1. mars 2017

Bokomtale: Selfies av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 15:43
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Lytteeksemplar

Sjuande bind i serien om den spesielle cold case-eininga Avdeling Q byr på fleire underhaldande og spennande historiar. Lesaren vert presentert for eit omfattande persongalleri og forholdsvis mange trådar: Nye saker og eldre saker som heng saman - eller ikkje heng saman - på meir eller mindre forklarleg vis. Dei ulike personane og hendingane forgreinar og forviklar seg inni kvarandre.

Utradisjonelle etterforskingsmetodar, på kanten av det som er tillatt og akseptert, er ei av kjennemerka i serien. Det same er dei bitande karakteristikkane av enkeltpersonar og samfunnstilhøve. Eg set vanlegvis pris på den friske og frekke stilen til Jussi Adler-Olsen.

Boka er omfangsrik og handlingsrik, men er litt langsam og har dårleg driv i enkelte parti. Eg meiner difor at boka kunne hatt godt av ei oppstramming. Enkelte av bihistoriane er dessutan uforståelege og unødvendige etter mitt syn. Men - dei ulike handlingstrådane vert også denne gongen samla saman til slutt, om ikkje heilt truverdig, så i alle fall på ein avklart måte. Eg tykkjer ikkje at Selfie er Adler-Olsen på sitt beste reint plott- og innhaldsmessig, men når det gjeld skråblikk på samfunnet, komposisjon og forteljarmåte er han like strålande som tidlegare. Strålande er også innsatsen til opplesar Helge Winther-Larsen.

I denne boka får Carl Mørck og medarbeidarane Assad og Gordon det særleg travelt sidan politiavdelinga deira står framfor store utfordringar, både fagleg og personleg. Det siste skuldast mest at Rose er fråverande i etterforskinga denne gongen - men det skal visa seg at ho - uforvarande og uplanlagt - hamnar midt oppe i det heile likevel.

Skildringa av samarbeidet, samspelet og dialogane mellom Carl og Assad er noko av det som eg likar best med denne serien. Gjennom desse bøkene har lesarane også fått møta fleire andre uforgløymelege karakterar. Eg tenkjer t.d. på Merete Lynggaard frå Kvinnen i buret, Nete Hermansen frå Journal 64 og Marco og Zola frå Marco-effekten. Forfattaren skildra desse personane på ein så levande måte at dei aldri blir gløymde. I denne boka får ein møta Anne-Line Svendsen - sakshandsamar og seriemordar - og henne kjem eg også til å hugsa ei stund, av ymse årsaker.

Det er viktig å ha klart for seg at Avdeling Q-serien ikkje er realistisk politikrim. Enkelte anmeldarar har hatt innvendingar når det gjeld personskildringane i denne boka. Det vert hevda at dei er for karikerte og urealistiske. Det er eit poeng, og eg er langt på veg enig i kritikken. Skildringane av dei tre idiotiske selfie-jentene som me får følgja gjennom denne boka er bitande og spydige. Boka inneheld også enkelte historiar som er særs usannsynlege og skildringar av menneskelege reaksjonar som er tydeleg oppkonstruerte. Men er det så nøye om forfattaren overdriver? Eg tykkjer ikkje det - men eg meiner det må vera ei grense her; ei grense mellom det frekke og det usmakelege - og Adler-Olsen er tidvis nær det sistnemnde i denne boka.

Jussi Adler-Olsen skriv for å underhalda lesarane sine, og det har han lukkast med - igjen. Eg tykkjer han er god på veksling mellom ironi og indignasjon, mellom humor og alvor, mellom varm medkjensle og knusande kritikk.

Eg likte godt den forrige boka i serien, De grenseløse, men eg skreiv då følgjande i omtalen min:
"Eg håpar Adler-Olsen konstruerer ei meir truverdig historie med meir truverdige karakterar neste gong - så eg gir terningkast 5 (men med ein minus i parentes)".
På den bakgrunn gir eg Selfie terningkast 4+. Plussteiknet vert gitt til Helge Winther-Larsen si engasjerte og levande opplesing av boka.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, BokbloggeirBorn to be a reader

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg reagerte på ein del ting som gjeld oversetjinga av denne boka. Eit eksempel: I Danmark har dei tydelegvis ei ordning med "kontanthjælp", noko som tilsvarar økonomisk sosialhjelp eller AAP her i landet. I boka vert "kontanthjælp" oversett til "kontantstøtte", noko som er heilt misvisande. Dette er jo er noko heilt anna i det norske NAV-systemet.
Det finst fleire slike merkelege "dansknorske" ord og vendingar i boka. Slike ting irriterer meg.

9 kommentarer:

  1. Flott omtale, kjekt å lese at vi har tenkt litt likt da vi leste. Jeg likte denne bedre enn De grenseløse, til tross for de karikerte jentene vi ble kjent med her.

    SvarSlett
  2. Ser du har havnet på samme terningkast jeg vil gi den - spennende er den, men det går da litt over stokk og stein (a la Jo Nesbø dette) - her var det mange tråder i mange retninger, en del kaos og rot. Ikke av hans beste. (Det synes jeg forresten debut-romanen hans er)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er mange som meiner at Selfie ikkje er Adler-Olsen på sitt beste. Eg er nok enig i det, samstundes må ein tenkja på at forventningane vert skrudd opp i takt med den suksessen han har hatt.

      Slett
  3. Driver (langsomt) med å oppdatere meg på hva som har skjedd i bokbloggverden, (mye aktivitet i mars). Ser jeg har motsatt oppfatning av deg. Leste de to siste Q på rappen (syk) og likte Selfies bedre enn Den Grenseløse. Merker nå at jeg angrer litt at jeg ikke gikk for lyd. Larsen er god på Assad, og jeg vet jeg i gamle omtaler har bemerket at jeg liker Qbøkene hørt, bedre enn de lest selv, noe som ganske sikkert er Winther-Larsens bragd. Likevel, jeg liker Jussi, og han vant glatt over svenskekrimmen jeg hørte parallellt (Grebe/Träff).

    Har du lest Shirley Jackson forresten. Føler at jeg er svært nysgjerrig på hva en krimentusiast som deg synes om Shirley..

    SvarSlett
    Svar
    1. (Rydda litt og fann eit par gamle kommentarar som avventa moderering, publisert i dag 26.4.)

      Enig i at Jussi er god - men som så mange andre har bemerka når det gjeld Selfies; det er litt for mykje når det gjeld karakteristikkar og "karikerte karakterar".
      For meg heng Jussi og Winther-Larsen saman fordi eg har høyrt alle bøkene i serien.

      Slett
    2. Shirley Jackson er ukjent for meg, men eg er i ferd med å googla henne akkurat no.. :-)

      Slett
  4. Forresten, ser du leser Aust. Den skal jeg også lese, fordi jeg like sykkelboka så godt. Litt mer usikker på denne dog. Merknader?

    SvarSlett
    Svar
    1. Vredens dag er ei heilt anna utgåve av Aust. Denne er treg, møysommeleg og alderdommeleg - men slett ikkje dårleg. Gav terningkast 4. Stilen og språket er heilt "riktig" sidan handlinga er lagt til 1699.

      Slett