28. desember 2016

Årsoppsummering og statistikksnakk

Det nærmar seg årsskifte og tid for gjennomgang og oppsummering av bokåret 2016. I fjor hadde eg ein alfabetisk kavalkade og i forfjor ein kåring av årets beste og verste. Eg tenkte litt på å laga noko tilsvarande for 2016 - men slikt er tidkrevjande og i det siste har eg rett og slett ikkje hatt nok tid.
Det hender at livet tek ikkje-planlagde vendingar: Av private og familiære årsaker har eg i år hatt mindre åleinetid (og dermed lesetid) samanlikna med tidlegare år.

Med tanke på neste års leseplanar (som eg skal komma tilbake til på nyåret) kan det vera nyttig å sjå på årsstatistikken. Før me skriv 2017 kjem eg til å ha fullført lesinga av 106 bøker. Dette er 34 færre enn i 2015 og 14 færre enn årets målsetjing på 120. Sidan eitt av måla mine for leseåret var nettopp å lesa færre bøker - kan ein sei at eg har lukkast med glans på det punktet.

Her er leseåret 2016 i tørre tal:


Sjanger
- 49 krim-, thriller- og spenningsromanar
- 29 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar,
- av desse 3 stk. 1001-romanar
- 23 sakprosa,
- av desse 9 biografiar
- 4 novellesamlingar
- 2 humor/satire

Format
Bra jamn fordeling:
- 34 papirbøker
- 32 ebøker
- 40 lydbøker

Terningkast
Det store fleirtalet, 47 bøker, fekk terningkast 4.
Elles vart terningkasta fordelte slik:
- 4 bøker fekk terningkast 6
- 37 fekk terningkast 5
- 8 fekk 3
- 3 bøker fekk 2

Alder
- 50 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2015
- 42 i 2016
- av dei 24 norske
- Eg las 12 bøker utgitt før 2000.

Kjelder
72 av bøkene eg las var lånebøker; dvs. anten lånt privat, lånt på biblioteket, via eBokBib eller bokhylla.no
- 14 bøker via Storytel-abonnement
- 7 har eg kjøpt sjølv
- 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar

Forfattarar
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2016 var
- Alf R. Jacobsen (4)
- Håkan Nesser (4)
- Henning Mankell (3)
- C.J. Sansom (3)
- Vera Henriksen (3)
Eg las bøker av 28 ulike "nye" forfattarar (for meg)

Kjønn
Framleis er det ei overvekt av mannlege forfattarar:
- 72 bøker skrivne av menn
- 34 av kvinner

Nasjonalitet
Myyykje norsk, lite eksotisk:
- 59 bøker skrivne av norske forfattarar
- 16 svenske
- 16 britiske
- 5 amerikanske
- 2 franske
- 2 islandske
- 1 dansk-norsk
- 1 finsk
- 1 tysk
- 1 sveitsisk
- 1 amerikansk-palestinsk
- 1 kanadisk

Elles:
- 9 av bøkene eg las var på over 600 sider
- Alle var på norsk med unnatak av tre korte bøker på svensk
- Eg avbraut lesinga av 2 bøker

Bloggen
- 69 blogginnlegg
- 34 bokomtalar
- 15 samleomtalar
- Mest lest: omtalen av Du er så lys.

Slik ser årets forfattar-ordsky ut:



----------------------

Ynskjer alle ei fortsatt god romjul og eit godt nytt leseår i 2017!

18. desember 2016

Bokomtale: Land ingen har sett av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2016
Speletid: 10:27
Opplesar: Edvard Hoem

I den tredje bolken av denne fine slektshistoria er handlinga lagt til tida 1912 - 1927. Hovudpersonane er dei same som i forrige bok Bror din på prærien; forfattaren sin eigen bestefar, Anton Edvard, bror hans Eilert og tanta deira Gjertine. Me får på nytt lesa om livet på Alberta- og Dakota-prærien og på Nordvestlandet - i gamlelandet.

Land ingen har sett er ein roman der tankar, samtalar og situasjonar naturleg nok er oppdikta, men forteljinga er basert på historiske fakta; offentlege dokument, verkelege hendingar og historiske personar. Forfattaren har sikkert også høyrt eldre familiemedlemmer fortelja historiar om desse personane i barndommen og oppveksten. Hoem har uttalt at han truleg kjem til å skriva to bøker til frå dei same miljøa. Det er eg glad for: Dette er utruleg gode bøker.

Å "gje vekk" ein eller fleire av sine eigne ungar til barnlause slektningar var ikkje uvanleg i tidlegare tronge tider. Det var gjerne lite utkomme, små husvære og mange munnar å mette. Ei av slåttekaren Knut sine store sorger i livet var at dei måtte setja bort yngstesonen. Det kom også til å prega Anton Edvard gjennom livet.
«Anton Edvard skulle alltid minnast det. Han gjekk over to fjell, sju år gammal. Han visste kvar han var på veg, og at han ikkje skulle vera hos foreldra sine meir».
Slik uttrykker Edvard Hoem det som hende - og slik startar denne boka. Nøkternt, men med sterke kjensler.  Anton Edvard tek etter kvart over drifta av den vesle garden til pleieforeldra sine og stiftar eigen familie. Han er ambisiøs og arbeider hardt; forutan såing, onning og hausting er det vedtid på førjulsvinteren og fisketid på etterjulsvinteren. I alle år tek han seg òg jamnleg tid til å skriva brev til broren i Canada.

På den andre sida av Atlanteren, på Alberta-prærien, lever utvandraren Eilert og kona hans Marta eit strevsamt liv. Dei har etablert seg med hus og farm; Eilert er midtpunkt i det kristne miljøet som finst der, medan Marta får meir enn nok å gjera når det annakvart år kjem eit nytt barn til verda. Stundom lengtar Eilert heim til gamlelandet, spesielt ynskjer han å sjå att den gamle mor si Serianna før ho døyr. Men så bryt 1. verdenskrig ut - og reiseplanane vert lagde vekk. Gjertine og Ole Aas byrjar å dra på åra og har slått seg til ro på Dakota-prærien, men den framleis noko opprørske Gjertine legg ut på ei siste omfattande reise.

