Viser innlegg med etiketten Arthur Conan Doyle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Arthur Conan Doyle. Vis alle innlegg

3. august 2014

Samleinnlegg: Lest og høyrt i ferien

Bloggen har hatt sommarferie og for å kommma ajour kjem her nokre 
mikro-omtalar i kulepunktformat


Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay

  • Ei opplesarstemme eg ikkje vart "fortruleg med"
  • Utgangspunktet for boka er jødeforfølgingane under 2. verdenskrig, - dette er sterk lesing; både spennande og gripande 
  • Undervegs vert historia likevel platt, kjedeleg og lite engasjerande
  • Parallellhistoria frå notida er dameroman-aktig og "påtatt" dramatisk
  • Lite truverdige hovudpersonar
  • Irriterande klisjefyllt språk
  • Patetisk slutt
  • For meg vart dette ei dårleg leseoppleving; Terningkast 2

Kunsten å høre hjerteslag av Jan-Philipp Sendker

  • Lydbok, godt opplest av Håkon Strøm og Charlotte Grundt
  • Internasjonalt: Tysk forfattar og handling frå Burma og New York
  • Romantisk, til tider svært klissete
  • Oppskrytt og skuffande
  • Langtekkeleg og lite truverdig
  • Oppfølgingsboka fristar ikkje
  • Falt ikkje i smak hos meg, men vrien på slutten var litt overraskande og berga eit Terningkast 3

 Da duene forsvant av Sofi Oksanen

  • Lydbok; Anders Ribu les godt, men litt for "pompøst" for denne type bok
  • Historisk frå Estland; eit land og eit folk under tysk og sovjetisk herredømme
  • Om storpolitikk sett frå nokre "små" enkeltpersonar sitt perspektiv
  • Krigsdrama og familiedrama
  • Storslått, utfordrande, detaljert, imponerande research-arbeid
  • Alle detaljane, dei mange forteljarstemmer og hopp fram og tilbake i tid gjer boka kaotisk og handlinga uoversiktleg
  • Interessant, men ikkje sååå veldig fengande. Terningkast 4


Vann til elefantene av Sara Gruen

  • Glimrande lest av Finn Schau
  • Underhaldande og sorgmuntert om ein gammal mann som tenkjer tilbake på ungdomstida si på eit omreisande sirkus i USA på 30-talet 
  • Dramatisk og romantisk
  • Ein hovudperson å bli glad i
  • Grei, men forutsigbar avslutning
  • Terningkast 4

Sherlock Holmes: Skandale i Bøhmen og andre eventyr av Arthur Conan Doyle

  • Seks klassiske krimnoveller skrivne på 1890-talet
  • - Skandale i Bøhmen
  • - De rødhåredes forbund
    - Et identitetsproblem
    - Mysteriet i Boscombe Valley
    - De fem appelsinstenene
    - Mannen med den vrengte leppen
  • Nils Nordberg si stemme er perfekt for denne type forteljingar
  • Novelleformen er perfekt for forteljingane om Sherlock Holmes og Dr. Watson
  • Underhaldande og elegant, men litt langsamt; ei leseoppleving til Terningkast 4

Hendelser ved vann av Kerstin Ekman

  • Tildelt Nordisk Råds litteraturpris (-94) og Glassnøkkelen (-93)
  • Psykologisk thriller
  • Mangfaldig, samansett og originalt persongalleri
  • Stemningsfulle naturskildringar
  • Mørk, dyster og tidvis erotisk stemning
  • Stigande og grøssande spenning
  • Boka er som ein løk; ein skreller av mange lag undervegs
  • Stillferdig, ikkje så drivande handling som forventa
  • Litt tunglest, brukte lang tid 
  • Men boka er så velskriven og spesiell at eg gir Terningkast 5

Dukkene av Mo Hayder

  • Bok nr. 6 om politietterforskar Jack Cafferey (Walking Man-serien)
  • Bok nr. 4 om Cafferey og politidykkar Flea Marley - og ein anar omsider ei utvikling i forholdet mellom dei to
  • Framhald av Borte og ei bok eg har venta lenge på 
  • Bissart, brutalt, spennande, fengande, uhyggeleg
  • Ypparleg komponert med korte kapittel og stadig skiftande perspektiv
  • Forfattaren syner "vrangsida" av samfunnet og menneskesinnet
  • Både hovudpersonar og bipersonar framstår som "ekte" sjølv om dei er oppdikta
  • Ikkje så intenst spennande som dei føregåande bøkene i serien, men likevel ei leseoppleving til terningkast 5

