175 sider
Lånt ebok eBokBib
Så enkelt - og så bra - kan det gjerast. Katrine Sele har skrive ei god bok om flyktningsituasjonen og flyktningpolitikken og om menneske som er råka av krig og konflikt. Det er ei bok som inneheld sterke historiar og som gir oss eit innblikk i kvardagen til personane som sit i mottak og ventar.
Jølster hotell er ein staseleg, men noko nedsliten, bygning i Vassenden i Jølster kommune. Bygget er (delvis) i sveitserstil og det ser imponerande ut med dei vakre utskjeringane på fasaden. Sidan 1880-talet har det vore hotelldrift her på denne staden som er eit trafikknutepunktet i Sogn og Fjordane. Hotellet vart mottak i 2010 og har husa mange asylsøkjarar frå mange ulike land og kulturar. I februar 2017 vart mottaket nedlagt.
Forfattaren er sjølv busett i Jølster. Ho har oppsøkt asylmottaket, blitt kjend med bebuarane der og fått dei i tale. Ho har følgd personane i boka i ein lengre periode, også etter at dei "vart busette", som det heiter.
Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak er basert på Sele sine møte med ni flyktningar frå Syria, Sudan, Etiopia, Somalia og Eritrea, samt nokre av personalet på mottaket. Sele skriv enkelt og nøkternt, men også med innleving. Ho byr på seg sjølv og brukar eigne opplevingar og erfaringar for å prøva å setja seg inn i flyktningane sin situasjon. Ho innleiar boka på denne måten:
Det er tydeleg at Sele vart opprørt av det ho såg og høyrde på mottaket. Ho fekk innsikt i sakn og uvisse, vonde opplevingar og tunge lagnader. Ho har klart å formidla denne innsikta til lesaren på ein varm og opplysande måte. Boka inneheld også sakleg informasjon og opplysningar om dagens flyktningsituasjon, samt nokre tankar om våre haldningar til flyktningar og asylsøkjarar.
Eg anbefalar Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak. Dette er ei bok å bli klok av.
Utfordringa Smakebit på søndag er no å finna på bloggen Betraktninger.
"Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Dette er historia deira."Forfattaren vart slått av kor stusseleg det var i mottaket. Fellesområda var påfallande lite brukte; folk budde, sov, laga mat og åt på romma sine. Alle dei ni menneska me møter hadde livet sitt på vent. Venting på avklaring, venting på vedtak, venting på familiemedlemer. Ingen av dei ni kan seiast å vera lykkejegerar og snyltarar - som det frå enkelte hald vert hevda at dei fleste asylsøkjarar er. Den lange sakshandsamingstida slit voldsomt på dei som bur i mottak; dei mistar gjerne gnisten når dei berre vert gåande å venta. Dagane vert prega av uro, passivitet og motløyse.
Det er tydeleg at Sele vart opprørt av det ho såg og høyrde på mottaket. Ho fekk innsikt i sakn og uvisse, vonde opplevingar og tunge lagnader. Ho har klart å formidla denne innsikta til lesaren på ein varm og opplysande måte. Boka inneheld også sakleg informasjon og opplysningar om dagens flyktningsituasjon, samt nokre tankar om våre haldningar til flyktningar og asylsøkjarar.
Eg anbefalar Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak. Dette er ei bok å bli klok av.
Utfordringa Smakebit på søndag er no å finna på bloggen Betraktninger.
Tack för smakbiten!
SvarSlettDen fikk jeg lyst å lese. Har vært i Jølster noen ganger og sett huset, takk for tips!
SvarSlettAtt läsa böcker som gör att man känner sig en aning klokare genom nya insikter är suveränt. Tack för smakbiten!
SvarSlettTack för smakbiten!
SvarSlettViktiga historier att bli klokare av
SvarSlettsådana här böcker är viktiga. att möta andra människors i deras berättelser är fantastiskt och kan vara mycket lärorikt. tack för smakebiten!
SvarSletttack för smakbiten!
SvarSlettTack för smakebiten! verkar som en viktig bok!
SvarSlettJeg har en sønn fra Afghanistan som kom til Norge som mindreårig flyktning. Foreldrene hans ble drept da han var 13 og han har ingen andre enn oss. I februar fikk han familiegjenforening og kona hans (fra Afghanistan) fikk endelig komme til Norge. (De møttes på Facebook :-)). De var her til middag i kveld, og selv om han ikke har lyst klarer jeg å få han til å fortelle om hverdags-rasismen han møter i vårt lokalsamfunn. Da tenker jeg de skulle hørt hans bakgrunnshistorie, det faktum at han har norske foreldre og at han er "skikkelig" integrert. Men det er ikke så mange som er interessert. Jeg kan veldig godt tenke meg å lese denne boken så jeg takker for tips. Ha en riktig fin søndagskveld!
SvarSlettOi, det var ein kommentar til ettertanke. Han er heldig denne guten som har dykk, tenkjer eg. Og eg er heilt enig; kvar enkelt flyktning har opplevd hendingar og ber med seg sorger og traumer som me ikkje har forutsetningar til å forstå - men dersom me hadde satt oss ned og lytta til historiane deira kunne me i alle fall fått eit lite innblikk. Det er det Katrine Sele har gjort og ho får formidla det vidare i denne boka.
SlettSäkert en intressant bok.
SvarSlettInteressant smakebit. Bra at noen skriver slike bøker også. God søndag!
SvarSlett