Eilert og Anton Edvard sine liv fortonar seg som ganske like. Begge er strie og standhaftige, begge ber på draumar som ikkje vert innfridde, begge strevar for at neste generasjon skal få det betre, begge har koner som slit seg ut på hardt kroppsarbeid og mange svangerskap og barnefødslar.

Hoem fortel om tekniske og praktiske nyvinningar: Straum, telefon, jernbane, automobilar og landbruksmaskiner. Han fortel om ver og klima, konjunktursvingingar og verdenskrig. Alt dette hadde konsekvensar for kvardagslivet til folk, både i Amerika og i Noreg. Han fortel om forventningar om eit betre liv, om lange reiser og store avgjerder, om kvinner og menn med store draumar - men dei hadde ikkje alltid dei same draumane for seg og sine.

"The land of the free" baud på mange mulegheiter for dei som drog, men det var slett ingen dans på roser for pionerane. I tillegg til heimlengsel og hardt arbeid, kunne det også vera vanskeleg å læra seg eit nytt språk. Folk søkte gjerne saman med andre norske og nordiske innvandrarar som busette seg i nærleiken av kvarandre.

Land ingen har sett er ein lærerik og underhaldande roman. Fleire episodar kan ein humra godt av, medan andre hendingar er sorgtunge, rørande og/eller opprørande. Eg vart ikkje fullt så gripen av denne som eg vart av dei føregåande to. Det skal her nemnast at eg hadde svært store forventningar på førehand.

Perspektiv og forteljarstemme vekslar fint mellom karakterane og mellom verdensdelane. Av og til kjem også forfattaren si eiga stemme fram - av og til med undring og spørsmål, andre gonger med forklaringar. Dette fungerer fint i ei slik forteljing sidan forfattaren på ein måte er ein del av historia.

Hoem har ei eiga evne til å gjera det kvardagslege høgtidssamt - men han maktar også å gjera det høgtidelege kvardagsleg. Eg anbefalar lydboka som forfattaren les sjølv - på ein inderleg og nydeleg måte.

Konklusjonen vert ein sterk 5'ar og ein soleklar nominasjon til Bokbloggerprisen 2016.

15. desember 2016

Biografilesesirkel: Per Egil Hegge om Otto Sverdrup

Årets siste runde i biografisirkelen handlar om Snø og is og det er underteikna som har valt ut kategori denne gongen. Grunnen til at nettopp dette temaet fengar meg er ikkje at eg er unormalt fascinert av kulde, - nei, det skuldast at eg har ei litt sær interesse for polarhistorie. Når eg les om tidlegare tiders polferder og polfararar føler eg noko i nærleiken av skrekkblanda fryd. For meg er det ufatteleg at dei klarte, torde og i det heile kunne finna på å begi seg ut på slike langvarige og farlege ferder. Eg tykkjer det er utruleg fascinerande å lesa om desse polpionerane, som la avgarde i ukjende og farefulle strøk, utan GPS, utan Goretex, utan kommunikasjon, utan sikkerheitsnett.

Når det gjeld val av biografi er det to omsyn å ta. For det fyrste må "den biograferte" helst vera ein litt interessant person i utgangspunktet. Men vel så viktig: Biografen, forfattaren av biografien, må kunna skriva. Det hjelper ikkje kor stort kjeldemateriale ein har og kor mykje researcharbeid ein legg ned dersom ein ikkje klarar å formidla stoffet vidare til lesaren på ein god måte. (Og då tenkjer eg på den dårlege leseopplevinga eg fekk med Agatha Christie-biografien)

Vel, ein lærer så lenge ein lever, så eg vurderte både hovudperson og forfattar då eg i denne biorunden plukka ut Per Egil Hegge sin biografi om Otto Sverdrup. Boka kom ut på Stenersen forlag i 1996 og eg har lånt ebok via bokhylla.no. Hegge og Sverdrup viste seg å vera ein brubar kombinasjon.

Nasjonalheltane Fridtjof Nansen og Roald Amundsen kjenner alle til, og dei to skal ha for engasjementet, pågangsmotet, motet, viljestyrken, visjonane og kunnskapen dei synte gjennom ekspedisjonane og det vitenskapelege arbeidet dei utførte. Likevel - når ein kjenner til det som skjedde med Hjalmar Johansen (som Ragnar Kvam fortel om i Den tredje mann), vert det openbart at medaljen hadde ei bakside.

Som leiarar fekk (og tok) Nansen og Amundsen mesteparten av æra, men for å lukkast med ekspedisjonane sine var dei såklart heilt avhengige av dyktige og stødige støttespelarar, - som Johansen og Sverdrup. I norsk polarhistorie har både Hjalmar Johansen og Otto Sverdrup fått for liten plass, men det skal nemnast at Wikipedia-artikkelen om Sverdrup finst på heile 22 språk - så det ser ut til at han fekk eit visst internasjonalt ettermæle.

Otto Neumann Knoph Sverdrup vart fødd i Bindal i 1854. Familien flytta seinare til Steinkjer. Han var nest eldst i ein søskenflokk på ti og i slekt med andre kjende Sverdrup'ar som Georg (Eidsvollmannen) og Johan (han med parlamentarismen). Vesle Otto vart oppdregen til å bli ein hardhaus: Det vert fortalt at han og den eitt år eldre broren lærde å symja ved at morfaren rodde dei ut på fjorden, kasta dei over bord og ba dei kara seg til lands. Alt frå ti års alder fekk han gevær og han skaut sin fyrste bjørn som 14-åring. Seinare for han til sjøs og utdanna seg til styrmann og skipsførar. Medan han arbeidde som skipper på eit dampskip på Trøndelagskysten kom han i kontakt med sakføraren Alexander Nansen, bror til Fridtjof. På denne tida var Fridtjof Nansen på jakt etter mannskap til Grønlands-ekspedisjonen sin - og broren tipsa han om den allsidige og sindige Otto Sverdrup.

