Viser innlegg med etiketten Chelsea Cain. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Chelsea Cain. Vis alle innlegg

25. oktober 2016

Favorittforfattarar: C

Då er eg komen fram til tredje kapittel i gjennomgangen av favorittforfattarane mine. Som for A og B har eg plukka ut ein mannleg og ein kvinneleg forfattar. Begge favoritt-C'ane er ganske nye favorittar for meg.

Foto: Aschehoug.no

Chelsea Cain

Amerikansk thrillerforfattar f. 1972.

Eg oppdaga Chelsea Cain for fem år sidan då eg tilfeldigvis kom over debutboka hennar, Ondskapens hjerte. For ei bok! For eit plott! For ein spenning!! Eg vart heilt satt ut av råskapen og intensiteten og måten det vart formidla på. Eg hadde aldri lest noko liknande - dette var noko heilt nytt; det var både skummelt, ekkelt og tabubrytande. Eg vart uhyre fascinert av kombinasjonen av det vakre og det fråstøytande og av skildringa av det absurde kjærleik/hat-forholdet mellom ein seriemordar og offeret hennar.

Dette er bøker som ein får bakoversveis, frysningar på ryggen og hjertebank av. Det er så spennande at ein nesten ikkje orkar meir - og så må ein berre fortsetja. Realistisk og truverdig? Slett ikkje. Men absolutt lesbart. Og velskrive og interessant.

Hittil er det utgitt seks bøker i serien om Archie Sheridan og Gretchen Lowell - "the Beauty Killer". Dersom ein skal samanlikna Chelsea Cain med nokon, er det mest nærliggjande å tenkja på Mo Hayder. Dei skriv ganske ulike bøker, men formidlingsevna, råskapen og spenninga - den har dei felles.
Meir om Ondskapens hjerte og Døden to ganger.


Foto: Forlaget Press

Christopher John Sansom

Britisk (skotsk) forfattar f. 1952.

C.J. Sansom er kanskje mest kjend som forfattar av storsuksessen Vinter i Madrid og den meir kontroversielle Skygge over London. To bøker som eg ikkje har lest enno, og som eg er glad for at eg har til gode.

C.J. Sansom har i tillegg hausta stor anerkjenning for den historiske kriminalserien om advokaten Matthew Shardlake - og desse bøkene er også grunnen til at eg plukka ut nettopp denne forfattaren på C.

I skrivande stund har eg "slukt" fire (av seks) bøker i serien - og eg er kjempebegeistra og kjempeimponert. Dersom eg klarar det, ynskjer eg å "spara" dei gjenverande bøkene slik at bøkene blir "med meg" lenge.

Eg tykkjer det er interessant å lesa om politiske og ideologiske brytningstider - og Tudor-tida var ei slik kaotisk og dramatisk tid med sterke religiøse og maktpolitske krefter - og motkrefter. Eg blir heller aldri lei av å lesa om Henrik VIII og konene hans. At eg for kort tid sidan las Hilary Mantel sine flotte bøker Ulvetid og Falkejakt - med handling frå den same tidsperioden - har dessutan gitt meg eit ekstra bakteppe og meir grunnleggjande kunnskap. Slik har Shardlake-serien vorte ekstra gode leseopplevingar. Både Mantel og Sansom fortel om verkelege historiske personar og hendingar - men Sansom har nok brukt dei meir "fritt". Skildringane hans av London og England på 1540-talet er i alle fall for det meste historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar.

C.J Sansom har verkeleg greie på det han skriv om: Han har doktorgrad i historie og er også utdanna jurist. I dag er han forfattar på heiltid.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

"Mine" C'ar er kanskje ikkje så godt kjende, og det finst sjølvsagt andre forfattarar på C som kan vurderast inn på ei favorittliste, tenk berre på Charles Dickens, Colin Dexter, Charlotte Brontë og ikkje minst Camilla Collett. Eg har lest litt av desse, men kjenner dei for lite til at eg kan sei dei er favorittar. Det same gjeld nyare forfattarar som Carl Frode Tiller, Cecilia Samartin og Carl-Johan Vallgren.

