Viser innlegg med etiketten Chris Tvedt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Chris Tvedt. Vis alle innlegg

5. februar 2026

Norsk krim 2025 del 3

Ny samleomtale som gjeld krim som kom ut i fjor. Alle bøkene er av svært røynde forfattarar og alle del av seriar. Og alle er etter mi meining i kategorien god grei krim.

Les også: 
Norsk krim 2025 del 1
Norsk krim 2025 del 2

Inn i mørket av Jan Mehlum
Gyldendal 2025
334 sider
Lånt papirbok biblioteket 

Bok nummer 23(!) om advokat Svend Foyn i Tønsberg - og 81-åringen Mehlum leverer framleis, på ein imponerande måte.

Innleiingsvis finn Foyn ein død person, og som alltid blandar han seg inn i saka. Han oppdagar etter kvart manglande etterforsking frå politiet si side og bestemmer seg for å snusa rundt. I samband med det fartar han mellom Tønsberg og Oslo og det blir óg ein snartur til København. 

Inn i mørket er ein velskriven kriminalroman, kanskje ikkje heilt på høgde med dei beste bøkene i serien, men likevel veldig bra. Mehlum har ein stødig penn, er oppteken av aktuelle saker og krydrar det heile med mørk humor og slagferdige replikkar. Han set dessutan søkelys på aktuelle samfunnsutfordringar. I denne boka skriv han m.a. om æreskriminalitet og politivald, og han kjem med ein krass (og velfortent) kritikk av NNPF.
Terningkast 4+.

Narrespill av Jørgen Jæger
Bonnier norsk forlag 2025
379 sider
Lånt papirbok privat

Det er som regel triveleg å besøka Fjellberghavn og Ole Vik. Det er det også i den 15. boka i serien, sjølv om veret er dårleg og sjølv om det skjer dramatiske og tragiske ting.

Ole Vik-serien er blitt svært populær, og det er ikkje så rart. Bøkene er lettleste og hovudpersonane Ole Vik og Cecilie Hopen er svært sympatiske.
Eit anna positivt trekk er at forfattaren flettar inn aktuelle saker og tema i handlinga. Den eine tråden i Narrespill er om transnasjonal diskriminering og undertrykking, eit tema eg ikkje visste noko særleg om på førehand. 

På plussida: Raske sceneskift, skiftande perspektiv og bra spenningsoppbygging. På minussida: Gjentakingar og overforklaringar. Konklusjon: Terningkast 4.


Her kommer natten av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Gyldendal 2025
364 sider
Lånt ebok BookBites

Omsider kom den fjerde boka i Edvard Matre-serien, - den forrige kom ut i 2014. Det vil sei; Matre har dukka opp i den andre serien til Tvedt (Mikael Brenne), og likeeins har Brenne ei birolle i Her kommer natten. 

Edvard Matre har forlate Kripos og flytta tilbake til heimbyen Bergen og jobb i politiet der. Saka som er mest sentral i denne boka er drapet på ein kontroversiell lagdommar. Kven kan ha hatt motiv for ugjerninga? Det viser seg at det kan vera mange.

Her kommer natten er, som tittelen indikerer, ei ganske mørk forteljing. Det er ei bra bok som fortener fleire lesarar og meir merksemd enn ho har fått.
Terningkast 4+.

Ulvestuen av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2025
Speletid 8:38
Lånt lydbok BookBites

Den 11. boka i Anton Brekke-serien er også grei krim. Denne gongen har forfattaren nytta seg av eit anna forteljargrep enn tidlegare, og det funkar bra. Medan Brekke og Magnus Torp er på farten i notid, fortel Brekke om ei heilt spesiell uoppklart drapssak frå 2002. Det er denne saka som er hovudforteljinga i boka. 

Det er interessant å få bli kjent med ein talentfull ung Brekke, som den gongen ikkje var fullt så sær og kynisk - men som alt hadde sine utfordringar. 

Boka er ein type puslespelkrim. Forfattaren legg ut mengder av spor og villspor, og det vart aldri tydeleg for denne lesar kva som var løysinga og kven som var gjerningsperson.
Lydbok anbefalast. Helge Winther-Larsen si opplesarstemme passar til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningskast 4+.

2. februar 2026

Oppsummering januar 26

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Tore Skeie - Hardråde - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Levi Henriksen - Lyset de døde ser - Norsk roman - Lånt papirbok privat

Lese i januar: 
Terry Hayes - Svermens år - Australsk-britisk spenningsroman - Lyd Storytel
Are Sende Osen - Vikingtiden fra aaaah! til ååååh! - Humor/historie - Lånt ebok BookBites
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Her kommer natten (Edvard Matre #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørgen Jæger - Narrespill (Ole Vik #15) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Garry Disher - Snapshot (Peninsula-serien #3) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Interregnum (Oxen #7) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Anders Roslund - 100 prosent (Ewert Grens #12) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Et kongerike foran undergangen - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites


2 lyd, 4 ebøker, 2 papir
7 lånt, 1 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 1 dokumentar/biografi, 1 dokumentar/humor
5 norske, 1 dansk, 1 australsk-britisk, 1 australsk
Nye forfattarar: -

Mot normalt vart det berre to fullførte lydbøker i januar. Det skuldast fyrst og fremst at Svermens år er så uendeleg lang (nesten 30 timar lytting). Boka har fått heller lunkne kritikkar, men eg likte så godt Jeg er pilegrim og såg difor fram til denne. Og fyrste del av Svermens år er veldig bra; ein spionthriller av det actionfylte slaget slik som forventa. Andre og tredje del er OK; litt omstendeleg, seigt og forvirrande, men med enkelte spenningstoppar. Når eg så kom til den fjerde og siste delen - då mista eg det. Eller, boka mista meg. Eg var klar over at det skulle skje ein sjangerendring undervegs, men at det skulle bli så til dei grader usannsynleg og idiotisk - det var uventa. Og skuffande. Oppsummert gir eg del 1 terningkast 5, del 2 og 3 terningkast 3 - og del 4 terningkast 1. Gjennomsnittet vart altså 3.
Eg anbefalar ikkje Svermens år vidare. 

Den andre lydboka derimot; Interregnum, kan anbefalast, men det er ein fordel om du "kjenner" Oxen frå før. Enkelte trådar i denne boka går attende til fyrste bok Hengte hunder.
Eit visst kjennskap til Anders Roslund, Ewert Grens og Piet Hoffmann er også ein fordel om du skal lesa 100 prosent. I skrivande stund er eg tre timar ute i boka - og frydar meg. 

Eg vil óg nytta høvet til å anbefala ein fengande politikrimserie frå Down under; Peninsula-serien. Australske Garry Disher skriv godt og i denne serien byr han på "ekte" karakterar og spenning på ulike plan. Eg ser fram til at neste bok kjem ut på norsk. 