Som tittelen Aldri rådløs viser: Sverdrup var praktisk anlagd og ein nevenyttig kar, ein altmulegmann som alltid visste råd. Hegge fortel at han var beskjeden og fåmælt av natur. I tillegg var han hardfør, uthaldande og lojal. Nansen sette nok stor pris på ein mann med slike eigenskapar.

Fridtjof Nansen sin ekspedisjon over Grønland i 1888 var dristig, dramatisk og i ettertid; legendarisk - og Sverdrup bidrog sterkt til at ekspedisjonen vart ein suksess. Deltakarane brukte lenger tid enn forventa på den 670 kilometer lange "skituren" slik at dei måtte overvintra på Grønland. Denne overvintringa skulle komma til å bli viktig for både Nansen og Sverdrup i dei kommande åra: Dei brukte tida på å læra å leva og overleva i polare strøk av urbefolkninga - inuittane. Det handla både om kosthald, jaktmetodar, utstyr og praktisk kunnskap om kajakkpadling og hundekøyring.

Marsjen over innlandsisen. Grønland august - september 1888
Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3b057

Per Egil Hegge fortel vidare om Sverdrup sitt liv og virke. Det var som skipper og ekspedisjonsleiar han skulle komma til å bli mest kjend som, men det vart både giftarmål og barn på han også. Han gav truleg ikkje uttrykk for at han lengta heim til seg og sine, men i eit dagboksnotat seier han: "I dag er det et år siden jeg reiste fra mit kjære hjem og min inderlige kjære hustru og lille datter. Det var forferdelig tunkt å forlate dem, jeg har aldri følt mig så ulykkelig ved at reise hjemmefra som denne gang.." Dette skreiv han i juli 1894, då Sverdrup og dei andre på polarskipet Fram befann seg langt oppe i isen nord for Sibir.

Fram er det skipet som har vore lengst mot nord og lengst mot sør. Det vart bygd av Colin Archer på initiativ frå Fridtjof Nansen - og Otto Sverdrup var ein slags konsulent då skipet vart bygd. Han skal også ha mykje av æra av at skipet vart bevart for ettertida. I dag kan ein sjå Fram utstilt på Frammuseet i Oslo.

Den fyrste Fram-ekspedisjonen (ofte kalla første Fram-ferd, 1893-96) var ein banebrytande polarekspedisjon som foretok mange viktige vitenskaplege studiar og målingar. Fram fraus fast i isen som forventa og dreiv over polhavet. For den utålmodige Nansen var det nedtur at dei ikkje dreiv enno lenger nord, mot sjølve polpunktet, så han og Hjalmar Johansen tok med seg hundar, sledar og proviant og la i veg i retning Nordpolen. I Nansen sitt fråver var det Sverdrup som hadde ansvaret på Fram. Fyrst i 1896 kom Fram laus frå isen, omlag samstundes som den andre delen av ekspedisjonen, Nansen og Johansen, kom til rette etter overvintring på Frans Josefs land. Eit samla mannskap kunne dermed ta fatt på siste etappe; ei triumfferd langs heile kysten fram til målet i Kristiania. Alle stader vart dei hylla og jubla for.

Her har mannskapet på Fram stasa seg opp etter heimkomsten.
Nansen i midten bak, Johansen og Sverdrup rett framfor han.
Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3c145

I denne boka vert det fortalt utførleg om fyrste Fram-ferd, og gjennom det som skjedde på turen får ein eit godt innblikk i korleis Otto Sverdrup var som person. Det virkar som om han var ein venleg mann, ein god organisator og omsynsfull leiar, men sidan han var så tilbakehalden og ordknapp fekk han vanskar med å halda motet oppe blant mennene sine. Dei lange, kalde og mørke månadene førte til at mennene fekk det som i dag kallast "brakkesjuke". Drifta av Fram gjekk ulideleg sakte, fleire av mennene kom i konflikt med kvarandre og skipslegen (polarlegen som du kan lesa meir om hos Anita) viste seg å vera narkoman. Sin eigen frustrasjon tok Sverdrup ut gjennom dagbøkene. Dei inneheld skarpe karakteristikkar og djup kritikk av av dei andre - særleg Fridtjof Nansen.

To år etter drog Sverdrup igjen avgarde med Fram (andre Fram-ferd 1898-1902), denne gongen som ekspedisjonsleiar. Ferda gjekk til dei svære områda mellom Grønland og Canada og målet var polarforsking og kartlegging og faktisk også erobring av nytt land. Dei var vekke i fire år, eitt år lenger enn forventa. Heller ikkje denne turen var utan dramatikk; av mannskapet på 16 som reiste, kom berre 14 tilbake. I samband med førebuingane til ekspedisjonen vart Nansen og Sverdrup usamde, og dei var ikkje på talefot på mange år. Men dei respekterte kvarandre og vart mot slutten av livet forsona igjen.

Sverdrup og familien busette seg i Sandvika etter ei tid med ulike utanlandsopphald; m.a. gjorde han eit mindre vellukka forsøk på plantasjedrift på Cuba. På sine eldre dagar var han leiar for tre store og krevjande russiske redningsaksjonar i Arktis. Otto Sverdrup døydde av kreft i 1930.

