15. april 2015

Biografilesesirkel: Straffen av Ragnar Kvam jr.

Tema for årets andre biolesesirkel hos Ingalill/Moshonista er Forbrytelser og straff - eit tema som ein skulle tru passa bra for min kriminelle lesesmak. Eg ser fram til å lesa blogginnlegg om meir eller mindre skumle forbrytarar og meir eller mindre barbariske straffemetodar.

I forrige runde, då det handla om Herrer med bart, las eg (heilt tilfeldig; boka vart vald ut på måfå) Den tredje mannhistoria om Hjalmar Johansen - og fekk då sans for Ragnar Kvam jr. sin skrivestil og evne til å formidla historiske hendingar og menneskelege lagnader.

Så eg hadde verkeleg flaks då eg fann Straffen av same forfattar i den lokale bokhandelen for nokre veker sidan. Der hadde nok boka lege og samla støv sidan ho vart utgitt i 1999; ho hadde fleire raude prislappar på og smussomslaget var blitt nokså slitt. Eg kjøpte boka for 20 kroner.

Straffen handlar om Knud Geelmuyden Bull (1811-89) - bror til den verdenskjende fiolinisten og komponisten Ole Bull. Knud var i likskap med broren utstyrt med kunstneriske evner; han synte alt i ung alder talent for teikning og måling. Då han var 15 år var han elev hos den store kunstnaren J. C. Dahl, men han lukkast ikkje heilt i å skapa seg ein karriere som kunstmålar. Han var på farten rundt i Europa og fekk sannsynlegvis etter kvart økonomiske problem. Den kreative Knud freistar å finna ei løysing på dette - men det går galt.

I desember 1845, i Central Criminal Court i London, vart Knud og kompanjongen Peter Schmidt, også han norsk, dømt "til transport for ein periode på 14 år" - dvs. deportasjon til straffekolonien Australia. Dei to vart dømde for falskmyntneri, og ein kan jo stussa på den umenneskelege strenge straffen dei vart idømde. Men brotsverket var ganske grovt og både norske og britiske styresmakter slo hardt ned på det. Bull og Schmidt lukkast berre nesten i å forfalska ein 100-dalarseddel (ein norsk spesidaler), men hadde skaffa seg utstyr og papir til å trykka omlag 2000 sedlar - tilsvarande ein femtedel av det norske statsbudsjettet i 1845. Så langt kom ikkje dei to - gravøren dei engasjerte tipsa politiet og dei to vart tatt før dei var skikkeleg i gang med forfalskinga.

Eit halvt år etter at Knud Bull mottok dommen, vart han stua saman med eit par hundre andre fangar på fangeskipet "John Calvin". Forfattaren brukar store deler av boka til å fortelja om denne reisa til Australia. Ombord var det skrekkelege og mildt sagt kummerlege forhold. Tenk deg alle desse fangane; i lenker, sjøsjuke, brennande tropesol, tyfus-utbrot, dårleg hygiene, lite mat...
Overfarten varte i 4 månader og i løpet av den tida fekk Knud Bull visse privilegiar. Skipslegen ombord var kunstinteressert og gav nordmannen målarsaker.

Fyrst havna Knud i den brutale straffekolonien Norfolk Island, ei lita øy mellom Austalia og New Zealand, - deretter vert han overflytta til ein annan og noko opnare straffekoloni på Tasmania. Her fekk han også høve til å måla. Takka vere sine kunstneriske evner og ein byråkratisk tabbe vart han ein "fri" mann alt i 1853. Han gifta seg med ei engelsk straffedømd kvinne og fekk fem barn med henne. Han livnærte seg som kunstmålar, teiknelærar og elles forefallande arbeid. Familien busette seg i Hobart, Tasmania, og flytta seinare til Sydney, Australia.

Ole Bull, felespelaren, hadde kontakt med bror sin og freista å få han til å flytta til USA då Ole grunnla nybyggjarkolonien Oleana i Pennsylvania, men Knud valde å bli verande i Australia. Han vende heller aldri heim til Noreg og døydde i Sydney i 1889.

"View of Hobart Town" - måleri av Knud G. Bull,
henta frå 
commons.wikimedia.org
Straffen er ei interessant, illustrert og lettlest bok på berre 187 sider; midt i blinken for ein biografilesesirkeldeltakar med (altfor) mange bøker på gang og på vent. Ragnar Kvam jr. fortel historia om Knud Bull med psykologisk innsikt og innleving, og eg fann det interessant å lesa om denne for meg heilt ukjende mannen, "det sorte fåret" i ein fin Bergensfamilie.

