15. april 2016

Biolesesirkel: Just kids av Patti Smith

Samlaget 2012
315 sider

Papirbok lånt på biblioteket

Bioleserunden no i april har rock som tema, - nærare bestemt rockelegender. Eg har valgt meg boka Just kids - ein sjølvbiografi og ei erindringsbok skriven av rockelegenda Patti Smith. På Moshonista sin blogg finn du fleire omtalar av andre legendariske rockepersonlegdomar.

Eg kan tidfeste heilt nøyaktig fyrste gong eg "møtte" Patti Smith: Det skjedde nemleg 1. mai 1979 og har følgjande forklaring: Nokre år, på slutten av 70- og byrjinga av 80-talet, sende NRK (som då var den einaste TV-kanal som fantest, - det er knapt til å forstå for dagens unge) nattrock natt til 1. mai. Føremålet med dette TV-programmet var å halda ungdommar innandørs fordi det då nokre år hadde vore uro og opptøyer denne spesielle natta. Så - når eg høyrer om Patti Smith tenkjer eg på vår og russetid, "Because the night" og nattrock frå Rockpalast. Eg forsto umiddelbart den natta i 1979 at denne dama var heilt spesiell. Ho var ekte og kul. Ho var rock'n'roll.

For meg er Patti Smith (f. 30.12.1946) fyrst og fremst ein musikar og rockeartist, men det viser seg at ho er/har vore ein multikunstnar, noko som eg egentleg ikkje har kjent til før eg las denne boka. Alt frå tidleg barndom viste ho talent for teikning og dikting. Ho var tidleg bevisst på at ho ville bli kunstnar. For å leva ut denne draumen måtte ho ut: Ut i verda, til storbyen, for å søkja erfaring, inspirasjon og likesinna.

Just kids handlar om livet, døden, kunsten og kjærleiken. Det er to historiar som blir fortalt: Smith sine erindringar og skildringar av sitt eige liv - samt den sterke og vakre forteljinga om forholdet til og venskapet med den kontroversielle fotokunstnaren Robert Middlethorpe (1946-89). I tillegg gir forfattaren eit godt tidsbilete frå undergrunnskulturen i New York på 1960- og 70-talet.

Dei to ungdommane Patti Smith og Robert Middlethorpe møtte kvarandre tilfeldigvis i 1967 i New York. I starten levde dei frå hand til munn, brukte tida på kvarandre, på kunsten og på å overleve. Smith skildrar denne perioden på ein var, varm og levande måte - det er nesten som å vera tilstades der det skjedde. Ho fortel nøkternt og usentimentalt om sterke kjensler, vanskelege tilhøve og møte med unike personar. Smith og Middlethorpe var tvillingsjeler og slutta aldri å elska kvarandre. Heller ikkje då Middlethorpe etter kvart fann ut han var homofil. Anekdotane og historiane i boka er interessante og fascinerande. Det er den unge Patti Smith som fortel, sjølv om ho faktisk var over 60 år då ho skreiv boka.

For meg vart mange av namna i boka, både på personar og stader, framande og sa meg lite. Eg hadde også forventa meir om musikk og meir om Patti Smith Group. Men boka er svært leseverdig; eg trur aldri at eg har lest ein biografi med vakrare språk (og oversetjing).

I eit siste brev til Robert Middlethorpe skreiv Patti Smith dette:
"Du drog meg opp frå den mørkaste perioden av mitt unge liv og delte det heilage mysteriet med meg: Kva det vil seie å vere ein kunstnar. Gjennom deg lærte eg å sjå, og komponerer aldri ei line eller teiknar ei kurve som ikkje bygger på kunnskapen eg fekk i den dyrebare tida vi var saman."



Because the night vart skriven av Bruce Springsteen, men han ga vekk låta til Patti Smith som deretter omarbeidde sangen. (Meir om låta på nettsida songfacts.com)
Videoen ovanfor er frå 1978. Denne versjonen er av høg kvalitet og ein kan her tydeleg sjå kor stor utstråling og formidlingsevne Patti Smith hadde. Denne evna har ho fortsatt - noko boka Just kids viser.

11 kommentarer:

  1. Litt artig at rock på tv fikk ungdommen til å holde seg inne i 79, men jeg savner det ikke. Mobilen i lomma og muligheten til å se Patti når det måtte være overskygger nostalgien. Ikke det at jeg noen gang har sett Patti, hverken på TV eller tube. Jeg venter til lysten vekkes etter jeg har lest bøkene. Har forstått det slik at de gjør fans av oss alle. Litt som Amanda Palmer, som jeg heller ikke har lest - eller hørt. Sukk. Ser ut som om alle har hatt superbioer - uten meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er muleg at alle blir fans etter å ha lest Just kids og/eller M Train, eg veit ikkje heilt.. Eg hadde nok aldri lest denne boka dersom eg ikkje hadde hatt eit visst "forhold" til Patti Smith og musikken hennar.
      Amanda Palmer er kul, men ikkje heilt min smak (og no snakkar eg også om musikk). Eg har sett fleire av videoane hennar, og meiner at framføringane hennar er kunstige og teatralske (men det er vel kanskje ikkje hennar "feil").

