Heilt kort og i stikkordformat, men saman med terningkasta seier desse "mikroomtalane" kva eg meiner om bøkene nedanfor. Eg har lest det meste desse forfattarane har gitt ut tidlegare, og har stort sett sett pris på det dei har levert.
371 sider
Lånt ebok BookBites
- Bok nummer 10 i serien om Jonfinn Valmann, men kan godt lesast åleine.
- Kult at 79-årige Faldbakken er så oppdatert på aktuelle ting.
- Småbykrim (Hamar), politikrim.
- Eit forferdeleg omslagsbilete.
- Ein forfattar som har erfaring med stamming og veit kor hemmande det kan vera.
- Handling: Eit likfunn i notid og ei forsvinningssak i fortid, tilfeldig eller ikkje?
- Truverdige karakterar, lite realistisk handling.
- Ikkje spesielt spennande, men brukbart engasjerande.
- Terningkast 4.
240 sider
Lånt papirbok biblioteket
- Heilt grei, lettlest småbykrim (Grenland).
- Bok nummer 2 med Eline Torp i hovudrolla, kan lesast for seg sjølv.
- Korte kapittel, cliffhangers, raske perspektivskift
- Enkel handling, bygger systematisk opp til ein dramatisk, men noko forutsigbar avslutning
- Pluss for at boka er passe lang (kort).
- Terningkast 4.
- Svend Foyn-roman nummer 19. Imponerande! Kan lesast åleine.
- Handlar om eit velbrukt tema i krimromansamanheng: eit forsvunne barn.
- Hulda og jaguaren er som vanleg med
- og som alltid aktuelle problemstillingar.
- Elegant og stødig språkføring
- med ironisk snert og spark til fleire kantar.
- Eit muleg justismord, vanskeleg å vita kva som er etisk riktig.
- Overraskande hendingar undervegs, truverdig oppklaring.
- Terningkast 4+.
- Selma Falck-bok nummer 3, bør lesast kronoligisk.
- Denne er svakare enn dei føregåande.
- Originalt etterforskarpar i Selma og Einar.
- Til ein viss grad underhaldande og godt oppbygd
- men etter kvart veldig langtekkeleg.
- Litt unødvendig komplisert.
- Forventningane mine vart ikkje innfridde denne gongen.
- Terningkast 3.
Kul heading du har laget! Av disse fire forfatterne er det bare Anne Holt jeg kan si at jeg kjenner godt. Har nok lest en og annen bok av de andre, men de har ikke funnet fotfeste i leselistene mine.
SvarSlettØnsker deg en super søndag Berit!
Takk for det, eg hadde tenkt å ta ein meir omgripande endring, men er jo redd for å øydeleggja det eg alt har laga til. Dermed vart det kun endring av heading ved dette høvet.
SlettJan Mehlum og Svend Foyn har eg følgd i mange år og gjennom mange bøker, og det kjem eg nok til å halda fram med. Mehlum har ein god penn.
Merete Junker skriv enklare, rett og slett "grei krim" utan jåleri og krumspring.
Faldbakken sin Valmann-serie er velskrivne, men manglar ofte den nerven/spenninga som eg gjerne vil ha i ei krimbok.
Enig med Tine, flott heading! Jeg har lest Merete Junkers bok, og fikk akkurat Faldbakkens bok fra min datter. Skal leses når bokbunken fra biblioteket minker. I det siste er jeg blitt litt opptatt av at bøker blir for lange. Det bør kunne gjøres å komprimere stoffet til under 300 sider, i de fleste kategorier. Særlig krim. Når jeg bestiller bøker via Biblioteksøk, som forøvrig er en flott måte å gjøre det på, ser jeg ikke bøkene. Når jeg kommer til biblioteket og henter 8-10 bøker, de fleste over 350 -400 sider, blir jeg ikke bare glad. Men det er kanskje bare mitt problem?
SvarSlettEg er enig med deg når det gjeld lengde; det er ein kunst å skriva passe langt.
SlettEg trur dei fleste krim- og spenningsbøker ville blitt betre med ein ekstra runde med redigering. Men det finst sjølvsagt unntak. Eg har vore borti krimromanar på 500-600 sider som ikkje har hatt med noko overflødig.
Her har jeg bare lest Lang tids reise. Jeg er glad i Mehlums bøker om Foyn og Hulda.:) Likte denne også.:)
SvarSlettEg trur alle som har lest denne serien er blitt glad i Foyn og Hulda!
Slett