30. desember 2019

Årsstatistikk 2019

På årets nest siste dag er statistikken klar. Eg brukar eit excelark der eg fører inn alle relevante opplysningar etter kvart, noko som gjer det fort og enkelt å få oversikt. I fjor las eg 94 bøker - og i skrivande stund har eg lest 93 i år. I løpet av morgondagen kjem eg til å lesa ferdig ei av dei påbyrja bøkene mine, og dermed havnar eg på nøyaktig same tal som for 2018.

Denne oversikten består for det meste av tørre tal, til nytte for meg sjølv og muligens bittelitt interessant for andre. Ein meir utfyllande årsoppsummering samt nokre ord om bokåret 2020 kjem seinare. Som vanleg kjem det óg ein månadsoppsummering for desember, anten i morgon eller neste dag (år).

Lese- og bloggeåret 2019 

(Fjorårets tal i parentes)

Fullstendig oversikt
Fjorårets statistikk

Til saman
  94 bøker (94)

Sjanger
  61  krim-, thriller- og spenningsromanar (67)
  12  andre romanar (10)
  15  sakprosa (16)
    - av desse 9 biografiar (10)
  4 novellesamlingar (4)

Format
 38  papirbøker (39)
 18  ebøker (25)
 38  lydbøker (30)

Alder
 53 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2018 (44)
 34  i 2019 (42)
  - av dei 13 norske (21)
 Utgitt før 2000: 7 (6)

Kjelder
 55  lånt - privat, bibliotek og eBokBib (64)
 25  Storytel-abonnement (14)
 12  kjøpt sjølv (16)
 3 bøker fått i gåve (1)
 Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
 Terningkast 6: 1 bok (1)
 Terningkast 5: 31 bøker (31)
 Terningkast 4: 43 (46)
 Terningkast 3: 14 (15)
 Terningkast 2: 0 (0)
 Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
 25 "nye" forfattarar (25)

Kjønn
 68 bøker skrivne av menn (65)
 28 av kvinner (30)

Nasjonalitet
 48 bøker skrivne av norske forfattarar (36)
 19 av svenske forfattarar (16)
 11 britiske (16)
 5 danske (6)
 4 franske (0)
 3 amerikanske (8)
 2 finske (1)
 2 islandske (1)

I 2019 las eg flest bøker av
 Tor Åge Bringsværd: 5
 Sharon Bolton: 3
 Peter May: 3
 Fred Vargas: 3
 Christoffer Carlsson: 2
 Frank Aarebrot: 2
 Jørgen Jæger: 2
 Håkan Nesser: 2
 Roar Sørensen: 2
 Tommi Kinnunen: 2
 Robert Dugoni: 2
 Levi Henriksen: 2
- Dei øvrige: 1 av kvar

Elles:
 3 av bøkene eg las var på over 600 sider (6)
 1 bok på svensk, resten på norsk
 Eg fullførte alle påbyrja bøker

Forlag
Eit nytt element av året som eg har sett på for moro skuld. Som regel har eg ikkje tanke på kven og kva som gir ut bøkene eg les, så eg var litt nysgjerrig på kva statistikken sa om dette. Størsteparten av bøkene som vert utgitt her i landet kjem frå dei tre store Cappelen Damm, Aschehoug og Gyldendal. "Mine" bøker i 2019 avspeglar dette. At det er så mange CD-bøker her skuldast fyrst og fremst at Cappelen Damm er det største forlaget her i landet, samt at eg har satsa på lydbøker frå Storytel (der CD er tungt inne på eigarsida).

 30 Cappelen Damm
 18 Gyldendal, 4 av dei via Lydbokforlaget
 13 Aschehoug, 2 av dei via Lydbokforlaget
og vidare:
 5 Goliat
 5 Kagge
 5 Vigmostad Bjørke
 4 Capitana
 2 Asiaforlaget
 2 Pax
 2 Gursli Berg
og 1 bok frå kvar av forlaga Font, Juritzen (som no heiter Pioner), Oktober, Samlaget, Pelikanen, Pilar, Spartacus og Bookmark förlag.

Bloggen
 57 blogginnlegg (71)
 23 bokomtalar (31)
 13 samleomtalar (16)
 Mest leste blogginnlegg: Påskekriminnlegget Gule bøker

Eg vil nytta høvet til å ynskja alle lesarar og følgjarar ei fortsatt god romjul!

8 kommentarer:

  1. Gratulerer med masse leste bøker i 2019! Veldig kjekt å lese gjennom statistikken din, det er mer enn "bittelitt" interessant :) Kult at du holder deg på 0,00 leseeksemplar, jeg strever mot det jeg også, men min higer etter å lese nye bøker spenner litt bein under meg.
    Riktig godt nytt år Berit, gleder meg til å følge deg videre :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstår godt at andre ber om leseeksemplar, men eg føler meg "friare" når eg skaffar meg bøker på andre måtar. Då er mine omtalar (etter Forbrukerrådet og enkelte forlag sin definisjon) ikkje "reklame" heller..

      Slett
  2. Grattis med masse lest og godt nytt år til deg.:)
    Alltid artig med litt statistikk blant oss boknerder.;)
    Ser du har lest overvekt med bøker av menn, Kan det ha med at du leser så mye krim å gjøre mon tro? (pluss Levi Henriksen, polfarerbiografier og Bringsværd)
    Tror også jeg har hatt en tendens til noe overvekt av menn, men det har nok justert seg ca likt siden jeg leser en del norsk samtid, og prøver å være bevisst når det gjelder 1001-bøker feks. Har egentlig ikke ført statistikk over det, men lagt merke til det for meg selv sånn røfflig..
    Jeg reiser bort i morgen på nyttårsfest og blir til onsdag, så mine oppsummeringer kommer litt etter litt, kanskje jeg får gjort noe på toget. hvis jeg da ikke velger å lese og skravle med hun jeg drar med..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg elskar statistikkar, oversikter og årskavalkadar! Kunne godt ha skrive fleire blogginnlegg og forska og lest meir omkring dette, om eg hadde hatt tid.

      Den skeive kjønnsfordelinga skuldast i stor grad min "macho" lesesmak. Enig i det.

      Slett
  3. Godt nytt år, ikke minst godt nytt leseår. Wow!, er så imponert over statistikken din over bøker. Og inspirerende til å gjøre noe lignende. Kanskje det hadde vært noe som kunne fått opp leselysten min som har vært dalende de siste årene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser ikkje bort frå at statistikkar og listeføring kan ha ein positiv innverknad på leselyst. Prøv!

      Slett
  4. God Nyttår til deg!
    Du leser veldig mye annen litteratur enn meg og det er jo også spennende. Kongstanker har du gitt 5, den har jeg tenkt på og lese. Da får nok den et opprykk, ser jeg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kongstanken er veldig bra. Interessant om nyare norsk og europeisk historie. Skal lesa dei neste bøkene i serien óg, med tid og stunder.

      Slett