Interessant var det også å lesa om straffemetoden transportering eller deportasjon. Storbrittania sende (grunna fattigdom, aukande kriminalitet og overfylte fengsel) sine forbrytarar til andre deler av Det britiske imperiet: Til Nord-Amerika fram til slutten av 1700-talet - og til Australia fram til 1868 då det endeleg vart slutt på deportasjonane. Frankrike nytta heilt fram til 1946 Fransk Guyana i Sør-Amerika som straffekoloni. Alle som har lest Papillon av Henri Charrière kjenner godt til den berykta Djeveløya som høyrde til denne franske straffekolonien.

Ragnar Kvam jr. har fortalt at han "oppdaga" Knud Bull og lagnaden hans i samband med eit besøk i Hobart då han var på leit etter stoff om Hjalmar Johansen, Den tredje mann.
Forfattaren er elles mest kjend for trebinds-biografien om Thor Heyerdahl. Hittil har eg ikkje hatt så lyst til å ta til på det verket - heile tre bind om ein einaste mann liksom? - men eg vurderer no faktisk å prøva meg på den fyrste boka. Ragnar Kvam jr. er nemleg ein - om ikkje eineståande - så i alle fall ein god forteljar.

16 kommentarer:

  1. Heldige deg som redder akkurat den rette boken ut fra glemselen, og det for bare kr. 20,- Høres ut som den falt i smak også. Jeg for min del hadde ikke hørt om verken bok eller forfatter før jeg svingte innom deg :)

    SvarSlett
  2. Ja, eg var heldig med denne. Slett inga dum bok, men ho er vel neppe så lett å få tak i lenger.

    SvarSlett
  3. Ole Bull er også nevnt i boka om Marcus Thrane. Husker jeg rett, så sier og gjør han ting som støtter stattholder Løvenskiold som bare vil en ting: Få Thrane dømt og fengslet… Artig med en biografi om broren Knut da, det er jo den samme tiden bøkene vi har valgt er fra.. Jeg har forresten to av Kvams bøker om Heyerdahl i hylla, som jeg vurderer å velge ifb med kategorien Eventyrere utpå høsten en gang..

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig. 1800-talet var ein interessant periode; det skjedde utruleg mykje både her i landet og ellers ute i den store verda. Fele-Ole, som eg likar å kalla han, var vel prega av ein priviligert oppvekst, vil eg tru.

      Kvam og Heyerdahl er eit godt val i samband med Eventyrere. Eg har tenkt litt på desse når det gjeld Vitenskaps-runden også. Time will show.

      Slett
    2. Ja, jeg spekulerte også litt ang heyerdahl som vitenskapsobjekt.. men har to andre alternativer, men de er filosofer (Arne Næss, professor i filosofi) og åndsvitenskapsmenn (Riudolf Steiner) men det er vel vitenskap det også? Litt usikker ift definisjon, men det skal jeg finne ut av..

      Slett
  4. Kvam har virkelig fått et oppsving pga biografisirkelen. Ikke bare har han valgt interessante personligheter å biofrafere - men han høres ut til å være svært flink i sitt fag. Jeg sier det igjen - det viser seg gang på gang at valget av biograf - nesten er viktigere enn valget av objekt - eller noe lignende -).

    Da du skrev fele-Ole i en tidligere kommentar ble jeg svært fascinert - men tenke overhode ikke på Ole Bull - nærmere veslefrikk, men jeg liker godt den måten biografien setter alt i kontekst - og forteller meg hvor lite jeg faktisk vet om tid og ting, feks - at også Norge sendte forbrytere ut av landet. Framover skal jeg holde ekstra utkikk etter Kvam på loppis/fretex.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein utvidar horisonten og får ny nyttig (og kanskje unyttig) lærdom av å vera med på biolesesirkel - det er sikkert og visst!
      Forfattar/biograf er faktisk viktigare enn personen det blir fortalt om, for oss lesarar i alle fall. Ein person kan ha levd eit spennande liv, men dersom forfattaren ikkje maktar å formidla det på ein skikkeleg måte vert det ei negativ leseoppleving.

      Slett
  5. Spennende med det sorte fåret Bull i den ellers så penslige Bull-familien. Det er betrygende å erfare at flere enn ens egen familie har tidligere slektninger med ikke helt rent mel i posen. Foreldrene mine drev med slektsforskning, og jo lenger bakover de kom desto morsommere ble det. For min mor. Som viser seg kom fra et høyt respektert familietre, mens min far kom fra helt motsatte kår, hehe... Interessant det med utsendelsen av Knud Bull til Australia. Jeg har lest en del om deportasjonene dit. (Og far har faktisk vært i Australia flere ganger, dog uten å finne noen av etterkommerne sine...). Et vennepar av meg - australienere - har også drevet med slektsforskning, og de har faktisk - tro det eller ei - norske aner. Blonde og blåøyde som de er så var det ikke akkurat en bombe.

