Speletid 9:45
Opplesar: Svein Tindberg
(Papirutgåve Gyldendal 1997)
Tema for Moshonista sin biografilesesirkel i februar er bartemenn - menn med hår under nasen i ymse fasongar. I samband med lesesirkelen har eg lånt og lest den interessante, men tragiske historia om polfararen Hjalmar Johansen.
Eg har alltid vore fascinert av - og stilt meg undrande til - folk som frivillig driv med ekstreme fysiske utskeielsar som fjellklatring, fallskjerm-hopping - og polekspedisjonar. Eg kan berre ikkje fatta at enkelte er så eventyrlystne og dristige, og ristar på hovudet over - samstundes som eg beundrar - folk som Cecilie Skog, Børge Ousland, Liv Arnesen, Erling Kagge og Lars Monsen.
I denne boka skal me hundre år attende, til ei tid utan GPS, satelitt-telefonar og GoreTex. Likevel la enkelte barskingar avgarde til dei mest utilgjengelege stadene på kloden, også den gongen. Å finna uoppdaga land- og havområde og å nå fram til polpunkta på Arktis og Antarktis var eit mål for ulike ekspedisjonar frå fleire forskjellige land.
Boka til Ragnar Kvam jr. vekte oppsikt då ho utkom i 1997. Forfattaren bidrog nemleg til at helteglorien rundt Roald Amundsen og Frijof Nansen vart noko bleikare. Biografien set spørsmålstegn ved leiarstilen til dei to store polarheltane og fortel om bakgrunnen for den øydeleggjande konflikta mellom Johansen og Amundsen. Ved hjelp av kjelder som Johansen si dagbok frå opphaldet på Sydpolen i 1911-12, fortalde denne boka ei historie som til då hadde vore ukjend for dei fleste.
Biografien nemner berre kort barndommen og bakgrunnen til Hjalmar Johansen, - at han vart fødd i Skien i 1867 og kom frå ganske enkle kår. Han var ein aktiv frilufts- og idrettsmann; ein svært dyktig turnar og var med og stifta fotballklubben Odd. Etter artium starta han opp jusstudiar, men dette vart oppgitt på grunn av dårleg økonomi då far hans døydde. I staden starta han på Krigsskulen og vart vernepliktig offiser. Han deltok i fleire dristige polekspedisjonar i tida 1893 - 1912, saman med mellom anna dei to store polarheltane våre, Fritjof Nansen og Roald Amundsen. Men i motsetnad til desse to store heltane, fekk Johansen eit heilt anna ettermæle.
Hjalmar Johansen er bartelaus på omslagsbiletet til Ragnar Kvam jr. sin biografi. Men på dette biletet kan ein sjå polarfararen utstyrt med ein nokså kraftig bart. Foto: Hjalmar Johansen videregående skole |
Men Hjalmar Johansen var nok sterk, for han reiste seg igjen. Nokre år seinare var Roald Amundsen klar for polekspedisjon - og fekk låna "Fram" av Fritjof Nansen under føresetnad av at Johansen skulle vera deltakar.
Sørpolekspedisjonen eller tredje Fram-ferd vart ein suksess for Roald Amundsen - og for Noreg - i og med at Amundsen "vann" kappløpet med Scott og sette det norske flagget på polpunktet - men fekk ein tragisk utgang for Johansen.
Johansen, som hadde meir erfaring i polare strøk enn Amundsen, åtvarar ekspedisjonsleiaren mot å starta ferda mot Sydpolen så tidleg på året. Men fordi Amundsen på død og liv ønskjer å ankomma polpunktet før den britiske ekspedisjonen, høyrer han ikkje på det øyret. Det burde han ha gjort. Mange hundar døyr, mennene får frostskader og utstyr og instrument vert øydelagt i den ekstreme kulden. Ekspedisjonen vert avbrutt og utsett til seinare på året. Roald Amundsen utøver i dette tilfellet sjokkerande dårleg leiarskap. Denne biografien startar med akkurat den avgjerande hendinga der Johansen tek ansvar for å berga den svakaste i gruppa, den sterkt nedkjølte og frostskada Kristian Prestrud. Når Johansen og Prestrud etter mykje dramatikk og slit kjem tilbake til basen Framheim, mange timar etter dei andre, spør Amundsen: "Hvorfor somlet dere?" og Johansen svarar "Du sviktet og handlet i panikk!" - Amundsen tåler ikkje slikt oppvigleri og tek Johansen ut av gruppa som skal til polpunktet.
