23. mars 2025

Vinter- og vårlesing

Det har hopa seg opp med "uomtalte bøker". Igjen. 
Nytt samleinnlegg følgjer. Alle del av serie og alle i krimsjangeren, men ulike i stil, omfang og innhald.

Eg startar med ein ny og knallbra dansk krim..

Kaoskoden av Thomas Bagger
Vigmostad Bjørke 2025
511 sider
Lånt ebok BookBites

Den fjerde boka i Task Force 14-serien er heilt i min smak. I hovudrollene finn me to fascinerande og komplekse personar, spesialagentane David Flugt og Lucas Stage. I tillegg møter me fleire andre interessante karakterar, det er masse action, stadig ny informasjon og skremmande aktuell tematikk. 
Boka er omfangsrik, men likevel forholdsvis rask å lesa - fordi det heile tida kjem inn nye og overraskande moment. Stikkord for handlinga er konspirasjonsteoriar, kunstig intelligens, cyberkriminalitet, politisk ekstremisme og (frykt for) terrorisme.
Historia blir fortalt vekselvis frå David og Lucas sitt perspektiv, dei jobbar med kvar si sak som viser seg å henga saman. Lesaren veit, heilt frå fyrste bok, at sjølv om dei to på eit vis er kollegaer, er dei også bitre motstandarar. Lucas ber med seg eit mørke som kan gjera han farleg.
Det er framleis ein heil del lause trådar i denne serien, og epilogen hintar om kva som kan bli tema i neste bok.
Kaoskoden er ein intens, velkomponert sidevendar av ein spenningsroman.
Terningkast 5+.

..og held fram med eit like ferskt fransk innslag.


Et øye i natten av Bernard Minier
Aschehoug 2025
430 sider
Lånt papirbok privat

I del 8 i serien om Martin Servaz leikar forfattaren seg med skrekkfilmsjangeren. Det er tydeleg at han har stor kunnskap om - og interesse i - denne filmsjangeren. Det har ikkje denne lesar, men eg hadde likevel glede av boka. 
Kulissane er skumle, stemninga mørk, vêret dårleg, drapa groteske og etterforskinga er både tradisjonell og alternativ.
Persongalleriet er stort, men likevel oversiktleg. Ein del fargerike og sære folk, både blant etterforskarar, gjerningspersonar og bipersonar.
Boka har fleire overraskingar undervegs, mellom dei ein sørgeleg twist omlag halvveges - som slo meg litt ut. Derifrå og ut er det fantastisk spennande. Særleg truverdig og realistisk er det ikkje, men det vart ei fascinerande leseoppleving.
Hovudhistoria blir greit oppklart, og avslutningsvis kjem ein cliffhanger av det slaget som gjer at ein nesten ikkje klarar å venta på neste bok.
Eg gir eit lite fråtrekk for alle skrekkfilmreferansane - som eg ikkje forsto.
Terningkast 5-. 

Så over til ein velskriven finsk krim.


Djevelpakten av Max Seeck
Aschehoug 2023
Speletid 12:29
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Del tre i Jessica Niemi-serien, der Jessica sjølv har ei heller tilbaketrekt rolle. Tittelen gjorde at eg forventa at djeveldyrking og satanisme kunne vera ein del av handlinga, men der tok eg (heldigvis) feil. Det er meir jordnært enn som så. 
Her handlar det om hevn; eit vanleg motiv i krimromansamanheng, men her er det ytterst raffinert og utspekulert. Etterforskarane får verkeleg noko å bryna seg på. 
Boka har god framdrift og høgt tempo, eit oversiktleg persongalleri og fleire overraskingar.
Terningkast 5.

Nestemann er australsk.

Dragemannen av Garry Disher
Aschehoug 2021
Speletid 7:57
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Svært lovande start på Peninsula-serien. Omgivelsane er eksotiske: det er jul, midtsommar og steikande heitt på halvøya utanfor Melbourne, Australia. Elles er det ein heller tradisjonell krim slik me kjenner det, med høg grad av realisme i høve etterforskingsarbeid.
Eg likte umiddelbart hovudkarakteren Hal Challis, elles sleit eg litt med å halda styr på dei mange ulike karakterane. Det er ofte eit problem når ein les lydbok. 
Konklusjon: Ein fin introduksjon til ein ny serie som eg gjerne følgjer opp i framtida. 
Terningkast 4.

På tide å snu nasen i retning norden - og til ein svenske som er sådär.