1. oktober 2023

Oppsummering september 23

Påbyrja i august, fullført i september:
Camilla Läckberg og Henrik Fexeus - Sekten - Svensk krim - Lyd Storytel + Lånt papirbok privat
Thomas Bagger - Mannen i tre deler - Dansk krim - Lånt papirbok privat

Lese i september
Tor-Håkon Gabriel Håvardsen - En seksti under - Norsk sakprosa - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Nattravnen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Gunnar Staalesen - Forfulgt av død - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Nicci French - Kanalmorderen - Britisk krim - Lyd Storytel
Chris Tvedt - På ære og samvittighet - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Ingar Johnsrud - Patrioter - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Peter Mohlin og Peter Nyström - Det siste livet - Svensk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jan Guillou - Den som drepte helvetes engler - Svensk krim - Lyd Storytel


3 lyd, 1 lyd + papir, 2 papir, 3 ebøker
6 lånt, 3 abonnement
8 krim,  1 dokumentar
5 norske, 2 svenske, 1 dansk, 1 britisk
9 menn, 2 kvinner (to av bøkene har to forfattarar)
Nye forfattarar: Bagger, Håvardsen, Mohlin, Nyström

September vart ein ualminneleg bra lesemånad med heile fem 5'arar. Dei fire 4'arane er også bra bøker. Om eg skal rangera 5'arane, held eg ein knapp på På ære og samvittighet. 

Den boka som overraska meg mest var sakprosaen En seksti under. Boka har undertittel alt om dødsfall, likhenting, forråtnelse og en begravelsesagents liv og eg må innrømma at det er den morbide lesesmaken min som gjorde at eg plukka opp boka. At eg fekk ei så bra leseoppleving var likevel overraskande. Det er nemleg ei veldig bra bok; ei personleg bok om livet som gravferdskonsulent, - ei bok som er både informativ, respektfull, makaber og morosam. Anbefalast!

23. september 2023

Norsk krim 2023 del 3 - Bergenskrim

Forfattarane Gunnar Staalesen og Chris Tvedt har mykje til felles - og det er ein del som er ulikt. Det same kan seiast om krimheltane deira, privatetterforskaren Varg Veum og advokaten Mikael Brenne. 

Både Staalesen og Tvedt har komme ut med nye bøker i haust, og begge bøkene har fått gode omtalar og bokmeldingar. Det er ikkje ufortent.

Les intervju med forfattarane (BT +sak)


På ære og samvittighet av Chris Tvedt
Gyldendal 2023
351 sider
Lånt ebok BookBites

Bok 10 i serien om advokat Mikael Brenne - og ifølge forfatteren er dette siste bok i serien. Og for ein avslutning! Dette er verkeleg ei bra bok. Ho er mørk og nervepirrande med spenning på fleire plan. 

Den rufsete advokaten har hatt mange utfordringar gjennom serien, både privat og på jobb - og denne gongen får han verkeleg trøbbel. Fortida innhentar han, som det heiter - og grunnen er ei hending som fann stad i den aller fyrste boka i serien Rimelig tvil. No tyder alt på at Edvard Matre er i ferd med å finna ut av den gamle uoppklarte saka. (Kripos-etterforskar Matre er hovudperson i den andre krimserien til Tvedt)

"Advokatkrim" kan høyrast tørt ut, men det stemmer absolutt ikkje i dette tilfellet. Historia er godt oppbygd og har eit bra driv. Det er interessant å "bli med" på advokatkontoret og rettssalen, i avhøyrsrommet og på fengselsbesøk. "Advokat-thriller" er kanskje ingen sjanger, men uttrykket kan vera meir dekkande og meir forklarande når det gjeld kva boka handlar om.  Brenne sine oppdrag, dei private utfordringane hans og kjenslene han har rundt den gamle saka - uro, skuld, skam, anger, frykt, paranoia - alt dette er krevjande for hovudpersonen. 

Handlinga går stort sett føre seg i Bergen, med nokre små avstikkarar til Oslo - og ein dramatisk tur nordover på Strilelandet.

På ære og samvittighet er ein engasjerande kriminalroman med ein tankevekkjande avslutning. Plottet er uforutsigbart og på same tid stødig. Kanskje vel mange tilfeldigheiter når alt skal få si avklaring, men det er greit nok.
Terningkast 5.


Forfulgt av død av Gunnar Staalesen
Gyldendal 2023
305 sider
Lånt papirbok privat

Varg Veum-bok nummer 20! For meg som har følgd serien og hovudpersonen i fleire tiår, blir ei ny bok i serien som å møta att ein gammal ven. Ein ven eg har god kjemi med, som eg av og til blir irritert på og som eg til tider har vore bekymra for.

Me skal ta turen til Strilelandet også i denne boka. Handlinga er lagt til den fiktive bygda Solvik, kun med små svippturar innom by'n og kontoret på Strandkaien og bustaden i Telthussmauet. Det er midt på 00-talet og den som er "forfulgt av død" er Betty. Ryktet fortel at ho "et mannfolk til frukost" og det viser seg at ho har mista fleire personar i nære relasjonar under mystiske omstendigheiter. No er sonen hennar sakna. Trass i rykta leiger Veum seg eit rom hos Betty medan han snusar rundt, snakkar med folk, trakkar i salaten, løftar på steinar - og finn lik. Privatetterforskaren er på saka og jobbar som han pleier; parallelt med - og ofte i vegen for - politiet si gransking. 

Bygda Solvik har sine bygdedyr og er prega av to familiar som konkurrerer om lakserikdommane, og av at fjorden er så godt som daud på grunn av lakseoppdretta. Slik flettar Staalesen miljøsaker inn i handlinga slik han har gjort tidlegare (t.d om vindkraft i Vi skal arve vinden). 

Forteljarstemma til Varg Veum er som alltid ironisk og sarkastisk - men også underliggjande melankolsk. I boka finn ein vidare truverdige karakterar, gode dialogar og altså samfunnsaktuelle saker. Det er godt handtverk i tradisjonell Varg Veum-stil, om ein kan sei det slik. Eg likar òg at forfattaren trekker trådar til 1900-serien, det gjer det gjenkjennbart og nært for oss faste Staalesen-lesarar. Handlinga er ikkje fylt med bestialitetar sjølv om det foregår både drap og andre brotsverk. Spenninga er der likevel. På den andre sida kunne eg tenkt meg å bli meir overraska enn det eg vart. Eg kunne også tenkt meg meir driv og intensitet.
Ein vert gjerne noko kravstor når ein går i gang med ei ny bok i ein favorittserie av ein favorittforfattar. 
Terningkast 4+.

2. februar 2022

Oppsummering januar 22

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Kim Leine - Etter åndemaneren - Dansk/norsk historisk roman - Lånt papirbok privat (+ lånt ebok)

Lest i januar:
Tana French - Den mørke almen - Britisk krim - Lyd Storytel
Thomas Karlsen - Hoppuka - Norsk sportsdokumentar - Lyd Storytel
Gustafson & Kant - Singöspionen - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Audun Dybdahl - Klima, uår og kriser i Norge - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Chris Tvedt - Djevelen i detaljene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arnaldur Indriðason - Den tause moren - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites
Are Kalvø - Meininga med livet eller: Yes sir I can boogie - Norsk humor - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Hans Olav Lahlum - Sneen var ren - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Max Seeck - Heksejakt - Finsk krim - Kjøpt lydfil


5 lyd, 1 papir, 2 ebøker
5 lånt, 3 abonnement
4 krim, 1 historisk roman, 2 dokumentarar, 1 humor
4 norske, 1 dansk-norsk, 1 svensk, 1 irsk, 1 islandsk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Gustafson, Kant, Dybdahl

Januar vart ein lesemånad på det jamne, totalt sett. Ingen av dei andre bøkene eg las kunne måla seg med den leseopplevinga Etter åndemaneren gav meg. Det var då heller ikkje å forventa.

