7. august 2013

Bokbyen Tvedestrand

Forrige veke var eg på ein liten miniferie på Sørlandet, og i Tvedestrand besøkte eg ein del av utsala i Bokbyen ved Skagerak. Kjempekjekt, men hadde dessverre litt liten tid til verkeleg å studera alle skattane som var der.
Bokbyen Tvedestrand
Bøker overalt på Nynorsk 
Antikvariat i Tvedestrand
Grei skilting gjer det lett å finna fram, og 
det er kort avstand mellom utsala. 

Den fyrste bokbyen som starta opp her i landet var Fjærland i 1996, bokbyen i Tvedestrand opna i 2003. Bokbyane er koselege, små og oversiktlege og verd eit besøk! Her finn du mange kilometer med bøker og uendeleg mange boktitlar i alle slag sjangrar.


1 kommentar: