Eit høyrespel kan kun gje eit inntrykk av ein roman; mykje av innhaldet vert kutta ut og/eller omskrive slik at det passar til radioformatet. Eg er jo så glad i lydbøker, og finn også glede i å lytta til høyrespel - gjerne til bøker eg har lest før, - men då helst for lenge sidan, slik at eg ikkje hugsar alt.
Vertshuset Jamaica
Daphne du Maurier (1907-89) er vel mest kjend for den gotiske romanen Rebecca som kom ut i 1938. 'Jamaica Inn' kom ut to år før Rebecca og handlinga er lagt til Cornwall i 1810. Stemninga og miljøet kan minna om Brontë-systrene sine romanar 'Stormfulle høyder' og 'Jane Eyre'. Boka er ein romantisk spenningsroman med gotiske og mystiske trekk. Det handlar om mørke løyndomar og ei einsam heltinne - og "kulissane" er eit forblåst landskap med tåke og uver. Boka er filmatisert fleire gonger (m.a. av sjølvaste Hitchcock) og har tittelen Jamaica-kroen i den best kjende norske oversetjinga. Radioteaterversjonen eg har lytta til no er frå 1972, i Ivar Eskeland si omsetjing til nynorsk. Greitt nok, men innspelinga har ikkje tålt "tidens tann" så godt og har litt dårleg lyd. Skodespelarar med austlandstonefall som snakkar nynorsk er dessutan ganske kleint å høyra på - så det heile vart egentleg komisk teatralsk, og slett ikkje så mystisk og grøssande som forventa.
Terningkast tre.
Hunden fra Baskerville
Sir Arthur Conan Doyle (1859-1930) sin klassiske kriminalroman har eg lest mange gonger og sett fleire film- og TV-versjonar av. Mange ser på denne romanen frå 1902 som verdens beste kriminalforteljing. Dette kan i høgste grad diskuterast, men det er i alle fall eit faktum at det er den mest kjende av Sherlock Holmes-historiane.
Slekta Baskerville har ei forbanning hengande over seg; ei segn som fortel om ein svær og svart hund som varslar om valdelege og tragiske dødsfall. Privatdetektiven Holmes og hans trufaste ven og biograf dr. Watson vert sett på store prøver ute i dei ville og tåkete heiane i Dartmoor når dei skal prøva å redda sir Henry Baskerville frå ein dødeleg lagnad.
Radioteater-versjonen frå 1977 er veldig bra med dyktige skodespelarstemmer som Helge Reiss, Tor Stokke og Rolf Søder. Lyden er fin og musikken av Bela Bartok er som skreddarsydd. Då eg høyrde Hunden fra Baskerville i radioen fyrste gong vart eg fyllt av noko som kan kallast "skrekkblanda fryd", hugsar eg. Det følte eg ikkje no, men ein vert vel meir kresen og kynisk med åra..?
Terningkast fire.
Marlowe - Den store søvnen
Raymond Chandler (1888-1959) er ein av dei største og viktigaste forfattarane innan sjangeren kriminallitteratur. Han skreiv 7 bøker i serien om privatdetektiven Philip Marlowe, - The big sleep ('Den lange søvnen' - eller som her: 'Den store søvnen' - det finst altså to ulike omsetjingar) er den fyrste.
Privatdetektiven Philip Marlowe er tøff og smart, hardkokt og sarkastisk - og har whisky i skrivebordsskuffen. Me er i Los Angeles i 1938 - og Marlowe tek på seg eit farleg oppdrag som etter kvart kjem til å handla om utpressarar, gamblerar, profesjonelle mordarar og femme fatales. Chandler sine miljøskildringar er gode, skarpe og presise - men personane han skildrar - særleg kvinnene - er ofte klisjeaktige og "uekte".
Eg kan anbefala Radioteateret sin versjon. Innspelinga er gjort i 1984 og har god lyd, stemningsskapande musikk og lydeffektar, samt dyktige skodespelarar. Hovudperson og forteljar Lars Andreas Larsen si tolking er spesielt bra og må framhevast.
Terningkast fem.

- - - - - - - -
Sir Arthur Conan Doyle sine forteljingar om Sherlock Holmes er typiske og klassiske eksempel på den britiske krimtradisjonen - ei detektivforteljing der den geniale etterforskaren løyser vanskelege saker ved hjelp av logikk og psykologi.
Raymond Chandler sine historiar om Philip Marlowe tilhøyrer den amerikanske krimtradisjonen. Denne forteljartradisjonen - den hardkokte forteljinga om den einsame detektiven - oppsto i USA i mellomkrigstida; her vert det lagt meir fokus på samfunnsforhold - i tillegg til oppklaring av brotsverk. Det er ingen tvil om at forfattarar som Gunnar Staalesen og Jo Nesbø har henta inspirasjon frå Chandler og at dei fører denne forteljartradisjonen vidare gjennom sine bøker om Varg Veum og Harry Hole. Det kan også nemnast at Haruki Murakami har Raymond Chandler som føredøme og litterær helt.