Viser innlegg med etiketten språk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten språk. Vis alle innlegg

12. august 2023

Å lesa - les - las - har lese

Ingen stor sak dette, og det betyr absolutt ingenting for andre. På bloggen er eg min eigen redaktør og kan egentleg skriva det eg vil. Men altså:

Eg innrømmer det. Eg har gjennom fleire år her på bloggen brukt feil verbbøying av å lesa. Det gjekk for alvor opp for meg då eg såg denne teikninga på nettsida nynorsksenteret.no.

Eg hugsar det godt; eg spurde meg sjølv då eg skreiv ein av dei fyrste blogginnlegga: Heiter det har lest eller har lese? (I det som no vel heiter 'perfektum'?) Av ein eller annan grunn bestemte eg meg for å bruka har lest. Og eg har som prinsipp å vera kosekvent når eg skriv - og sjølv om eg angra så har eg halde fram med har lest. 

Samstundes er eg veldig oppteken av språk, nynorsk og rettskriving.

Så dette har skurra. 

Det har skurra meir og meir faktisk - og no har eg bestemt meg for å ombestemma meg. 

Verbet lese/lesa har svak bøying på bokmål og sterk bøying på nynorsk:

Å lese - leser - leste - har lest

Å lesa - les - las - har lese

Det heiter har lest på bokmål og har lese på nynorsk. 

Egentleg ynskjer eg å skriva korrekt og konservativt nynorsk (me, ikkje vi og a-endingar i infinitiv osv.) - for det ligg nærast dialekten min. Når eg har lese ut ei bok seier eg at eg har lese boka - ikkje lest boka.

Konklusjon:

Frå no av skal eg skriva 

eg har lese
du har lese
han/ho har lese
de har lese
me har lese
dei har lese

men eg kjem ikkje til å retta på gamle blogginnlegg. Dei får stå slik som dei står. 

Til sist eit sitat frå nynorsksenteret som nesten vart som ei "trøyst" for meg:

Nynorsken har ein større rikdom av former enn bokmålet, og me blir lett påverka av bokmålet, sidan det er så synleg i samfunnet. Men det er ingen grunn til å la seg skremma. Ein og annan bøyingsfeil er ikkje det som avgjer om du skriv god eller dårleg nynorsk, det er setningsbygnaden.

22. oktober 2013

Elendig oversetjing - manglande språkvask

Eg har kjempa meg gjennom ei krimbok. Det er heilt uvanleg at eg gjer det, men denne gongen irriterte eg meg så over skrivefeil, dårleg språk og elendig oversetjing at det gjekk ut over leseopplevinga. Boka var De dødes måned (An air that kills) av den britiske forfattaren Andrew Taylor.

Oversetjinga er så dårleg at det er pinleg. Eg vert flau på både oversetjaren og forlaget sine vegne. De dødes måned er ein krimroman med handling frå 1950-talet, i eit "Med hjartet på rette staden"-miljø. Sjølve boka er slett ikkje så dårleg, - men som sagt; det dårlege språket øydela. Eg hadde mest lyst til å finna fram ein raudblyant og senda boka attende til forlaget.

Her er nokre eksempel. Eg har utheva det eg meiner er feil og rart:
Vinden hadde blåst bort mange av skyene og avdekket en blå himmel, og solen var ute. Det var forbløffende hvordan litt solskinn kunne muntre opp en mann. Han lot et par dråper optimisme sive inn i sjelen: Med tiden var alle ting mulig..
Med plutselig hast åpnet han klaffen på skatollet..
Gloria var ingen steder å se. Av skuffelsen innså han hvor sikkert han hadde regnet med å se henne..
Hun var mer enn en antydning lubben over midjen og hoftene. Kjolen virket oppstrammende på kjøttet under.. 
Har du sett på maken?!

Eg vil ikkje leggje all skuld på (og ansvaret for) det dårlege språket på oversetjaren. Kan hende er noko forfattaren sin feil, men Mr. Taylor har vunne ein del prisar i løpet av forfattarskapet sitt, så eg kan ikkje tru at han er så dårleg. (For ordens skuld: Eg har aldri lest noko av denne forfattaren før) Oversetjaren har muligens gjort jobben sin - men på den lange vegen frå forfattar via oversetjar - språkvaskar - konsulent - forlag osv. til lesar har noko svikta i dette tilfellet.

