26. juli 2017

Omtale: Shardlake-serien av C. J. Sansom

Historisk krim er ein sjanger eg likar svært godt, sidan eg ved å lesa desse bøkene kan få kombinert interessa mi for historie og samfunnsutvikling med spenning, grøss og gru. C.J. Sansom har hausta stor anerkjenning for den historiske kriminalserien om advokaten Matthew Shardlake - og desse bøkene anbefalast varmt. Forfattaren har doktorgrad i historie og er også utdanna jurist så ein kan trygt slå fast at han har greie på det han skriv om.

Det er forlaget Press som gir ut C. J. Sansom sine bøker på norsk. Alle bøkene er frittståande og treng såleis ikkje lesast i rekkefølge, men som vanleg når det gjeld bokseriar; ved å lesa dei kronologisk går ein ikkje glipp av samanhengar og utvikingstrekk.

Eg tykkjer det er interessant å lesa om politiske og ideologiske brytningstider - og Tudor-tida var ei slik kaotisk og dramatisk tid med sterke religiøse og maktpolitske krefter - og motkrefter. Eg blir heller aldri lei av å lesa om Henrik VIII og konene hans (Divorced - Beheaded - Died - Divorced - Beheaded - Survived..)

Sansom sine skildringar av London og England på 1500-talet er levande skildra og etter det eg kan forstå; historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar. Persongalleriet er rikt og mangfoldig og svært mange av personane er verkelege historiske personar. Mange av dei hendingane det vert fortalt om har også rot i det som verkeleg skjedde, men Sansom har gjerne ein eigen vri på kva og korleis. Alt vert fortalt gjennom augene til hovudpersonen - den melankolske og lojale Shardlake.

Dei fem fyrste bøkene i serien har eg skrive om i ulike samleomtalar. Nedanfor har eg samanfatta og delvis kopiert det eg skreiv i samleinnlegga. Og heilt til slutt; ein kort omtale av den sjette boka - Klagesang - som eg las for kort tid tilbake.


Oppløsning (Dissolution)


Den fyrste boka tok tak umiddelbart og sette meg i Rosens navn-stemning. Ein kan nemleg finna ein del som minner om Umberto Eco sin kjende roman, men utan all latinen - og er lagt til eit anna tid. Men også her handlar det om kloster, munkar og groteske mord.

Utgangspunkt for handlinga er den store kyrkjereforma som fann stad på slutten av 1530-talet. For England og for kong Henrik VIII er det ikkje fyrst og fremst teologiske omsyn til denne endringa, men heller politiske og økonomiske. Dermed kjem ein viktig biperson i denne serien inn; Thomas Cromwell, som på denne tida har kongen sin tillit - og som på si side har eit viktig oppdrag til "vår mann"; sakførar og etterforskar Matthew Shardlake.

Shardlake og assistent Mark får mange utfordringar når dei skal etterforska eit drap på ein av kongens menn i klosteret på Scarnsea. Saka er innfløkt og løysinga og avsløringa av det heile er særdeles overraskande.

Stilen er langsam og omstendeleg og språket noko snirklete - men står i stil til denne tidsepoken. Boka gir gode tidsbilete og har glimrande miljøskildringar. Terningkast 5.



Mørk ild (Dark fire)


Fantastisk bok for oss som likar finurlege kriminalmysterium og som også har sans for historie generelt og Tudortida spesielt. I del to av C.J. Sansom si historiske kriminalromanserie møter me på nytt den pukkelrygga, rettskafne og smarte sakføraren Matthew Shardlake. Han har i denne historia to oppdrag; det eine er ei slags "lukka rom"-mordsak og det andre er eit spesialoppdrag for kongens mann - Thomas Cromwell.

Me befinn oss no i år 1540. Makta og innflytelsen Cromwell har hatt på kong Henrik er på retur. Det engelske samfunnet er prega av kaos og strid og for Cromwell sjølv er framtida uviss, for å sei det forsiktig.

Skildringane av dei skitne Londongatene er så gode at ein nesten kjenner stanken medan ein les. Forfattaren er utdanna både historikar og advokat - og det merkast. Noko dårleg framdrift i fyrste halvdel av boka trekker ned heilskapsinntrykket, men likevel: Terningkast 5.



