429 sider
Kjelde: Lånt ebok (eBokBib)
Etter suksessen med Til Jacobs forsvar har også debutromanen til William Landay, Mission Flats, blitt utgitt på norsk - med (den uspennande) tittelen Den ubehagelige sannheten.
I likskap med den Til Jacobs forsvar har denne boka ei overraskande avslutning og ei heilt spesiell forteljarstemme; ei stemme som vender seg til lesaren på ein direkte måte.
Ein kan godt sei at dette er krim for vidarekomne; litt langsamt og med eit komplekst plott og eit mangfaldig persongalleri.
Det handlar om moral og umoral, sanning, kvite løgner og andre løgner; om at alle saker har fleire sider. Sanninga er ikkje alltid rett og løgnene er ikkje alltid feil. Her er det ikkje snakk om "dei gode" på den eine sida og "dei onde" på den andre sida. Det viser seg at absolutt alle har ting dei vil halda skjult for andre og for omverda. Og forresten - er det ikkje slik at det - av og til - er betre og meir moralsk at sanninga ikkje vert kjend?
I ein liten småby utanfor Boston har 24 år gamle Ben Truman "arva" politisjeftittelen frå far sin. Egentleg hadde Ben forlatt heimstaden for å studere historie, men då mora viste tegn på demenssjukdom flytta han tilbake. Faren takla ikkje kvardagen og utfordringane med ein uberegneleg ektefelle.
I småbyen er det lite kriminalitet, og kvardagane og gjeremåla på den lokale politistasjonen er greie å forhalda seg til for den unge politisjefen. Men så ein dag finn Ben liket av ein framståande statsadvokat i ei hytte i området. Funnet - som viser seg å vera eit drap - har samanheng med det harde kriminelle miljøet i storbyen Boston.
Saka fører Ben til dei tøffe gatene og gjengmiljøa i storbyen - og til samarbeid med advokatar og politifolk, også av ein meir tvilsam type. Politiet har ein hovudmistenkt, men Ben får kjennskap til ei hemmeleg historie om hevn frå tjue år tilbake - og tviler på at vedkommande er skuldig. Saka er mykje meir komplisert enn det ser ut som - og Ben får merka at han har mektige og farlege motstandarar.
Lesaren følgjer Ben si jakt på sanninga, ute i dei utrygge gatene, blant meir eller mindre skuldige kriminelle - og blant meir eller mindre korrupte politifolk. Ben blir prega; kven kan han stola på? Korleis ta vare på eigen integritet? Og - kan lesaren stola på Ben?
Den ubehagelige sannheten er ein god og utradisjonell kriminalroman.
Forfattaren er utdanna jurist, har jobba som statsadvokat og har difor ei litt anna vinkling på kriminalsaker enn det som er vanleg innan krimlitteraturen. Eg vil tru at dersom du likar bøkene til t.d. John Grisham, Harlan Coban og John Hart, vil nok også Landay sine bøker falla i smak.
Boka er skriven i eit velformulert og ledig språk, har gode dialogar og stødige og presise miljøskildringar. Til debutbok å vera er dette imponerande.
Denne må jeg ta en titt på en dag. Har også lyst å lese Til Jacobs forsvar, men det har ikke blltt enda. Lånte lydboka for flere måneder siden, men det funka ikke.. Tror det må bli papir her. Takk for tips.:)
SvarSlettBra bøker dette, Anita. Litt annleis, litt meir tankevekkande enn "normale" kriminalromanar.
SlettHar reservert den på biblioteket. Absolutt en forfatter det er verdt å lese flere bøker av etter å ha lest Til Jacobs forsvar, og etter å ha lest din omtale her og at Ina også har lest og omtalt romanen.
SvarSlettBra at omtalen fall i smak. Håpar boka fell i smak også.
SlettFin omtale og jeg ser du likte den litt bedre enn det jeg gjorde. Den var ikke så verst, men jeg likte Til Jacobs forsvar et hakk bedre, fordi den krøp mer under huden og satt litt spor etter seg enn det denne gjorde.
SvarSlettEg òg tykte Til Jacobs forsvar var betre - og grundigare, på ein måte. Men til å vera debutbok tykte eg denne var veldig bra.
SlettDenne fikk jeg lyst til å lese. Jeg har lastet ned 4 bøker av ny norsk skjønnlitteratur fra eBokBib akkurat nå, så jeg får nok lese dem først. Og så får jeg se om jeg finner denne :-)
SvarSlettHøres spennende ut og kanskje noe for sønnen min :) Ha en videre fin helg :)
SvarSlett