Den mørke almen er forsåvidt ei interessant og velskriven historie, men aaaaltfor lang og treg. Så den vart eg skuffa over. Med Den tause moren var det egentleg omvendt: Etter å ha lest nokre skikkeleg trege Indridason-bøker tidlegare, var denne overraskande bra. 

Eg har alltid vore sportsinteressert, så Hoppuka (om den tysk-austerrikske hoppveka) var ei interessant bok. Her får ein både reiseskildring, nostalgi og funfacts. Eg trudde denne Karlsen var ny forfattar for meg, men så viste det seg at han er mannen bak den svært gode biografien om Claus Lundekvam.

Moroklumpen Are Kalvø leverer som alltid. Denne gongen med Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie og er "eit forsøk på å forstå vår tid og finne meininga med livet gjennom den popmusikken folk i Noreg har høyrt på dei siste femti åra". Det handlar her om den popmusikken folk faktisk har høyrt på – og ikkje den dei påstår at dei har høyrt på, noko Kalvø meiner er to heilt ulike ting. 

"Når eg les oppvekstromanar frå den tida eg sjølv vaks opp, då stussar eg alltid over at hovudpersonane gjerne høyrer på sånt som The Smiths. Vi høyrde ikkje på The Smiths. Vi høyrde på T’Pau. Det var omtrent tjue stykke i Noreg som høyrde på The Smiths på åttitalet. Alle har vorte forfattarar."

25. januar 2022

Vinterlesing: Nordisk krim

I desse mørke vintermånadene høver det bra med krimlesing. Det slår meg ofte kor mangfaldig krimsjangeren er, med tanke på kvalitet, innhald og skrivestil. Nedanfor kjem nokre eksempel på dette mangfaldet. 

Fyrst: Norsk krim, og ein veteran innan sjangeren.

Djevelen i detaljene av Chris Tvedt
Gyldendal 2021
370 sider
Lånt ebok BookBites

OK advokatkrim, og eit gjensyn med både forsvarsadvokat Brenne og etterforskar Matre, dei to figurane denne forfattaren har skapt. Dette er såleis bok 9 i Mikael Brenne-serien og bok 4 i Edvard Matre-serien.

Sjølve plottet er passe finurleg med enkelte overraskande vendingar. Etter ein litt treg og omstendeleg fyrste halvdel av boka tek det meir av i andre del, med fleire dramatiske scener. Handlinga vert oppfatta som både aktuell og truverdig, men likevel er det noko tamt og tregt over det heile.  
Terningkast 4-.


Så nokre svenske innslag.

Polarsirkelen av Liza Marklund
Cappelen Damm 2021
319 sider
Lånt papirbok privat

Lovande fyrste bok i ny serie (eller trilogi) frå dama bak den kjende Annika Bengtzon-serien. Handlinga er lagt til Nord-Sverige, eit landskap me kjenner frå diverse andre krimseriar. Handlinga vekslar fint mellom fortid (1980) og notid (2019). Eit likfunn i notid vert knytt til ei forsvinningssak i fortid og dermed nye møte mellom folk som ikkje har sett kvarandre på lang tid. 

Boka byr på gjenkjennande tidsbilete og presise karakteristikkar. Ikkje alt er like truverdig eller sannsynleg, men eg tykkjer likevel at plottet heng saman. Marklund skriv godt, og det er tydeleg at ho med denne boka er på "heimebane". 
Terningkast 4+.


Siste spiker av Stefan Ahnhem
Aschehoug 2021
Speletid 12:30
Lånt lydbok BookBites

Eg fekk eit dårleg fyrsteinntrykk av Fabian Risk-serien, men endra raskt meining og fekk etter kvart verkeleg sans for denne serien. Her får ein grøss og gru, motbydelege drap, utspekulerte gjerningspersonar og spenning frå fyrste til siste side. 

Ahnhem held fram med å utsetja dei stakkars karakterane sine for utfordringar, påkjenningar, sorger og bekymringar. Av og til vert det så voldsomt at det nærmar seg det parodiske. Men - eg likar skrivestilen hans og likar at han "leikar seg"; med alle krumspringa sine utfordrar han både lesaren og sjangeren. Boka er ganske rå og brutal, men har også høg underhaldningsfaktor. Her blir ein nesten andpusten av spenning og skvett til av dei uventa vendingane. Og antagonisten - han er ein av dei mest ufordragelege eg nokon gong har støtt på.

Om du har høve til strekklesing vil eg anbefala lydboka. Ivar Nergaard les på sedvanleg stødig og engasjerande vis. 
Terningkast 5.


Singöspionen av Anders Gustafson og Johan Kant
Lind & co. 2021
Speletid 13:16
Lydbok Storytel

Så over til noko heilt anna; skjærgårdskrim - og ei middelmådig leseoppleving. Begge forfattarane er nye for meg, og eg vil påstå at boka deira er ei krimbok for nybyrjarar; enkel og lettlest som ho er. Her finst enkelte actionscener, men mest av alt er det klisjéar, trivialitetar og overforklaringar. Ofte er det meir turistreklame enn krim, slik som i Sandhamn-serien. 

Eg må likevel innrømma at eg til ein viss grad vart sjarmert av hovudpersonen Solbritt og måten ho opptrer på. Elles er det ikkje så mykje å skryta av, og ikkje vart boka avslutta skikkeleg heller. Det er lagt opp til at ein "må" halda fram med lesinga i neste bok, men eg giddar faktisk ikkje meir. Opplesaren av lydboka er heller ikkje spesielt bra. Terningkast 3-.


Til slutt ein islandsk veteran:

Den tause moren av 
Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2021
Speletid 9:15
Lånt lydbok BookBites

Bok nummer 3 i Konrad-serien. Eg har ikkje lest dei to fyrste, men har tidlegare lest fleire bøker av denne forfattaren. Arnaldur er som alltid god på melankolsk stemning og karakteroppbygging. Når det gjeld tempo og engasjement kan det av og til bli litt langtekkeleg og uspennande. 
I denne boka handlar det om to gamle saker og ei ny sak - og steg for steg får me vita korleis desse sakene heng saman. Konrad er ein samansett person og ein sympatisk protagonist. Like grublande som Erlendur (frå Arnaldur sin mest kjente serie), men ikkje så depressiv.
Den tause moren er ei roleg, velskriven og trist bok til terningkast 4+.

31. januar 2020

Oppsummering januar 20

Påbyrja i desember, fullført i januar: 
Tor Bomann-Larsen - Roald Amundsen - Biografi - Lyd Storytel
Chris Tvedt - Formildende omstendigheter -Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i januar:
Ane Riel - Slakteren i Liseleje - Dansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Mimir Kristjánsson - Mamma er trygda - Norsk biografisk/dokumentarisk - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - Roser er døde - Britisk krim - Lydbok Storytel
Torkil Damhaug - Se en annen vei - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Tana French - Flukt - Britisk krim - Lydbok Storytel
Erika Fatland - Sovjetistan - Norsk dokumentar - Lydbok Storytel

Påbyrja i januar, fullførast i februar: 
Ingar Sletten Kolloen - Under krigen. Bind 1: Vi må ikke falle - Norsk krigshistorisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Camilla Grebe - Dvalen - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket



2 papir, 4 lyd, 2 ebøker
4 lånt, 4 abonnement
5 krim, 2 dokumentar, 1 biografi
5 norske, 1 dansk, 1 britisk, 1 irsk
4 menn, 4 kvinner
Ingen "nye" forfattarar

Bra start på året; lesing av krim i ulike stilartar og sakprosa med varierande tema. Eg les som regel mange fleire bøker av menn enn av kvinner, men denne månaden er det faktisk fifty-fifty.

