12. februar 2016

Kort om: Fotturar i Norge av Gaute M. Sortland

Det Norske Samlaget 2015
93 sider
eBokBib

Av og til er det slik at kjemien manglar. Det kan gjelda stader, folk eller bøker. Det treng ikkje å bety at ein stad er stygg, at eit menneske ikkje er bra eller at ei bok er dårleg. Det er ein personleg ting som handlar om at ein på eit visst tidspunkt ikkje føler seg vel i dei omgjevnadene / den plassen / i lag med det mennesket / med den boka.

Eg fann ikkje kjemien med kortprosasamlinga Fotturar i Norge. Eg følte meg ikkje vel medan eg las. Eg vart forvirra, irritert, hengde meg opp i skrivefeil - og var mest opptatt av å bli ferdig med dei stakkars 90 sidene. Det mest positive eg kan sei om boka er at ho er kort, at ho er skriven på nynorsk - og at eg har klart å fullføra ei bok som eg ikkje likte.

Det er muleg at boka hadde passa meg betre i ei anna tid, i ei anna setting eller i eit anna format - men eg tvilar.

At alle omtalane eg har lest når det gjeld denne boka er overveldande positive gjer meg frustrert.
At boka er mellom dei nominerte til årets Bokbloggerpris gjer meg oppgitt.
Samstundes prøver eg å gi blaffen i kva "alle andre" meiner. Det er lett å tenkja at det er noko gale med ein sjølv når ein ikkje skjønnar kva som er grunnen til all rosen. Etter mi meining er boka meiningslaus og manglar ein samlande tråd. Utanom dette med "Fotturar i Norge" då - som i denne boka betyr kva som helst - berre ikkje det ein skulle tru.

På førehand var eg klar over at boka var spesiell - og i utgangspunktet kan eg lika "bøker som ikkje liknar på andre bøker". Eg var også klar over at boka ikkje handla om turgåing i tradisjonell og bokstaveleg forstand. For "Fotturar i Norge" er i desse tekstane mykje forskjellig:
Fotturar i Norge kan vera ein person, f.eks. ein frustrert prest, ein sauebonde eller Oddvar Brå.
Fotturar i Norge kan også vera eit blått skilt - eller ein pub - eller ein leirklump. Eller noko heilt anna.
Sprøtt? Ja! og dessutan forvirrande, usamanhengande og irriterande. Og absolutt ikkje morosamt.

Nokre av tekstane er heilt korte, som små dikt - men dei framstår for meg som tilfeldige og lausrivne ord. Andre tekstar er lengre; mange av dei utan avsnitt og luft og virkar dermed heseblesande og masete.

Virkar eg sur og gretten? Vel - eg er ikkje det, - ikkje no lenger. Akkurat no er eg nøgd med at eg har klart å gi uttrykk for mi ærlege og oppriktige meining om ei sjeldan dårleg leseoppleving.
Truleg har forfattaren ei meining med tekstane sine, men eg fekk ikkje tak i det. Dårleg kjemi, som sagt.

Dersom du klikkar deg inn på sida til Bokbloggerprisen finn du fleire - og heilt andre - omtalar av Fotturar i Norge.

13 kommentarer:

  1. Sitter her og smiler etter jeg har lest omtalen din. Det er noe befriende med omtaler som går litt på tvers av hva hopen mener. Jeg er nok en av dem som likte boken, men husker at jeg jobbet litt med å se humoren i den i begynnelsen av lesingen. Jeg satte mer og mer pris på sjargongen etter som jeg leste. Alle bøker kan ikke treffe alle mennesker :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp. Eg meiner det er viktig og riktig å sei frå dersom ein går imot straumen.

      Slett
  2. Greit å vite dersom jeg forsøker meg på den - at det finnes lesere som ikke hadde kjemi med boken. Jeg begynte på Helga Flatlands "Vingebelastning" denne uka. Nå har det vært lite ro til å lese, og kanskje det hadde noe å si. Men jeg avbrøt lesingen, det jeg leste var meg revnende likegyldig av en eller annen årsak. Så da har jeg lest to av tre av romanene på kortlista til Bokbloggerprisen, det får bli slik.

