11. oktober 2023

Norsk krim 2023 del 4

Er det på tide at Ingar Johnsrud får Rivertonprisen? Er det Jan-Erik Fjell sin tur no?
Eller kjem Anne Holt til å få Rivertonprisen for andre gong?
Uansett, denne hausten byr på mange kandidatar til denne prisen (og andre prisar.)


Tolv utemte hester av Anne Holt
Gyldendal 2023
485 sider
Lånt ebok BookBites

Den tolvte boka i Hanne Willhelmsen-serien er ganske omfangsrik, men eg opplevde aldri boka som for lang. Dette er nemleg Anne Holt på sitt beste; Tolv utemte hester er ei velskriven og gjennomarbeida historie, befolka med interessante karakterar og bikarakterar.

Hanne sine næraste består av kona Nefis, dottera Ida samt husvenene Henrik og Ebba. Henrik har vore med i fleire bøker, Ebba møtte me for fyrste gong i Det ellevte manus. I innleiinga i denne boka er det fullstendig krise: Nefis er rasande og i ferd med å forlata Hanne, til Ida si fortviling. Kva har skjedd? Me veit frå før at Hanne er sær og tverr; kva kan ho no ha gjort? 
Så går me to veker tilbake i tid, og gradvis får lesaren vita kva som er bakgrunnen - og den viser seg å vera sjokkerande dramatisk. 

Herifrå og ut er denne lesaren "solgt", for dette vart rett og slett ei slukebok. Anne Holt er ein god forteljar som veit å engasjera lesaren. Dessutan er plottet særdeles originalt og kreativt. Dei tolv utemde hestane viser seg å vera ei gruppe "menn som hatar kvinner". Kva kan bli følgjene av at slike incels bestemmer seg for å bevega seg vekk frå tastaturet og ut i samfunnet?

Konklusjon: Tolv utemte hester er ein av årets beste norske krimbøker. 
Soleklar terningkast 5.


Patrioter av Ingar Johnsrud
Aschehoug 2023
425 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ein frittståande krim av typen politisk thriller. Historia er velskriven og godt komponert og handlar om kor lite som skal til for å trua demokratiet vårt. 

Sjølv om dette er ei "eventyrforteljing" er deler av handlinga skremmande realistisk. Det handlar om kor langt enkelte er villige til å gå for å vinna eit val: Kva foregår i kulissane når det gjeld maktkamp og politiske og personlege motsetnader? Det handlar vidare som manipulasjon av valgomatar og anna digital teknologi som kan misbrukast. Dernest handlar det om terror. 

Gjennom to sentrale forteljarstemmer vert det talt ned til stortingsvalet. Den eine stemma er politisk rådgjevar i AP og den andre er terroretterforskar. Ei ekstremistisk gruppe har produsert ei dødeleg gift som dei truar med å bruka på eit avgrensa område der det befinn seg mange menneske. Korleis kan dei stoppast? Terroristane har også kidnappa ei ung gravid kvinne. Korleis redda henne?

Patrioter er krim for vidarekomne. Det er ei spennande og underhaldande bok, men det kan nok opplevast som litt krevjande å halda styr på alle trådar. 
Terningkast 5-.


Nattravnen av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2023
381 sider
Lånt ebok BookBites

Nok eit hyggeleg gjensyn med Anton Brekke og Magnus Torp. I den 10. boka i serien er rollene deira og forholdet dei imellom heilt annleis enn i starten. Det er difor ein fordel å ha lese dei foregåande bøkene.
Handling: Anton vert engasjert av ein truecrimejournalist som vil laga podcast om ei gammal forsvinningssak. Dette vert han noko motvillig med på, men ganske snart viser det seg at han då trakkar oppi "bedet" til Kripos og Torp.
Eit nytt likfunn har funne stad i notid. Anton trur dette har samanheng med den gamle saka, men korleis? Fleire personar "veit noko", men å fortelja sanninga kan ha konsekvensar. Kvifor? 

Fjell skriv med stø, men også med ledig penn. Nattravnen er underhaldande utan å vera lettvint. 
Terningkast 4+.



Tyv av Sven Petter Næss
Vigmostad Bjørke 2023
190 sider
Lånt papirbok biblioteket

Ei bok i serien De ti bud. Eg har berre lese ei av bøkene tidlegare; Andre guder. Den likte eg ikkje noko særleg, så dermed har eg (til no) valgt vekk serien. 
Det er ikkje alle som beherskar det korte formatet, men eg tykkjer Næss har treft bra med kortromanen Tyv

Boka handlar ikkje om nasking, ran eller tjuveri, men om bedrageri og identitetstjuveri. Og om hevn. Ei kvinne har vore utsett for ein svindlar og mista alt; mann, jobb, hus, rykte. Når ho etter ei tid møter vedkommande igjen, legg ho ein utspekulert og blodig plan. 

Tematikken er aktuell; me kan stadig lesa om folk som vert svindla og lurte på det grovaste. Boka er til ettertanke og er meir interessant enn spennande. 
Terningkast 4.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar