Samlaget 2017
175 sider
Lånt ebok eBokBib
Så enkelt - og så bra - kan det gjerast. Katrine Sele har skrive ei god bok om flyktningsituasjonen og flyktningpolitikken og om menneske som er råka av krig og konflikt. Det er ei bok som inneheld sterke historiar og som gir oss eit innblikk i kvardagen til personane som sit i mottak og ventar.
Jølster hotell er ein staseleg, men noko nedsliten, bygning i Vassenden i Jølster kommune. Bygget er (delvis) i sveitserstil og det ser imponerande ut med dei vakre utskjeringane på fasaden. Sidan 1880-talet har det vore hotelldrift her på denne staden som er eit trafikknutepunktet i Sogn og Fjordane. Hotellet vart mottak i 2010 og har husa mange asylsøkjarar frå mange ulike land og kulturar. I februar 2017 vart mottaket
nedlagt.
Forfattaren er sjølv busett i Jølster. Ho har oppsøkt asylmottaket, blitt kjend med bebuarane der og fått dei i tale. Ho har følgd personane i boka i ein lengre periode, også etter at dei "vart busette", som det heiter.
Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak er basert på Sele sine møte med ni flyktningar frå Syria, Sudan, Etiopia, Somalia og Eritrea, samt nokre av personalet på mottaket. Sele skriv enkelt og nøkternt, men også med innleving. Ho byr på seg sjølv og brukar eigne opplevingar og erfaringar for å prøva å setja seg inn i flyktningane sin situasjon. Ho innleiar boka på denne måten:
"Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Dette er historia deira."
Forfattaren vart slått av kor stusseleg det var i mottaket. Fellesområda var påfallande lite brukte; folk budde, sov, laga mat og åt på romma sine. Alle dei ni menneska me møter hadde livet sitt på vent. Venting på avklaring, venting på vedtak, venting på familiemedlemer. Ingen av dei ni kan seiast å vera lykkejegerar og snyltarar - som det frå enkelte hald vert hevda at dei fleste asylsøkjarar er. Den lange sakshandsamingstida slit voldsomt på dei som bur i mottak; dei mistar gjerne gnisten når dei berre vert gåande å venta. Dagane vert prega av uro, passivitet og motløyse.
Det er tydeleg at Sele vart opprørt av det ho såg og høyrde på mottaket. Ho fekk innsikt i sakn og uvisse, vonde opplevingar og tunge lagnader. Ho har klart å formidla denne innsikta til lesaren på ein varm og opplysande måte. Boka inneheld også sakleg informasjon og opplysningar om dagens flyktningsituasjon, samt nokre tankar om våre haldningar til flyktningar og asylsøkjarar.
Eg anbefalar
Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak. Dette er ei bok å bli klok av.
Utfordringa
Smakebit på søndag er no å finna på bloggen
Betraktninger.