    SvarSlett
    Svar
    1. Interessant at du "mangla kjemi" med Vingebelastning - for det er også ei bok som har fått utruleg mykje skryt. Eg har ikkje lest ho enno - mykje fordi eg likte så godt trilogien til Flatland og at "fallhøgda" då kan bli svært stor.
      Eg tykkjer det er bra at smaken er så ulik når det gjeld bøker, som alt anna i livet.

      Slett
  3. Nei og nei og nei. Hvilket helligbrøde -)
    Jeg vil også gå imot hopen, i mot det politisk korrekte, som det med smaken og baken i de fleste tilfeller er. Helt ærlig vil jeg at alle skal like/elsker de samme bøkene som jeg. Det er grunnmuren bak bokbloggingen - si meg hvorfor du ikke likte den og jeg skal fortelle deg hvor du tar feil - etc etc.
    Meeeen - og trippelsukk - snart 7 år med blogging har vist meg at det sjelden er så enkelt - og jegh ar etterhvert lært meg å akseptere/takle - og (ehm) forstå - at de finnes avvikende litterær smak der ute. Trippelsukk igjen.
    Jeg har lært å leve med det - og vil forhåpentligvis har kommet meg - til neste runde - som jeg antar vil være ditt innlegg om Vingebelastning? Forøvrig synes jeg den var tristere enn den var morsom, men jeg likte å lese anmeldelsen din. Det gjør jeg alltid!

    SvarSlett
    Svar
    1. "Det eneste som er verre enn å mislike noen sterkt, er å mislike noen som alle andre liker" - sitat Tegne-Hanne.
      Eg set verkeleg pris på kommentaren din.
      Og er ikkje uenig i at ein må akseptere at ein er uenige av og til.

      Slett
  4. Selv om dette var ei bok jeg likte utrolig godt, så gjør det meg enda bedre å se at du går imot strømmen og uttrykker sterke meninger om hvorfor du ikke likte boka. De gangene jeg ikke har likt ei bok "alle andre" trykker til sitt bryst så lurer jeg alltid på - før jeg begynner å skrive - om jeg må ha misforstått noe siden jeg føler meg helt på bærtur. Men har lært, at liker jeg ei bok så gjør jeg det. Misliker jeg ei bok så gjør jeg det også med hevet hode, selv om jeg er "den eneste" som har denne meningen. Det er det som er så herlig med bokblogging. Rett fra levra og ut på nett. Akkurat slik det skal være! Veldig bra omtale! Selv om jeg er av en helt annen oppfatning :) (vi er ofte ikke-samstemte om bøker du å eg, derfor liker jeg å lese omtalene dine! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha, Marianne - og "i lige måde", som det heiter.
      Å lesa omtalar som går på tvers av det ein sjølv meiner er faktisk nyttig.

      Slett
  5. Ærlighet er så viktig, og jeg må si at jeg setter aller størst pris på de bloggene hvor det er variasjon i anmeldelsene, det vil si at det ikke bare skrives om bøker som bloggeren elsket. For meg gir det et mer sammensatt bilde av leseren, når jeg kan lese litt om hva personen bak bloggen både liker og misliker. Som du vet så likte jeg denne boken veldig, veldig godt, men for meg er det også interessant å få lese om hvorfor du(eller andre) ikke likte "Fotturar i Norge".

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for den tilbakemeldingen, Mari. Eg set også pris på variasjon; at forskjellige lesarar har ulik oppfatning av ei bok. Det hadde blitt uendeleg kjedeleg å berre lesa superpositive bokomtalar rundt omkring på bokbloggane.

      Slett
  6. Jeg er veldig enig med alle her, og har derfor intet å tilføye, annet enn en at jeg ønsker deg en fin lørdagskveld.:) Har forresten blogget litt om andre Gaute Sortland-bøker i kveld, i et samlenotat. Er svært usikker på om jeg tror du vil like dem bedre..

    SvarSlett
    Svar
    1. Ah, der oppdaga eg kommentaren din.
      For å sei det slik; eg har ikkje spesielt lyst til å lesa andre bøker av Sortland.

      Slett