Gyldendal forlag 2011
Oversetjar: Jan Chr. Næss
487 sider
Arven er ein lettlest underhaldningsroman som hadde vore betre dersom den hadde vore halvparten så lang. Eg tykte spesielt den fyrste halvdelen vart for usamanhengande og langdryg. Likevel fenga historia meg såpass at eg ikkje avbraut, men det tok uvanleg lang tid (5 veker! - men då har eg sjølvsagt lest ein del andre bøker i tillegg) før eg fullførte den fyrste e-boka mi.
Dei to systrene Erica og Beth skal rydda ut av den gamle herregarden dei har arva. Der finn Erica, som er forteljarstemma i boka, eit gammalt bilete av oldemora Caroline med ein liten baby på fanget - men det viser seg at årstalet på biletet ikkje stemmer med årstal for bryllaup og fødslar i familien. Eit anna mysterium i boka er kva som egentleg skjedde i Erica og Beth sin barndom, då den jamngamle fetteren deira forsvann på uforklarleg vis.
Det handlar altså om eit gammalt arva hus og om hemmelegheiter frå fortida som kastar skuggar over notida. Verken tema eller forteljarmåte er særleg original. Boka har gode miljøskildringar, men eg tykkjer at personane som det vert fortalt om er merkelege - og uverkelege. Det gjer at eg ikkje heilt klarar å tru på forfattaren og historia.
Det vert veksla mellom notid og fortid - og ganske tidleg forstår lesaren mykje av det "mystiske" som har hendt for lenge sidan. Når forfattaren omsider avslører det heile, etter uendeleg mange hint, har det gått for lang tid - lesaren skjønnar det meste - og spenninga er nesten borte.
Slutten var ganske patetisk og store deler av boka var langtekkeleg, omstendeleg og med for mange uvesentlege detaljar. Eg vart skuffa over Arven og tykkjer det er godt å endeleg vera ferdig med boka. Fordommane mine mot Dameromanar og Bøker med vakre omslag vart stadfesta og eg kjem neppe til å lesa meir av denne forfattaren.
Måtte sjekke hva jeg ga den, og det var en 4`er. Nådde ikke helt opp hos meg heller da... Sånn er det av og til :)
SvarSlett