Otto Sverdrup på sine eldre dagar. Dette er frå 1928.
Foto: Wikipedia.org

Denne biografien er velskriven, men mange direkte sitat frå dagbøker gjer at det er litt tunglest. På plussida må nemnast rikeleg med interessante bilete, illustrasjonar og kart. Per Egil Hegge peikar i forordet på at kjeldematerialet om og rundt Otto Sverdrup er sparsamt, men eg tykkjer likevel at han får teikna eit grundig portrett av mannen. Hegge får fram kor spesiell Sverdrup var og kor unike eigenskapar han hadde. Han var høgt respektert i si eiga samtid og blant sine eigne, men det virkar som om han mangla noko som Fridtjof Nansen hadde rikeleg av; karisma.

Biografien inneheld eit tillegg skrive av Asbjørn F. Aastrøm. Han har gått i Otto Sverdrups sine fotspor i det nordlege Canada og skildra den storslagne naturen der i ord og bilete.

I Otto Sverdrup sitt rike
Skjermbilde frå boka. Foto: Asbjørn F. Aastrøm

Dersom du no ikkje er lei av å lesa om polferder, is og kulde og slikt; ta ein titt innom hos Moshonista og sjå kva andre bokbloggarar har lest og skrive om same tema!

10. desember 2016

Bokomtale: Syndenes forlatelse av John Hart

Lydbokforlaget 2016
Speletid 15:56
Opplesar Bendik Østbye Johannessen

Kjøpt lydfil

John Hart sine bøker er verkeleg gode. Dette seier eg trass i at han skriv om trasige og tragiske tema som løgner og svik, skam og sorg, vald og urett, overgrep og drap. Han skriv om dysfunksjonelle familiar og om lokalsamfunn i oppløysing.
Eit anna gjennomgangstema i bøkene hans er forsømde barn - barn som har blitt utsette for omsorgssvikt og fysisk og psykisk mishandling.

Forfattaren har ei heilt unik evne til å skildra smertefulle opplevingar og dramatiske hendingar. Historiane hans er gjennomgåande dystre, mørke og melankolske. Karakterane er ofte desperate og makteslause og gjerne prega av ein vond barndom og oppvekst.

John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet og Brødrene fra Iron House. Sterke og gode leseopplevingar alle saman. Syndenes forlatelse er like god, og kanskje enno betre, enn dei føregåande når det gjeld språk og spenningsoppbygging.

Når det gjeld sjølve kriminalgåta tykkjer eg det haltar litt, og eg meiner vel også at Hart i denne boka dreg det heile for langt. Det er mange drap og mykje vald, blod og smerte. Ikkje for det - når det gjeld menneskeleg ondskap er visst ingenting umuleg, det har fleire tilfelle frå det verkelege livet vist oss.

Dei to hovudpersonane i denne krimthrilleren er begge politifolk og etterforskarar - men her befinn dei seg på "den gale sida." Elizabeth Black har teke på seg ansvaret for å ha tatt livet av to valdtektsmenn og er suspendert. Saka har skapt nærast hysteriske tilstandar i media og er blitt politisk: Politikvinna er kvit, dei to ofra svarte. At dei to torturerte og misbrukte ei ung jente på grusomaste vis vert ikkje teke omsyn til. Samstundes slepp Elizabeth sin tidlegare kollega og mentor Adrian Wall fri etter 13 års fengselsstraff for eit drap som han, etter det me forstår, ikkje har begått. Frikjenninga set i gang ein grusom valds- og drapsspiral.
Elizabeth og Adrian har ei felles fortid og eit felles mål om å oppklara drapssaker i notid og i fortid. Det handlar om å reinvaska seg sjølv og beskytta dei ein bryr seg om medan ulike krefter, frå både den eine og andre sida av lova, kjempar for at ting skal haldast skjult. Elizabeth er sterkt knytta til to ungdommar. Dei to barna er begge forsømde på kvar sin måte, og begge spelar ei viss rolle i to ulike saker som viser seg å henga saman.
Politiet er makteslause, enkeltpersonar tek seg til rette. Mistankar og mistydingar. Falske bevis og manglande bevis. Vitner utan truverdigheit. Løgner, svik og bedrag. Gjerningspersonen kjem nærare og nærare. Spenninga stig og stig. Og det vert stadig funne fleire drapsoffer.

Lesaren får presentert eit mangfaldig og spesielt persongalleri. Enkelte av dei kjem me svært nær, faktisk ubehageleg nær. Å ta del i ein forstyrra og gal seriemordar sine tankar er nokså skremmande. Ubehageleg er også møtet med ein fengselsdirektør frå Helvete. Eg oppfattar elles boka som sterkt kritisk til det amerikanske rettsvesenet, fengselsvesenet og påtalemakta.

Som regel er eg meir opptatt av sjølve historia som blir fortalt enn av språket. Språk og tekst blir også gjerne litt meir fjernt når ein lyttar til ei bok enn om ein les ho sjølv. Men i dette tilfellet la eg verkeleg merke til språket; dei nærast poetiske og draumande skildringane, dei presise formuleringane, dei elegante overgangane, - og dessutan korleis uttrykksformer og dialogar skiftar - alt etter perspektiv.
Opplesaren av lydboka formidlar dei varierande forteljarstemmene på ein god måte.

Eg gir Syndenes forlatelse terningkast 6 for stil og 4 for innhald.

6. desember 2016

Samleinnlegg: Førjulslesing


Menn som ingen treng av Frode Grytten
Oktober 2016
eBokBib

Grytten beherskar novelleformatet godt, tenk berre på 'Bikubesong' og 'Popsongar' som han har hausta mange godord for tidlegare. Denne er dystrare og tyngre enn dei to, men 'Menn som ingen treng' er likevel ikkje tunglest - og er slett ikkje utan humor.
Grytten skildrar menn som "noko tek form i, noko som kjem til å eksplodere i dei når tida er inne," vert det sagt.

Det handlar altså stort sett om menn. Nokre av dei er komne i ein vanskeleg situasjon, nokre er stakkarslege og einsame, andre er desperate og aggressive. Kvinner og barn er med i handlinga, men dei er på ein måte utanfor den verda som desse mennene befinn seg i.