Monark (Sovereign)


Monark er tredje avsnitt i denne historiske krimroman-serien. Historieundervisning og underhaldning samstundes er heilt topp for meg.

Me befinn oss i England i 1541, mesteparten av handlinga er lagt til Yorkshire. Hovudperson og forteljarstemme Shardlake jobbar ikkje lenger for Thomas Cromwell (sidan han mista hovudet i forrige bok), men på nytt får Shardlake og assistent Barak ei ekstraordinær oppgåve, denne gongen på oppdrag frå erkebiskop Thomas Cranmer. I tillegg får Shardlake ansvar for etterforskinga av ei uforklarleg mordsak.

Eg er mektig imponert over Sansom og måten han framstiller miljøet, persongalleriet, samfunnsordninga og dei historiske hendingane på. Trass i sidetalet (606) er boka heilt utan daudpunkt og alle trådar som vert lagt undervegs vert det nøsta godt og grundig opp i til slutt. Eg sluttar meg til blurben på omslaget: Kongekrim! Terningkast 5+.



Åpenbaring (Revelation)


Tudortida var ei tid med stadig skiftande alliansar og eit mektig og motsetnadsfylt maktapparat, ei tid prega av svik og strid, vald og uro. Advokat Shardlake får eit nytt oppdrag av erkebiskopen samstundes som han er opptatt med eit mord på ein nær ven. Kong Henrik VIII har på si side kvitta seg med kone nummer fem og kasta augene sine på den reformistvenlege lady'en Katherine Parr.

I denne boka handlar det ein del om religiøs fanatisme - og det er nærliggjande å dra linjene fram til vår eiga tid. Tittelen viser til dei dystre og merkelege spådommane i den bibleske Johannes' openbaring og om personar som er ekstremt opptekne av endetida.

Åpenbaring er bok nummer fire i serien og eg tykkjer bøkene blir betre og betre. Kanskje ikkje sjølve kriminalgåtene - men Sansom skriv verkeleg bra: miljøskildringane, språket, dei historiske detaljane, intrigane, karakterane, realismen, korleis forteljinga heng saman - alt dette er heilt topp. Terningkast 5+.


Undergang (Heartstone)


Ei mektig leseoppleving! Nesten 700 tettskrivne sider, så det tek si tid - men ein får så mykje gjennom denne historiske kriminalromanen: Underhaldning, kunnskap, spenning og flotte levande skildringar av både menneske og miljø.

Den femte romanen om advokat Matthew Shardlake er, som dei føregåande, fengande og lærerik. Handlinga er lagt til 1540-talet, og Shardlake og assistent Barak er på ein måte Tudortidas Sherlock Holmes og Dr. Watson. Også denne gongen er oppdraget deira todelt: For det fyrste skal dei finna ut av ei sak for Katherine Parr, Henrik VIII si sjette (og siste) dronning. I tillegg har Shardlake ei personleg sak som han ynskjer å finna ut av. Oppdraga skal føra Shardlake til Portsmouth og eit særdeles nært møte med krigsskipet Mary Rose.

Det er langsamt, omstendeleg og detaljert - utan at det virkar overlessa og utan at eg, som egentleg er ein litt utålmodig lesar, mistar tråden og interessa. C.J. Sansom har imponert meg nok ein gong. Terningkast 5+.


Klagesang (Lamentation)


Dramatikken tek ingen ende i denne bokserien, men for kong Henrik VIII nærmar det seg slutten. Intrigane, maktkampen og motsetningane i hoffet og geheimerådet tilspissar seg. Ingen vil vera tapande part i det som foregår; straffa er hard og brutal for dei som går imot gjeldande styre og lov. Kjetterbåla er mange og torturistane har travle dagar. Ingen kan stola på nokon, heller ikkje kongen - og slett ikkje dronninga. Enkelte sentrale maktmenneske og aktørar har bokstaveleg talt mista hovudet medan andre er sleipe (og/eller lure) og snur kappa etter vinden.

