”Det
finns mycket mer moral i kriminal-litteraturen än i verkligheten”.
Mannen bak desse orda til ettertanke er Håkan Nesser. Er du interessert i moral og umoral, god krim, elegant språk og underfundig humor? Då vil eg anbefala serien om Van Veeteren.
Mannen bak desse orda til ettertanke er Håkan Nesser. Er du interessert i moral og umoral, god krim, elegant språk og underfundig humor? Då vil eg anbefala serien om Van Veeteren.
Håkan Nesser |
Lydbokforlaget
fortel i eit nyheitsbrev at det har merka ei auka interesse for Håkan Nesser
sitt forfattarskap etter at De sørgende kom ut tidlegare i år. ”Dette er noe for deg som vil ha annerledes
krim: Langsom, vemodig og samtidig veldig spennende,” skriv forlaget. Dette
kan eg verkeleg skriva under på, og difor denne presentasjonen av førstebetjent Van
Veeteren.
Hovudpersonen i dei ti bøkene heiter altså Van
Veeteren, og det er uvisst for meg om han har noko førenamn i tillegg. Det vert
ikkje "avslørt" i bokserien, så vidt eg kan hugsa. I dei fyrste
bøkene er han etterforskar/politimann, i dei siste er han
antikvariatsbokhandlar. Me vert i tillegg godt kjende med
kollegaene hans; Moreno, Jung, Münster og Rooth.
Van Veeteren er i 50-60 års-alderen, svak for godt øl, god mat, gode samtalar og sjakk. Han har vaksne born, er skilt og får i løpet av bokserien ny sambuar. Han er ein intellektuell og tannpirkartyggande politimann, - skarp, sarkastisk og brysk, - til tider gretten, men har òg emosjonelle og empatiske evner. Han er ein person som brukar intuisjonen like mykje som logikken.
Van Veeteren er i 50-60 års-alderen, svak for godt øl, god mat, gode samtalar og sjakk. Han har vaksne born, er skilt og får i løpet av bokserien ny sambuar. Han er ein intellektuell og tannpirkartyggande politimann, - skarp, sarkastisk og brysk, - til tider gretten, men har òg emosjonelle og empatiske evner. Han er ein person som brukar intuisjonen like mykje som logikken.
Handlingane går stort sett føre seg i Maardam,
ein fiktiv by i eit fiktivt land i Nord-Europa. Maardam har, ifølge den fyrste
boka, omlag 300000 innbyggjarar. Namn på personar og stader i serien minner om
det nederlandske språket. Håkan Nesser skreiv dei ti bøkene i serien i
tidsrommet 1993 – 2003. Dei handlar meir om kvifor enn
om kven som er mordar; han er oppteken av
motiv, psykologi og forhold mellom menneske.
Nesser er svært stilsikker og språkleg elegant, og overraskar ofte lesarane sine med ein ny vri, eit nytt ord, ein ny setning, ein ny tanke. Eg er veldig betatt av språket til Nesser,
samt måten han brukar humor og ironi på. Eg las bøkene i serien
hulter til bulter, fordi eg las dei etter kvart som dei var tilgjengelege på
biblioteket, - og det vart dessverre i noko feil kronologisk rekkefølge. Alle
bøkene er frittståande, men ein går glipp av utviklingstrekka i serien om ein
ikkje les bøkene frå start til slutt.
Bokserien var ei stor leseoppleving for meg, nesten like stor som Barbarotti-serien.
Bokserien var ei stor leseoppleving for meg, nesten like stor som Barbarotti-serien.
Slik er kronologien, og kort om handlinga i
bøkene:
Læraren
Janek Mitter vaknar svært fyllesjuk ein morgon og finn kona si drepen i
badekaret. Han hugsar ingenting – heller ikkje om det er han sjølv som har
utført udåden. Det ser ut som ei opplagt sak – men Van Veeteren tvilar. Boka er
underfundig og løysinga tankevekkjande.
2. Borkmanns punkt
Denne boka er blodigare enn den fyrste; ein økse-seriemordar er på ferde. Det virkar som om nedslaktinga er tilfeldig, men Van Veeteren anar eit visst mønster. Tittelen på boka kjem frå eit ressonnement frå eks-sjefen til Van Veeteren, Borkmann: Han var av den meining at kvar einaste etterforsking før eller seinare kjem til det punkt då ein ikkje lenger treng meir informasjon for å finna den skuldige. Det vanskelege ligg i å oppdaga dette punktet. Boka vart kåra til årets beste svenske kriminalroman i 1994.
Denne boka er blodigare enn den fyrste; ein økse-seriemordar er på ferde. Det virkar som om nedslaktinga er tilfeldig, men Van Veeteren anar eit visst mønster. Tittelen på boka kjem frå eit ressonnement frå eks-sjefen til Van Veeteren, Borkmann: Han var av den meining at kvar einaste etterforsking før eller seinare kjem til det punkt då ein ikkje lenger treng meir informasjon for å finna den skuldige. Det vanskelege ligg i å oppdaga dette punktet. Boka vart kåra til årets beste svenske kriminalroman i 1994.
Den som
vender tilbake i denne boka er Leopold Verhaven. Han vert sleppt fri frå
fengsel etter å ha sona ein drapsdom på 24 år, og ein mann ventar i skjul når
han kjem tilbake til heimplassen sin. Fleire månader seinare finn ein barnehage
på tur eit lemlesta lik i skogen. Den døde er utan hovud, hender og føtter, -
og det syner seg at det er restane etter Verhaven ein har funne.
