31. juli 2023

Oppsummering juli 23

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Kurt Aust - Hjertets mørke - Historisk krim/roman - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Etterpå er vi alle kloke - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i juli:
Ingrid Berglund - Den svarte svanen - Norsk krim - Lyd Storytel
Lars Helle - Den som hengir seg til djevelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørn Lier Horst - Forræderen - Norsk krim - Lyd Storytel
Yrsa Sigurðardóttir - Byttedyr - Islandsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Karsten Alnæs - Norske konger på 200 sider - Norsk dokumentar/fakta - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - Afrika på 200 sider - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
Jens Kihl - Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om - Norsk biografi - Lyd Storytel
Frode Grytten - Garasjeland - Norsk novellesamling - Lånt ebok BookBites
Katrine Engberg - Det brennende bladet - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Jens Henrik Jensen - Kullmannen - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Espen Skjerven - Kleptokratiet - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

6 lyd, 2 papir, 3 ebøker
6 lånt, 5 abonnement
6 krim,  1 historisk krim, 2 dokumentar/fakta, 1 biografi, 1 novellesamling
9 norske, 1 dansk, 1 islandsk
8 menn, 3 kvinner
Nye forfattarar: Berglund

Månadens høgdepunkt: Hjertets mørke, avslutninga av Thomas Boueberge og Petter Hortten-serien, samt Tomm Kristiansen si Afrika-bok.
Eg har lese dei fleste bøkene i den lettleste 200 sider-serien. Det har til no komme ut 10 bøker og det kjem visst stadig nye

Månadens nedtur: 'Byttedyr' vart eg skuffa over. Gode skildringar og velkomponert som alltid frå Yrsa, men for mykje spøkeri.

Til sist nokre ord om boka om Liv Signe Navarsete, ei bok eg omsider har fått lest etter lang ventetid på biblioteket (sidan biblioteket "mitt" ligg i heimbygda til Liv Signe, er det mange som vil lesa boka), men så vart boka plutseleg tilgjengeleg som lydbok på Storytel.
Eg er ingen senterpartist - og eg kjenner ikkje Liv Signe, men eg har møtt ho og snakka med ho fleire gonger. Ho er ei blid og hyggeleg dame, ganske ulik den tøffe/sinte politikaren ho vart framstilt som i media då ho var statsråd og SP-leiar. 
Det er elles ein heilt grei politisk biografi, ført i pennen av ein dyktig journalist. 

5 kommentarer:

  1. Så fin sommerliste du har Berit, noterer meg Grytten, liker humoren hans. Ble nysgjerrig på Yrsa, siden du sier den er bra men for mye spøkeri (etter din smak)
    Ha en fin leseaugust!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det vart ein blanding bøker som passa meg i alle fall:)
      Grytten skriv fine noveller, tykkjer eg. Greit med noveller innimellom.
      Eg likar Yrsa, egentleg. Men vil helst ha rasjonelle forklaringar på ting. Det skjedde berre delvis her.

      Slett
  2. Fin lesemåned:)
    Jeg har lest fire av dine krimbøker (de jeg har på min juli-liste, samt Ingrid Berglund) Kurt Aust sin bok har jeg i hylla, den må jeg se til å lese. Samt TKs Afrikabok. Godt tips:) Spent på dine omtaler av Mehlum og Helle:) Helle sin likte jeg godt:)

    Ønsker deg en fin august Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig nøgd med lesemånaden😊
      Serien til Kurt Aust er god, men langsam og omfattande. Ein bør difor vera førebudd og motivert.
      Afrika-boka er veldig bra, han fekk med seg utruleg mykje på dei 200 sidene.

      Slett
  3. Ps. og Yrsa , jeg falt av lasset med henne.,

    SvarSlett