Ny vri når det gjeld
Boken på vent denne tysdagen. I dag inviterer Beathe til blogghopp og utfordar sine medbokbloggarar til å plukka ut fem bøker som skal lesast i løpet av hausten.
Klikk deg inn i
Beathesbokhylle - sjå ventebøker og bli med og hopp!
I desse bokhaust-tider er det så utruleg stort fokus på dei nyaste og kommande bøkene. Og det er fint - eg likar å lesa ferske bøker - men! - bøker er ikkje ferskvare!
Difor har eg tenkt "alternativt" og plukka fram fem bøker av litt eldre dato. Fem romanar som eg forventar har høg kvalitet. Fem leseopplevingar som eg håpar passar i haustmørket. Fem bøker som
ikkje kjem rett frå trykkeriet. Og - faktisk - fem bøker som
ikkje er krim!
Stormenes tid av Ken Follett
Eg har ikkje lest noko av Follett sidan eg las
Nålen for omlag 30 år sidan. Bind 1 av
Stormenes tid har undertittelen
Sverdet og korset og er ein 705 siders historisk roman med handling frå England på 1100-talet. Boka kom fyrste gong ut i 1989 og skal vera fantastisk god. Boka fann eg i mor si bokhylle - og eg gler meg til å synka ned i godstolen med denne!
Kruttårnet av Jens Bjørneboe
Andre bok i trilogien
Bestialitetens historie kom ut fyrste gong i 1969. Den fyrste boka,
Frihetens øyeblikk gjorde inntrykk på meg, både innhalds- og språkmessig. Bjørneboe var ein ordkunstnar og ein forfattar med mykje mørk humor. No er eg snart klar for ei stund med Bjørneboe igjen. Eg har lånt lydbokversjonen på biblioteket. Nils Ole Oftebro si stemme er som skapt for opplesing av dette bokverket.
Guds barmhjertighet av Kerstin Ekman
frå 1999. Fyrste bok i trilogien
Vargskinnet. Handling frå Jämtland i byrjinga av 1900-talet. Eg las
Hendelser ved vann i sommar, og fekk omsider augene opp for denne prisbelønte forfattaren.
Pinnsvinets eleganse av Muriel Barbery
Ikkje så "skrekkeleg" gammal akkurat, boka kom ut i 2006, - på norsk i 2008. Ei bok eg har lest mykje positivt om på ulike nettstader og ymse bokbloggar. Det har gjort meg nysgjerrig - og eg er spent på om eg kjem til å lika denne.
Skråninga av Carl Frode Tiller
Tiller sin sensasjonelle og prisbelønte debutroman frå 2001 sto òg i mor si bokhylle. Forfattaren er svært aktuell denne hausten med
Innsirkling 3; mange lesarar har vore spent på avslutninga av denne trilogien. Eg skal så klart lesa 3'aren ein gong - sidan eg har lest dei to fyrste, men det hastar ikkje. Fyrst skal eg ta ein titt på Skråninga.
Så fint at du ikke hadde fokus på de nyeste bøkene, jeg kom på det når jeg tok bilde i går at det kun var helt nye bøker jeg hadde med. Av "dine" har jeg kun Pinnsvinets eleganse på vent i hyllene mine. Innsirkling har jeg blitt veldig nysgjerrig på etter å ha hørt så mye bra. De andre var omtrent ukjente for meg men jeg skal sjekke de ut litt. Kos deg med bøkene utover høsten:-) Ha en fin dag :-)
SvarSlettIkkje uventa vart det mest fokus på dei nyaste bøkene, difor bestemte eg meg på førehand at eg skulle gjera noko anna.
SlettDet skal bli rikeleg med bok-kos utover hausten :)
Sverdet og korset er den første boken i Stormenes tid, (der er to), så det er i grunnen fint å begynne med den :-) Og så er jeg imponert over at du leser Bjørneboe! Pinnsvinets eleganse har jeg lest. Jeg var ikke så super imponert og holdt på å legge den vekk halvveis, men den er i grunnen finere nå når jeg tenker tilbake på den, rart nok :-) Ønsker deg en fin dag, Berit!
SvarSlettDå eg var ung, var Bjørneboe aktuell og omdiskutert - men av ein eller annan grunn vart det ikkje til at eg las noko av han den gongen (berre eit utdrag av 'Jonas', så vidt eg hugsar)
SlettEg har lenge hatt lyst til å lesa Bestialitetens historie, - og no er eg altså i gang. Det same er forresten Marianne (ebokhyllami) - utan at det var planlagt på nokon måte.
Så lurt å finne frem gamle bøker! Jeg har hatt en av mine største leseopplevelser med Stormenes Tid av Ken Follett. Jeg leste den i to deler for 18 år siden og var helt oppslukt. Jeg leste over alt, til og med på bussen - selv om jeg egentlig ble skikkelig bilsyk - og var nesten i sorg da jeg var ferdig å lese. Håper du får en like flott opplevelse som jeg hadde :)
SvarSlettSå bra at du hadde ei slik flott leseoppleving med akkurat den boka! Der rykka den fram i ventekøen, kjenner eg :)
SlettJeg gleder meg til å lese siste bok av Tiller, da han er for meg en av de store. Pinnsvinets hemmelighet er bra! Ha en fin dag!
SvarSlettJa, Tiller er god. Eg vil sei han skriv ubehageleg godt!
SlettSkråninga er ei av dei beste bøkene eg har lese! Sjølv om det er lenge sidan så trur eg den held seg godt (burde kanskje lese den ein gong til...) God fornøyelse med haustbøkene dine :-)
SvarSlettSå fint! Der rykka den boka fram i køen også..
SlettJeg blir så glad når noen trekker frem gamle Bjørneboe, og spesielt disse bøkene i Bestialitetens historie. De betød veldig mye for meg i min ungdom:) Skråninga er også veldig veldig bra! Kos deg, om jeg skal bruke et slikt ord, for kosebøker det vel strengt tatt ikke..
SvarSlettHe-he, kos og kos, fru Blom!
SlettAv og til lurer eg på om eg normal som faktisk kosar meg med mord og drap og bestialitetar. Men - eg har funne ut at eg er det. Normal altså. Fordi me er så mange som har det slik!
Hei. Er det alternativt å ikke bare lese 2014-bøker? :o) Jeg tror ikke noen av de jeg valgte heller er fra i år, men jeg tenker egentlig sjeldent over utgivelsesår. Stormenes tid er noe jeg også har lyst å lese en gang tror jeg! Hvis det kommer en tid for den, den er i alle fall av interesse. Pinnsvinets eleganse også, etter å ha sett filmen som jeg likte veldig godt!
SvarSlettHåper du hygger deg med de bøkene du får lest i høst! ^^
Ikkje alternativt, men "alternativt" - om du skjønnar. Det vart jo mest fokus på dei aller nyaste bøkene. Naturleg nok.
SlettEg hyggar meg som regel med alle bøker, men er etter kvart blitt meir kresen og kritisk til det eg les.