Vidare tenkjer eg at eg har vore både heldig og dyktig som har plukka ut bøker som verkeleg har falle i smak. Heile 6 x terningkast 5 i løpet av ein månad er uvanleg. 

12. januar 2020

Norsk krim 2019 del 4 - Advokatkrim

Begge dei to norske advokatkrimforfattarane Jan Mehlum og Chris Tvedt ga ut bøker i fjor, i hhv. Svend Foyn- og Mikael Brenne-serien. Eg har lest og likt dei fleste føregåande bøkene i begge seriane. Og det må seiast; dei har vore betre før, alle saman - både Tvedt og Brenne, Mehlum og Foyn.

Formildende omstendigheter av Chris Tvedt

Gyldendal 2019
359 sider
Lånt ebok eBokBib

Tvedt tek ofte opp etiske og juridiske dilemma i bøkene om forsvarsadvoktat Mikael Brenne. Det gjer han også i Formildende omstendigheter - den 8. boka i serien. Det handlar om nødverge og om retten til sjølvforsvar. Kan det finnast situasjonar der drap er uunngåeleg - og "riktig"?

Boka tek opp ulike interessante synspunkt og er skriven med fagleg tyngde. Brenne sin klient i denne historia meiner at ho ved å drepa eit menneske har gjort at andre menneskeliv er blitt spart. Når klienten beviseleg vert tatt i løgn vert forsvararjobben utfordrande for Brenne.

Det er tydeleg at forfattaren har jobba hardt for å gjera historia spennande, men eg tykkjer at boka manglar nerve. Dessutan gjer Brenne nokre merkelege og irriterande feilvurderingar undervegs, både privat og profesjonelt.
Terningkast 4.


Fornemmelse av skyld av Jan Mehlum

Gyldendal 2019
303 sider
Lånt ebok eBokBib

Så veldig spennande er ikkje denne boka heller. Tvert imot; Fornemmelse av skyld er overraskande kjedeleg og treg. Sjølv om tematikken i utgangspunktet er alvorleg og aktuelt vart eg aldri særleg engasjert.

Dette er bok nummer 18 i serien, og for oss som har følgd Svend Foyn gjennom flesteparten av desse bøkene, er det likevel eit gledeleg gjensyn med hunden Hulda og med alle dei velkjende bipersonane - og med Varg Veum.
Dette siste er jo litt artig, og truleg eit "takk for sist" sidan Gunnar Staalesen lot Varg Veum besøka Svend Foyn i fjorårets Utenfor er hundene.
Terningkast 3.

6. desember 2018

Norsk krim 2018 del 5

Dei gamle er som kjent eldst - men er dei også best?

Krimforfattarane Jan Mehlum (f. 1945), Gunnar Staalesen (f. 1947) og Chris Tvedt (f. 1954) har alle gitt ut nye bøker i haust. Eg har lest bortimot alt desse tre forfattarane har gitt ut tidlegare og som oftast har bøkene deira vore gode leseopplevingar for meg. Forventningane mine til årets bøker var såleis høge, men eg var også spent:
Er dei i stand til å fornya seg og vera aktuelle? Eller er dei utbrukte og falma på sine gamle dagar? Går alt på rutine og erfaring? Kva med "heltane"; Svend Foyn, Varg Veum og Mikael Brenne - held dei framleis koken? Tek dei til å bli litt slitne etter så lang tid med krevjande etterforsking?

Mehlum, Staalesen og Tvedt har mykje felles. Alle tre brukar kriminallitteratur til å setja søkjelys på aktuelle saker i samfunnsdebatten og dei skriv alle realistisk, truverdig og oppriktig. Bruk av ironi og ein stødig skrivestil er også noko dei har felles. Både Veum og Brenne jobbar og bur i Bergen medan Foyn held til i Tønsberg. Brenne og Foyn er advokatar/ etterforskarar, Veum er privat etterforskar. Alle tre jobbar hovudsakleg åleine i sakene dei vert involverte i.

Årets bøker er nummer 7 i serien om Mikael Brenne, den 17. om Svend Foyn og den 21. i Varg Veum-serien.


Bevisets stilling av Chris Tvedt

Lydbokforlaget 2018
Speletid 8:51
Lånt lydbok biblioteket


Med forsvarsadvokat Mikael Brenne som hovudperson og med eit samfunnsaktuelt bakteppe leverer Chris Tvedt både underhaldning og engasjement. Boka opnar på ein høgdramatisk måte, og spenninga vert til ein viss grad halden ved like gjennom boka. Undervegs er det imidlertid tendens til overforklaringar og omstendelege resonnement. Kritikken mot politi og psykiatri er til dei grader overtydeleg i denne forteljinga, men miljøskildringane er, som alltid hos Tvedt, gode og presise.

Lasse Lindtner si dialekt og stemme passar naturlegvis bra til ein bergensroman som dette, men han overdriv og er liksom for flink. Dette er opplesing av ei lydbok og ikkje teater, Lindtner. Terningkast 4-.


Hvit engel, svart natt av Jan Mehlum

Gyldendal 2018
396 sider
Lånt ebok eBokBib


Mehlum har framleis ein skarp og vittig penn. Bakgrunnen for den syttande Svend Foyn-forteljinga er i høgste grad aktuell: Det handlar om flyktningsituasjonen i Noreg og Europa. Ei dramatisk hending fører til at advokat Foyn får ei sak så og seie rett i fanget, og det viser seg at saka har mange og vide forgreiningar. Etter kvart reiser Foyn til øya Lesbos for om muleg finna ut av flokene. Her lever som kjent tusenvis av asylsøkjarar under vanskelege uhaldbare forhold.

Svend Foyn er ein noko lurvete, men velmeinande og sjarmerande advokat/etterforskar. Dottera hans, Jaguaren hans, hunden Hulda samt overrettssakførar Salvesen og (no eks-)politietterforskar Mørk har som vanleg ein plass i handlinga. Kvar bok i serien er frittståande og ein treng ikkje lesa dei 16 føregåande bøkene for å ha glede av Hvit engel, svart natt. Terningkast 4+.


Utenfor er hundene av Gunnar Staalesen

Lydbokforlaget 2018
Speletid 9:36

Lånt lydbok biblioteket

Handlinga i Utenfor er hundene kan minna om den pågåande Dark Room-saka og dei tragediane og brotsverka som er knytt til den. Boka er eit slags framhald av Ingen er så trygg i fare, der Varg Veum vart trekt inn i ei omfattande overgrepssak.

I boka finn ein truverdige karakterar, gode dialogar og samfunnsaktuelle problemstillingar. Stemninga er mørkare enn vanleg hos Staalesen og stilmessig er det langsamt - på grensa til tregt. Opplesaren av lydboka les også seint og dessutan litt nølande til tider - men har "riktig" dialekt.