Historia får
ei svært overraskande løysing og boka er etter mi meining ei av dei beste i
serien.
4. Kvinnen med fødselsmerke
Tre menn
vert skotne og drepne. Felles for dei alle er at nokon har ringt dei midt på
natta for å spela av eit musikkstykke. Forklaringa og løysinga ligg langt
tilbake i tid. Ei spennande og godt komponert bok. «Årets bästa svenska deckare» i 1996.
Handlar om ei
religiøs sekt, ein fanatisk leiar og unge kvinnelege sektmedlemmer. Ingen av
sektmedlemmene seier eit ord når det skjer eit mord i nærleiken. Van Veeteren
sin planlagde ferie går i vasken, i staden lyt han analysera, tenkja og grubla
på denne saka. I denne boka er Nesser på det mest ettertenksame og langsame.
6. Münsters sak
Van Veeteren
har trekt seg attende. Han klarar rett og slett ikkje meir av ondskapen
i verda; han sluttar i politiet og byrjar å jobba som bokhandlar i eit
antikvariat. Det vert Münster som får i oppdrag å finne ut av ei sak der ein
gammal mann vert funnen drepen – med 28 knivstikk i kroppen. Når etterforskinga
ikkje fører fram, lyt Münster venda seg til læremeisteren sin.
Dramatisk
bok på mange plan, vinnar av Glassnøkkelen i 2000. Ei perle av ei bok, spennande og thrilleraktig, og dessutan fortald med eleganse og stor psykologisk innsikt. Van Veeteren har fått seg kjæreste, - men livet og tilværet hans tek brått ei endring når sonen hans plutseleg vert riven vekk.
8. Ewa Morenos sak
Som i «Münsters
sak» og som tittelen syner, er Van Veeteren kun ein biperson i denne boka.
Moreno er på ferie med den nye kjæresten sin, men vert involvert i ei
forsvinningssak. Stilsikkert som alltid frå Nesser.
Ein gal
kvinnemordar er sentral i handlinga i dette som kanskje er den beste boka i
serien. Politistasjonen i Maardam har stadig bruk for «førstebetjenten». Van
Veeteren er fortsatt ein tenkjar, - og meir melankolsk og poetisk enn før. Tittelen
på boka er òg nesten poetisk.
10. Tilfellet G
Som ein
slags raud tråd i alle bøkene i serien er den einaste uløyste saka til Van
Veeteren; Tilfellet G. Van Veeteren
er overtydd om at den gamle skulekameraten hans; Jaan G. Hennan (G.) var skuldig
i mord, trass i at han hadde alibi. No, etter femten år, dukkar G. opp på nytt
- med ny identitet og innblanda i eit nytt mord.
Boka rundar
av serien på ein fabelaktig måte.
Som den lydbokentusiasten eg er: Alle bøkene finst i lydbokversjon, med unnatak av Münsters sak. (Det er nytta fleire ulike opplesarar, men det har liten betydning.) Fleire av lydbøkene i serien er no å få til pocketprisar hos Lydbokforlaget.
Fleire av bøkene er filmatiserte, med Sven Vollter i hovudrolla som VV.
Når jeg er ferdig med Tom Kristensen sine lydbøker så skal jeg over på Van Veteren til Nesser. Jeg har hørt Det grovmaskede nettet, og den var veldig bra. Denne gang skal jeg også klare å holde meg til kronologi - en gang må bli den første ;-) Jeg liker også godt den stillferdige krimmen til Nesser. Jeg syns Jørn Lier Horst har litt av det samme. Grundig politikrim. Jeg gleder meg :D
SvarSlettTom Kristensen har eg enno ikkje lest noko av. Men har 'Dypet' liggjande på vent i lydbokversjon og pocketutgåva av 'En kule' som ligg og ventar på hytta.
SlettUtrolig flott innlegg om en flink forfatter. Jeg husker at jeg har sett filmatiseringen på TV, om ikke alle, så noen i hvert fall. Det ble en pause hva angår Nesser på meg. Og det var fordi de ikke hadde hans bøker om Barbarotti på det lokal biblioteket utenom den første som jeg lånte. Og så oppdaget jeg at jeg hadde den første i bokhylla i en pocketutgave allikevel. Kan ikke huske når jeg kjøpte den. Og da går jeg og lurer på om jeg skal kjøpe resten av serien. Men jeg ser at Pocket utgaven har utrolig liten skrift. Kjøpte denne uka en annen Pocket bok og oppdaget ikke før jeg kom hjem at den har veldig liten skrift. Jeg får tenke litt, Skal bli ferdig med Peter Temple først og noen andre som jeg har lånt og kjøpt. Men helt klart foretrekker jeg Nessers krim. Lånte bort Kim Novak-boka og den som lånte den likte den veldig godt. Uansett, jeg har nå mye bra i vente.
SvarSlettPocketbøker med lita skrift er eit slit! Kan eg foreslå at du prøver lydbok? Den aller aller fyrste lydboka eg lytta til var 'En helt annen historie' (den andre boka i Barbarotti-serien) - dermed vart eg hekta - både på Nesser og på lydbøker!
SlettFor en utrolig flott oversikt. Har dessverre lest alle bøkene, og som deg blitt veldig glad i denne karakteren.
SvarSlettEg har laga det innlegget eg sakna då eg starta opp lesinga av serien :-)
Slett