28. februar 2014

Oppsummering februar

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Jerker Eriksson og Håkan Sundquist - Pythias anvisninger - Svensk krim - Kjøpt pocket
Cecilie Enger - Mors gaver - Norsk roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Lest i februar:
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Den blinde guden - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Erlend Loe - Vareopptelling - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Richard Herrmann - Livet med Elizabeth - Biografi/Historie - Kjøpt lydfil
Jussi Adler-Olsen - Alfabethuset - Dansk roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Liza Marklund - Fasadefall - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Daphne du Maurier - Vertshuset Jamaica (høyrespel) - Romantisk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Arthur Conan Doyle - Hunden fra Baskerville (høyrespel) - Britisk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Raymond Chandler - Marlowe - Den store søvnen (høyrespel) - Amerikansk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Sigmund Falch - Ingen fridde i Jølster - Norsk humor - Papirbok, Mammutkjøp
Linda Eide - Oppdrag mottro - Norsk bio/dok. - Papirbok, Mammutkjøp
Richard Herrmann - Brudene i badekaret og andre mord - Dokumentar/historisk - Kjøpt lydfil

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Frode Granhus - Malstrømmen - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Torbjørn Færøvik - Buddhas barn - Dokumentar - Lydbok lånt på biblioteket

Skjermdump: bokelskere.no

Det vart som venta mindre lesing (og færre blogginnlegg) i februar enn i januar. Månaden er tre dagar kortare, det har vore travle dagar på jobb, eg har starta opp att ein gammal hobby; strikking, - og det har vore mykje fokus på vinter-OL.
Høgdepunkt i februar bokmessig sett vart avslutninga av trilogien Victoria Bergmans svakhet, Pythias anvisninger. Lyttinga til Richard Herrmann som fortalde om dronning Elizabeth I, humringa til Sigmund Falch si vesle bok og Oppdrag Mottro av Linda Eide (omtale kjem seinare) var også fine leseopplevingar.

24. februar 2014

Samleinnlegg: Radioteater

I det siste har eg lytta til tre ulike eldre høyrespel bygd på klassiske krim- og spenningsbøker; Vertshuset Jamaica av Daphne du Maurier, Hunden fra Baskerville av Sir Arthur Conan Doyle og Marlowe: Den store søvnen av Raymond Chandler. Alle innspelingane er gjort av NRK radioteateret og det er krimekspert og mr. Radioteateret personleg, Nils Nordberg, som står for regien av dei tre høyrespela.
Eit høyrespel kan kun gje eit inntrykk av ein roman; mykje av innhaldet vert kutta ut og/eller omskrive slik at det passar til radioformatet. Eg er jo så glad i lydbøker, og finn også glede i å lytta til høyrespel - gjerne til bøker eg har lest før, - men då helst for lenge sidan, slik at eg ikkje hugsar alt.

Vertshuset Jamaica

Daphne du Maurier (1907-89) er vel mest kjend for den gotiske romanen Rebecca som kom ut i 1938. 'Jamaica Inn' kom ut to år før Rebecca og handlinga er lagt til Cornwall i 1810. Stemninga og miljøet kan minna om Brontë-systrene sine romanar 'Stormfulle høyder' og 'Jane Eyre'. Boka er ein romantisk spenningsroman med gotiske og mystiske trekk. Det handlar om mørke løyndomar og ei einsam heltinne - og "kulissane" er eit forblåst landskap med tåke og uver. Boka er filmatisert fleire gonger (m.a. av sjølvaste Hitchcock) og har tittelen Jamaica-kroen i den best kjende norske oversetjinga. 

Radioteaterversjonen eg har lytta til no er frå 1972, i Ivar Eskeland si omsetjing til nynorsk. Greitt nok, men innspelinga har ikkje tålt "tidens tann" så godt og har litt dårleg lyd. Skodespelarar med austlandstonefall som snakkar nynorsk er dessutan ganske kleint å høyra på - så det heile vart egentleg komisk teatralsk, og slett ikkje så mystisk og grøssande som forventa.
Terningkast tre.

Hunden fra Baskerville

Sir Arthur Conan Doyle (1859-1930) sin klassiske kriminalroman har eg lest mange gonger og sett fleire film- og TV-versjonar av. Mange ser på denne romanen frå 1902 som verdens beste kriminalforteljing. Dette kan i høgste grad diskuterast, men det er i alle fall eit faktum at det er den mest kjende av Sherlock Holmes-historiane. 

Slekta Baskerville har ei forbanning hengande over seg; ei segn som fortel om ein svær og svart hund som varslar om valdelege og tragiske dødsfall. Privatdetektiven Holmes og hans trufaste ven og biograf dr. Watson vert sett på store prøver ute i dei ville og tåkete heiane i Dartmoor når dei skal prøva å redda sir Henry Baskerville frå ein dødeleg lagnad.

Radioteater-versjonen frå 1977 er veldig bra med dyktige skodespelarstemmer som Helge Reiss, Tor Stokke og Rolf Søder. Lyden er fin og musikken av Bela Bartok er som skreddarsydd. Då eg høyrde Hunden fra Baskerville i radioen fyrste gong vart eg fyllt av noko som kan kallast "skrekkblanda fryd", hugsar eg. Det følte eg ikkje no, men ein vert vel meir kresen og kynisk med åra..?
Terningkast fire.

Marlowe - Den store søvnen

Raymond Chandler (1888-1959) er ein av dei største og viktigaste forfattarane innan sjangeren kriminallitteratur. Han skreiv 7 bøker i serien om privatdetektiven Philip Marlowe, - The big sleep ('Den lange søvnen' - eller som her: 'Den store søvnen' - det finst altså to ulike omsetjingar) er den fyrste.

Privatdetektiven Philip Marlowe er tøff og smart, hardkokt og sarkastisk - og har whisky i skrivebordsskuffen. Me er i Los Angeles i 1938 - og Marlowe tek på seg eit farleg oppdrag som etter kvart kjem til å handla om utpressarar, gamblerar, profesjonelle mordarar og femme fatales. Chandler sine miljøskildringar er gode, skarpe og presise - men personane han skildrar - særleg kvinnene - er ofte klisjeaktige og "uekte".