Ein kan sei at novellene er "enkle" reint stilmessig, men mellom linjene anar ein sterke kjensler. Eg fekk ei god leseoppleving med denne. Terningkast 4+.



Lykkejegeren av Jan-Erik Fjell
Juritzen 2016
547 sider, eBokBib

Bok nummer fem i serien om politietterforskar Anton Brekke er underhaldande, velskriven og original. I denne historia handlar det om eit drap på ei eldre kvinne og eit makabert funn i ein Cadillac 1978-modell. Begge deler har samanheng med hendingar som fann stad for lenge sidan og på eit anna kontinent - då bilen var splitter ny. Etterforskinga fører eks-speleavhengige Brekke til Las Vegas.

Det er gledeleg å sjå at Fjell sine kriminalromanar blir betre og betre. I forhold til dei føregåande bøkene har denne meir flyt, - slik at dei ulike forteljarstemmene heng betre saman. Forfattaren syner engasjement og forteljarglede. Den syrlege humoren er mindre påtatt enn tidlegare. Og Anton Brekke sjølv - han er nesten blitt sympatisk.

Dersom boka hadde fått ein ekstra runde med språkvask og dersom innhaldet hadde blitt stramma opp litt, kunne resultatet blitt toppkarakter. Denne lesar enda opp med terningkast 5-.


Skorpionen av Øystein Wiik
Lydbokforlaget 2016
speletid 13:56, kjøpt lydfil

Ute etter krim basert på realisme, seriøsitet og fagkunnskap om etterforskingsmetodar? Då bør du halda deg langt vekke frå serien om Tom Hartmann. Men - dersom du har sans for det elleville, det spektakulære, det humoristiske og det eventyrlege - då er dette midt i blinken. Og eg vil rå deg til å byrja med den fyrste boka 'Dødelig applaus' og å velja lydbok.

Å høyra Wiik framføra sine eigne verk er nemleg svært underhaldande og prikken over i'en.

Øystein Wiik er drøyare enn dei fleste når det gjeld sex- og valdsskildringar, men eg finn det akseptabelt sidan det er så herleg urealistisk. Han har funne sin eigen elegante og sjarmerande stil - samt ein frisk og freidig forteljarmåte. Me treng ulike stemmer innan norsk kriminallitteratur.

Eg skulle likevel ønska at han hadde tatt seg betre tid med 'Skorpionen'. Eg likte denne boka også - for all del, men både 'Casanovasyndromet' og 'Rekviem' er betre. 'Skorpionen' er omfangsrik og litt rotete i oppbygginga, men det er også spennande og drivande frå fyrste til siste side. Eg ser fram til bok nummer seks og nye Hartmannske eventyr. Terningkast 4.



Alltid tilgivelse av Anne B. Ragde
Oktober 2016
302 sider, privatlånt papirbok

Som så mange andre var eg veldig begeistra for 'Berlinerpoplene' då den kom ut i 2004. Eg vart glad i Neshov-familien, men også nøgd med at trilogien avslutta med 'Ligge i grønne enger' i 2007. Eg vart nysgjerrig på - og skeptisk til - ein oppfølgjar såpass lang tid etterpå.

Det er lett å komma inn att i historia om liva til Torunn, Margido, Erlend og Krumme. Det er som å helsa på gamle vener som ein ikkje har møtt på ei stund. Eg likte best dei delene av boka som handlar om Margido, men også Torunn sitt oppgjer med eit tidlegare liv er leseverdig. Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og skrullehomseliv er derimot berre slitsamt og pinleg å lesa om. Her har forfattaren gått over til det parodiske.

Det beste eg kan sei om 'Alltid tilgivelse' er at boka er koseleg, men ho har ein skravlete, masete og oppramsande stil; ein stil som ikkje passar for denne lesaren. Eg tykkjer heller ikkje at det er spesielt interessant å lesa om matlaging, vasking og rydding. Til saman vart dette ei leseoppleving under middels og difor terningkast 3-.



Sju dager i september av Jørgen Gunnerud
Cappelen Damm 2015
Speletid 8:02, Storytel

Ei god bok som burde fått meir merksemd. Handlinga er lagt til Nord-Noreg nokre septemberdagar i 1942 og ein får følgja tre ulike handlingstrådar som skal bli samanknytte på dramatisk vis. Miljøskildringane er levande og personskildringane svært truverdige.

Gunnerud er mest kjend som kriminalforfattar, og han brukar fleire krimverkemiddel i denne romanen også, for det vert sanneleg skikkeleg spennande etter kvart. Stilen er elles lågmælt og saktegåande. 'Sju dager i september' handlar om kor skjørt livet er og om kor meiningslaust krig er.

For ein gong skuld angrar eg på at eg valde lydbokversjonen, for opplesaren av denne boka les så irriterande sakte, lågt og monotont. Dette trekker ned den totale leseopplevinga mi og eg konkluderer med eit terningkast 4.

30. november 2016

Oppsummering november

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Terry Hayes - Jeg er pilegrim - Britisk/australsk/amerikansk thriller - Lånt papirbok privat
Asbjørn Jaklin - Brent jord 1944-45 - Krigshistorisk - eBokBib

Lest i november:
Øystein Wiik - Skorpionen - Norsk krim - Kjøpt lydfil
Frode Grytten - Menn som ingen treng - Novellesamling - eBokBib
Jørgen Gunnerud - Sju dager i september - Roman - lydbok Storytel
Jan-Erik Fjell - Lykkejegeren - Krim - eBokBib
Per Egil Hegge - Otto Sverdrup: Aldri rådløs - Biografi - bokhylla.no
Anne B. Ragde - Alltid tilgivelse - Roman - Lånt papirbok privat

Påbyrja i november, fullførast i desember:
John Hart - Syndenes forlatelse - Amerikansk roman - Kjøpt lydfil
Johan Harstad - Max, Mischa & Tetoffensiven - Norsk roman - eBokBib



