Cappelen Damm 2018
380 sider
Oversetjar Henning J. Gundersen
Lånt papirbok biblioteket
1793 er ein historisk kriminalroman som er blitt kalla Bellman noir og Stockholm noir - og begge deler er dekkande begrep. Me befinn oss i Stockholm i året 1793, dvs. i seingustaviansk og Carl Michael Bellmann si tid. Men her er det sanneleg lite som minner om Bellmann sine muntre viser - og det er heller ikkje mykje påkosta gustaviansk stil med pastellfargar og sirleg gulldekor. Nei, her handlar det om fyll og fattigdom, om armod og naud. Me skal halda oss i den absolutte botnen av samfunnet - og stemninga er dyster, mørk og kald.
Her, i skitten og avfallet, møter me innleiingsvis den eine av hovudpersonane i boka; separasjonsvakten ("palten") Mickel Cardell. Han vert kalla til den stinkande innsjøen Fatburen på Södermalm der det er funne ein død person - nærare bestemt ein torso. Liket er grovt lemlesta; det manglar begge armane, begge beina og både tunge og auger er vekkskorne. Det verste er at han er påført skadane og amputasjonane over tid. Vedkommande har nyleg døydd - og det er ikkje tvil om at døden må ha vore etterlengta i dette høvet. Kven kan stå bak ei slik grusom og makaber handling?
Saka vert etterforska av den rettskafne juristen Cecil Winge som engasjerer Cardell som ein slags etterforskarassistent. Winge er alvorleg sjuk av lungesjukdom og Cardell er krigsveteran, alkoholisert og skada på både kropp og sinn. Men lagnaden til den arm- og beinlause har rysta dei inderleg - og etterforskinga blir på fleire måtar eit meiningsfullt arbeid for dei begge: Cardell må halda seg edru og Winge må halda seg i live til saka er oppklart. I ein annan handlingstråd fortel den unge lykkejegeren Kristofer Blix si historie og seinare får me møta fattigjenta Anna Stina Knapp og hennar harde lagnad. Skildringane av Anna Stina og Kristofer sine opplevingar er det absolutt sterkaste i boka; så levande fortalt at det tidvis sette meg heilt ut. Det er uhyre sjeldan at eg reagerer reint fysisk på det eg les i ei bok, men det gjorde eg denne gongen. Det er grotesk og ekkelt, men i tillegg fascinerande og framfor alt; utruleg spennande, på fleire plan.
Elles møter me her mange andre bipersonar; både tiggarar, horer, heimlause og fyllikar, samt krovertar, fangevoktarar, prestar og adelsmenn. Skildringane er detaljerte og gir lesaren eit levande tidsbilete; eit innblikk i eit djupt klassedelt samfunn prega av sosialt, moralsk, økonomisk og politisk forfall.
Boka inneheld ekstreme skildringar - men er også ekstremt velskriven. Det er makabert, men også håpefullt - for midt inne i all fortvilinga og elendigheita kan ein ana ei tru og eit håp om ei betre framtid; om demokrati og menneskerettar. Idéane frå den franske revolusjonen er i ferd med å spre seg.
Som du skjønnar vart eg sterkt gripen av denne forteljinga. 1793 er ein imponerande debut - og eg ser verkeleg fram til ein eventuell oppfølgjar. Planen er visstnok ein trilogi og rykta fortel at dei kommande titlane vert '1794' og '1795'. Boka kan minna om Shardlake-serien til C.J. Sansom med omsyn til historiske fakta og skildring av folkeliv. Når det gjeld forteljarstil og råskap får eg assosiasjonar til Kim Leine sine bøker Profetene i Evighetsfjorden og Rød mann sort mann.
Det dokumentariske i boka vert fletta fint inn i det øvrige. Språket er sirleg og gammaldags og høver til innhaldet. Enkelte ord og begrep som vert nytta har nok gått ut av både det svenske og norske språket - dei var i alle fall totalt ukjende for meg. Nokre av orda har eg googla og i andre tilfelle kjem tydinga fram av samanhengen. Det må ha vore ein utfordrande jobb å oversetja boka, men etter det eg kan forstå er det utført på upåklageleg vis.
Forfattaren heiter altså Natt och Dag - det er ikkje noko tullenamn. Natt och Dag er faktisk den eldste adelsslekta i Sverige. Eg vil tippa at han har "møtt" enkelte av sine forfedre i resarcharbeidet til denne boka.

Jeg så denne omtalen i morges før jeg måtte ile til jobb, og endelig kunne jeg sette meg ned å lese den. Jeg scrollet raskt ned for å spotte terningen din, og frydet meg over antall prikker. Som du vet (takk for lenke) så likte jeg boken like godt som deg :) God helg Berit!
SvarSlettJa, dette var ei overraskande god bok!
Slett