Forfattaren Ragnar Kvam jr. har både bart og skjegg. Foto: Gyldendal.no |
Fyrst i 1961, i samband med eit oppussings-prosjekt, vart dagbøkene til Hjalmar Johansen funne. Omsider kunne då enkelte deler av norsk polarhistorie fyllast ut og redigerast på. I kva grad dette har skjedd veit eg ikkje heilt, men Ragnar Kvam sin biografi bidrog til debatt rundt Nansen sin heltestatus og Amundsen sine leiaregenskapar, samt den tragiske lagnaden til Hjalmar Johansen.
Dette er ein grundig og god biografi. Boka gjorde inntrykk og har ført til at eg har søkt og lest mykje om historiske polarekspedisjonar på nettet den siste tida. Eg vil rå folk til å lesa boka sjølv og ikkje høyra lydboka. Boka blir opplest av ein av våre dyktige og mest anerkjende skodespelarar, men han les så aaaltfor seint. Så for i det heile tatt å bli ferdig med boka lånte eg ei papirutgåve i tillegg til lydbokutgåva.
Er du klar for å lesa om andre bartepryda menn? Ta ein tur innom bloggen til Moshonista, der du etter kvart vil finna mange ulike biografiar - og forskjellige typar bartar.
Så interessant, og så trist med Johansen. Ja, det er på tide at sannheten om disse glorifiserte heltene våre får komme frem i lyset. Tror nok at disse ærgjerrige menn kunne gå ove rlik for å nå sitt mål- det er vel baksien av slik ambisiøsitet. Heia Hjalmar in memory!
SvarSlettOg så var det jo fine barter her.. Kan du tenke deg hvordan barten til Hjalmar så ut når han nådde Syd-Polen?
Vedk. det siste spørsmålet: Eg trur nok at begrepet "å skille mellom snørr og bart" på desse polarferdene kunne ha ei heilt konkret tyding. (Grøss)
SlettHeilt "normale" er vel ikkje desse polfararane, verken no eller den gongen - og det kunne sikkert ha mange utslag.
Ja, dette var trist, og helt ukjent for meg.
SvarSlettOg jeg er nærmest besatt av denne dokumentaren om Scott og Amundsen de med jevne mellomrom sender på Discovery. Eller dokumentar og dokumentar, du vet der moderne team, setter ut, som team Amundsen og team Scott, for å gjenoppleve, rå - og dumskap. Og alltid rister jeg på hodet over dumme Scott og kloke Amundsen. En ting det sier der er at Amundsen trakk veksler på, og hadde svært nytte av ekspidisjonen de gjorde tidligere på året som måtte avbrytes - og den var en viktig faktor til at de slo Scott. Det er vel nettopp denne du nevner innledningsvis - så rent teoretisk burde han vel gjort et par knefall til Hjalmar.
(og Anita, nettopp fordi jeg har sett slike polgreier, med gammelutstyr på tv, vet jeg akkurat hvordan disse bartene ser ut etter måneder på isen - not pretty - ))
Eg har ikkje sett doku'en på Discovery - men eg skjønnar godt at ein kan bli "besatt". Polarhistorie - med alt slitet, all skitten, alle farane, den ekstreme kulden, - alt dette er kjempeinteressant.
SlettHehe, frossent snørr i bart og skjegg.. sikkert ikke pent syn, men det er vel ikke poenget heller..
SlettSå utrolig spennende omtale! Nå sitter jeg her og er stolt over å ha jobbet i Hjalmar Johansensgate! Det er jammen godt at mannen ikke er helt glemt! Utrolig trist at han tok livet sitt. Den godeste Amundsen skulle hatt seg et ledelseskurs eller to! Ikke minst klatret ned fra den høye pidestallen sin!
SvarSlettHa en glad dag!
Takk for det!
SlettDet er bra at Hjalmar Johansen har fått oppreisning i ettertid - for seint for han sjølv rett nok, men bra for etterkommarane hans.
Ukjent for meg dette med Hjalmar Johansen sin skjebne og rolle i Amundsen-"dramaet". Spennende å lese! Og tragisk med utfallet der Johansen tok sitt eget liv. Min bartemann tok også livet sitt, som sin far og to av sine søsken.. Man kan jo undres..
SvarSlettOi, såpass. Tragisk tragisk. Og interessant - på ein måte.
SlettEin får utvida horisonten sin når ein er med på biografilesesirkel, det er sikkert og visst!