Eg har alltid tykt at Varg Veum og Svend Foyn har mykje til felles; begge er velmeinande og hardtarbeidande, dei har trøbbel med autoritetar og dei er begge herleg og syrleg ironiske. Både Veum og Foyn erfarar at den krevjande jobbsituasjonen deira går ut over privatliv og kjæresteforhold. Eg likar begge to - og tenk; i denne boka møtest dei! Ein krimentusiast set verkeleg pris på slike grep.

Gunnar Staalesen er framleis i stand til å skriva engasjerande og tankevekkjande kriminalromanar, men eg vil hevda at han - i likskap med Chris Tvedt og Jan Mehlum - har vore enno betre ved tidlegare høve. Terningkast 4+.

31. oktober 2018

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Gert Nygårdshaug - Zoo Europa - Norsk roman - eBokBib
Chris Tvedt - Bevisets stilling - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket

Lest i oktober:
Marit Reiersgård - Det de døde vet - Norsk krim - eBokBib
S.J. Bolton - Nå ser du meg - Britisk krim - Storytel
Levi Henriksen - Jern & metall - Norsk novellesamling - eBokBib
Karin Fossum - Formørkelsen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Volker Kutscher - Den våte fisken - Tysk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i september, fullførast i november:
Ken Follett - På grensen til evigheten - Britisk roman - Kjøpt papirbok

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Jan Mehlum - Hvit engel, svart natt - Norsk krim - eBokBib
Jens Henrik Jensen - Hengte hunder - Dansk krim - Lånt lydbok biblioteket
Knut Røneid - Når barnet ditt ikkje vil leve lenger - Personleg beretning - Kjøpt papirbok



  • 2 papir, 2 lyd, 3 ebøker
  • 6 lånt, 1 abonnement
  • 5 krim/spenning, 1 roman, 1 noveller
  • 5 norske, 1 britisk, 1 tysk
  • 3 kvinner, 4 menn 
  • "Nye" forfattarar: Bolton, Kutscher
Oktober vart ein tilnærma normal månad: Sju ferdigleste og fire påbyrja. Med tanke på bokbloggerprisen har eg pr. 31.10. lest 15 norske 2018-bøker, av dei 13 krim. Dei øvrige to; Zoo Europa (roman) og Jern & metall (noveller, dvs. open klasse) vart lest denne månaden - og begge er veldig bra. 

17. januar 2017

Samleinnlegg: Vinterlesing - Norsk seriekrim

Det finst "uendeleg" med norske krimheltar - og det dukkar stadig opp nye historiar om dei og deira virke. Både Mikael Brenne, Hanne Wilhelmsen og Orla Os er "gamle kjenningar" som eg har følgd frå starten av.


Den som forvolder en annens død av Chris Tvedt
Gyldendal 2016
366 sider, lånt papirbok privat

Eg ser på advokat Mikael Brenne som ein slags fetter av privatetterforskar Varg Veum. Eg beskuldar slett ikkje Chris Tvedt for plagiat eller noko - men Tvedt sine bøker har svært mykje til felles med Gunnar Staalesen sine. Dei to forfattarane har den same stødige og grundige skrivestilen, det same skråblikket på samfunnet, det same oppriktige engasjementet og den same kjærleiken til heimbyen sin - Bergen. Samanlikninga er altså positivt meint.

Som ein kan forstå av tittelen er dette advokatkrim, og det er slett ikkje så kjedeleg som ein kanskje skulle tru. Bok seks i serien er eit etterlengta gjensyn med advokat Brenne som her får fleire utfordringar, både privat og profesjonelt. Den som forvolder en annens død er velskriven, underhaldande og interessant - men gjorde ikkje like sterkt inntrykk på meg som enkelte andre bøker av denne forfattaren har gjort.
Terningkast 4.


I støv og aske av Anne Holt
Vigmostad & Bjørke 2016
379 sider, lånt papirbok privat

Dette er Hanne Wilhelmsen og Anne Holt i godt gammalt slag. Holt skriv levande og flytande og er som alltid samfunnsaktuell. Ho byggjer finurlege plott som lesaren ikkje har problem med å følgja. Kjappe sceneskift, varierande og utfyllande perspektiv og effektiv spenningsoppbygging gjer boka svært drivande. Sidene vender seg sjølv medan ein les.

Bok nummer ti i serien om Hanne Wilhelmsen handlar i stikkordform om mord, justismord, høgreekstremisme og hevn, - og om gamle kriminalsaker som (sjølvsagt) heng saman med nye.

Samarbeidet mellom den sære Hanne og den like spesielle makkeren hennar er interessant og fornøyeleg å lesa om. Det er fint at forfattaren legg inn litt tørr humor innimellom alt det triste og alvorlege.
Terningkast 4+.



De dødes hus av Jorun Thørring
Aschehoug 2016
398 sider, lånt ebok eBokBib

Store deler av handlinga i denne boka er lagt til eit "skummelt" gammalt vinslott i Bordeaux. Perfekte kulissar for ein kriminalroman, skulle ein tru. "Klassisk" plott der hendingar i notid har samanheng med hendingar i fortid: eit hevnmotiv som har sitt opphav tilbake i krigens dagar då ein familie søkte til dette slottet på flukt frå nazistane. Vekslinga i tid - mellom 1942, 1978 og 2001 - er elegant utført. Det same gjeld skifte av synsvinklar.

Orla Os, etterforskar og rettsmedisinar knytta til Paris-politiet og opphaveleg nordnorsk, er ein uvanleg - men ikkje særleg interessant - karakter. Dei øvrige karakterane er heller ikkje særleg truverdige. Eg vart difor ikkje så veldig engasjert i dei to parallelle historiane.
De dødes hus er lettlest, men for meg er det negativt at forfattaren overforklarar. Mykje av spenninga forsvann undervegs på grunn av alle dei sjølvsagde utgreiingane. Og den oversøte epilogen er verkeleg heilt unødvendig. Terningkast 3.

1. januar 2017

Oppsummering desember

Påbyrja i november, fullført i desember:
John Hart - Syndenes forlatelse - Amerikansk roman - Kjøpt lydfil
Johan Harstad - Max, Mischa & Tetoffensiven - Norsk roman - eBokBib

Lest i desember:
Anne Holt - I støv og aske - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Edvard Hoem - Land ingen har sett - Norsk historisk roman - Lånt lydbok biblioteket
Chris Tvedt - Den som forvolder en annens død - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Robert Galbraith - Ondskapens kall - Britisk krim - Lånt lydbok biblioteket
Bernt Rougthvedt - Tårn - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Sigmund Falch - Slemmaste dokka i Dramman - Humor/satire - Lånt papirbok privat
Aina Stormo og Katia Gjerding Wiegand - Jesperpus - Dokumentar - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Jorun Thørring - De dødes hus - Norsk krim - eBokBib
Richard Herrmann - Seks skudd ved stengetid - Kriminalhistorisk dokumentar - Storytel


  •  5 papir, 3 lyd, 1 ebok
  •  7 lånt,  1 kjøpt, 1 fått i julegåve
  •  5 krim/spenning, 2 andre romanar, 1 dokumentar, 1 humor
  •  7 norske (4 av desse frå 2016), 1 amerikansk, 1 britisk
  •  6 menn,  3 kvinner
  • "Nye" forfattarar: Rougthvedt, Stormo, Wiegand
Likte best: Land ingen har sett
Likte minst: Max, Mischa & Tetoffensiven

22. mai 2015

Krig og fred og sånn

Sidan det i år er 75 år sidan okkupasjonen og 70 år sidan frigjeringa, vert det fokusert mykje på 2. verdenskrig - både skjønnlitterært og innan sakprosa for tida. Eg er også prega av dette og har det siste året lest ein heil del bøker som har krigen som tema. Dei to bøkene som har gjort aller størst inntrykk på meg var fjorårets sakprosabøker Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson og Den største forbrytelsen av Marthe Michelet. Begge desse anbefalast sterkt.
(Jackson si bok vert "samlest" no i mai i samband med Bokbloggerprisen 2014. Michelet si bok nådde dessverre ikkje opp i denne samanhengen.)