Redlight Setesdal av Sigmund Falch

  • Som dei andre bøkene til Falch: Gamle bilete kopla saman med meir eller mindre passande tekstar
  • Resultatet er overraskande og hysterisk morosamt
  • Ei bok "utan meining"; kun for underhaldning og ingenting anna
  • Ein god latter forlengar livet og styrkar magemusklane
  • For meg er dette heilt topp; terningkast 5


          Mørketall av Arne Dahl

          • Bok nr. 8 i serien om A-gruppen
          • Handlingsrikt og perspektivrikt 
          • Dei ulike medlemene i A-gruppen jobbar med ulike saker som til slutt syner seg å henga saman. Ikkje så truverdig, men det vert i alle fall ein actionfylt avslutning
          • Gode personskildringar og karakteristikkar
          • Aktuellt om den vanskelege jakta på folk som står bak all barnepornoen på internett
          • Interessante filosofiske betraktningar
          • Svært velskriven - som alltid frå Dahl si side. Terningkast 5

          Før snøen kommer av Britt Karin Larsen

          • For det fyrste: Heilt "feil" omslag på denne utgåva. Biletet er altfor romantisert. Dessutan er eg litt allergisk mot blurbs. Dette omslaget er betre.
          • Dernest: Eit etterlengta gjensyn med Lina, Taneli, Hilda, Jussi og dei andre skogfinnane me har blitt kjent med i dei tre føregåande bøkene i serien. I tillegg vert me kjende med ein ny generasjon og ei ny tid.
          • Særeigen forteljarstil; spørjande og undrande
          • Nydeleg poetisk språk
          • Samstundes hjerteskjerande realistisk
          • Må lesast sakte
          • Ei bok og ein romanserie som anbefalast varmt. Terningkast 5
          - - - - - - - -

          Ferielesinga vart som ein kan sjå ganske variert - og leseopplevingane vart også varierande. Ei av bøkene eg starta på vart ikkje fullført; En amerikaner i Italia av John Grisham. Ikkje ein gong Ivar Nergaard si opplesingsstemme klarte å "berga" denne. Amerikansk fotball er fullstendig uinteressant for meg. Eg vel å tru at dette er ei utypisk Grisham-bok og kjem nok til å prøva meg på andre bøker av forfattaren ved seinare høve.

          "Rosina i ferielesingspølsa" vart Jonas Gardell sin trilogi Tørk aldri tårer uten hansker. Eg las alle tre; 1. Kjærligheten, 2. Sykdommen og 3. Døden medan eg hadde sommarferie. Desse bøkene gjorde djupt inntrykk på meg (terningkast 6 er sjelden kost på denne bokbloggen) og får ein eigen omtale.

          1. august 2014

          Oppsummering juli

          Påbyrja i juni, fullført i juli:
          Roy Jacobsen - De usynlige - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Tove Jansson - Sommerboken - Svensk/finsk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Kerstin Ekman - Hendelser ved vann - Svensk krim - Papirbok lånt av mor

          Lest i juli:
          Jan-Philipp Sendker - Kunsten å høre hjerteslag - Tysk roman - Kjøpt lydbok
          Sofi Oksanen - Da duene forsvant - Finsk/estisk roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 1. Kjærligheten - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Tatiana de Rosnay - Saras nøkkel - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Mo Hayder - Dukkene - Britisk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          (John Grisham - En amerikaner i Italia - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket) - Ikkje fullført
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 2. Sykdommen - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Arne Dahl - Mørketall - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
          Sara Gruen - Vann til elefantene - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 3. Døden - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Sigmund Falch - Redlight Setesdal - Humor - Ebok lånt på biblioteket
          Arthur Conan Doyle - Skandale i Bøhmen - Klassisk britisk krim, noveller - Lydbok lånt på biblioteket

          Påbyrja i juli, fullførast i august:
          Britt Karin Larsen - Før snøen kommer - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
          Jan Mehlum - Lengsel etter penger - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          Jørgen Brekke - Doktor Fredrikis kabinett - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket


          Mange og varierte lese- og lyttestunder i juli altså - og takk og lov for bibliotektenesta!

          Eg tykkjer det har vore veldig godt og riktig med bloggepause ein periode - men no har det byrja å kribla skikkeleg i fingrane etter å ta tastaturet fatt igjen. Eg kjem til å publisera ein samlebloggpost med lest og høyrt i ferien om ein dag eller to.

          10. april 2014

          Repost: Klassiske påskekrimtips

          Ikkje fordi eg er doven, men fordi eg har det litt travelt for tida. Dette er ein repost frå den gamle bloggen. Fjorårets påskekrim-bloggpost er like aktuell i år.

          - - - - - - - - - -

          For meg er påskekrim klassisk krim av whodunnit-typen, gjerne i Agatha Christie-stil. Det vil seie puslekrim; ei mordgåte, ein intellektuell leik der forfattaren utfordrar lesaren til å avsløra mordaren/forbrytaren før forfattaren sin hovudperson finn ut av løysinga. Elles i året les eg helst nyare, meir hardbarka og actionfylte krimbøker, men puslekrim passar betre framfor peiselden på hytta, tykkjer eg.
          Med "klassisk krim" meiner eg nærare bestemt dei klassiske detektivforteljingane av britisk tradisjon. (I motsetnad til den amerikanske tradisjonen, som er forteljingane om "den hardkokte privatdetektiven", f.eks. Raymond Chandler - som skapte Philip Marlowe, - eller Gunnar Staalesen sin Varg Veum, for å ta eit nyare og nærare eksempel).
          Agatha Christie er i ein klasse for seg, så produktiv som ho var. Ti små negerbarn, Mord på Orientekspressen og Doktoren mister en pasient er geniale og har overraskande og utfordrande plott. Både Hercule Poirot og Miss Marple har sine tilhengarar, - sjølv er eg veldig svak for den belgiske herremannen. Dorothy Sayers og hennar figur Lord Peter Wimsey er eit anna klassisk krimlitterært alternativ. Sir Arthur Conan Doyle, opphavet til Sherlock Holmes, bør alle krimelskarar kjenna til. Klassikaren Hunden fra Baskerville er fin, om du likar litt grøssande påskestemning. 
          John Dickson Carr (Carter Dickson) og Ellery Queen var amerikanske krimforfattarar, men begge heldt seg innan den britiske krimtradisjonen. Har du ikkje lese Sort messe av John Dickson Carr tidlegare, kan du bruka påsken til å lesa denne framifrå krimklassikaren. 
          Av nyare dato, og innan ein sjanger som kan kallast "klassisk politikrim", finn ein Colin Dexter sine romanar om Inspektør Morse og P. D. James sine bøker med Adam Dalgliesh i hovudrolla. Begge er velkjende gjennom dei mange TV-seriane. Bøkene er sjølvsagt betre enn filmatiseringane. Vil spesielt anbefala Intriger og begjær og Det svarte fyret. Her vert òg lesaren utfordra til å finna løysing på mysteria, - men som oftast vert ein overraska på slutten. I same gate er amerikanske Elizabeth George, bøkene hennar om Lynley og Havers er erkebritiske og klassiske i stil og innhald.
          Norske klassiske krimromanar som kan høva å ta med i påskesekken, er De dødes tjern av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og Jernvognen av Stein Riverton (Sven Elvestad). Eg trur ein kan lesa De dødes tjern kvar påske, - og verta like skremd kvar gong! 
          Hans Olav Lahlum sine "retrokrimbøker" er òg puslekrim av den klassiske typen. Lahlum har Christie og Conan Doyle som inspirasjonskjelder og føredøme.
          Det er interessant og nyttig å lesa om at etterforsking og oppklaring av brotsverk før i tida skjedde utan hjelp av epost, internett og mobiltelefonar!

          24. februar 2014

          Samleinnlegg: Radioteater

          I det siste har eg lytta til tre ulike eldre høyrespel bygd på klassiske krim- og spenningsbøker; Vertshuset Jamaica av Daphne du Maurier, Hunden fra Baskerville av Sir Arthur Conan Doyle og Marlowe: Den store søvnen av Raymond Chandler. Alle innspelingane er gjort av NRK radioteateret og det er krimekspert og mr. Radioteateret personleg, Nils Nordberg, som står for regien av dei tre høyrespela.
          Eit høyrespel kan kun gje eit inntrykk av ein roman; mykje av innhaldet vert kutta ut og/eller omskrive slik at det passar til radioformatet. Eg er jo så glad i lydbøker, og finn også glede i å lytta til høyrespel - gjerne til bøker eg har lest før, - men då helst for lenge sidan, slik at eg ikkje hugsar alt.

          Vertshuset Jamaica

          Daphne du Maurier (1907-89) er vel mest kjend for den gotiske romanen Rebecca som kom ut i 1938. 'Jamaica Inn' kom ut to år før Rebecca og handlinga er lagt til Cornwall i 1810. Stemninga og miljøet kan minna om Brontë-systrene sine romanar 'Stormfulle høyder' og 'Jane Eyre'. Boka er ein romantisk spenningsroman med gotiske og mystiske trekk. Det handlar om mørke løyndomar og ei einsam heltinne - og "kulissane" er eit forblåst landskap med tåke og uver. Boka er filmatisert fleire gonger (m.a. av sjølvaste Hitchcock) og har tittelen Jamaica-kroen i den best kjende norske oversetjinga. 

          Radioteaterversjonen eg har lytta til no er frå 1972, i Ivar Eskeland si omsetjing til nynorsk. Greitt nok, men innspelinga har ikkje tålt "tidens tann" så godt og har litt dårleg lyd. Skodespelarar med austlandstonefall som snakkar nynorsk er dessutan ganske kleint å høyra på - så det heile vart egentleg komisk teatralsk, og slett ikkje så mystisk og grøssande som forventa.
          Terningkast tre.

          Hunden fra Baskerville

          Sir Arthur Conan Doyle (1859-1930) sin klassiske kriminalroman har eg lest mange gonger og sett fleire film- og TV-versjonar av. Mange ser på denne romanen frå 1902 som verdens beste kriminalforteljing. Dette kan i høgste grad diskuterast, men det er i alle fall eit faktum at det er den mest kjende av Sherlock Holmes-historiane. 

          Slekta Baskerville har ei forbanning hengande over seg; ei segn som fortel om ein svær og svart hund som varslar om valdelege og tragiske dødsfall. Privatdetektiven Holmes og hans trufaste ven og biograf dr. Watson vert sett på store prøver ute i dei ville og tåkete heiane i Dartmoor når dei skal prøva å redda sir Henry Baskerville frå ein dødeleg lagnad.

          Radioteater-versjonen frå 1977 er veldig bra med dyktige skodespelarstemmer som Helge Reiss, Tor Stokke og Rolf Søder. Lyden er fin og musikken av Bela Bartok er som skreddarsydd. Då eg høyrde Hunden fra Baskerville i radioen fyrste gong vart eg fyllt av noko som kan kallast "skrekkblanda fryd", hugsar eg. Det følte eg ikkje no, men ein vert vel meir kresen og kynisk med åra..?
          Terningkast fire.

          Marlowe - Den store søvnen

          Raymond Chandler (1888-1959) er ein av dei største og viktigaste forfattarane innan sjangeren kriminallitteratur. Han skreiv 7 bøker i serien om privatdetektiven Philip Marlowe, - The big sleep ('Den lange søvnen' - eller som her: 'Den store søvnen' - det finst altså to ulike omsetjingar) er den fyrste.

          Privatdetektiven Philip Marlowe er tøff og smart, hardkokt og sarkastisk - og har whisky i skrivebordsskuffen. Me er i Los Angeles i 1938 - og Marlowe tek på seg eit farleg oppdrag som etter kvart kjem til å handla om utpressarar, gamblerar, profesjonelle mordarar og femme fatales. Chandler sine miljøskildringar er gode, skarpe og presise - men personane han skildrar - særleg kvinnene - er ofte klisjeaktige og "uekte".

          Eg kan anbefala Radioteateret sin versjon. Innspelinga er gjort i 1984 og har god lyd, stemningsskapande musikk og lydeffektar, samt dyktige skodespelarar. Hovudperson og forteljar Lars Andreas Larsen si tolking er spesielt bra og må framhevast.
          Terningkast fem.

          - - - - - - - -

          Sir Arthur Conan Doyle sine forteljingar om Sherlock Holmes er typiske og klassiske eksempel på den britiske krimtradisjonen - ei detektivforteljing der den geniale etterforskaren løyser vanskelege saker ved hjelp av logikk og psykologi.

          Raymond Chandler sine historiar om Philip Marlowe tilhøyrer den amerikanske krimtradisjonen. Denne forteljartradisjonen - den hardkokte forteljinga om den einsame detektiven - oppsto i USA i mellomkrigstida; her vert det lagt meir fokus på samfunnsforhold - i tillegg til oppklaring av brotsverk. Det er ingen tvil om at forfattarar som Gunnar Staalesen og Jo Nesbø har henta inspirasjon frå Chandler og at dei fører denne forteljartradisjonen vidare gjennom sine bøker om Varg Veum og Harry Hole. Det kan også nemnast at Haruki Murakami har Raymond Chandler som føredøme og litterær helt.