16. april 2020

Vinterlesing del 4. Britisk seriekrim

Heilt kort og kjapt om nokre krimbøker eg har lest i det siste.

Sløve hester av Mick Herron

Aschehoug 2020
389 sider
Lånt papirbok biblioteket

Ei av årets bøker som har fått stor merksemd. Fyrste bok i serien om den merkelege agentavdelinga Slough House og dei underlege karakterane som jobbar der. Det er mange folk med ulike særtrekk å halda styr på, så eg oppfatta fyrste halvdel av boka som veldig treg. Etter kvart går det seg meir til.

Boka har ein frisk skrivestil, røff humor, gode miljøskildringar og finurleg uttenkte karakterar. Plottet er originalt, men eg oppfattar det som unødvendig komplisert.

Det er slett ikkje utenkjeleg at eg kjem til å lesa neste bok. Terningkast 4-.

Under overflaten av Val McDermid

Cappelen Damm 2017
Speletid 11:17
Lydbok Storytel

Under overflaten - ikkje som Marit Larsen - men om det som kan liggja skjult i etterforskingsmaterialet i ei gammal uløyst drapssak. Boka er typisk McDermid; stødig, spennande og realistisk. Forfattaren har utvilsamt mykje kunnskap og innsikt i både etterforskingsteknikk og psykologi. Ho vekslar greit mellom dei ulike perspektiva slik at forteljinga får eit brukbart driv.

Dette er fjerde bok om Karen Pirie, leiar av ein Cold Case-avdeling. Eg har lest mykje McDermid før, men ingen i denne serien.
I etterpåklokskapens lys ser eg at eg burde ha starta med den fyrste boka.
Denne serien er ikkje fullt så voldsom som serien om Tony Hill og Carol Jordan (Arr på sjelen).
Terningkast 4+.


Kjøtt og blod av John Harvey

Cappelen Damm 2013
477 sider
Lånt ebok BookBites

Ny forfattar for meg, og dette er fyrste bok i serie. Både forfattar og bok ga meirsmak.

På mange måtar er det ei historie som ein har lest utallige gonger før: Ei drapssak i notid med forgreiningar i fortid. Ein tidlegare etterforskar som aldri har slept taket i ei gammal forsvinningssak. Samt at nemnde etterforskar har eit trøblete privatliv og vert invovert på fleire plan.

Det som skiljer denne historia frå mange andre er at forfattaren er så tydeleg engasjert. Han skriv dessutan veldig bra. Hadde boka vore stramma opp litt kunne denne fått enno ein prikk på terningen. Terningkast 4.

4 kommentarer:

  1. Oppstramming er viktig, har lest mange bøker som ødelegger litt for seg selv ved å ha for mye "fyll". Har ikke lest noen av disse, og Val er den eneste jeg hadde hørt om. Firere frister ikke så veldig :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig enig i dette med oppstramming. Eg tenkjer at redaktørar ofte gjer ein for dårleg jobb på dette området.

      Slett
  2. Krim passer veldig godt til et slikt samleinnlegg. Det er det jeg som regel skriver om krim og. Selv om noen få får egne innlegg.

    Jeg kom meg ikke så langt som over første halvdel av Sløve hester. Nå ga du meg tanker om å prøve en gang til, men jeg er usikker .
    Val McDermid har jeg lenge tenkt å lese. Jeg har en bok av henne hjemme, som jeg tenkte jeg ville begynne med, jeg er veldig glad i å lese kronologisk. Det er det som gjør at jeg ikke får begynt :-D John Harvey er ukjent for meg og, men det er bra med engasjert forfatter så det er ikke umulig jeg leser denne. Selv om jeg er mer på utkikk etter femmere :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Samleinnlegg og korte innlegg er betre enn ingenting. Eg tykkjer at korte omtalar der ein får fram essensen er vel så bra som lange, utgreiande analysar.
      Val McDermid er veldig produktiv. Ho har skrive minst fire seriar + enkeltståande bøker, så dersom du sjekkar finn du sikkert noko frå forfattarskapet hennar som du kan byrja på.
      John Harvey har skrive to seriar i tillegg til "standalones".

      Slett