Oppsummert: 
  •  4 ebøker,  2 lyd, 2 papir
  •  6 lånt,  1 kjøpt, 1 abonnement
  •  3 krim/spenning, 2 andre romanar, 1 novellesamling, 1 biografi, 1 annan sakprosa
  •  7 norske (5 av desse frå 2016), 1 amerikansk/australsk
  •  7 menn,  1 kvinne
  • "Ny" forfattar: Hayes

Likte best: Jeg er pilegrim
Likte minst: Alltid tilgivelse

25. november 2016

Favorittforfattarar: D

Medan det var heller uproblematisk å finna favorittar på bokstavane A, B og C, vart det noko vanskelegare å finna passande kandidatar på D. Men etter å ha fundert litt fann eg fram til to stykker denne gongen også. Dei representerer to svært ulike retningar/stilartar innan krim- og spenningslitteraturen.


Foto: The Dorothy L Sayers Society

Dorothy L. Sayers

Britisk kriminalforfattar 1893 - 1957.

Dorothy L. Sayers var samtidig med Agatha Christie og vert av den grunn ofte samanlikna med henne. Men dei var heilt ulike stilmessig; der Christie hadde fokus på finurlege plott og spektakulære drapsmetodar, var Sayers som oftast meir opptatt av språket og hadde grundigare person- og miljøskildringar.

Som barn og ungdom var Dorothy L. Sayers vissnok svært så skarp og talentfull på mange område. Ho var mellom dei fyrste kvinnelege studentane ved universitetet i Oxford, og arbeidde både som lærar og tekstforfattar i eit reklamebyrå før ho vart forfattar. Ho er mest kjent for bøkene om den aristokratiske detektiven Lord Peter Wimsey.
Ein kan kanskje sei at Sayers sine bøker har gått ut på dato, men eg tykkjer dei er sjarmerande og underhaldande og at dei absolutt har ein verdi, også i dag.

Dødsklokkene (The nine taylors, 1934) vert rekna som eit høgdepunkt innan klassisk kriminallitteratur og er ei 1001-bok. Eg likar godt forfattarar som Elizabeth George, PD James og Ruth Rendell - og dei har alle hatt Dorothy Sayers som føredøme og blitt inspirerte av bøkene hennar.



Foto: danbrown.com

Dan Brown

Amerikansk spenningsforfattar f. 1964.

Brown er ein forfattar som eg har eit noko ambivalent forhold til. På den eine sida er eg ein overbegeistra lesar som sluker bøkene hans - men på den andre sida er eg irritert og sur på den aggressive måten dei vert marknadsførde på. Dan Brown er ein "rockestjerneforfattar" med megasuksess - og det vert utnytta fullt ut av forlag, forhandlarar og andre som ynskjer ein del av kaka.

Dan Brown slo gjennom med eit brak med DaVinci-koden i 2003 - og det er ei fantastisk spennande bok. Forteljargrepet med kortkorte kapittel og utallige cliffhangers var noko nytt den gongen. Sett i ettertid meiner eg boka er oppskrytt. Det er også (over)tydeleg at boka vart skriven med tanke på at ho skulle filmatiserast - noko som også vart gjort. Både denne og Engler og demoner vart til heseblesande, underhaldande og publikumsvenlege filmar. Og Tom Hanks er ein perfekt Robert Langdon.

Dan Brown sine bøker gir ofte lesaren stor underhaldning; eventyr, konspirasjonar, kodeknekking, spenning og mystikk - i eit høgt tempo og ofte med cliffhangers i kursiv.

- - - - - - - - - - - - - -

Andre namn på D som eg har vurdert i denne samanhengen er såpass ulike forfattarar som David Lagercrantz, Dashiell Hammett, Daphne du Murier og Desmond Bagley.
Av andre D'ar finst jo Doris Lessing; ein kjend og anerkjend forfattar, men eg har aldri lest noko av henne. Eg "prøvde meg" på Dag Solstad ein gong, men han passa ikkje for meg. Den avdøde danske forfattaren Dea Trier Mørch bør òg nemnast. Boka hennar 'Vinterbarn' hugsar eg ikkje så mykje av lenger; eg hugsar berre at ho gjorde djupt inntrykk på meg då eg las ho for mange år sidan.

18. november 2016

Bokomtale: Jeg er pilegrim av Terry Hayes

Bazar 2014
788 sider

Kjelde: Lånt papirbok privat

Då denne boka kom ut vart ho reklamert for og hausa opp i det uendelege, og eg bestemte meg då for at eg ville venta til hypen hadde gitt seg. Eg skjønte av omtalane eg las at dette var ei bok midt i blinken for meg, men fyrst no i haust vart eg liksom klar.

På mange måtar er Jeg er Pilegrim ein klassisk angloamerikansk spionroman med alle dei stereotypiske elementa som ein finn i slike bøker. Ein "veit" kven som er den gode og kven som er den onde slik at ein enkelt skjønnar kven ein skal "heia på".

Protagonisten er ein spesialagent som undervegs i livet og karrieren har hatt mange namn og fleire identitetar. I det oppdraget som det vert fortalt om i denne historia har han kodenamnet Pilegrim - og det er han som er forteljaren i boka. Antagonisten er også ein mann med fleire identitetar; han er ein fundamentalistisk islamist og terrorist med kodenamnet Saraseneren.

Når ein oppsummerer plottet i boka på denne måten virkar det jo uhyre banalt - men boka inneheld fleire kvalitetar og meir kompliserte intrigar enn det eg skisserer over. Verda er likevel ikkje så svart/kvit. Ein får til dømes ein viss sympati med Saraseneren trass i at han har planar om eit terrorangrep som er meir spektakulært og vidtfemnande enn det som skjedde 11.9.2001. Han er ein einsam ulv som opererer heilt på eiga hand, men han har eitt svakt punkt. Dette punktet - som kanskje skal kunna stoppa Saraseneren - brukar Pilegrim mykje tid og ressursar på å finna ut av. Pilegrim er også ein solospelar, men han har solide støttespelarar samt visse kontaktar høgt oppe i den amerikanske etterretningstenesta - og heilt inn i Det kvite hus.

