Fredrik Larsen Lund - Norske utposter - Norsk dokumentar - eBokBib
Påbyrja i august, fullført i september:
Hans Olav Lahlum - De fems tegn - Norsk krim - eBokBib
Morten Jentoft - Døden på Kola - Dokumentar - Kjøpt lydfil
Lest i september:
Anne B. Ragde - Liebhaberne - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Øystein Wiik - Dødsrytteren - Norsk krim - Lytteeksemplar
Roslund & Hellström - Tre sekunder - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Levi Henriksen - Her hos de levende - Norsk roman - Lytteeksemplar + eBokBib
Geir Tangen - Hjerteknuser - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket + eBokBib
Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Vera Henriksen - Beretningen om Jon Bentsson: Klangen av en lutt/ Ildens sang - Norske historiske romanar - Lånt papirbok privat
Roy Jacobsen - Rigels øyne - Norsk roman - eBokBib
Bruce Springsteen - Born to run - Sjølvbiografi - Storytel
- 2 papir, 2 lyd, 2 ebøker, 2 kombinert lyd + ebok
- 5 lånt, 1 kjøpt, 2 fått
- 4 krim, 2 romanar, 2 dokumentarar
- 7 norske, 1 svensk
- 1 kvinne, 7(8) menn
- "Nye" forfattarar: Lund, Jentoft
Lesemål og 2017 så langt
Oppsummering etter tredje kvartal viser at eg truleg kjem til å nå målet om 110 bøker totalt. 28 bøker i løpet av månadene oktober, november og desember burde vera overkommeleg. Men - eg har også eit mål som heiter mursteinar (av meg definert som 600+ sider) og her manglar eg heile seks kryss. Det går neppe i hop.Det er framleis att to rundar av biosirkelen dette året, så eg har eit håp om at eg skal få til full måloppnåing når det gjeld biografiar. Målet om gjenlesing er alt oppnådd. Punkta norske 2017, OTS, annan sakprosa og bokomtalar bør ikkje by på problem. Målet om enno tre utgjevingar før 2000 er kanskje gjennomførbart, medan målet som gjeld 1001-bøker ser ut til å bli fullstendig fiasko.
- 82/110 bøker totalt
- 4/10 mursteinar (over 600 s.) 👎
- 22/24 norske utgitt i 2017
- 0/5 1001-bøker 👎
- 9/12 bøker frå før 2000
- 5/5 gjenlesingar 👍
- 6/10 biografiar
- 13/14 annan sakprosa 👍
- 4/6 frå bokhylla
- 31/34 bokomtalar 👍
Her er nokre av årets bøker som eg ser fram til å lesa:
- De som faller - Spenningsroman frå ein forfattar eg ikkje har vore borti før; Noah Hawley
- Nøkken - Nathan Hill er også ein forfattar som er ny for meg. Vert marknadsført som eit "episk storverk".
- Seks historier - Nok ein ukjend forfattar for meg; Matt Wesolowski. Boka skal vera både intenst spennande og originalt komponert.
- Berge - Eg har heller ikkje lest noko av Jan Kjærstad tidlegare. No har eg tenkt å gjera noko med det.
- Skada gods - Tredje avsnitt av Tore Renberg sin elleville Teksas-serie. Eg gler meg ellevillt til denne.
- Glasshjerte - To x Rivertonprisvinnar Torkil Damhaug sin nye krim som har fått mykje ros.
- Lasaruseffekten - Ny Bjørn Beltø-bok frå Tom Egeland. Eit must å få med seg.
- Blodhemn - Rune Timberlid kjem med ny bok om Rolf Randen, og den ser eg verkeleg fram til å lesa. Eg forventar bygdekrim på sitt beste frå forfattaren som no er tilbake på Selja forlag etter eit lengre opphald i Samlaget.
- Top Dogg - Ein av mine favorittar innan svensk krim, Jens Lapidus, kjem med ny bok om Teddy og Emelie.
- Den evige ilden - Den nye historiske mursteinen frå Ken Follett skal sjølvsagt også lesast - ein gong. Eg ventar truleg til pocketutgåva kjem.
Har bare lest to av de du har lest. Ragde er vi helt enige i ser jeg. Mens Levi Henriksen har jeg nok likt bedre enn deg.
SvarSlettNøkken, den likte likte jeg veldig godt.
Eg likte Henriksen si bok, men denne tok ikkje umiddelbart tak i meg slik som fleire andre bøker av han har gjort. Eg har byrja på ein omtale av 'Her hos de levende' der eg skal prøva å grunngi terningkastet mitt.
SlettFin oppsummering. Jeg er helt bakpå med hyllebøker i bokyllesirkelen, men trøster meg med at jeg har lest litt hyllebøker alikevel. 1001- er det også labert med. Og at jeg stadig er like aktiv i biosirkelen, den er jo artig. Strever med å finne en bi til oktober, som jeg har lyst til å lese.
SvarSlettAv dine septemberbøker har jeg lest Wiik, skla lese Ragde og må få lest Hellstrøm & R.
Av dine kommende har også jeg en del i ventebunken min: Damhaug, Egeland og Kjærstad.
Follet har jeg sett på , men det er noe med de tykke bøkene som virker som en bøyg..
God oktober til deg Berit.:)
Eg er "påmeldt" med to bøker i bokhyllelesing og fristen er ute - utan at eg har starta eingong. Det er dette med "rett bok til rett tid". Biokategori METT er vrien, og som eg skriv til Ingalill nedanfor; eg les Springsteen og får ikkje den til å passa inn i kategorien. Ikkje enno i alle fall.
SlettGleder meg også vilt og uhemmet til Skada Gods. Fjorårsboka var en flopp (for meg), men dette er jo boka som teller. Må øve meg på å puste rolig siden den nok tar en tid før jeg får kloa i lydboka. Springsteen har jeg vurdert flere ganger, både til rockerunden og hårete. Hvis bittelitt skjegg egentlig kvalifiserer når man har Julius på bordet.
SvarSlettMen bare 6 biografier? Overraskende. Du får leite på 1001lista. Marilynboka Blonde feks. Og The Master (som jeg har lest tidligere), crossovers, men flust med kryss.
Finst det biografiar på 1001-lista? Det visste eg ikkje. Skal sjekke ut, kanskje det finst noko der.
SlettSpringsteen er bra så langt; grundig og ærleg. Omstendeleg, men slett ikkje uinteressant. Eg funderer mykje på om den kan passera i METT-kategorien? For Springsteen er enno ikkje, i ein alder av 68, mett på suksess..
Noen ihvertfall, crossovere, kommer bare på de 2 allerede nevnt. The Master er om Henry James. Blonde om Monroe. Finnes garantert mange flere ,er jo over 1000 bøker der..
SlettFlott oppsummering! Vi er nok litt på sprikende grunn når det gjelder terningkast, men hva gjør vel det :) Jeg har lest 4 av de bøkene du ønsker deg, og vet du kommer til å få en fin lesestund med dem. Holder en knapp på De som faller :) Ønsker deg en fin leseoktober!
SvarSlettOK, 'De som faller' skal prioriterast. Eg trur sikkert at den er i mi gate.
Slett