25. april 2014

Omslagsonsdag på ein fredag

Tema for Bokpotatens omslagsutfordring denne veka er ryggar. Altså omslagsfoto av folk som står/går/sit med ryggen til. Det er i løpet av dei siste åra blitt utgitt utruleg mange bøker med slike omslag. Motar og trender skifter, og det gjeld tydelegvis også bokomslag. Særleg innan dei oversatte (romantiske) romanane finst det mange eksempel på omslag som syner ein eller fleire personar (les: damer) bakfrå - gjerne i duse fargar og med vakker bakgrunn. Bøker med slike omslag stimulerer tydelegvis leselysta, merkeleg nok. Sjølv reagerer eg heller negativt fordi desse bøkene ser så irriterande like ut.

Bokpotaten viser fleire eksempel på slike fine og romantiske omslag i innlegget sitt, men ho etterlyser mennene; "Var är alla karlar?" så Monika har plukka ut kun "mannlege omslagsryggar".

Når eg sjekkar blant bøker eg har (og har hatt) i mine hyller, finn eg også overraskande mange ryggomslag, - faktisk såpass mange at eg kun kan syna fram eit lite utval av dei. Nedanfor ser du nokre omslag som har det til felles at det er ryggar og barn med i motivet. Dei er i ulike sjangrar, men alle bøkene har eg lest og likt.

Det aller penaste av desse omslaga er utan tvil Morgen i Jenin, - men! det er overromantisk, misvisande og står ikkje i stil med innhaldet i boka. Omslaget på Vidunderbarn derimot, er veldig fint og passar perfekt til oppvekstforteljinga til Roy Jacobsen.

4 kommentarer:

  1. Morsomt å sjå hvordan framsidetrendene forandrer seg! Tenk at bøker også er mote!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ganske interessant, dette med omslagsdesign. Ein ser tydeleg at det er trendar når det gjeld bilete og fontar på framsida. Det heiter "don't judge a book by its cover" - og det pleier eg heller ikkje å gjera, - for ei god bok kan ha ei kjedeleg innpakning - og motsatt!

      Slett
  2. Jag tycker omslaget på Vidunderbarn är helt fantastiskt. Det får mig att tänka på när jag var liten :)

    SvarSlett