Den svenske krimforfattaren Camilla Läckberg var eg veldig begeistra for tidlegare, men den begeistringa har dalt betrakteleg. Bergensaren Chris Tvedt likar eg veldig godt, og eg vurderte å ta han med som favoritt-C, men han må finna seg i ein hederleg omtale - som han hermed har fått. Eg likar også godt bøkene til den spanske forfattaren Carlos Ruiz Zafon.

Har du ein favorittforfattar på C?

19. juli 2013

Ei grei veskebok

Nyskrivne noveller av Aslak Nore, Stein Morten Lier, Birger Baug, Kurt Aust og av sjølvaste Chelsea Cain. Samt tidlegare publiserte noveller av Kim Småge, Unni Lindell og Tom Egeland. OG nokre eldre perler frå André Bjerke, Torolf Elster og P.D. James.
Sommerkrim frå Aschehoug er ein fin blanding, til sals i daglegvarebutikkar. Før opp kaffi, juice og krimbok på handlelista!

1. mai 2013

Oppsummering april

Dette blogginnlegget er ein test og er kopiert inn frå den gamle bloggen.

Påbyrja i mars, fullført i april

Agatha Christie - Barneselskapet - Britisk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Kristina Ohlsson - Askepott - Svensk krim - Kjøpt pocket 
Lest i april
Lars Kepler - Sandmannen - Svensk krim - Kjøpt lydfil via Ordflyt
John Hart - Løgnenes konge - Amerikansk spenning - Papirbok lånt på biblioteket
Heidi Linde - Agnes i senga - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Sidsel Dalen - Dødelige dråper - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Jørgen Brekke - Menneskets natur - Norsk krim - Papirbok lånt av mor og lydfil fått frå Lydbokforlaget
Are Kalvø - Ny grunnlov - Humor/satire - Papirbok lånt på biblioteket
Chelsea Cain - Døden to ganger - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Pontus Ljunghill - En usynlig - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Haruki Murakami - 1Q84 bok 2 - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Kaaberbøl & Friis - Et stille, umerkelig drap - Dansk krim - Papirbok lånt av mor og lydbok lånt på biblioteket
Påbyrja i april, fullførast i mai
Erica Jong (red.) - Sukker i skålen - Novellesamling - Papirbok fått frå Juritzen forlag
Gillian Flynn - Mørke rom - Amerikansk spenning - Kjøpt papirbok 


For å sjå andre bokbloggarar sine oppsummeringar for april månad, kan du klikke deg inn hos Anettes bokboble!



Skjermdump: Bokelskere.no

30. april 2013

Dei beste hittil i år

Dette blogginnlegget er ein test og er kopiert inn frå den gamle bloggen. 

Tida flyg avgarde, og ein tredjedel av 2013 er snart unnagjort! Ein bitteliten oppsummering kan difor vera på sin plass. Her er mi personlege og subjektive liste over topp 10 bøker lest hittil i år:
  1. Håkan Nesser - De sørgende
  2. Lars Kepler - Sandmannen
  3. Jussi Adler-Olsen - Marco-effekten
  4. Arne Dahl - Europa blues
  5. Chelsea Cain - Døden to ganger
  6. Mo Hayder - Kuren
  7. Åsa Larsson - Et offer til Molok 
  8. John Hart - Løgnenes konge
  9. Eriksson & Sundquist - Kråkejenta
  10. Haruki Murakami - 1Q84 bok 1 og 2
Lesetempoet har vore upåklageleg, men så er dei aller fleste innan krim og spennings-sjangeren, -og dermed både lettleste og fortleste. I skrivande stund held eg på med bok nummer 44 for i år.
Er du nøgd med leseåret 2013 så langt? Kva - og kven - er dine favorittar?