Eg kan anbefala Radioteateret sin versjon. Innspelinga er gjort i 1984 og har god lyd, stemningsskapande musikk og lydeffektar, samt dyktige skodespelarar. Hovudperson og forteljar Lars Andreas Larsen si tolking er spesielt bra og må framhevast.
Terningkast fem.

- - - - - - - -

Sir Arthur Conan Doyle sine forteljingar om Sherlock Holmes er typiske og klassiske eksempel på den britiske krimtradisjonen - ei detektivforteljing der den geniale etterforskaren løyser vanskelege saker ved hjelp av logikk og psykologi.

Raymond Chandler sine historiar om Philip Marlowe tilhøyrer den amerikanske krimtradisjonenDenne forteljartradisjonen - den hardkokte forteljinga om den einsame detektiven - oppsto i USA i mellomkrigstida; her vert det lagt meir fokus på samfunnsforhold - i tillegg til oppklaring av brotsverk. Det er ingen tvil om at forfattarar som Gunnar Staalesen og Jo Nesbø har henta inspirasjon frå Chandler og at dei fører denne forteljartradisjonen vidare gjennom sine bøker om Varg Veum og Harry Hole. Det kan også nemnast at Haruki Murakami har Raymond Chandler som føredøme og litterær helt.

22. februar 2014

Bokomtale: Fasadefall av Liza Marklund


Vigmostad & Bjørke 2013

404 sider
Oversetjar: Dorthe Emilie Erichsen
Kjelde: Lånt privat

Den svenske tittelen på bok nr. 10 i serien om Annika Bengtzon er Lyckliga gatan - og er ironisk meint. I den rike forstaden Solsidan er levestandarden høg og fasadane perfekte; pene heimar med blankpolerte møblar, flott interiør og "hemmafru". I dette miljøet bur den vellukka riksdagspolitikaren Ingemar Lerberg saman med sin Nora og deira barn (tankane går til Ibsen og Et dukkehjem..) - heilt til politiet ein dag finn Lerberg medvitslaus og blodig på soverommet sitt.

Mannen har vore utsett for grusom tortur, Nora er vekke. Har ho flykta? Er ho kidnappa? Myrda? Kan ho stå bak mishandlinga?

Journalist Annika Bengtzon i Kvällspressen har fortsatt eit noko turbulent privatliv, men ho er meir i balanse og mindre slitsam å lesa om enn tidlegare i denne bokserien. Saman med ein ung praktikant vert ho raskt sett på saka med den mishandla politikaren. Yrkesmessig har også Annika falle til ro og ho innser og innfinn seg med at jobben som journalist har endra seg: Ordet deadline finst ikkje lenger. Våre dagars nettaviser publiserer nyhende døgnet rundt og krev at ein er online heile tida.
Annika sin sjef og redaktør Anders Schyman får smaka "eigen medisin" når det vert avslørt at han muligens kan ha juksa seg til Den Store Journalistprisen. Schyman vil reinvaska seg - og ber Annika om hjelp. Schyman vart i si tid tildelt prisen for ein TV-dokumentar som omhandla ei forsvinningssak som likna svært på saka om den forsvunne Nora. Kan det finnast spor her?

Parallellt med Annika sine journalistiske granskingar får lesaren følgja politiet si etterforsking gjennom politikvinna Nina Hoffmann (som me møtte i Livstid) og som er heilt fersk i Rikskrim. Dei skiftande perspektiva er elegante og gjer boka til ei "tett" forteljing med høg sidevendarfaktor. Boka er ikkje akkurat superspennande, men har ein ganske overraskande og snedig avslutning.

Eg likar godt Liza Marklund sin serie om journalisten Annika Bengtzon - eg tykkjer bøkene er underhaldande og aktuelle - og har lest dei fleste. For kronologifantastar kan det vera greitt å vita at rekkefølga bøkene vart utgitt på, ikkje stemmer med handlingane i bøkene. For eksempel er Sprengeren den fyrste boka som vart utgitt, medan handlinga i Studio sex (utgitt som nummer to) føregår fleire år før Sprengeren.

Bok nummer ni - som har norsk tittel
'Borderline'. Marklund er sjølv modell
på bokomslaga sine.
Det går heilt fint å lesa Fasadefall om ein ikkje har lest dei tidlegare bøkene i serien, men sidan Annika sitt privatliv tek ein såpass stor plass i bøkene, vil eg rå til å lesa dei i "rett" kronologisk rekkefølge slik: (år utgitt i parentes).
  1. Studio sex (1999)
  2. Paradiset (2000)
  3. Prime time (2002)
  4. Sprengeren (1998)
  5. Den røde vargen (2003)
  6. Nobels testamente (2006)
  7. Livstid (2007)
  8. En plass i solen (2008)
  9. Borderline (2011)
  10. Fasadefall (2013)
    Marklund har uttalt at Fasadefall er den nest siste boka i serien om Annika Bengtzon. Eg er veldig spent på korleis forfattaren kjem til å avslutta det heile.

      19. februar 2014

      Bokomtale: Alfabethuset av Jussi Adler-Olsen

      Lydbokforlaget 2014
      Speletid: 18 t 17 min
      Opplesar: Ola G. Furuseth

      Oversetjar: Kirsti Øvergaard

      Romanen Alfabethuset vart skriven lenge før Adler-Olsen byrja på suksess-serien sin om Avdeling Q og er ei heilt anna type bok. Dette er ein lågmælt og langsam thriller som handlar om mennesket si evne til å overleva dramatiske og rystande hendingar, om lovnader og svik, samt om å ta oppgjer med fortida. Handlinga føregår på to tidsplan; i 1944 i Nazi-Tyskland og i 1972 i England og Vest-Tyskland.

