Før me skriv 2018 kjem eg til å ha fullført lesinga av 104 bøker. Dette er 2 færre enn i 2016 og 6 færre enn årets målsetjing på 110.
Når eg samanliknar tal frå 2016 og 2017 ser eg at lesemønsteret mitt er omlag uendra. Eg har lest fleire krimbøker (+10) enn i fjor og færre andre romanar (-10). Talet på sakprosa er omlag det same.
Eg har fortsatt ein svært skeiv fordeling når det gjeld kjønn på forfattarar. Eg er meir bevisst på dette no, men eg les likevel mange fleire bøker av menn enn kvinner. Dette har vel samanheng med den "maskuline" lesesmaken min.
Årets beste leseopplevingar:
Desse fekk terningkast 6 - og dei kan vanskeleg rangerast, ulike som dei er:
- Vera Henriksen sine middelaldrerromanar med handling frå Lom - del 1 og del 2
- C.J. Sansom si førebels siste i den historiske kriminalserien om Matthew Shardlake - Klagesang
- Den fyrste boka i Arne Dahl sin nye krimserie - Utmarker
- Avsluttande del av Edvard Hoem sin familiekrønike - Liv andre har levd
Andre gode bøker eg las i 2017 er sterke femmarar som:
- Åsne Seierstad sine dokumentarar To søstre og En av oss
- Dokumentarromanen Dette livet eller det neste
- Britt Karin Larsen sin erindringsroman Av lys er du kommet
- Monika Kristensen sin dokumentar om Amundsens siste reise
- Timbuktu sin sjølvbiografi En dråpe midnatt
- Dei franske kriminalromanane Neptuns tenner, Camille og Etter styrten
- Dei svenske kriminalromanane Kaninjegeren, Leon og Tre minutter
- Dei norske kriminalromanane Glasshjerte, Ulvefellen og Tørst
- Peter May sin eminente Svarthuset
- Ken Follett sin murstein Kjempenes fall
Her er leseåret 2017 i tal:
Sjanger- 59 krim-, thriller- og spenningsromanar
- 19 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar
- 22 sakprosa,
- av desse 8 biografiar
- 3 novellesamlingar
- 1 diktsamling
Format
- 34 papirbøker
- 30 ebøker
- 40 lydbøker
Alder
- 47 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2016
- 49 i 2017,
- av dei 31 norske
- Eg las berre 8 bøker utgitt før 2000.
Kjelder
- 69 av bøkene eg las var lånebøker; lånt privat, bibliotek og eBokBib
- 13 bøker via Storytel-abonnement
- 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar
- 9 har eg kjøpt sjølv
Forfattarar
Veldig variert dette året og 37 "nye" forfattarar. Det er eit tal eg er særs nøgd med.
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2017 var
- Vera Henriksen: 3 store verk, tilsaman 7 bøker
- Fred Vargas: 3
- Richard Herrmann: 3
- Åsne Seierstad: 2
- C.J. Sansom: 2
- Ann Cleeves: 2
- Elles 1 av kvar
Kjønn
- 74 bøker skrivne av menn
- 31 av kvinner
(1 bok har både mannlege og kvinnelege forfattarar)
Terningkast
- Terningkast 6: 5 bøker
- Terningkast 5: 31 bøker
- Terningkast 4: 47
- Terningkast 3: 16
- Terningkast 2: 4
- Terningkast 1: 1
- 64 bøker skrivne av norske forfattarar
- 13 av britiske forfattarar
- 10 svenske
- 5 franske
- 4 amerikanske (dvs. frå USA)
- 3 danske
- 2 islandske
- 1 afghansk-amerikansk
- 1 sveitsisk
- 1 kanadisk
Elles:
- 6 av bøkene eg las var på over 600 sider
- Alle var på norsk
- Eg avbraut lesinga av 1 bok
Bloggen
- 86 blogginnlegg (17 fleire enn i fjor)
- 45 bokomtalar (11 fleire enn i fjor)
- 12 samleomtalar
- Mest leste blogginnlegg: Omtalen av Max, Mischa og Tetoffensiven
Eg har skrive om nesten alle bøkene eg las, omlag halvparten av dei i samleinnlegg. Dei desemberbøkene eg ikkje har omtalt enno skal eg skriva om på nyåret. Trur eg. Så då gjenstår berre tre uomtalte bøker - som får ein "mikrosamleomtale" nedanfor.
Oppsamlingsheat 2017
Catherine Blaavinge Bjørnevog - Um sakne springe blome
Norsk lyrikk, kortlista til bokbloggerprisen 2016 og framsnakka til dei grader av enkelte bokbloggarar. Dette er ei bok eg slett ikkje burde lest, for ho gav meg absolutt ingenting. Forfattaren nyttar sitt eige ubegripelege språk og for meg var dikta berre irriterande og uforståelege. Terningkast 1.
Knut Nærum (Red.) - Sommerkrim 2017
Ei samling med nyskrivne krimnoveller. Varierande kvalitet, men stort sett bra. Her bidreg forfattarar som Chris Tvedt, Monika Kristensen, Torkil Damhaug, Marit Reiersgård og Hans Olav Lahlum. Terningkast 4.
Khaled Hosseini - Og fjellene ga gjenlyd
Eg vart veldig betatt av Tusen strålende soler og Drageløperen frå same forfattar og hadde difor skyhøge forventningar. Dette er også ei svært bra bok og ei lærerik og fascinerande forteljing, men ho gjorde ikkje fullt så sterkt inntrykk som dei foregåande. Terningkast 4.