I fyrste del av boka vekslar det i tid og rom. Ein får kjennskap til oppveksten og bakgrunnen for hovudpersonane, tilhøva dei har til andre, kort sagt; kvifor og korleis dei har blitt som dei har blitt. Dei fyrste par hundre sidene kan oppfattast som trege, men lesaren får stadige "drypp" og "glimt" om det som skal komma til å skje - og spenninga ligg i forventninga og uvissa rundt det som skal/må skje seinare. I andre del av boka er handlinga meir kronologisk og prega av meir og meir dramatikk - og det blir intenst spennande. Det er lenge sidan eg har lest ei bok som eg har fått så høg puls av. Handlinga er lagt til heile verda: USA, Frankrike, Tyskland, Tyrkia, Saudi-Arabia, Afghanistan - for å nemna nokre av landa me får "besøka".

Det er kanskje litt pussig at historia blir fortalt i fyrsteperson - og at han - Pilegrim - skal kunna fortelja om dei inste tankane og kjenslene til andre, m.a. Saraseneren. Eg tykkjer likevel dette forteljargrepet fungerer, sjølv om det sjølvsagt ikkje er heilt truverdig eller realistisk. Det understrekar på ein måte at denne Pilegrim er ein mann med særs spesielle evner.

Eg likte denne boka veldig godt; ho er velkomponert og inneheld ei fantastisk røvarhistorie. Det er ei moderne eventyrforteljing som ikkje berre er underhaldande og aktuell, men også gripande og kontroversiell. Eg skjønnar godt at salet av boka har vore formidabelt. Eg trur forfattaren har hatt som sitt fremste mål å underhalda lesarane - og det har han klart.

Når eg likevel ikkje gir toppkarakter og terningkast 6 for Jeg er pilegrim skuldast det to ting: Det fyrste gjeld det eg nemnde innleiingsvis om stereotypar og klisjear - om ein supermannagent som skal redda heile (den vestlege) verda frå den slemme muslimske terroristen sine planar.
Det andre gjeld omfanget; nesten 800 sider er i meste laget. Den innbundne utgåva som eg har lest er både tung og upraktisk.
På den andre sida; grunnen til at historia grip slik tak i lesaren er at ein får så grundig, detaljert og variert informasjon - og då vert det naturlegvis veldig omfattande.

Andre bloggmeiningar kan du finna her:
Ariel, Artemisias verden, Bjørnebok, Bokbloggeir, Bokelsker Jane, Buskerud leser, Heartart, OP-5, Tine sin blogg.

14. november 2016

Samleinnlegg: Haustlesing del 2

Åpenbaring av C.J. Sansom
Forlaget Press 2011
583 sider, biblioteklånt papirbok

C.J Sansom har lagt kriminalforteljingane sine til ei dramatisk tid og eit interessant miljø: Me er i England på 1500-talet, også kalla Tudortida; ei tid med stadig skiftande alliansar og eit mektig og motsetnadsfylt maktapparat, ei tid prega av svik og strid, vald og uro.

Advokat Shardlake får eit nytt oppdrag av erkebiskopen samstundes som han er opptatt med eit mord på ein nær ven. Kong Henrik VIII har på si side kvitta seg med kone nummer fem og kasta augene sine på den reformistvenlege lady'en Catherine Parr.

I denne boka handlar det ein del om religiøs fanatisme - og det er nærliggjande å dra linjene fram til vår eiga tid. Tittelen viser til dei dystre og merkelege spådommane i den bibleske Johannes' openbaring og om personar som er ekstremt opptekne av endetida.

Åpenbaring er bok nummer fire i serien og eg tykkjer bøkene blir betre og betre. Kanskje ikkje sjølve kriminalgåtene - men Sansom skriv verkeleg bra: miljøskildringane, språket, dei historiske detaljane, intrigane, karakterane, realismen, korleis forteljinga heng saman - alt dette er heilt topp.
Terningkast 5.


Victoria - en dronning for sin tid av Richard Herrmann
Cappelen Damm 2015 (utgitt fyrste gong 1989)
Speletid 15:22, lydbok Storytel

Meir historie og meir England, men me skal nokre generasjonar og tre-fire hundre år fram i tid: Til det 19. hundreåret og dronninga som gav namn til ein heil tidsepoke - sjølvaste Victoria.

No har eg gjenlest den tredje dronningboka til Richard Herrmann, og som for dei tidlegare, dei om dronning Elizabeth I og Maria Stuart; eg har mora meg kongeleg og lært mykje om både det eine og det andre. Boka er både ein biografi om dronning Victoria sjølv og ei skildring av den tida ho regjerte.

Boka inneheld også "minibiografiar" av enkelte samtidige med Victoria, t.d. Charles Dickens, Karl Marx, Florence Nightingale og David Livingstone.
Under Victoriatida var det britiske imperiet på sitt mest storslagne. Vitenskap, oppfinningar og industrialisering blomstra - men baksida av dette var sterk sentralisering og sosial naud.
Victoria fekk ni barn og etterkommarane hennar kan ein finna i fleire av dagens europeiske kongehus. Ein har gjerne det inntrykket av at dronning Victoria var ei streng, myndig og ytterst moralsk dame. Herrmann nyanserer dette biletet noko.

Forfattaren elska England og britane, men her kjem det tydeleg fram at han også var kritisk til enkelte sider ved det britiske samfunnet - til dømes tilhøvet til irane og koloniseringa av såkalla oversjøiske land. Victoria - en dronning for sin tid inneheld funfacts, pomp og prakt, detaljkunnskap, skråblikk, anekdotar og digresjonar. Alt fortalt på ein medrivande, tørrvittig, typisk "herrmannsk" måte. Å høyra Richard Herrmann lesa sine eigne bøker er interessant, nostalgisk og svært underhaldande.
Terningkast 5.


