Her på Vestlandet er det varmt for tida - og me har hatt sommar "uendeleg" lenge allereie. Me har vore heldige og hatt ein forsommar mot normalt. Og no er det berre eit par dagar igjen på jobb før det blir (ein velfortent!) ferie.
Denne bloggen kjem til å ta ein pause nokre veker. Er plutseleg tilbake i august.
God sommar til alle blogglesarar! Ha ein fortsatt strålande lesesommar!
- - - - - - - - -
Som vanleg les eg fleire bøker parallellt - og mellom dei eg les akkurat no er Sommerboken av Tove Jansson. Eg "sparar" på boka og les eitt kort kapittel kvar dag. Boka er lånt på biblioteket.
Sommerboken kom ut for fyrste gong i 1972, for 42 år sidan - men dette er ei bok som ikkje går ut på dato. Ho kan lesast gong på gong, sommar etter sommar.
Den finlandssvenske forfattaren og kunstnaren Tove Jansson ville ha fylt 100 år i år. For dei fleste er ho mest kjent for forteljingane frå Mummidalen. I Sommerboken finst verken Mummitrollet, Snorkfrøken, Lille My eller Snusmumrikken, - men ein kan kjenna att stilen, humoren og filosofien hennar. I denne boka er det seks år gamle Sophia og farmora hennar som har hovudrollene - begge er skildra på ein inderleg, varm og klok måte.
Dei to bur og lever saman på ei lita øy om somrane. I bakgrunnen skimtar me far til Sophia, men han er for det meste fråverande. Mora til Sophia er død, - dette får lesaren vita heilt i starten av boka - og gjer stemninga i boka vemodig og melankolsk - men ikkje sorgfull. Samspelet mellom den unge og den gamle er unikt; Sophia og farmor kan snakka saman om alt, men kranglar innimellom.
Sophia er som andre seksåringar: nysgjerrig, ærleg og filosofisk. Farmor er litt sliten og litt gammal, men har behalde mykje av det barnslege i seg og er ganske "beint fram". Sophia og farmor forstår kvarandre godt og er svært nære og gode vener.
Sommerboken er ei vaksenbok, men kan absolutt lesast av (eller for) barn. Boka er stemningsfull og koseleg - ei lita perle som anbefalast på det varmaste.
Så fint at du også syntes om Sommerboken. Jeg leste den våren 2013 tror jeg, Kanskje jeg leser den en gang til denne sommeren. Varmt her også selv om her jeg bor er det ikke uvant med tørke om sommeren. Blir neppe noe særlig med blåbær i dette året heller. Noen dager til jeg tar mine ferieuker, men noen fridager blir det før det. Idag streiket luftanlegget på jobben; idag av alle dager. Må være varmeste dag her på flere år. God sommer til deg også,Så er det bare å glede seg over dine omtaler. av bøker du leser.
SvarSlettGod sommer til deg :)
SvarSlettGod Sommer Berit.:)
SvarSlett