      Slett
  2. Flott omtale! Just Kids har jeg enda ikke lest, selv om den er kjøpt på engelsk før den kom på norsk, og jeg har den signert av Patti i hylla mi, fra da hun var på Trondheimbesøk forrige gang. Hun kommer igjen i august og jeg skal dit. Synes hun holdt seg utrolig godt da hun spilte i Borggården for få år tilbake. Jeg digget også "Because the night" i mine ungdoms år, en sang jeg fortsatt blir nostalgisk av å høre.
    Nå leser jeg faktisk den siste boka til Patti, M Train, også det en selvbiografisk erindringsbok. Ikke så mye om musikk, men mest om reiser, skriving, kafeer, livet, et hus hun kjøpte, litteratur hun leser/leste, og om kjæresten Fred som hun sørger over siden han døde for ung. Så hun har mistet mye, både Robert og Fred og flere venner..

    At Bruce Springsteen har skrevet låta er gøy, nå er det Brucefeber i Trondheim, siden han skal spille her i juli. 35000 billetter ble revet ut på 21 min da de ble lagt ut i går.. (nei, jeg har ikke billett, får heller kose meg med Patti Smith og Van Morrison i sommer- som jeg har billetter til)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sidan me tilhøyrer same årgang/generasjon har me mykje av den same musikksmaken/-referansane, og det er kjekt å oppleva, tykkjer eg. For meg finst det ikkje noko betre enn syttitals-rock, eg lyttar stadig til klassikarar som Deep Purple, Led Zeppelin, Pink Floyd, Queen, David Bowie - og gjerne Patti Smith, Bruce Springsteen og Van Morrison.
      Kos deg på konsertane til sommaren!

      Slett
    2. Ja, ikke sant. :) Men jeg liker også nyere musikk, selv om jeg kan høre på de gamle store. Det var en utrolig tid musikalsk sett, derom ingen tvil. Zeppelin og Pink Floyd likte jeg også veldig godt ja, og det kan høres den dag i dag.
      Da likte du kanskje Jethro Tull også? Jeg har faktisk billett til en konsert/rockeopera med Ian Anderson på sensommeren, i Olavshallen . Det blir stas.
      Takk skal du ha.

      M Train er jeg forresten ferdig med nå og blogget om den i formiddag, postet nå. Jeg lurer på om jeg vil like Just Kids litt bedre...vi får se.

      Slett
    3. Jenthro Tull har eg ikkje høyrt så mykje på. Dei vart litt sære - særleg Ian Anderson med tverrfløyta si :)

      Slett
    4. Ok, sære? Litt annerledes kanskje, mye melodi og litt folkrockaktig kanskje..mer som musikkstykker som historier å regne, muligens.. vanskelig å forklare. Jeg likte dem, i perioder i alle fall.

      Slett
  3. Denne boka var en av mine lesehøydepunkter i 2015, og hadde planer om å følge opp med 'M Train' til denne runden av biografisirkelen. Tror kanskje den kan treffe meg enda bedre, ut fra alt Anita skriver over. Jeg hadde ingen forhold til Patti Smith annet enn som et navn før jeg leste denne, og bøker og skriving interesserer meg strengt tatt mer enn musikk.

    For øvrig: En aha-opplevelse av å lese introen din. Har tenkt meg grønn for å finne et norsk ord for den engelske betegnelsen 'memoir', og erindringsbok er jo helt perfekt! Og så åpenbart etter å ha lest det én gang.

    SvarSlett
    Svar
    1. For meg er "memoir"/"memoarar" eit framandt uttrykk, så eg likar betre erindringsbok.
      Eg har tenkt å lesa M Train seinare, eg diggar dama - og ho har opplevd mykje interessant.

      Slett
  4. Because the night..var helt i begynnelsen av skolefest-tiden min (ungdomsskolen). Digget den sangen hemningsløst! Ikke lest Patti-bio'en, men skal prøve å få lurt henne inn. Har hørt og lest mye om den boka. Utelukkende positivt, nå også fra deg. Var ikke klar over at Springsteen hadde skrevet låten. Har aldri vært Springsteen-fan dessverre..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur dei fleste blir betatt av denne boka, slik er det berre.

      'Because the night' er ein sang som har betydd mykje for mange - og er etter kvart blitt ein klassikar, for folk i fleire generasjonar.

      Slett