      Del 1 av boka tek for seg krigens redsler på ein annan måte enn tradisjonelle krigsromanar; her er me ikkje ved frontlinjene, men i eit mareritt av ein psykiatrisk avdeling i Tyskland heilt på slutten av andre verdskrig. Hovudpersonane er barndomsvenene Bryan og James, to britiske jagerpilotar som vert skotne ned under eit oppdrag over Tyskland. Dei bergar seg i fyrste omgang ved å skyta seg ut i fallskjerm, og dernest ved å ta seg ombord på eit lasarettog. Toget er fylt opp av psykisk og fysisk skada personar; høgt rangerte SS-offiserar frakta frå Austfronten, - mentalt forstyrra av granatsjokk og andre krigstraumer. Dei to britane byttar rett og slett plass og identitet med to døde/døyande pasientar på toget - og havnar på det viset på ein spesiell avdeling på eit psykiatrisk sjukehus; Alfabethuset.

      Tittelen på boka spelar på den typisk tyske systematiske orden; Ordnung muss sein - alle soldatane på lasarettet fekk ein bokstavkode som tilsvara grad av tenestedyktigheit og -udyktigheit. Bryan og James sin kamp for å overleva i Alfabethuset foregår på mange frontar. Dei latar som om dei er sinnssjuke, dei kan ikkje gje seg til kjenne og vert utsett for sjukehuset si eksperimentelle behandling og medisinering. Dei kan ikkje avsløra at dei kjenner kvarandre eller snakka sitt eige språk. Tvang, tortur, uhygieniske forhold og ustabile medpasientar er andre utfordringar. Korleis unngå å bli sinnssjuk når ein skal simulera sinnssjuk - i slike sinnssjuke omgjevnader? Etter kvart viser det seg også at dei ikkje er dei einaste simulantane på avdelinga. Dei allierte si bombing vert også - paradoksalt nok - ei utfordring når krigen nærmar seg ei avgjerd. Bryan og James er i ein desperat og livsfarleg situasjon, men det vert klart at kun ein av dei to venene er i stand til å laga fluktplanar og rømma frå huset.

      Det skremmande opphaldet på det psykiatriske sjukehuset varer ufatteleg lenge, ikkje berre for hovudpersonane, men også for lesaren. Fyrste delen av boka er detaljrik og temposvak og kan oppfattast som lang, - det er krevjande, men også svært interessant lesing. Ein vert kanskje litt forvirra av alle karakterane - som har uvante tyske namn - og i tillegg kallenamn som Bryan og James gir dei: "Den kopparrede", "Bredansiktet", "Kalendermannen" og "Postbudet".

      I del 2 møter me att den av dei to som til slutt klarte å flykta frå Alfabethuset. Det har gått nesten 30 år, tanken på den etterlatne venen og mareritta frå krigen har han fortrengt i løpet av tida som har gått, - men så dukkar ein person opp som gjer alle dei vonde hendingane frå krigen aktuelle igjen.

      Siste del av boka har eit høgare tempo enn den fyrste; det vert bygd opp ei akselererande spenning, - mot det siste og uunngåelege oppgjeret. Mange av dei lause trådane i del 1 får si forklaring i del 2, men dessverre finn eg den avgjerande raude tråden for lite truverdig. Det er så mange tilfeldigheiter og usannsynlege ting som skjer i del 2, tykkjer eg. Det er lett å merka at Adler-Olsen har utvikla seg som forfattar sidan han skreiv Alfabethuset i 1997. Historia er noko langdryg og det går ein del tid før ein kjem inn i forteljinga og tankane til hovudpersonane. Forfattaren formidlar dei ulike stemningane og skildrar dei ulike miljøa godt. Det krigs- og medisinhistoriske innhaldet er detaljert og virkar autentisk, men ein del av hendingane som det vert fortalt om er ulogiske og lite truverdige. Eit anna moment som trekk ned i vurderinga mi, er at heile boka er for ordrik; for omstendeleg og langdryg. Eg anbefalar likevel boka fordi ho har eit originalt og spesielt tema og eit spennande og utspekulert plott.

      Ola G. Furuseth utfører jobben sin på ein grei måte som opplesar av lydboka. Han les tydeleg og med passe stor innleving. Eg tykkjer stemma hans er "for ung" for ei bok med eit slikt innhald, men det er vel kanskje ei smakssak.

      Takk til Lydbokforlaget som sende meg lytteeksemplar.

      18. februar 2014

      Vidunderbarn på vent

      For mange år sidan starta eg på Seierherrene av Roy Jacobsen. Eg kom aldri i mål. Eg likte ikkje måten boka var skriven på og fann ho kjedeleg - så eg avbraut lesinga. I ettertid har eg ikkje ofra Jacobsen ein tanke - før i den seinare tid - då det vart klart at De usynlige er mellom dei nominerte til bokbloggerprisen 2013.

      Eg har planar om å lesa - evt. høyra - De usynlige i samband med samlesinga i juli. Som ei "oppvarming" har eg vore på biblioteket og lånt Vidunderbarn - som lydbok. Eg er ganske spent på om denne fell i smak. Opplesar er Helge Winther-Larsen, og han har ei stemme eg likar og er fortruleg med i lydboksamanheng.

      Vidunderbarn er ein oppvekstroman der handlinga er lagt til eit drabantbymiljø på 60-talet. Forteljarstemma er 10 år gamle Finn. Boka har stort sett fått strålande kritikkar - noko som gjer meg skeptisk, fordi eg ofte er "mot straumen" - men eg skal prøva.
      Det begynner den dagen en mystisk liten halvsøster ankommer mutters alene med Grorudbussen, ”med en atomladning i en lyseblå koffert”.
      Vi er i Berlinmurens og President Kennedys og Jurij Gagarins år. Finn bor alene med moren sin i en blokkleilighet på Årvoll i Oslo. Livet er elektrisk, vakkert og hardhendt sosialdemokratisk. Finn er lojal, opptatt av at regler skal følges. Men hos moren, som i hans øyne alltid har vært selve grunnfjellet, sporer han nå plutselige tegn på svakhet og gåtefull vingling.
      Med denne sterke barndomsskildringen viser Roy Jacobsen at det å være barn både er fantastisk fint og livsfarlig. 
      (Sitat frå forlaget sin omtale)          

      Roy Jacobsen har fått Bokhandlerprisen to gonger: for Seierherrene i 1991 og Vidunderbarn i 2009.

