk at ein slik måte å snakka på er heilt vanleg i dei miljøa det her handlar om. Boka er skriven på bokmål, men Renberg les på si eiga stavangerdialekt, - og eg føler at det gjer boka meir ekte, meir realistisk og meir intim.
Som musikkinteressert likar eg godt dei mange musikkreferansane i boka. Forfattaren nemner utallige låtar og artistar eg sjølv likar og har høyrt mykje på. Eg har brukt lang tid på lydbok-lyttinga fordi det gjekk ei tid før eg vart engasjert i historia. Det er mange folk og mange detaljar og opplevingar å halda styr på. Etter kvart som eg vart meir kjend med stoffet og personane, vart lyttinga meir intensiv. Spenninga stig også etter kvart; for kva i alle dagar kjem til å skje på slutten? Lukkast Pål i å få tak i pengar? Vert "bransjeklassikaren" til Rudi og Jani vellukka? Kva skjer med Cecilie? Og Daniel William - klarar han å komma seg ut av flokene? Korleis går det med Tiril og framføringa hennar?
Korleis skal forfattaren klara å landa ei så omfattande og absurd forteljing?
Vel - han landar som forventa; på ein absurd, tragikomisk og naiv måte. På ein litt uavklart og typisk renbergsk måte.
Tore Renberg er ein dyktig forfattar som skapar nye interessante historiar og sjarmerande karakterar i kvar einaste bok. Det vert spennande å sjå kva han kjem med neste gong.
Eg gir Vi ses i morgen terningkast fem, som betyr at eg likte boka veldig godt, men:
Trass i ei drivande handling, tykkjer eg at ho er for lang. Det vert tidvis så mykje tøys og tull . Eg tykkjer bokainneheld for lange monologar og mange unødvendige detaljar. Papirboka er på 600 sider og lydbokversjonen på nesten 20 timar.
Det vert for mange ord, rett og slett.