    Fun fact: Jeg har bind tre av Ragnar Kvam's Thor Heyerdal bio-trilogi i hylla og hadde faktisk også planer om å lese ham under kategorien Eventyrere. Jeg er imidlertid noe i tvil. Tre bøker om Heyerdal er noe i overkant. Jeg har nemlig ikke helt kommet over Hemingway-mursteinen ennå... Jeg får nå se. Kanskje jeg rett og slett bare velger meg tredjeboka. En tredjedelsbiografi er også en biografi :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Slektsgransking kan ha mange utslag. Sjølv trur eg ikkje at eg har så spennande forfedrar og -mødre. Stort sett husmenn og enkle småbønder i fleire generasjonar bakover - etter det skriftleg materiale som kyrkjebøker og folketeljingar kan fortelja.

      Det finst ein del australiarar med norske og skandinaviske anar. Ifølge Digitalarkivet utvandra omlag 1500 nordmenn til Australia i tidsrommet 1867 - 1876. Talet på etterkommarar er nok blitt ganske formidabelt.

      Dersom eg hadde hatt ein biograf-Kvam i bokhylla hadde eg lest den - så les Heyerdahl bind tre! Er enig i at ein triologi om ein og same person er mykje - men Heyerdahl var nok ein allsidig mann som levde eit innhaldsrikt liv.
      Som eg skriv i blogginnlegget pønskar eg på å lesa om Heyerdahl sjølv også.

      Slett
    2. Man trenger jo strengt tatt ikke lese alle tre om Heyerdahl på rappen? Jeg vurderer bind to, siden bind en handler om så mye kjent stoff som vi har hørt og sett så mye om siden Kontiki-filmen og diverse dokumentarer i kjølvannet kom. Mulig jeg leser den tidligere, og velger Mannen og verden til biosirkelen, får se.. Marianne: Tar du treern og Berit enern så har vi jo dekket opp alle tre…;)

      Slett
    3. Haha, god ide!
      Har jo sett Kontiki-filmen, både den nye og den gamle, samt lest ein del om dei tidlegaste ekspedisjonane hans - men eg føler meg trygg på at denne forfattaren fortel det heile på ein grei og "ny" måte.
      (Men tre x Heyerdahl på rappen er too much Heyerdahl)

      Slett
    4. Ja, d kan jo hende - og når du sier Kvam skriver så godt er d en verdi i seg selv ! Har forresten Heyerdahls egne bøker om Kontikiekspedisjonen og den Aku-Aku ( Påskeøya -turen) i hylla også , men tror ikke jeg tar dem nå . Ble mer fristet til å lese Kvams skikkelige biografi.

      Slett
  6. Nå blir jeg litt grepet av fakta-basilen her! Jeg leser jo bare tull, tøys og påfunn! Jeg kan ikke påstå at jeg har blitt spesielt klok eller opplyst av de bøkene jeg har lest i det siste... Skal sjå hva jeg kan få gjort med det framover ;o)
    Og tjue kroner for ei bok er jo egentlig bare en symbolsk sum :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er viktig å lesa tull og tøys og fiksjon! Og det meiner eg verkeleg.

      Men - sakprosa; fakta, dokumentarar, historie og biografiar er absolutt verd å lesa - også.

      Slett
  7. Jeg tror jeg må lese Kvam. jeg husker etter omtalen din om Hjalmar Johansen, så fikk jeg lyst til å lese om ham. Og når det gjelder unge herr Bull, så er det kanskje ikke han som frister meg, men heller deportasjonene.
    Og ja, biograf er viktigere enn hvem man faktisk leser om. Jeg har lest bøker om interessante personer med en spennende liv der boka holdt på å ta livet av meg ... Og det er synd, for litteratur som dette er virkelig med og utvide horisontene i livet. Det er både lærerikt og mange ganger også selvransakende.
    Og som du sier: Tull og tøys og fiksjon er også viktig :-)
    Ha en glad dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same, Pia!
      Kvam er ein flink biograf - eg har fått sans for forteljarmåten hans. Han tek liksom utgangspunkt i kalde fakta og får plassert det heile i ein annan og nærare/varmare samanheng.

      Slett