      Fleire fine ventebøker finn du om du klikkar deg inn i Beathes bokhylle.

      15. februar 2014

      Biografilesesirkel: Livet med Elizabeth av Richard Herrmann

      Cappellen Damm 2012
      (papirutgåva kom ut på Cappellen i 1986)
      Speletid: 4 t 55 min
      Opplesar: Richard Herrmann
      Kjelde:
      Kjøpt lydfil

      Runde 5 i Moshonista sin biolesesirkel har kongelege som tema. Dagens norske kongefamilie er kjedeleg lesestoff, tykkjer eg: Den overhyggelege kongen, den overflinke dronninga, det politisk korrekte kronprinsparet, og så Märtha då - som berre er irriterande og latterleg med englefjaset sitt. Ingen av desse er interessante nok for meg - så eg fann meg ei bok som handlar om ei heilt anna tid, eit heilt anna land og ein heilt annan type kongeleg person.

      Eg vil tilbake til Tudor-tida i England og dronning Elizabeth den fyrste. Dette er ei historisk tid som eg tykkjer er svært interessant, og det skuldast - nettopp - Richard Herrmann. Eg er så gammal at eg hugsar "stemma frå London" i NRK, den gongen det berre fantest ein radio- og fjernsynskanal her i landet. Herrmann var NRK-korrespondent i London frå 1964 til -77, og i den tida ga han lyttarar og sjåarar utallige reportasjar og kåseri om britane sitt daglegliv og historie. Richard Herrmann hadde ei særprega stemme og ei oppriktig forteljarglede - med ein personleg, humoristisk og undrande stil.

      Herrmann ga ut mange bøker. Tre av dei handla om engelske dronningar; Elizabeth I, Maria Stuart og Victoria. Eg har lest alle, men det er mange år sidan. Det er òg lenge sidan Richard Herrmann kåserte om dronning Elizabeth på radio, men eg gjenkjente faktisk fleire av detaljane no då eg lytta til denne boka. Repriselesinga/-lyttinga denne gongen har rett og slett vore ein fryd, - og eg kan anbefala alle, både rojalistar og republikanarar - og alle anglofile -  å høyra på denne unike stemma; sjekk t.d. nrk.no. Herrmann døydde i 2010, 90 år gammal.

      Elizabeth I altså. Fødd i 1533, dronning i 1558, død i 1603. Ei av to dronningar som har fått ein tidsalder oppkalla etter seg (den andre er Victoria), - England var eit land som utvikla seg enormt i løpet av hennar regjeringstid og vert gjerne kalla "the golden age". Den siste og kanskje viktigaste regenten i Tudor-slekta. Jomfrudronninga. Far: Henrik den 8., han med alle konene. Mor: Anne Boleyn, kone nummer 2, halshogd då Elizabeth var to-tre år gammal. Ein kan undrast på kva slags oppvekst eit slikt barn kan ha hatt. Ho var slett ikkje eit ønska barn; Henrik VIII ville ha ein mannleg arving. (Han skilde seg fleire gonger, førde to koner til skafottet og braut med paven i Roma fordi han ville ha ein son)

      Men dronning vart ho - etter kvart og mot alle odds; den einaste sonen Henrik VIII fekk (Edvard VI) var svakleg og døydde som heilt ung og halvsystera til Elizabeth, den katolske Mary I (Bloody Mary, "Maria den blodige") døydde i 1558 - også av sjukdom faktisk. Verken dronning Elizabeth eller nokon andre av Henrik VIII sine born fekk arvingar - så då Elizabeth I døydde i 1603 var det slutt på Tudor-huset si regjeringstid. Deretter følgde Stuart'ane - men det er ei anna historie - og ei anna bok.

      Richard Herrmann fortel om andre interessante samtidige med Elizabeth 1 som Francis Drake og William Shakespeare, han syner glimt frå dei innerste kongelege gemakkane, fortel om elskarar og friarar, kompliserte slektskapsforhold, religionsstrid, oppdagingsferder, den spanske armada, intrigar og rivaliseringar. Her er kuriosa, anekdotar og forteljingar iblanda bakgrunnsfakta og sakleg informasjon. Her får ein den eine historia etter den andre, den eine kongelege personen etter den andre, den eine krigen og henrettinga etter den andre - og alt dette vert framført på ein glitrande og framifrå måte av forfattaren sjølv.

      Med andre ord: Topp underhaldning!

      Andre bloggarar sine kongelege leseopplevingar kan lesast om du klikkar deg inn hos Moshonista.

      12. februar 2014

      Spinkel mammut

      Opptil 80% rabatt! 1100 titlar! 
      Det høyrest fint og forlokkande ut, men etter å ha granska katalogen er eg ikkje så veldig imponert over årets mammutsal, verken over utval eller prisar. Alt var betre før, i alle fall når det gjeld mammutsal. Eg hugsar godt for mange år sidan då det var verkeleg gode prisar på bøkene som vart lagt ut for sal. "Magien" ved mammutsalet finst ikkje lenger. No i dag har kjedene og nettbutikkane tilbod heile året, ofte til prisar som ligg langt under annonsert mammutpris. Det er heller ikkje dumt å ha litt is i magen og venta litt; mange bokhandlar set ned prisane etter litt tid; då vert det gjerne halv pris av mammutprisen.

      Eg er ikkje nøgd med utvalet heller. Innan krim og spenning - som er den sjangeren eg kjenner best og les mest, er det rett nok 70-80 titlar, men av bøkene som no er lagt ut på sal har eg lest ein heil del, - og av dei resterande var det påfallande mange uinteressante titlar. Enno verre er det i roman-kategorien. Dei - for meg - mest interessante bøkene har eg alt lånt og lest.

      Kva så med lydbøker? Niks. Elendig. Skrøpeleg. Skuffande. Rett og slett dårleg. 15 titlar, eg har lest/høyrt 5 av dei før. Dei resterande 10 kan eg ikkje tenkja meg.
      Det som redda innhaldet i katalogen for meg vart humorkatagorien. Nytt av året er at ebøker er med i kampanjen - og her er ein del bra titlar lagt ut for mammutsal.