Grevgatan av Maria Fallström
Lind & Co 2023
Speletid 7:39
Lånt lydbok BookBites

Ei bok av den typen som Anita kallar "knekkebrødkrim". Det vil sei ei bok av den lettfordøyelege og lettgløymde typen - og som av og til er det rette lesestoffet om ein skal slappa av. 
Dette er fyrste del i serien "Enhet for grova brott". Veldig bra opplesar av lydboka, elles ga ikkje boka noko særleg inntrykk. Ein får liksom kjensla av at ein har lese det før. 
Terningkast 3.


Til slutt - heim igjen til gamlelandet og tre norske innslag


Plutselig var det ingen drømmer igjen av Lars Helle
Liv forlag 2024
364 sider
Lånt ebok BookBites

Del 4 i Kurt Stille-serien. Eg har lese berre ei av dei foregåande, men det er ikkje vanskeleg å komma inn i forteljinga. 
Protagonisten er ein krimforfattar som vert oppfordra til å sjå nærare på ei uoppklart kald sak. Det set sjølvsagt i gang uro, bekymringar og spekulasjonar for familie og andre som var involverte den gongen.
Dette er ei bok i kategorien bygdekrim, der hemmelegheiter og ondskap ulmar under overflata. Boka er godt oppbygd med eit gjennomarbeida plott, i ei fortid- og ei notidsforteljing, der biletet blir gradvis klårane for lesaren. Løysinga er truverdig, og ikkje altfor usannsynleg. 
Terningkast 4+.



Fritt vilt av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2024
358 sider
Lånt ebok BookBites

Meir bygdekrim, denne gongen med handling frå Hardanger. I den fjerde boka i Bengt Alvsaker-serien tek forfattaren føre seg fleire aktuelle tema. Sjølve krimgåta handlar om ei drukningsulukke som kanskje ikkje er ei ulukke og ei ung jente som er sakna. Etterforsking og leiteaksjon blir ytterlegare komplisert av at vêret er ekstremt dårleg. Vidare handlar det om ungdommar som lever liv foreldra ikkje har kontroll over. Dei er gjerne tøffe utanpå, men egentleg veldig sårbare og dermed lette å manipulera.
Fritt vilt er ei grei krimbok der det blir sett fokus på alvorlege problemstillingar. Så veldig spennande blir det vel kanskje ikkje, men Matre har ein god penn, karakterane framstår som ekte og handlinga er truverdig.
Terningkast 4+.


Tørt land av Jørn Lier Horst
Bonnier norsk forlag 2024
Speletid 7:40
Lånt lydbok BookBites

Styrken til Lier Horst er at det alltid er truverdig og realistisk når det gjeld teknisk og taktisk etterforsking. Så også i den nyleg Riverton-nominerte Tørt land, som er nummer 18 i serien om William Wisting. 
Eg har ikkje lese alle bøkene i serien. Interessa for Wisting forsvann gradvis etter den 7.-8. boka, for eg tykte forfattaren etter kvart berre gjentok seg sjølv. Det var liksom så forutsigbart, traust og uengasjerande. 
Men eg må innrømma at Tørt land er ei bra bok. Her klarar faktisk WW (eller Lier Horst då) å overraska meg.
Terningkast 4.

13. mars 2025

Dikt og slikt: Det er langt mellom venner

Kolbein Falkeid (1933 - 2021) fekk sagt mykje med få ord i dette diktet; eit enkelt dikt med enkle språklege bilete.


Det er langt mellom venner


Det er langt mellom venner.
Mellom venner står mange bekjentskaper
og mye snakk.

Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.

                                         
   Frå samlinga Opp- og utbrudd (1978)

5. mars 2025

Kort om: Ung manns ferd mot natt av Håkan Nesser

Gyldendal 2025
315 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer åtte i Barbarotti-serien er her! For oss som er fans av forfattar Nesser og førstebetjent Barbarotti er det ei gledeleg hending - og dessutan perfekt timing med tanke på påskekrimsesongen. 

Ung manns ferd mot natt er ikkje den beste boka i denne serien, men Håkan Nesser skriv alltid godt. Det er enkelte kjenneteikn som går att i spenningsromanane hans; sakte tempo, mange samtalar, underfundig humor, filosofiske betraktningar og presise miljøskildringar. Samt kompliserte kriminalgåter, ofte med fleire overraskingar undervegs. 

Mellom det sympatiske sambuar- og etterforskarparet Gunnar Barbarotti og Eva Backman er det ei koseleg og avslappa stemning, - ei stemning i skarp kontrast til dei grove valdshandlingane dei etterforskar. 

Me befinn oss i den fiktive byen Kymlinge, der ein gymlærar er blitt funnen skoten og drepen i heimen. Avhøyr av bekjente og kollegaer avslører at den drepne ikkje var særleg godt likt, men kven kan ha hatt motiv for å ta livet av han? Etterforskinga står meir eller mindre i stampe - og det skjer eit nytt mord. Same våpen, også denne gongen utan spor og utan noko klårt motiv, og dei to ofra har tilsynelatande ingen felles referansar.

