Gyldendal 2024
363 sider
Lånt ebok BookBites
Marit Reiersgård er omsider tilbake med ei ny bok i serien om politietterforskarane Bitte Røed og Verner Jacobsen. Dette er femte bok i serien, den forrige Det de døde vet kom ut i 2018.
Handlinga er lagt til Drammen og til Hallingdal. Tittelen på boka viser til ei gammal lokal segn om ein likstein som finst på fjellet i nærleiken av Flå. Dermed har lesaren alt fått litt uhyggestemning - før ein tek til på sjølve lesinga.I Drammen vert ein mann funnen død; han er drept og nokon har lagt han i ei gammal rosemåla kiste. Verner Jacobsen er etterforskingsleiar i ei vanskeleg sak der det nesten ikkje finst spor.
Samstundes er Bitte Røed i Flå; det er avtalt at ho skal møta Siri, ei gammal veninne. Men i siste liten har Siri avlyst avtalen. Bitte blir bekymra og tek kontakt med folk som kjenner Siri. Det viser seg at ingen veit kvar ho oppheld seg.
Samstundes er Bitte Røed i Flå; det er avtalt at ho skal møta Siri, ei gammal veninne. Men i siste liten har Siri avlyst avtalen. Bitte blir bekymra og tek kontakt med folk som kjenner Siri. Det viser seg at ingen veit kvar ho oppheld seg.
Eg røper vel ikkje for mykje når eg avslører at dei to sakene heng saman..
Reiersgård er god på kvardagsleg uhygge; ho skriv godt og med innleving. Etterforskarane sitt privatliv og forhold får passe stor plass, tykkjer eg. Det er som krydder i den øvrige handlinga.
Liksteinen er ei lettlest og stemningsfull bok som har eit finurleg og godt oppkonstruert plott. Miljøskildringane er fine og ein får sjå hendingar frå fleire ulike perspektiv. Litt for detaljert og overforklarande til tider kanskje, men utan at det går ut over heilskapsinntrykket. Avslutninga er spennande og veldig dramatisk for alle dei involverte.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Liksteinen og andre stadnamn med "lik i" er vanlege overalt her i landet. Nokre gonger har namnet opphav i gamle gravferdsskikkar og andre gonger i konkrete ulukker eller hendingar. I mi eiga heimbygd har me Likhella; ein flat stein eit stykke oppe i fjellsida. Her la dei frå seg lika og kvilte då fleire personar omkom i ei rasulukke i 1807. Det var tungt (på fleire måtar) når dei døde skulle berast ned frå fjellgarden til bygda og gravplassen.
Hverdagslig uhygge hadde denne boken masser av. Kjekt å lese omtalen din, takk for lenke! som du vet likte jeg boken godt :)
SvarSlettEg tykkjer Reiersgård er flink til å skapa slik kvardagsleg uhygge. Nesten som Karin Fossum.
SlettEnig med dere begge. Jeg likte også boka godt, og slutten er ganske så dramatisk. Måtte ta en liten chat-peptalk med forfatteren om den;)
SvarSlettTakk for link og god helg:)