      Ønskelista mi vart heller spinkel. Dette vart resultatet etter at eg har gått gjennom katalogen - og då har eg vurdert både pris og ønske:
      • 1 stk. biografi om Kjetil Rekdal. Han er, pussig nok, både irriterande og sjarmerande på ein gong. Kanskje eg skal lesa om "I" i neste biosirkel-runde?
      • 1 stk. krim av Merete Junker. Har lest to av henne tidlegare - dei var OK.
      • 1 stk. Bookerprisvinnar. Har litt lyst til å lesa Historien om Pi. 99 kroner er overkommeleg.
      • 1 stk. Falch. Eg veit at denne er bra, for eg har kikka i Ingen fridde i Jølster tidlegare. 99 kroner for denne også, og det er egentleg dyrt for ei så tynn bok. Men Sigmund Falch er hysterisk morosam!
      • 1 stk. Eide. Oppdrag Mottro hadde eg rett og slett gløymt, denne har eg verkeleg lyst på. Linda Eide er flott, og ho er både morosam og seriøs på ein gong.
      • 1 stk. vanskeleg andrebok. Eg elskar dikta til Jon Hjørnevik.

      Sjølvsagt er det ein heil del velskrivne og velkjende bøker mellom dei titlane som er lagt ut for mammutsal òg. "Problemet" mitt er at eg har lest så mange av dei før.
      Her er eit utval av bøker eg har lest og likt av årets mammutsalbøker:
      • Journal 64 av Jussi Adler-Olsen
      • En norsk spion av Aslak Nore
      • 1Q84 bok 3 av Haruki Murakami
      • Himmelens fange av Carlos Ruiz Zafon
      • Brødrene frå Iron House av John Hart
      • Natten drømmer om dagen av Ingvar Ambjørnsen
      • Dødens disippel av Hjort og Rosenfeldt
      • Misterioso av Arne Dahl
      • Fedrenes løgner av Tom Egeland
      • Nostradamus' testamente av Tom Egeland
      • Ildmannen av Torkil Damhaug
      • Himmel over London av Håkan Nesser
      • Stolpesnø av Marit Reiersgård
      • Av jord er du kommet av Chris Tvedt
      • Der hvor roser aldri dør av Gunnar Staalesen
      • Honningfellen av Unni Lindell
      • Jentene fra balletten av Monika Yndesdal
      • Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson
      • Jeg er Zlatan av David Lagercrantz
      • Jeg er Prableen av Prableen Kaur
      • Flaskepost fra P av Jussi Adler-Olsen (kun ebok)
      • Drømmenes land av Vidar Sundstøl (kun ebok)
      • Drageløperen av Khaled Hosseini (kun ebok)
      • Brobyggerne av Jan Guillou (kun ebok) 
      • Ved elven av John Hart (kun ebok)
      For min del vert det ikkje "løp og kjøp!" kommande måndag. Men - ein kikkerunde i mine lokale bokhandlarar skal det bli.
      Andre som har blogga om Mammutsalet: 
      (den andre)Berit, BeatheKarinleserBokbloggeirBokelskerinnen, Artemisia, Elikken, Anita

      11. februar 2014

      Bokomtale: Den blinde guden av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen

      Cappellen Damm 2013
      426 sider
      Lånt på biblioteket

      Chris Tvedt
      er i løpet av dei siste åra blitt ein av mine norske favoritt-krimforfattarar, så det var med nokså høge forventningar eg starta på den aller nyaste boka hans, Den blinde guden. Denne gongen er ektefellen Elisabeth Gulbrandsen medforfattar. (Men namnet hennar har fått ei heller stusseleg plassering på omslaget, tykkjer eg...!)
      Paret bør absolutt halda fram med å skriva krimbøker saman, for denne boka er av høg kvalitet. Realistisk, aktuell, godt komponert og med ei drivande og medrivande handling.

      Eg vil rå til å lesa den forrige boka til Tvedt, Av jord er du kommet, før ein les denne. Mange av handlingstrådane viser til nettopp denne boka, og der vart me også presentert for hovudpersonen; kriposetterforskar Edvard Matre.

      Ein kan sei at dette er politikrim av ganske tradisjonell oppskrift, men boka rommar også ein del meir. Her er ikkje heltane berre gode, og skurkane er ikkje berre onde. Vel - med eitt unnatak; skurken, bandeleiaren og psykopaten Ulv er faktisk berre frykteleg og uhyggeleg. Me møter han i opningsscenen i boka, under eit særdeles brutalt ran av ein tellestasjon i Bergen. Ranet endar med mord og Edvard Matre og folka hans frå Kripos vert tilkalla for å bistå bergenspolitiet. Ganske raskt viser det seg at ei gruppe høgreekstremistar kan stå bak ranet, men politiet manglar bevis. Tilbake i Oslo går Kripos-tilsette Tommy undercover i eit ganske så ekstremt miljø for å prøva å skaffa informasjon. Like etter får ein frustrert og forvirra Matre ordre frå PST om å leggja vekk etterforskinga.

      Forfattarane set søkelys på korleis byråkratiet og det administrative i politietaten fungerer (rettare sagt ikkje fungerer) i større saker der fleire politidistrikt, Kripos og etterretningstenesta er involverte. Det er eit tankekors at etterforsking og gransking vert vanskelegare og tregare når etatane ikkje jobbar saman, men kvar for seg. Edvard Matre er ingen politimann av A4-format. Han er utradisjonell på mange måtar og både han og kollegaene går sine eigne vegar. Eg reknar med at i det verkelege Kripos-livet føregår saker og ting og etterforsking noko annleis enn slik det vert skildra i denne boka.

      Eg anbefalar Chris Tvedt sine bøker om du er ute etter lettlest, men samstundes intelligent krim. Han har tidlegare skrive fem bøker der den litt rufsete advokaten Mikael Brenne er hovudperson, og vart tildelt Rivertonprisen for Dødens sirkel. Min personlege favoritt av dei fem er Rottejegeren. I Av jord er du kommet har Brenne ei lita rolle - i Den blinde guden er han så vidt nemnt - heilt på slutten av boka. Slik held forfattarane fortsatt "liv i" advokaten, - og kan hende vert det ei ny bok som handlar om Mikael Brenne ein gong i framtida?