Gard Sveen sin dobbelt prisbelønte roman Den siste pilegrimen er ei anna bok eg gjerne anbefalar; dette er ein kriminalroman med krigshistorisk bakgrunn. At kriminalromanar inneheld parallellhistoriar frå krigens dagar er elles forholdsvis vanleg. Operasjon Siskin av Rune Timberlid og Rottejegeren av Chris Tvedt er to andre gode eksempel på at grepet med ei tilhøyrande forteljing frå krigen fungerer i moderne krimromanar. Svik, tap og hevn er jo ofte tema og motiv som går igjen innan krimsjangeren.

Fyrste bind i Jon Michelet sitt storslagne verk om krigsseglarane - En sjøens helt - Skogsmatrosen har eg også fått med meg. Det vart rett nok ikkje ei heilt vellukka leseoppleving, men eg trur at eg ein gong i framtida kjem til å halda fram med akkurat den serien.
Ein annan god - men spesiell - roman som har krigen som bakteppe er Alfabethuset av Jussi Adler-Olsen. Den berømte Saras nøkkel derimot, som eg las for ei tid tilbake - den bør ein styra unna. Det er rett og slett ei elendig bok.

- - - - - - - - - - - - - - - -

No i vår har eg fått med meg desse bøkene:


Krigens skugge av Ragnhild Kolden
Det norske samlaget 2012
174 sider


Handlinga er lagt til Gudbrandsdalen kort tid etter krigen. Kolden skriv jordnært og enkelt om skuggar frå krigen som legg seg over folk og hendingar i etterkrigstidas bygde-Noreg. Sentralt i denne forteljinga er dei tre søstrene Dagny, Emma og Tea. Krigen førte til at dei tre unge kvinnene fekk heilt ulike lagnader då freden kom.
Boka fortel ei sterk historie og gjorde inntrykk. Eg fekk så inderleg vondt av stakkars Tea, ei av desse norske jentene som var romantisk involvert med tyske soldatar under krigen. "Tyskertøsene" vart straffa uforståeleg hardt - og uendeleg lenge. Ofte vart dei offer for hevn, mobbing og overgrep.
For Tea vart det ikkje fred i mai 1945; ho vart internert, tvangsklippa og fråteken barnet sitt. Når ho vert "fri" og flyttar til systera Dagny må ho - i tillegg til det berykta bygdedyret - hanskast med si eiga skamkjensle og hat og avsky frå nær familie. Terningkast 4.


Kvinner i krig av Gitte Haug
Oktober forlag 2014
104 sider


Ei tynn lita bok med eit sterkt innhald. Forfattaren debuterte med denne boka i fjor, 85 år gammal.
Dette er ei erindringsbok som handlar om Haug sjølv og mor hennar i dei siste månadene av andre verdenskrig og den fyrste tida i fredstid, på landsbygda i Tyskland. Ei augevitneskildring av ei tid fyllt med uvisse, kaos, tunge avskjedar, øydelagde landskap og ein traumatisert sivilbefolkning.
Boka virkar veldig ekte og nær, men ber preg av at forfattaren har bore med seg tankane og kjenslene sine i lang tid. Det er ungjenta på 15-16 år sine tankar - og ein 85-åring sine formuleringar. Språket er enkelt, naivt og merkeleg oppdelt - men akkurat dette "primitive" språket gjer boka enno meir gripande. Terningkast 4+.


De dødsdømte av Asbjørn Jaklin
Lydbokforlaget 2011
Speletid 10:07, opplesar Ivar Nergaard


Krigshistorisk dokumentar - som fungerer heilt fint i lydbokversjon. Boka handlar om 25 menn, 25 henrettingar og eit samfunn som har behov for oppgjer og hevn. Forfattaren har basert seg på skriftlege kjelder som politiavhøyr og rapportar - og har gått grundig og detaljert til verks.

For meg var mykje av innhaldet i denne boka nytt stoff og ny lærdom. Med unnatak av Quisling og Rinnan var alle dei andre ukjende. Eg var heller ikkje kjend med kor omdiskutert dette med dødsstraff (eller ikkje) var då, rett etter at krigen var slutt. Nær 70 år etter desse dramatiske hendingane sit ein med fasiten i handa og "veit korleis det går", - men boka er svært spennande likevel.
De dødsdømte er ei god bok - til ettertanke, skriven på ein nøktern, lettfatteleg og oversiktleg måte. Ein treng nokre gode pausar med anna og lystigare lesing medan ein les/lyttar til denne boka. Innhaldet er nemleg svært hard kost. Terningkast 4+.


Gjerningsmenn av Harald Welzer
Forlaget Press 2013
309 sider

Undertittel: hvordan helt vanlige mennesker blir massemordere.
Sakprosa frå den tyske sosialpsykologen Harald Welzer som handlar om jødeutryddingane og massedrapa under 2. verdenskrig. Soldatane som drap hundretusenvis av menneske var i liten grad kriminelle, skakkøyrde eller traumatiserte. Dei var heilt vanlege menn med normale bakgrunner - men manipulerte til å bli valdsmenn og drapsmaskiner. Ut frå den situasjonen dei befann seg i, vart det "logisk" å ta livet av "undermenneske" og "fiendar" av det tyske riket. Forfattaren samanliknar massedrapa i Babij Jar i 1941 med andre grufulle hendingar som My Lai-massakren i 1968, folkemordet i Rwanda i 1994 og massakren i Srebrenica i 1995. Han viser at dei same "mekanismane" gjorde seg gjeldande ved desse hendingane. 
Gjerningsmenn er interessant og skremmande lesing, men boka er skrive i eit altfor tungt, vanskeleg og omstendeleg språk. Eg er usikker på om dette er forfattaren eller oversetjaren sin "feil". Terningkast 3.

31. januar 2015

Oppsummering januar 2015

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Ken Follett - Stormenes tid, Bind 1: Sverdet og korset - Historisk roman - Papirbok lånt av mor

Lest i januar:
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Djevelens barn - Norsk krim - Lånt Ebok
Muriel Barbery - Pinnsvinets eleganse - Fransk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Jon Hjørnevik - Eit liv i offside - Dikt, humor - Lydbok lånt på biblioteket
Ken Follett - Stormenes tid, Bind 2: Katedralen - Historisk roman - Papirbok lånt av mor
Levi Henriksen - Mannen fra Montana - Biografi/Reiseskildring - Kjøpt lydfil
John Williams - Stoner - Roman - Lånt ebok
Ragnar Kvam jr. - Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen - Biografi - Lydbok og papirbok, begge lånt på biblioteket
Anthony Horowitz - Silkehuset - Britisk historisk krim - Kjøpt papirbok
Edvard Hoem - Slåttekar i himmelen - Historisk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Geir Lippestad og Jon Gangdal - Det vi kan stå for - Personleg beretning/debatt/biografi - Lånt ebok
Edvard Hoem - Jordmor på jorda - Historisk/dokumentarisk roman - Kjøpt lydfil
Linnea Myhre - Kjære - Norsk roman - Lånt ebok (avbraut)
Jens Bjørneboe - Stillheten (Bestialitetens historie 3) - Norsk roman - Lånt lydbok

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Jens Lapidus - Livet de luxe - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Jeffrey Archer - Bare tiden vil vise - Historisk roman - Lånt ebok
Richard Herrmann - Med kniv om natten og andre mord - Kjøpt lydfil

Skjermdump: bokelskere.no

Fin start på leseåret 2015 - mørket, kulden, glatta og drittveret gjer at ein ofte vert sitjande i sofakroken med ei bok om kveldane. I tillegg må nemnast at eg brukar mykje tid til jobbpendling som bidreg til at eg får "lest" mange lydbøker. Det vart 6 lydbøker, 3 papirbøker og 3 ebøker i januar månad, - og ei bok lest i kombinasjon papir/lyd.

