Kva skal til for å bli norsk nok?
I kva grad vert utanlandskadopterte utsette for rasisme?Diktsamlinga Kvit, norsk mann handlar om identitet og røtter, om rasisme, framandgjering og utanforskap. Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980 i Seoul, oppvaksen i Feios i Vik kommune) er adoptert og har nok kjent og tenkt mykje på slike problemstillingar og utfordringar. I samlinga finn me eit gripande og sterkt dikt som handar om Arve Beheim Karlsen.
Tjønn har uttalt til Sogn Avis at dødsfallet til Arve endra livet hans og at det har prega skrivinga hans:
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
1eg er den brune guten som springover bruaeg er den brune guten som springunder bruaeg er den brune guten som springut i elvaeg er den brune guten som seinareblir funne i vatnet.
dei roptedrep denne negeren
men det var ikkje megeg er ikkje brun, eg er gul
2eg opnar dei smale auga mineog les omarve berheim karlsenhan er eitt år yngre enn megadoptert frå india
gutane som jaga hanvar like gamle som ossdrep den negerenropte del
3og eg spring saman med arvebeheim karlseneg ser på han og han ser på megvi snur oss og ser dei kome etterdrep denne negerenropar deiog vi spring over bruaog halvegs så stansar arve opphan vurdererfram og tilbakeså skjønar eg at han vilspringe under bruaog eg følgjer etterned til elvasom er sterk og djupsteinane er glatte og hardeog arve og eg går ut i vatnetdet kalde, mørke vatnetsom renn ut i sognefjordenverdas djupaste og lengste fjordtenk at vi skulle hamne herdrep denne negerenropar deiog vi ser på kvarandreden eine brunden andre gultenk at vi er hamne heri denne djupe, lange fjordender det veks epler og bringebær pårekke og radlangs fjordskråninganeder fjell etter fjell strekker segoppovermot snøtoppaneder ferjer sklir som kvite kvalarmellom små bygder
no høyrer vi steg på bruadrep denne negerenropar deiog vi ser på kvarandrevi held kvarandre i hendenevi dukkar underi vatnet er vi brørto adoptivbarn held pusten
eg er den einaste som reiser meg- - - - - - - - -
Podcast: Brenner deler diktPodcast: Kva skjedde med Arve Beheim Karlsen?Bok: Arve - sonen min av Kari Beheim Karlsen