      Til slutt: Eit såpass stort og anerkjent forlag som Cappellen Damm bør ha ressursar nok til å lesa korrektur og luka vekk rettskrivingsfeil. Eg hatar skriveleifar - også dei små og bagatellmessige. Sjølv om feila ikkje betyr noko for innhaldet og boka sett under eitt, kjenner eg at dei irriterar "rettskrivingsmuskelen" min - og trekker ned heilskapsuttrykket.

      8. februar 2014

      Bokhyllelesing: Prost Gotvins geometri av Gert Nygårdshaug

      Bokbloggar Bjørg (Mellom linjene) har invitert til leseprosjektet Bokhyllelesing, der ho utfordrar bokbloggarar til å lesa bøker frå hyllene sine - innan ulike tema. Fyrste utfordring har tema ei skandinavisk bok frå 1900-talet, og kan såleis romma eit svært breidt utval av bøker. Eg har absolutt sans for at folk les frå sine eige hyller og ikkje berre hiv seg over det som er nytt og spennande heile tida. Dette er ei markering av at bøker ikkje er ferskvare; at bøker ikkje har noko datostempling.

      Sjølv har eg ikkje så mange uleste bøker i hyllene mine, og absolutt ingen som kunne passa innan det nemnde temaet. Eg har i alle år fyrst og fremst vore ein lånar, ikkje ein kjøpar, så boksamlinga mi er faktisk ganske skrøpelege greier; stort sett berre nokre bøker frå eit bokklubb-medlemskap på 80-talet og ein del pocketbøker - mest krim. Så eg tenkte at denne utfordringa berre fekk gå sin gang utan mi deltaking, men etter kvart fann eg ut at eg kunne delta med ei bok eg hadde tenkt å lesa likevel, nemleg Prost Gotvins geometri, utgitt fyrste gong i 1998. Poenget med utfordringa er å setja fokus på litt eldre bøker, så denne burde passa greitt inn. Anita (Artemisias verden) har meldt på den same boka, og det skal bli spennande å sjå kva ho meiner; om ho har hatt ei tilsvarande leseoppleving som den eg har hatt.

      **********************

      Cappellen Damm 2010
      (papirutgåva kom ut på Cappellen i 1998)
      Speletid: 14t 14 min
      Opplesar: Anders Ribu

      Fantasirikdom, kunnskap og sprudlande forteljarglede. Dette er ord som kan beskriva romanen Prost Gotvins geometri og dessutan mange andre (for meg) kjende og kjære bøker frå Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap.

      Den blyge presten Gotvin Soleng kjem frå Vanndal, ei oppdikta lita fjellbygd i Østerdalen. Han er ein søkande og nysgjerrig person som ein dag bestemmer seg for å reisa til Santiago de Compostela i Spania for å sjå nærare på nokre katolske mirakel. Gotvins fyrste utanlandstur vert ei reise utanom det vanlege. På togturen møter den jomfruelege presten ei heilt spesiell kvinne - og for fyrste gong forelskar han seg, djupt og inderleg. Men denne kvinna, Lucienne, gir han ei gåte: Han får ein teikning av fire geometriske figurar av henne. Dersom han klarar å løysa gåta, vil ho treffa han igjen.

      Gotvin startar så på ei heilt anna reise; ei reise mellom tru og tvil, - mellom synd og skam på den eine sida og lyst og begjær på den andre. Gotvin si gudstru vert sett på prøve, og han utfordrar kristendommen, utfordrar Gud. Han oppdagar erotikken - det vert slutt på sølibatet, - men held fram med å venda seg til Gud i bøn. Samstundes kjem han på sporet av store naturvitenskapelege mysteriar, kvantemekanikk og "det gyldne snitt" og "det gyldne triangel" og vert som besatt av Kristian Birkeland (mannen på 200-lappen) og Macody Lund. Alt dette vert blanda saman med mange underlege og eventyrlege situasjonar - og ei svært vakker kjærleikshistorie.

      Boka er heilt spesiell. Eg datt av lasset fleire gonger; spesielt når det gjalt Gotvin sine religiøse og filosofiske tankar. Men så plutseleg har forfattaren fått meg på sporet igjen, med forteljingar om harrfiske, gastronomiske måltid, gode vinar, danske mellomalderborgar og paleo-arkeologi. Samt tema som omhandlar ein falsk valdtektsanklage, ein alzheimer-ramma gamling, ein nyutgravd dinosaur og litt gresk mytologi. Alt dette klarar Nygårdshaug til å henga saman i ei forteljing, og det er rett og slett imponerande. At eg innimellom mista litt av konsentrasjonen, ser eg ikkje på som noko poeng. Eg hoppa ganske glatt over avsnitta med ulike matematiske utgreiingar, - matematikk har eg alltid sett på som eit uinteressant og unødvendig fag. Og det er heilt normalt at eg "dett vekk" når det handlar om kristendom og funderingar om det guddommelege sidan eg er ein ikkje-religiøs person.

      Prost Gotvins geometri er ei tankevekkjande bok som til tider er både morosam og rørande. Sentralt i boka er religionskritikk og konflikten mellom naturvitenskap og religion. Gotvin får eit psykisk samanbrot når han finn ut at han ikkje lenger kan stola på Gud, at grunnlaget for kristendommen mest truleg er feil og løgn. Boka er svært underhaldande, men krev at lesaren er , open og interessert. Geografisk reiser me mykje: til Spania, Danmark, Tyskland og Egypt. Eg brukte internettet aktivt medan eg las boka. Mange stader, ord og begrep var i utgangspunktet framande for meg; men med Google og Wikipedia og diverse søkefunksjonar som hjelpemiddel har eg lest meg opp i "så ymse".

      Språkleg og stilistisk er Nygårdshaug, som alltid, heilt suveren. Innhaldsmessig er det altså tidvis forvirrande, tidvis artig, tidvis veldig spennande og nesten heile tida interessant. Alt i alt ei stor leseoppleving - eller rettare sagt lytteoppleving i mitt tilfelle. Anders Ribu er forøvrig heilt perfekt som opplesar av Nygårdshaug sine bøker. Men av og til, når opplesaren ikkje har pusta på lenge, forstår ein at forfattaren har vore heller sparsam med teiknsetjinga i boka...

      Forfattaren sin leik med personnamn må nemnast, det er eit av "varemerka" hans. Nygårdshaug sin fantasi og humor kjem til uttrykk ved t.d. namna på menigheitsrådet sine medlemer i Vanndal; dei heiter Bråten, Markbråten og Stormarkbråten. Gotvin sin ven og fortrulege er dyrlegen i bygda, Baron (uttalast med trykk på fyrste staving) Åkerjord, den stakkars forvirra faren lyder namnet Kastor... og brødrene heiter Ludens og Violon... for å nemna nokre få av bipersonane.

      Eg ser fram til å lesa Fortellernes marked - med tid og stunder. Der møter me att fleire av karakterane og mange av dei same problemstillingane og tankane som me vart kjende med i denne boka.

      Les oversikten: 1. runde i bokhylleutfordringa - Mellom linjene.

      6. februar 2014

      To kjappe

      For kort tid sidan lytta eg til to korte romanar; Mors gaver av Cecilie Enger og Vareopptelling av Erlend Loe. Begge er norske, begge vart utgitt i 2013, eg likte begge ganske godt og i begge tilfella er det er forfattaren sjølv som er opplesar av lydbøkene. Elles har dei lite og ingenting felles.

      Mors gaver

      er ei varm og nær forteljing om ei mor, ein familie, om oppvekst og om tida som går. Eg hadde ikkje så store forventningar til boka; eg trudde (frykta) på førehand at ho skulle vera for sentimental, - men eg oppfatta ho faktisk ikkje slik. Cecilie Enger held seg (akkurat) innanfor "grensa" slik at det ikkje vert klissete. Sidan eg er omlag like gammal som forfattaren, kjenner eg att mange av tinga, tidsbileta, haldningane og stemningane. Enger fortel si eiga familiehistorie, og serverer samstundes mange glimt frå kulturhistoria vår dei siste 50 åra.

      Mors gaver er fylt av ettertanke og refleksjonar som forfattaren har gjort i samband med rydding av mora sitt hus. Skildringa av korleis den sterke, systematiske og arbeidssame mora gradvis vert endra til eit forvirra, frustrert og engsteleg menneske er svært gripande - og gjenkjenneleg for mange. Boka appellerer nok mest til kvinner, men eg vil gjerne anbefala boka til alle som har eller har hatt ei mor.

      Kjelde: Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget


      Vareopptelling

      Erlend Loe tek i denne boka eit slags oppgjer med bokanmeldarar, - og han har (difor?) fått ganske så lunkne kritikkar for denne romanen. Boka handlar om den aldrande halvkjende lyrikaren Nina Faber som kjem ut med ny diktsamling etter fleire års skrivetørke. Anmeldingane er dårlege; ho vert beint ut slakta - og når bokhandelen kansellerer avtalen der ho skal halde opplesing (fordi dei liksom skal ha vareoppteljing) vert det for mykje for stakkars Nina...

      Vareopptelling er ei sjarmerande bok med ei noko absurd handling og ein hovudperson i ubalanse, ho har ein humoristisk tone og eit enkelt og naivt språk. Eg tykte boka var morosam; ikkje på den gapskrattande måten, men på ein humrande måte. Erlend Loe er ein kul fyr og ein forfattar som har beina på jorda. Eg likte godt portrettet av han i Bokprogrammet på NRK. Det kan sjåast her.

      Kjelde: Lydbok lånt på biblioteket

      4. februar 2014

      Bok på vent: Alfabethuset

      Alfabethuset er Jussi Adler-Olsen sin debutroman. Boka vert karakterisert som ein krigsroman og ein nervepirrande psykologisk thriller. Det høyrest interessant og spennande ut, tykkjer eg.

      Adler-Olsen er best kjend for serien om Avdeling Q, som har vore ein stor suksess i mange land. Filmen Kvinnen i buret (basert på bok nummer 1 i serien) har òg, så vidt eg skjønnar, vore vellukka. Det er såleis neppe heilt tilfeldig at Alfabethuset vert gitt ut på nytt akkurat no. Boka vart utgitt i Danmark i 1997 og kom på norsk fyrste gong i 2006.

      Alfabethuset er mi bok på vent i dag. Den vert presentert slik frå forlaget:
      Det er annen verdenskrig, og de engelske jagerflygerne James og Bryan blir under et oppdrag skutt ned over Tyskland. De vet at de vil bli henrettet som spioner hvis de blir tatt til fange. I flukten fra tyske forfølgere sniker de seg om bord på et tog som er på vei hjem fra Østfronten med høyt rangerte SS-folk, som lider av granatsjokk. James og Bryan tar plassen til to døde soldater. Det de ikke vet, er at de er på vei til Alfabethuset, et militært psykiatrisk sykehus som ligger langt bak frontlinjene. Deres eneste redning er å simulere sinnssyke. Men klarer de det, i måned etter måned, uten selv å bli det? Og er det bare James og Bryan som simulerer? Fluktplanene blir vanskelige å gjennomføre fordi de er sløvet av medikamenter og i tillegg deler sykesal med andre som kanskje har mistanke om at de ikke er hva de utgir seg for.
      Spennande og fascinerande, ikkje sant?

      Treng du lesetips? Ta ein tur innom Beathe's bokhylle og bli inspirert! Her får du glimt frå mange ulike ventebøker kvar tysdag.

      2. februar 2014

      Bokomtale: Pythias anvisninger av Jerker Eriksson og Håkan Sundquist

      Front forlag 2013
      503 sider


      Årets fyrste seksar!


      Den siste boka i trilogien Victoria Bergmans svakhet er ei bok eg har gru-gleda meg til å lesa. Bøkene i serien er for folk med gode nerver og stabile magar, - dei er spennande, krevjande, nervepirrande, fråstøytande, overraskande - og veldig godt komponerte - med fleire historiar som vever seg saman i notid og fortid. Fleire har samanlikna denne trilogien med Millennium-trilogien, og eg kan stadfesta at for meg har leseopplevinga vore nesten like stor som for Stieg Larsson sine bøker - men dei er likevel heilt annleis. Her er ikkje så mykje action, her ligg spenninga og framdrifta i det psykologiske, det mystiske, det overraskande og det ukjente.

      I Pythias anvisninger vert trådane frå Kråkejenta og Hungerilden henta fram att - og fleire av desse får nye og overraskande vriar og løysingar. Lesaren vert driven frå skanse til skanse med stadig nye opplysningar og vinklingar.

       - To kvinner vert funne døde i ein utbrent bil, det ser ut som om dei har tatt sjølvmord i lag etter at dei har "tilstått" fleire drap. Men det er fleire moment som er uklare og ting stemmer ikkje heilt.
       - Politiinspektør Jeanette Kihlberg strevar også med eit par andre spesielle og vanskelege saker: Fleire unge gutar har vorte funne drepte, lemlesta og balsamerte, og det er nesten uråd å få dei identifiserte.
       - Dessutan har ein funne fleire myrda veletablerte menn, - etterforsking tyder på at dei alle var pedofile og at dei tidlegare har gjort seg skuldige i svært grove overgrep. Fleire personar - mellom anna den forsvunne Victoria Bergman - har hevnmotiv.
       - Psykoterapeuten Sofia Zetterlund hjelper Jeanette med gjerningsmannprofilane, og dei to kvinnene innleiar etter kvart eit kjærleiksforhold. Det Jeanette ikkje veit, er at Sofia er ein sjuk person; ho har ein splitta personlegdom. I fortida si har Sofia opplevd så sterke og grusomme overgrep at ho, for å halda ut og verna seg sjølv, har fleire personar inni seg. Den eine av dei kallar seg Kråkejenta, ein annan Victoria Bergman.
       - Og på ein ukjend stad renn tida snart ut for den innestengde og fastbundne Ulrika Wendin..

      Jeanette Kihlberg er ein annleis protagonist, der me får følgja tankane og utfordringane hennar i arbeids- og kjærleikslivet. Det at lesaren heile tida skjønnar og veit meir enn Jeanette, gjer lesinga ekstra nervepirrande. I krimbokverda er gjerne hovudpersonen ekstra oppvakt og merksam - i Victoria Bergmans svakhet har Jeanette ofte skylappar på. Den mest spennande personen i serien er likevel Sofia/Victoria. Kva er fantasi og kva er verkeleg av det som vert fortalt? Sofia held på med sjølvterapi - kan ho verkeleg lukkast i å bli frisk? Kva kjem då i tilfelle til å skje med Sofia og Victoria - og med forholdet til Jeanette? Har ho verkeleg gjort alt det som ho trur ho har gjort? Eller er det ein annan? Kva med barnet ho ein gong fekk - med sin eigen far - og vart tvinga til å gje frå seg?

      Alle bøkene i serien har nerve; dei er tre utruleg bra bøker; fantasirike, adrenalinspennande og originale, og ein vert litt utmatta etterpå. Det er på mange måtar krevjande og utfordrande lesing, og passar absolutt best for erfarne krimlesarar. For meg har dette vore den beste og sterkaste leseopplevinga eg har hatt på lenge. No, som eg har lest ut den siste boka, har eg faktisk berre lyst til å lesa alle tre bøkene på nytt; alt ein ikkje heilt forsto i dei to fyrste bøkene har no fått forklaring og falle på plass. Men det vert sjølvsagt ikkje aktuelt; bøkene hadde jo ikkje vore så spennande om ein hadde lest med fasiten i handa. Det er dei uventa vendingane og skildringane av dei psykologiske irrgangane som gjer serien så bra. Det handlar om såpass interessante og rystande tema som dei mørkaste sidene i menneskesinnet og om konsekvensar av gjentekne overgrep og systematisk omsorgssvikt i barndommen. Eit anna gjennomgåande tema i trilogien er skarp og bitande kritikk av styresmaktene generelt og helsevesenet og psykiatrien spesielt.

      Pythias anvisninger har mange korte kapittel, alle avsluttar med cliffhangers som driv handlinga raskt framover. Spenninga og ubehaget stig etter kvart som ein les. Dei mange parallelle historiane, perspektiva og tilbakeblikka gjer også at lesetempoet stig - sjølv om ein kanskje ønskjer å lesa litt sakte for å få med seg alle fiffige detaljar. Forfattarane nyttar presensform i alle notidsforteljingane - dette er virkningsfullt og fører til at lesaren vert meir tilstades i handlinga. Som vanleg avsluttar Eriksson og Sundquist med følgjande: Takk til: Ikke en jævel.

      Bøkene i serien har blitt karakteriserte som bestialske og spekulative. Ja, kanskje, - men Eriksson og Sundquist fortel ikkje altfor detaljert om dei fæle hendingane som finn stad. Forfattarane gjer det på ein annan måte; dei spelar på fantasien til lesaren -  så lesaren sjølv lagar sine eigne grufulle bilete.
      Er så handlinga truverdig? Nei, neppe. Men igjen: Forfattarane får lesaren til å tru på hendingane akkurat medan han/ho les. Det er det viktigaste, og det er dyktig gjort i dette tilfellet.

      Eg har gitt terningkast seks; det betyr at eg har vore svært, svært nøgd med boka - og med trilogien. Fremst i denne boka er ein oversikt over hovudpersonane i selrien. Det var veldig nyttig for meg, det har gått fleire månader sidan eg las bok nr. 2, Hungerilden, - og det er mange karakterar å halda styr på. Pythias anvisninger kan ikkje lesast åleine; det er heilt naudsynt å lesa alle tre bøkene i rekkefølge.
      Så altså: Les! Les Kråkejenta, Hungerilden og Pythias anvisninger. Du vil få ei intens, skremmande og ekstremt spennande leseoppleving!