Månadens høgdepunkt:
Stormenes tid
 - Dramatisk og storslagent, med eit rikt og frodig persongalleri i ei historisk spennande tid.
Slåttekar i himmelen og Jordmor på jorda
 - var også to fine, lærerike og gripande leseopplevingar.
Stillheten
 - Avslutninga av Bjørneboe sitt hovudverk Bestialitetens historie

Månadens nedturar:
Stoner
 - Uengasjerande og skuffande, med ein patetisk hovudperson som ikkje tek tak i livet sitt.
Pinnsvinets eleganse
 - Hadde høge forventningar som ikkje vart innfridde.
Kjære
 - Hadde låge forventningar. Null kjemi. Uinteressant. Avbraut lesinga etter få sider.

17. januar 2015

Vinterlesing - Eit samleinnlegg

Her kjem ein samlepost med korte vurderingar av nokre bøker eg har lest og lytta til i det siste. Eg er kraftig på etterskot når det gjeld bokomtalar, så for å komma litt meir ajour gjer eg det slik.



Stormenes tid av Ken Follett

Bind 1 - Sverdet og korset

Bind 2 - Katedralen

Cappelen Damm 1990
705 sider (bind 1) og 457 sider (bind 2)

Eg skjønnar ikkje at eg ikkje har lest desse bøkene før, for dette var fantastisk fengande, storslagent og gripande. Ei omfattande, detaljert og uhyre interessant leseoppleving.

To historiske romanar der handlinga er lagt til England på 1100-talet; ei uroleg tid prega av borgarkrig og uavklarte maktforhold. Me får følgja mange forskjellige personar frå ulike samfunnsklassar og miljø.

Den mørke middelalderen var ikkje berre mørk, skal ein tru Follett. Sentralt i historia er planlegginga og bygginga av ein katedral, samt personane og miljøet rundt dette byggverket. Her får ein møta eit variert og frodig persongalleri. Eg fekk stor sympati for m.a. byggmeisteren Tom og familien hans, munken/prioren Philip, jarledottera Aliena og den fredlause Ellen. Det dreiar seg mykje om kampen for tilværet og kampen mellom det gode og det onde, om skiftande makthavarar og korleis dette innvirkar på dagleglivet for befolkningen. Eg vil hevda at ein del lite truverdig romantikk og nokre pinlege erotiske skildringar trekker litt ned, men tykkjer likevel at heilskapsinntrykket og leseopplevinga samla sett er svært god.

Kan samanliknast med andre storslagne verk som 'Havets katedral', 'Rosens navn' og trilogien om Arn Magnusson. Det beste av alt: Det finst også ein frittståande oppfølgjingsroman - 'I all evighet', på vel 1000 sider! - som skal lesast ved høve.
Terningkast 6.



Svøm med dem som drukner av Lars Mytting

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 12:50

Egentleg ei fin og spennande historie, men dessverre er ho skjemd av mange trege skildringar og eit meiningslaust melodrama. Det handlar om ein ung mann som søkjer etter forklaringar på det usagte og det hemmelege i familien, etter jakta på røter og sin eigen identitet. Søkinga går føre seg i Gudbrandsdalen, på Shetland og i Frankrike, og dei to store krigane, 1. og 2. verdenskrig, kastar mørke skuggar over dagens opplevingar.
Dette må vera ei av fjorårets mest oppskrytte bøker. Lydboka vert godt opplest av Axel Aubert, men eg kan likevel ikkje gi meir enn terningkast 3 for leseopplevinga mi.


En sannsynlig historie av Karin Alvtegen

Cappelen Damm 2011
271 sider

Eg likar Alvtegen betre som krimforfattar enn som her; i ein "vanleg" roman. I kriminalromanane kjem den psykologiske innsikten hennar meir til sin rett.

Me møter ei kvinne og ein mann, to ulukkelege og einsame sjeler i krise - som kanskje finn kvarandre. Boka er svært velskriven og handlar om brutte forhold og nye forhold, om venskap og familie, om kjærleik og sorg, om fordommar og jantelov.

Alvtegen byr på gode skildringar av det vesle lokalsamfunnet der mesteparten av handlinga føregår, men innbyggjarane framstår som noko karikerte. Dei to hovudpersonane virkar meir "ekte".
Alt i alt ei grei leseoppleving til terningkast 4.



Jenta uten hjerte av Marit Reiersgård

Gyldendal 2014
334 sider

Bok nummer to i serien om politietterforskarane Verner Jacobsen og Bitte Røed imponerte meg ikkje like mykje som den fyrste, Stolpesnø, men er ei grei krimbok.

Om mobbing, makteslause foreldre og kva skremmande konsekvensar dette kan ha. Samt ei parallellhistorie om ein skakkøyrd og skada person som rotar seg opp i hendingar vedkommande berre delvis er skuld i.

Fleire forteljarstemmer, litt uhyggeleg stemning frå fyrste til siste side. Skrivestilen, miljøa og stemningen liknar på det ein kan finna i Unni Lindell sine kriminalromanar. Boka har ei tankevekkande og aktuell handling.
Terningkast 4.



Mannen fra Montana av Levi Henriksen

Lydbokforlaget 2009
Speletid 7:50

Ei dokumentarisk og biografisk reiseskildring og ein triveleg biltur gjennom USA. Levi Henriksen tek med seg familien sin på jakt etter Thor Vigeland, den fyrste hippien som vitja Kongsvinger. Reisa fører til mange forskjellige møte med ulike deler av den amerikanske kulturen.
Ei fin lytteoppleving - godt opplest av Ivar Nergaard og gamle musikalske lydkutt. Underhaldande og originalt, slentrande og lærerikt, humoristisk og melankolsk.
Terningkast 4.



Elle melle av M. J. Arlidge

Vigmostad & Bjørke 2014
357 sider

Ei djevelsk utspekulert og svært spennande bok. Handlar om ein person som kidnappar par - som han så gir eit umuleg og dødeleg ultimatum. Likskapen mellom ofra er uklar og motivet er heilt uforståeleg. Etterforskarane slit med å finna ut av bakgrunnen for slike sjuke handlingar.
Boka er den fyrste i ein planlagd serie. Ho er skremmande og fortlest, med mange korte kapittel og fleire forteljarstemmer. Miljøet i politietterforskararbeidet er gjenkjenneleg frå mange andre britiske bøker og TV-seriar. Protagonisten Helen Grace er akkurat passe spesiell.

