Kvifor har me det så travelt heile tida?
Diktet nedanfor handlar om at ein aldri stoppar opp for å kjenna at ein lever og om å ikkje sjå menneska rundt seg.
Bilete henta frå https://www.janmagnusbruheim.no/ |
Den annsame
Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.
Så lid det til endes på dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?
Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.
Frå samlinga «Årringar» (1987)
Så fint, så sant og så trist...
SvarSlettVerkeleg til ettertanke dette diktet.
SlettDet var meg som plutselig ble anonym over der :-)
SvarSlettSlikt skjer😉
Slett