Så - til slutt - over til noko heilt anna, som det heiter på nyhendespråket.


Avslørt av Renée Knight
Cappelen Damm 2015
speletid 8:35, lydbok Storytel

Ein psykologisk thriller med såkalla upåliteleg forteljarstemme (ein forteljarstil som me kjenner att frå bøker som Flink pike, Piken på toget og De som fortjener det). Av og til fungerer slik forteljarstil, av og til ikkje. I dette tilfellet fungerer det bra, men ikkje godt nok. Det skuldast fyrst og fremst at boka manglar driv; handlinga går så sakte at eg undervegs mistar mykje av den interessa og engasjementet som det vert lagt opp til. Eg blir også småirritert på alle gjentakingar og overforklaringar.

Utgangspunktet er spennande: Ei kvinne som les ei bok som faktisk handlar om henne og hennar marerittaktige og djupt bevarte hemmelegheit. Parallellt får ein historia til ein person som er ute etter hevn. At desse to historiane og forteljarstemmene heng saman er opplagt; men korleis? Og kven av dei er korrekt? Kvifor er det så viktig at det som hende ein gong for lenge sidan ikkje må bli avslørt? Historiane tek stadig nye og uventa vendingar.
Ein kan sei at plottet er fiffig og intrikat, men eg tykkjer det er lite truverdig og frykteleg oppkonstruert. Leseopplevinga mi vart difor sånn middels.
Terningkast 4-.

8. november 2016

Bokomtale: Brent jord 1944-1945 av Asbjørn Jaklin

Gyldendal 2016
422 sider

Kjelde: eBokBib

Då eg var heilt ung las eg romanen Fimbulvinteren av Sigbjørn Hølmebakk - og det var ei bok som gjorde djupt inntrykk på meg den gongen. Boka vart filmatisert i 1969 og fekk då tittelen 'Brent jord'.
Brent jord er også tittelen på Asbjørn Jaklin si nye bok som handlar om tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms i 1944-45. Undertittel: Heltene. Ofrene. De skyldige.

Den tyske okkupasjonsmakta brukte den brente jords taktikk då dei trakk seg attende frå desse områda. Denne militære taktikken handlar om å øydeleggja absolutt alt som kan brukast av fienden medan ein sjølv trekk seg ut. Hausten 1944 var det rimeleg klart at andre verdenskrig gjekk mot ei avslutning - og dei sovjetiske styrkane starta ein stor motoffensiv i nord. Tyskarane valde då å utføra tvangsevakuering av alle innbyggjarar samt å sletta absolutt alt av bygningar og infrastruktur aust for Lyngenlinjen. Ordren om nedbrenning og evakuering kom direkte frå Adolf Hitler sjølv. "Medlidenhet med befolkningen er ikke på sin plass", heitte det i ordren.

Det er sterkt - veldig sterkt! - å lesa om den omfattande, systematiske og brutale raseringa av Finnmark og Nord-Troms. Alt - heile livsverk - skulle brennast, bombast og raderast vekk. Dyr skulle slaktast og befolkningen fjernast. Bustader, uthus, havner, sjukehus, sjukeheimar, lagerbygningar, kraftverk, båtar, fiskebruk, kraftverk og telefonlinjer. At folk i ettertid har slite med hendingane, både psykisk, praktisk og økonomisk, er også eit tema i boka.

Då tvangsevakueringsordren kom, valde mange å ikkje etterkomma dette. I staden pakka dei det dei klarte å få med seg og flykta til fjells der dei busette seg i huler, gammer og andre mellombelse og kummerlege "hus". Fleire av dei som flykta vart regelrett jakta på av dei tyske soldatane, og mange sette også livet til. For dei som vart evakuerte var det heller ikkje så enkelt; det var kaos og rot med omsyn til reiserute og flyktningmottak lenger sør i landet. Mange mista kontakten med sine nære og kjære.

Som undertittelen på boka fortel; Jaklin fokuserer på både ofra, heltane og dei skuldige. Han fortel om dei som flykta og dei som drog. Om kampen for å skaffa mat i kroppen og tak over hovudet for seg og sine. Om bekymringar og kvardagsliv, om oppfinnsomheit og heltemot. Om svik, overgrep og krigsforbrytelsar. Om små og store som måtte halda ut umenneskelege påkjenningar. Om eksil-regjeringa i London som mislukkast i å få til ein alliert landgang i nord. Og kanskje mest sjokkerande; om den ansvarlege tyske offiseren som vart frifunnen i krigsforbryterdomstolen i Nürnberg.

Brenninga og evakueringa av Finnmark og Nord-Troms er eit kapittel i krigshistoria som ikkje har fått så stor plass i historiebøkene, og av den grunn er denne boka viktig. Temaet er dystert og ytterst dramatisk, men forfattaren fortel nøkternt og utan for mange utbroderingar om lagnadene til personar, familiar og samfunn. Dei delene av boka som handlar om enkeltepisodar og enkeltpersonar er verkeleg bra. Når det gjeld forsøket på å gjera greie for dei lange linjene; for bakgrunn, politikk og militære strategiar - der er ikkje alt like vellukka. Eg oppfattar dei sekvensane som usamanhengande og uoversiktlege.

Brent jord 1944-1945 er likevel ei god bok som fortener mange lesarar. Asbjørn Jaklin har hatt tilgang til eit unikt og rikhaldig kjeldemateriale som han har systematisert og dramatisert på ein levande og medrivande måte. Boka inneheld også mange interessante bilete og statistikkar.

Andre bloggmeiningar:
Solgunn sitt, Min bok- og maleblogg