18. februar 2024

Bokomtale: Flammene av Lina Bengtsdotter

Gyldendal 2024
312 sider
Lånt ebok BookBites

Det er ikkje så lett å sjangerfesta denne romanen. På omslaget står det spenningsroman, men eg har óg merka meg at boka er kategorisert som krim. Begge deler er forsåvidt riktig, men eg meiner at psykologisk thriller er meir dekkande. Deler av boka er dessutan ein oppvekstroman.

Flammene er sjølvstendig og ikkje del av Charlie Lager-serien (Annabelle, Francesca, Beatrice) - men også dette er svensk bygdekrim der vonde hemmelegheiter, vanskelege oppvekstmiljø og dysfunksjonelle familiar er sentrale element i handlinga.

Prologen skildrar at noko dramatisk er i ferd med å skje. Det er kun eit glimt og ein veit ikkje når dette skjer og ein kjenner enno ikkje karakterar og omgjevnader - men ein forstår at akkurat denne hendinga er vesentleg for handlinga utover i boka. 

Katja og Vega var ein gong bestevenner, men har ikkje hatt kontakt med kvarandre på mange år. Etter lang tid får så Vega ein desperat telefon frå Katja. Vega reiser tilbake barndomsbygda Silverbro - og til si eiga og Katja si mørke fortid. Men Katja er borte vekk. Ingen har sett henne dei siste dagane og mobilen er avslegen. Politiet bryr seg ikkje, då det er kjent at Katja har stukke av - og dukka opp igjen - fleire gonger tidlegare. Ho har dessutan eit stort rusproblem.

Notidshistoria vekslar med kapitlar med tittelen 'Flammene' - og her får me Vega sine tilbakeblikk på ungdomsåra. Det er Vega som har forteljarstemma og det meste vert sett frå hennar synsvinkel, men Katja er - trass i at ho er fråverande - ein sentral person. Dei to har sine hemmelegheiter og vonde minner, både felles og sine eigne. Silverbro er dessutan prega av ei uoppklart forsvinningssak. Tanta til Katja forsvann sporlaust for mange år sidan. Er det ein samanheng mellom den gamle og den nye forsvinninga?

Som unge testa Katja og Vega grenser og i nokre høve kryssa dei over desse grensene. Dei hadde begge både evner og talent, samstundes som dei bar på kvar sin "tunge bagasje" og ein felles mørk hemmelegheit.
Tematikken der gamle forsvinningssaker har tilknytning til ei pågåande kriminalsak er (i krimromansamanheng) gjenkjenneleg og velbrukt, men Bengtsdotter har sin eigen vri og ein heilt spesiell stil - og ho skriv veldig godt.

Boka er bra komponert, men i starten fann eg det forvirrande med dei skiftande tidsperspektiva. Det gjekk seg til ganske kjapt, og no - når eg er ferdig med boka - ser eg at det er ein logisk samanheng mellom det som kjem fram i notid og det som gradvis blir avslørt av fortida.

Eg vil karakterisera Flammene som ein "langsam pageturner". Boka er spennande, men det er mest knytt til det uvisse og det psykologiske. Gjennom heile forteljinga merkar ein ei underliggande uro og nerve. 
For meg vart denne boka ei veldig bra leseoppleving, det er ei gripande historie med stemning og truverdige karakterar.
Slutten er bra. Noko blir forklart og noko vert berre antyda - og kan lesast mellom linjene. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar