Fyrste gongen eg "møtte" forfattaren
Leif GW Persson var då eg las romanen
Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde for eit par-tre år sidan, - men det vart eit møte og ein kriminalroman som eg ikkje fann ut av. Skuffande og overraskande nok, for svensk krim er liksom ein av lidenskapane mine og noko som eg vanlegvis kosar meg med. Den nemnde boka er ein murstein på nærare 600 sider, ho inneheld utallige karakterar, bihistoriar og trådar, og eg fann handlinga treg og tung. Då eg las boka i mars 2012 gav eg ho terningkast 2 på
bokelskere.no. Der finn eg også att ein kommentar som eg skreiv den gongen:
"Har aldri brukt lengre tid på ei krimbok. Denne vart altfor lang, altfor kjedeleg, altfor omstendeleg. Kjem neppe til å lesa meir GW Persson."
Eg var altså skikkeleg sur etter den leseopplevinga. Men det er vel ingen skam å snu, og i ettertid har eg hatt eit ønske om å prøva meg på ei anna bok av GW Persson, sidan denne forfattaren av mange vert sett på som "deckarkungen" og ein av dei aller beste svenske kriminalforfattarane. I tillegg er Persson, med den bakgrunnen og erfaringane han har, ein interessant person. Han er ikkje fyrst og fremst forfattar, men er professor i kriminologi ved Rikspolisstyrelsen i Stockholm og sakkyndig i det svenske justisdepartementet. Han er òg ein frittalande og uredd
samfunnsdebattant som ofte opptrer som krimekspert i media. I ymse samanhengar, også skjønnlitterært, har han vore særleg engasjert i etterforskinga i drapet på Olof Palme.
Kronologi gav eg blaffen i då eg i haust valde meg ut
Den døende detektiven (frå 2010)
- og det vart eit langt hyggelegare møte og ei meir underhaldande leseoppleving. Eg lånte lydboka - med Nils Nordberg som opplesar - på biblioteket. Nordberg si stemme passa glimrande til boka. "Gjensynet" med dei aldrande herrane Jarnebring og Johansen - som er gjennomgangsfigurar i fleire av GW sine romanar - var varmt og triveleg. Fullt så triveleg er ikkje kollegaen deira Evert Bäckström, men også han har ei rolle å fylle. Det vart ei fin leseoppleving; ei ettertenksam og fornøyeleg bok som også inneheld ei skikkeleg kriminalgåte. Det er ikkje så mykje action og fart i boka, og tidvis stoppar handlinga litt opp, men historia er brukbart fengslande likevel. Persson vart tildelt
Glassnøkkelen for
Den døende detektiven.
Dermed var eg i liksom i gang med dette forfattarskapet, og plukka fram
Grisefesten og
Profitørene - utgitt fyrste gong i Sverige i 1978 og -79. Det var absolutt interessant å gå slik bakover i tid, i det same universet og med dei same personane å forholda seg til. Mykje har skjedd sidan slutten av syttitalet, det gjeld både teknologi, infrastruktur og andre samfunnsforhold - og kriminallitteraturen speglar sjølvsagt desse endringane. Trass i dette får ikkje desse to bøkene meir enn terningkast 3 frå meg. Dei er litt tamme og har ikkje tålt "tidens tann" så godt.
Eg har imidlertid etter kvart fått sans for den slentrande og personlege forteljarmåten til denne forfattaren. Han er sarkastisk og frekk, melankolsk og elegant - ein heilt eigen spesiell stil - ein stil eg ikkje såg eller oppfatta då eg vart så skuffa over den fyrste boka. Forfattaren er svært kunnskapsrik, har lang erfaring med og kjennskap til brotsverk, forbrytarar og politiarbeid. Difor vert bøkene hans truverdige, realistiske og grundige. Eg trur likevel GW Persson er ein forfattar som ein må venja seg til.
No har eg lånt
Den som dreper dragen via ebokbib og ser fram til eit nytt møte med forfattaren - og antihelten Evert Bäckström, som er hovudperson i denne boka. Eg forventar ei leseoppleving med gode miljøskildringar, beisk humor, samt eit kritisk blikk på politietaten spesielt og samfunnet generelt. Sitrande spenning kan ikkje forventast. Det er ikkje GW sin stil.
Og OMSIDER kjem eg fram til poenget med dette lange innlegget:
Den som dreper dragen er mitt bidrag til
Boken på vent-spalten hos Beathe denne tysdagen!
Leif GW Persson er ein godt vaksen mann (fødd i 1945), men har ikkje gitt ut så mange bøker, - han har som nemnd vore opptatt med enkelte andre ting. Men han har teke seg tid til å skriva nokre jakt- og kokebøker saman med Jan Guillou og manus til to TV-seriar, også saman med Guillou.
Forutan bøkene omtalt over, er desse bøkene utgitt på norsk:
- En annen tid, et annet liv
- Faller fritt som i en drøm - desse to inngår saman med 'Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde' i trilogien «Velferdsstatens fall» som kretsar rundt mordet på ein svensk statsminister
- Samfunnsbærerne - er ein frittståande roman, men oppfølgjar til 'Grisefesten' og 'Profitørene'
- Linda - som i Lindadrapet
- Den sanne historien om Pinocchios nese
- Gutten til Gustav (Sjølvbiografi)