Elle melle er ein kriminalroman midt i blinken for meg, men kunne kanskje vore enno meir "psykologisk", jf. Ruth Rendell og Patricia Highsmith sine thrillerar. Terningkast 5.


Djevelens barn av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Cappelen Damm 2014
334 sider

Sterk avslutning av trilogien som starta med Av jord er du kommet og følgd av Den blinde guden. Bøkene bør lesast i riktig rekkefølge.

Tvedt/Gulbrandsen har eit språk som flyt lett og ledig. Ei bok med fleire parallelle historiar, som kan, eller ikkje kan?, høyra saman, - samt eit mysterium som varer gjennom heile trilogien. Alt får si logiske oppklaring til slutt.

Med eit samfunnsaktuelt bakteppe, gode personskildringar og glimrande miljøskildringar ligg alt til rette for ei god leseoppleving.
Terningkast 5.



Eit liv i offside av Jon Hjørnevik

Lydbokforlaget 2004
Speletid: 00:59

Ei humoristisk diktsamling. Frå Hjørnevik sine diktsamlingar 'I ein sofa frå Korea' og 'Den vanskelege andreboka' samt ein del ekstramateriale.
Her er dikt som er hysterisk morosame, andre kan ein humra til og andre er berre dumme og pinlege. Herleg useriøst, og det er greitt at lydboka ikkje varer meir enn ein time. Det kan fort bli for mykje underbuksehumor. Det er forfattaren sjølv som les.
Terningkast 3.

8. januar 2015

Bokbloggerprisen 2014 - mine nominerte

I 2014 las eg i alt 33 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen; 28 i klassen for skjønnlitteratur (24 av desse innan krim-/spenningsjangeren) og 5 i såkalla open klasse (alle innan sakprosa).

Eg nominerte desse bøkene:
(Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving)


28. februar 2014

Oppsummering februar

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Jerker Eriksson og Håkan Sundquist - Pythias anvisninger - Svensk krim - Kjøpt pocket
Cecilie Enger - Mors gaver - Norsk roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Lest i februar:
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Den blinde guden - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Erlend Loe - Vareopptelling - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Richard Herrmann - Livet med Elizabeth - Biografi/Historie - Kjøpt lydfil
Jussi Adler-Olsen - Alfabethuset - Dansk roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Liza Marklund - Fasadefall - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Daphne du Maurier - Vertshuset Jamaica (høyrespel) - Romantisk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Arthur Conan Doyle - Hunden fra Baskerville (høyrespel) - Britisk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Raymond Chandler - Marlowe - Den store søvnen (høyrespel) - Amerikansk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Sigmund Falch - Ingen fridde i Jølster - Norsk humor - Papirbok, Mammutkjøp
Linda Eide - Oppdrag mottro - Norsk bio/dok. - Papirbok, Mammutkjøp
Richard Herrmann - Brudene i badekaret og andre mord - Dokumentar/historisk - Kjøpt lydfil

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Frode Granhus - Malstrømmen - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Torbjørn Færøvik - Buddhas barn - Dokumentar - Lydbok lånt på biblioteket

Skjermdump: bokelskere.no

Det vart som venta mindre lesing (og færre blogginnlegg) i februar enn i januar. Månaden er tre dagar kortare, det har vore travle dagar på jobb, eg har starta opp att ein gammal hobby; strikking, - og det har vore mykje fokus på vinter-OL.
Høgdepunkt i februar bokmessig sett vart avslutninga av trilogien Victoria Bergmans svakhet, Pythias anvisninger. Lyttinga til Richard Herrmann som fortalde om dronning Elizabeth I, humringa til Sigmund Falch si vesle bok og Oppdrag Mottro av Linda Eide (omtale kjem seinare) var også fine leseopplevingar.

11. februar 2014

Bokomtale: Den blinde guden av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen

Cappellen Damm 2013
426 sider
Lånt på biblioteket

Chris Tvedt
er i løpet av dei siste åra blitt ein av mine norske favoritt-krimforfattarar, så det var med nokså høge forventningar eg starta på den aller nyaste boka hans, Den blinde guden. Denne gongen er ektefellen Elisabeth Gulbrandsen medforfattar. (Men namnet hennar har fått ei heller stusseleg plassering på omslaget, tykkjer eg...!)
Paret bør absolutt halda fram med å skriva krimbøker saman, for denne boka er av høg kvalitet. Realistisk, aktuell, godt komponert og med ei drivande og medrivande handling.

Eg vil rå til å lesa den forrige boka til Tvedt, Av jord er du kommet, før ein les denne. Mange av handlingstrådane viser til nettopp denne boka, og der vart me også presentert for hovudpersonen; kriposetterforskar Edvard Matre.

Ein kan sei at dette er politikrim av ganske tradisjonell oppskrift, men boka rommar også ein del meir. Her er ikkje heltane berre gode, og skurkane er ikkje berre onde. Vel - med eitt unnatak; skurken, bandeleiaren og psykopaten Ulv er faktisk berre frykteleg og uhyggeleg. Me møter han i opningsscenen i boka, under eit særdeles brutalt ran av ein tellestasjon i Bergen. Ranet endar med mord og Edvard Matre og folka hans frå Kripos vert tilkalla for å bistå bergenspolitiet. Ganske raskt viser det seg at ei gruppe høgreekstremistar kan stå bak ranet, men politiet manglar bevis. Tilbake i Oslo går Kripos-tilsette Tommy undercover i eit ganske så ekstremt miljø for å prøva å skaffa informasjon. Like etter får ein frustrert og forvirra Matre ordre frå PST om å leggja vekk etterforskinga.

Forfattarane set søkelys på korleis byråkratiet og det administrative i politietaten fungerer (rettare sagt ikkje fungerer) i større saker der fleire politidistrikt, Kripos og etterretningstenesta er involverte. Det er eit tankekors at etterforsking og gransking vert vanskelegare og tregare når etatane ikkje jobbar saman, men kvar for seg. Edvard Matre er ingen politimann av A4-format. Han er utradisjonell på mange måtar og både han og kollegaene går sine eigne vegar. Eg reknar med at i det verkelege Kripos-livet føregår saker og ting og etterforsking noko annleis enn slik det vert skildra i denne boka.

Eg anbefalar Chris Tvedt sine bøker om du er ute etter lettlest, men samstundes intelligent krim. Han har tidlegare skrive fem bøker der den litt rufsete advokaten Mikael Brenne er hovudperson, og vart tildelt Rivertonprisen for Dødens sirkel. Min personlege favoritt av dei fem er Rottejegeren. I Av jord er du kommet har Brenne ei lita rolle - i Den blinde guden er han så vidt nemnt - heilt på slutten av boka. Slik held forfattarane fortsatt "liv i" advokaten, - og kan hende vert det ei ny bok som handlar om Mikael Brenne ein gong i framtida?

Til slutt: Eit såpass stort og anerkjent forlag som Cappellen Damm bør ha ressursar nok til å lesa korrektur og luka vekk rettskrivingsfeil. Eg hatar skriveleifar - også dei små og bagatellmessige. Sjølv om feila ikkje betyr noko for innhaldet og boka sett under eitt, kjenner eg at dei irriterar "rettskrivingsmuskelen" min - og trekker ned heilskapsuttrykket.