Å vera oversetjar er nok ein krevjande jobb. Det held ikkje å bruka Google translate, for å sei det slik. Dersom jobben er gjort på ein tilfredsstillande måte, legg ein ikkje merke til oversetjaren. I motsett tilfelle - om oversetjaren har gjort ein dårleg jobb - legg ein altfor mykje merke til - nettopp, den dårlege oversetjinga. Eg vert stadig vekk forundra og skuffa over at enkelte forlag ikkje prioriterar korrekturlesing og språkvask meir enn dei gjer. Er oversetjarane for dårlege? Er det mangel på ressursar som er problemet? Er det dårlege rutinar? Forlaga har då vel folk som les bøkene før dei går i trykken?

Forfattarar, oversetjarar, forlag og korrekturlesarar har betalt for å levera ei feilfri vare. Bøker som inneheld skrivefeil og dårleg språk er ei vare det er grunn til å klaga på, meiner eg.

Dessverre virkar det som om det er ei litt likegyldig haldning til dette problemet, også blant lesarar. Det er sjeldan at dårleg oversetjing vert noka stor sak.
Kva meiner andre bloggarar? Har du synspunkt på dette?
Det hadde vore interessant/artig om ein eller annan frå forlagsbransjen eller oversetjarmiljøet kunne ha komme med ein uttale!

31. juli 2013

Bokomtale: Åpne sår av Gillian Flynn

Font forlag 2013
Originaltittel: Sharp objects
Oversetjar: Stian Omland
251 sider

Dersom du har forventningar om ei tradisjonell krimbok, vert du nok skuffa. Har du derimot forventningar om ei historie om sjuke sinn og gjerningar, bør du absolutt lesa Åpne sår av Gillian Flynn. Dette er debutromanen hennar og eg tykte boka var veldig skremmande og sterk, - med uhyggelege handlingar og grov humor, - ein psykologisk thriller med fleire skakkøyrde karakterar.

Boka handlar om ein dysfunksjonell familie der kjærleik vert blanda saman med vald. Omsorg og smerte. Sjølvskading og pleie. Dopmisbruk og romantikk. Liv og død. Tematikken er skremmande, men det psykologiske aspektet gjer det også fengande.

Eg-person og forteljarstemme er journalisten Camille som vert sendt avstad for å laga ein artikkelserie rundt to drap som har funne stad i den vesle heimbyen hennar i Missouri. Camille har sine mørke sider og ein tragisk barndom og bakgrunn, - dette vert gradvis avdekka utover i handlinga. Opphaldet i småbyen og barndomsheimen vert ikkje idyllisk, for å sei det slik.

Flynn er glimrande når det gjeld miljøskildring og skapar ein uhyggeleg stemning som varer gjennom nesten heile boka. Forfattaren gir gode og beiske karakteristikkar av både menneske og samfunn. Det er spesielt og ganske overraskande å merka at ein får sympati og nesten blir glad i ein så usympatisk hovudperson.

Boka er - for å sei det enkelt; god, men ekkel. Dessutan er ho akkurat passe lang. Språket er godt og "kler" innhaldet i boka; skarpt, bittert, ironisk og elegant.

Då har eg lese alle dei tre bøkene Flynn har gitt ut til no, og ser fram til fleire bøker frå denne forfattaren i framtida. Den boka som gjorde sterkast inntrykk på meg, var Mørke rom, medan eg oppfattar Flink pike - den nyaste og mest kritikarroste boka - som god, men noko oppskrytt. Eg har sett at andre vurderer bøkene heilt annleis enn eg gjer, men slik er det: Boklesarar og bokelskarar er (minst) like ulike som andre folk. For Åpne sår konkluderer eg med - som eg gjorde med Mørke rom - ein femmar på terningen, men denne femmaren er noko svakare.

Til slutt: 
Forlaget bør bruka meir tid til korrekturlesing. Skriveleifar er slurv og skapar unødig irritasjon. I denne boka - eg har paperbackutgåva utgitt i år - var det ein heil del av slikt. Eg innrømmer at eg vert litt sur og at eg er rettskrivingsnazi, men forfattarar, oversetjarar, forlag og korrekturlesarar har betalt for å levera ei feilfri vare. Bøker som inneheld skrivefeil er ei vare det er grunn til å klaga på.
Sure kundar er dårleg reklame. Skjerpings!