Dronning Katherine er i knipe og treng Shardlake sin assistanse. Ho har i all hemmelegheit skrive bok; ei bønnebok eller ein klagesang. Ei slik bok kan oppfattast som radikal reformisme og kongen slår hardt ned på slikt. Så vert boka stolen og ein boktrykkar vert funnen drept med eit samankrølla ark frå boka i handa. Dersom boka kjem ut og dersom det vert kjent at det er dronninga som står bak - då er ikkje vegen lang til skafottet. Og dersom Shardlake og medhjelparane hans ikkje lukkast i å finna den skuldige - då er også dei ille ute.

Sansom gir oss levande skildringar frå både kongelege gemakkar, fangekjellaren i Tower, daglegliv i Londongatene, samt glimt frå boktrykkar- og andre handverkarverksemder. Samstundes får ein skarpe og interessante karakteristikkar av både historiske og fiktive personar. Noko som er spesielt fascinerande er innblikket ein får i korleis tudormenneska tenkte og oppførte seg. Det enorme klasseskiljet; dei øverste på samfunnsstigen sin groteske rikdom og dei lågaste som befinn seg i desperasjon, naud og armod. Kor vidtfemnande religionen var; å vera utan gudstru var nærast utenkeleg i dåtidas samfunn. Sakføraren Shardlake, som ser kor øydeleggjande striden mellom tradisjonell og reformistisk kristendom er, prøver alt han kan å halda seg nøytral og upartisk. Det vert naturleg nok vanskeleg for han.

Heilt til slutt i denne 700 siders mursteinen gjer forfattaren greie for historiske fakta og presenterer teoriar vedkommande dei mange dramatiske og turbulente hendingane som fann stad i England i 1546-47. Eg vil tru at det kjem fleire bøker i denne serien - avslutninga tyder på det - sidan Shardlake får ein ny spennande oppdragsgjevar. Klagesang får full pott og terningkast 6.

3 kommentarer:

  1. (oppdaterer meg langsomt -)
    Ble litt satt ut over at jeg har gått glipp av denne serien. Eller jeg har jo fått med meg at den blir lest, har bare ikke lest så nøye/hørt etter det som har blitt skrevet/sagt, tenkt at det var moderne, kanskje? vet ikke helt, men ser jo nå at dette er helt i mi gate,

    Update:
    Løp rett til storytel, men så at alle bøkene (4 stk) var på 6t, virket meget mistenkelig så jeg sjekket storytel men der var de dramatisert med full cast og var på ca 3t, bortsett fra den siste som var 25t. Irriterende, for jeg finner kun de som er lest av Anton Lesser (god oppleser) og på audible står det abridged. Finnes virkelig ikke uforkortede utgaver. Må lete en gang til..

    SvarSlett
    Svar
    1. (svarar tilsvarande langsamt)
      Dette må vera i di gate, absolutt - sidan du vel har lest Hilary Mantels Wolf Hall? og Bring up the Bodies? Eg fann Shardlake-serien ekstra interessant sidan eg las Mantel sine bøker bortimot parallelt. Sansom har ein annan stil enn Mantel riktignok, og bøkene er jo ein (litt) annan sjanger - men dei har den same detaljrikdomen og mange av personane er dei same.
      Måtte sjølvsagt søkja på Storytel og Google, men er like klok.. Ser at BBC må ha laga høyrespelversjonar av ein del av bøkene. Dei er naturlegvis forkorta, men det undrar meg at bøkene på Storytel er så korte. Den fyrste boka (Oppløsning/Dissolution) er den kortaste av alle (min norske versjon er på 428 sider) og då må opplesaren jammen lesa fort for å få alt unna på 6 og ein halv time.

      Slett
    2. Det står helt klart at de er forkortet på audible (som jeg mente å si - ikke storytel ørten ganger), på storytel nevner de det ikke. Hørespill på ca 2,5t og forkortet utgave på 6t. Ser ikke ut som om de har tatt seg bryet med å lese inn fulle utgaver, annet enn på den siste, som plutselig da blir 25t. Har så sterke motforestillinger mot forkortede utgaver at jeg må bearbeide meg selv noen månender (år) før jeg tar fatt. Kan jo hende at jeg leser den første, blir betatt og hengir meg ukritisk til barneforkortelser framover. Skrekkscenario.

      Ikke lest Bringing up the Bodies. Kun Wolf Hall. Snart kommer treern. Stabler de opp i glede-seg-bunken.

      Slett