Men lesaren veit. Ganske tidleg vert det avslørt kven som står bak ugjerningane, utan at det egentleg går ut over engasjement og spenning. Sjølv om tittelen på boka seier ganske presist kva det handlar om. Gjerningspersonen sine tankar og handlingar vert skildra på ein glimrande måte. Her får ein innsikt i korleis ein smart og empatisk tenåring er blitt øydelagt av omsorgssvikt, mobbing og utanforskap. 

Ein  ikkje lesa bøkene i serien kronologisk. Ung manns ferd mot natt står seg fint åleine. 

Eg fekk visse assosiasjonar til 'Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen' medan eg las denne boka. Det skuldast fyrst og fremst at forfattaren skildrar så bra korleis tenåringsgutar tenkjer og handlar, og dernest det faktum at hovudpersonen i den boka har same fornamn som gjerningspersonen i denne boka.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Håkan Nesser har hatt stor suksess etter at han debuterte som forfattar i 1988. Han har skrive 48 bøker selde i omlag 20 mill. eks over heile verda. Eg har gjort ei oppteljing og funne ut at eg har lese 36 av bøkene hans. Han er, og kjem alltid til å bli, ein favoritt hos meg - uansett. 
Det er likevel både overraskande og trist at Nesser i desse dagar er i nyhendebiletet fordi han er dømd til fengselsstraff grunna grov skattekriminalitet. Har han handla bevisst? Hatt dårlege økonomiske rådgjevarar? Sjølv hevdar han si uskuld, men dommen på 18 månader er no stadfesta. 

I samband med det tenkjer eg at Nesser bør bruka tida framover til lesa seg opp om svenske skattereglar og til å gjera research til ei framtidig Barbarotti-bok.

2. mars 2025

Oppsummering februar 25

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Tore Renberg - Lorden - Norsk roman - Lånt papirbok privat

Lese i februar:
Håvard Haftor Arntzen - Åsted. På innsiden av Kripos - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Erik Fosnes Hansen - Tyskland på 200 sider - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Ketil Raknes - Hvit makt. USAs rasistiske historie - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Atle Nielsen - Hallo! - Norsk dokumentar/humor - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt død (DI Callanach #3) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Håkan Nesser - Ung manns ferd mot natt (Gunnar Barbarotti #9) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Garry Disher - Dragemannen (Peninsula #1) - Australsk krim - Kjøpt lydfil

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Bernard Minier - Et øye i natten (Martin Servaz #8) - Fransk krim - Lånt papirbok privat
Maria Fallström - Grevgatan (Grova brott #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites


5 lyd, 2 ebøker, 1 papir
3 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
3 krim, 1 annan roman, 4 sakprosa
5 norske, 1 svensk, 1 britisk (skotsk), 1 australsk
Nye forfattarar: Arntzen, Raknes, Disher

Det vart like mange fullførte bøker i februar som i januar, trass i at denne månaden var kortare. Det må eg sei meg nøgd med. 

Eg pleier å lika Tore Renberg sine bøker veldig godt, men med Lorden vart det nedtur. Det vart aldri nokon "kjemi", det vart for mykje galskap, og slutten var rett og slett dårleg. Eg fullførte boka, og kan lika både skildringar og skrivestil, men eg fekk ikkje historia til å henga saman og konklusjonen min vart ein 3'ar.

Også Atle Nielsen si humoristiske bok om telefonen si historie, Hallo!, får terningkast 3. Det er ei heilt grei bok der me som har levd ei stund finn mange gjenkjennelege og nostalgiske element, men det blir liksom litt tynt.

Dei tre andre sakprosabøkene er veldig bra. Eg vil spesielt trekka fram Hvit makt - USAs rasistiske historie. Elles var Åsted - på innsiden av Kripos interessant lesing, sidan eg les mykje krim. Forfattaren er kriminalteknikar og åstedsgranskar og har jobba med fleire store kriminalsaker her i landet.

Eg har lese dei fleste bøkene i 200 sider-serien, og Erik Fosnes Hansen sitt bidrag Tyskland på 200 sider er blant dei beste. Litt oppramsande til tider (det blir gjerne slik når store mengder fakta skal inn på få sider), men samstundes velskrive, underhaldande og lærerikt. Fosnes Hansen har dessutan ei svært behageleg opplesarstemme. 

Når det gjeld dei tre fullførte krimromanane, må eg visa til ein eventuell framtidig samleomtale.