24. februar 2017

Bokomtale: To søstre av Åsne Seierstad

Lydbokforlaget 2016
Speletid: 15:19
Opplesar: Ane Dahl Torp

Eg hadde ærleg talt ikkje trudd at denne boka skulle gjera så sterkt inntrykk på meg som ho gjorde. Sidan eg hadde lest så mange bokomtalar og diskusjonar rundt tematikken i boka på førehand kunne eg umuleg bli så gripen. Trudde eg. - Eg tok feil.

Åsne Seierstad har skrive ein medrivande, rystande, levande og sakleg dokumentar om dei to norsk-somaliske søstrene som reiste til Syria og slutta seg til IS. Om den fortvila situasjonen resten av familien vart sett i då dei reiste. Om faren sin kamp for å få døtrene heim igjen. Om radikalisering av tilsynelatande velintegrerte muslimske ungdommar. Om korleis borgarkrigen i Syria har arta seg dei siste fem åra. Om kor fortvila fastlåst situasjonen der er.
Krigen startet som den ofte gjør, med spredte trefninger. Én drept, én families sorg. To drept, folk fortsatte å danse. Tre drept, de knekker oss aldri. Fire drept, kvinnene holdt seg innendørs, fem drept, barna forsvant fra demonstrasjonene, seks drept, sangen stilnet, sju drept, begravelsene ble til protestmarsjer, åtte drept, de døde måtte hevnes, ni drept, unge menn tok til våpen, ti drept, de lærte seg å drepe. Så startet nedslaktingen.
Det er inga lystig forteljing med happy ending dette. Dei to søstrene befinn seg framleis i Syria, mest sannsynleg i den nesten fullstendig øydelagde byen Raqqa. Både Ayan og Leila er blitt gifte med jihadistar og begge har fått barn. Faren sine mange desperate forsøk på å henta ut dei to var alle mislukka - og det vel heller tvilsamt om dei nokon gong kjem tilbake til familien i Noreg.

To søstre er ei svært spennande og velskriven bok. Eg er imponert over måten Seierstad skriv på, kor grundig bakgrunnskunnskapen hennar er og over evna ho har til å formidla det heile på. Ho vekslar elegant mellom tid og rom og mellom nært og fjernt. Alt fortalt på ein ryddig og forståeleg måte.

Seierstad gjer greie for dei såkalla push- og pullfaktorane: Kva driv ungdommar vekk frå det dei fleste av oss oppfattar som eit trygt liv til å bli deltakarar i ekstreme og fundamentalistiske grupper som IS? Korleis kunne desse fornuftige og oppegåande jentene på 16 og 19 år bli så radikaliserte? Dei reiste med opne auge og med mål om å slutta seg til Den Islamske Staten; å bli ein del av eit shariastyrt kalifat. Kven og kva var det som påvirka dei til å ta eit slikt val? Kva rolle spelte karismatiske, halvkriminelle og ekstremistiske personar i Profetens Ummah og Islam Net? Kvifor Syria - eit land som dei ikkje hadde tilknytning til? Dei to søstrene planla reisa i eitt år, målbevisst og detaljert. Kvifor skjønte ikkje familien og omgangskretsen noko? Korleis er det muleg?

Forfattaren har ikkje alle svara på desse spørsmåla, men ho skildrar tydeleg og grundig kva som gjekk føre seg i forkant av avreisa. Ho peikar på fleire forhold som kan forklara det som hende. Stikkord er ungdomsopprør, leit etter identitet, einsemd, påverknad frå sosiale media, romantiske tankar og stadig strengare/sterkare religiøsitet. Søstrene skifta i løpet av ganske kort tid klestil frå tilnærma vestlege klede til full niqab, noko som burde ha vore eit varsel om at noko var på gang. Men skulen og nærmiljøet stilte ingen spørsmål eller kom med kritikk; dei tolka vel stilskiftet som noko privat og personleg - og slikt vert gjerne teke omsyn til. Som etterpåklok ser ein at det var ein tabbe at ingen greip inn.

Dersom du, som meg, trur at du har lest "nok" om denne boka på førehand: Les likevel. Boka er viktig og lærerik, informativ og dramatisk. Det er ikkje utan grunn at To søstre har blitt tildelt prisar og nominasjonar.
Lydboka kan anbefalast. Ane Dahl Torp har ei behageleg stemme og les tydeleg og utan "fakter", heilt i tråd med det nøkterne språket i boka.

Andre bloggmeiningar om denne boka:
Melucines placeTine sin blogg, Artemisias verden, Rose-Maries blogg, Reading Randi, Bokelskerinnen, Skrivegleden, Elise Cathrin, Kleppanrova, Med bok og palett, Ellikken

5 kommentarer:

  1. Helt enig. Kjempebra bok. Jeg anbefaler også Demian Vitanzas "I dette livet eller det neste", samt Erlend Ofte Arntsens "Fremmedkrigere" som jeg er godt i gang å lese nå. Samme tema, andre vinklinger, en del av de samme folka, gruppene..Interessante, skremmende og lærerike bøker.
    Takk for link, Berit og god helg. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tips om andre bøker innan same tema. Eg er enig i at dette er lærerikt og interessant å lesa om.

      Slett
    2. Ferdig med Fremmedkrigerne nå. Sterk bok og like interessant som To Søstre. Den følger flere av de ungdommene som reiste, spesielt de fra Fredrikstad. Rart den ikke har fått mer oppmerksomhet.

      Slett
  2. Det er så godt å se at vi er mange som har lest denne boken, og alle uten unntak lar seg begeistre. Takk for link Berit, kjekt at du også lot deg rive med :)

    SvarSlett
  3. Så flott at du lot deg rive meg, takk for link

    SvarSlett