Lydbokforlaget 2014
(Papirutgåve: Gyldendal 2014)
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
Speletid: 11:59
Opplesar: Kirsti Grundvig
Kjelde: Lånt på biblioteket
Håkan Nesser har skrive ein ny fengslande roman. Den forrige frittståande boka hans, Himmel over London, var noko utilgjengeleg med alle sine alternative forteljargrep og kronologiske krimspring, men Levende og døde i Windsor er ei meir lese- og lesarvenleg bok.
Her får ein ei smart oppbygd, spennande og velskriven historie, - ein original roman med visse thriller-/krim-effektar. Sakte og sikkert, lag på lag, vert det avdekka stadig nye element. Og når ein trur at ein har innsett korleis det heile heng saman, gjer handlinga ei heilt ny vending.
Boka er ein pageturner utan action og (nesten) utan drap og vald. Forfattaren rullar ut historia - stille og roleg. "Jeg"-forteljaren er Maria, ei middelaldrande svensk kvinne, tidlegare TV-vertinne og med eit kjent fjes, i alle fall i Sverige. Ho har vore gift med Martin i over 30 år og saman har dei to vaksne born. Når me møter ho i starten av boka oppheld ho seg inkognito berre saman med hunden sin i eit leigt husvære i utkant-England; i landsbyen Winsford i Exmoor. Maria brukar ikkje det riktige namnet sitt og me skjønnar at ho på flukt - frå noko eller nokon - det er uklart og uvisst i starten. Men ein skjønnar at her er det ugler i mosen og ymse grums i nær og fjern fortid. Kvar er mannen hennar? Kva har han gjort? Kven er han egentleg? Kva har Maria gjort? Kvifor?
Langsamt vert brikkene i puslespelet lagt, både for lesaren og for hovudpersonen sjølv. Det som hende i fortida vert naturleg og elegant fletta inn i notidsforteljinga. Maria nyttar dagane til å gå tur med hunden på heden og å lesa dagboknotata til mannen som ho har vore gift med så lenge og som har halde vesentlege saker og ting skjult for henne. Etter ei tid skjer det fleire mystiske og underlege ting som gjer at Maria byrjar å kjenna seg utrygg. Er ho i ferd med å bli innhenta av fortida? Av kva? Av kven?
Språket er sirleg og stødig og personskildringane presise - som alltid frå Håkan Nesser si side. Han lagar stemningsfulle bilete av naturen; av mørket, regnet og kulden. Det er som om ein kjenner vinden ruska i håret og ein ser dei mange villhestane - medan tåka legg seg over landskapet. Dei fine miljøskildringane gir lesaren ei kjensle av melankoli, - og samstundes vert det heile litt uhyggeleg. Hovudpersonen framstår som truverdig, levande og ekte. Maria er full av så mange kjensler; einsemd, sorg, fortviling, forvirring, hat, frykt - men også pågangsmot, håp og tru. Som lesar fekk eg sympati og medkjensle, men også undring - og avsky - for henne.
Levende og døde i Windsor er noko heilt anna og noko langt meir enn ein tradisjonell spenningsroman. Boka har fleire bihistoriar og eit ganske oversiktleg persongalleri. Spenninga stoppar litt opp av og til, men stig langsamt og sikkert - og gjer det vanskeleg å leggja frå seg boka. På eit vis handlar det om kor vanskeleg det er å flykta frå fortida og frå sitt gamle liv og om problem med å finna løysingar og avklaringar når ein skal byrja på nytt i godt vaksen alder.
Leseopplevinga var bra på alle måtar; språket, spenninga og stemninga fortener eit terningkast 5. Avslutninga er svært overraskande og litt brå, - men historia kunne knapt ha enda på nokon annan måte, ser eg no, i ettertid.
Eg var litt skeptisk til lydbokversjonen sidan eg har hatt "problem" med denne opplesaren tidlegare - fordi ho les så seint. Men - denne gongen tykte eg at Kirsti Grundvig si stemme og lesetempo passa godt. Ein kan faktisk merka at opplesaren likar boka; ho les med innleving utan å overdriva på nokon måte. (Enkelte andre opplesarar "spelar radioteater" når dei les lydbøker, det likar eg ikkje) Så ja - eg kan absolutt anbefala å høyra på Levende og døde i Windsor.
Bokbloggar Tine har også nettopp høyrt boka. Ho skriv i omtalen sin at "Håkan Nesser har en helt egen evne til å forene tankevekkende tekster med creepy stemning, og få meg som leser til å sukke i vellyst samtidig som jeg grøsser fornøyd". Det var godt sagt!
Endelig fikk jeg kommentert på omtalen din (det er litt dårlig internett på Hurtigruten). Takk for linking og fine ord, artig å se at vi har samme forhold til innleseren, men denne gangen greide hun seg bra. Herlig omtale! Må bare fortelle deg at jeg har blitt påvirket av Maria. Det er ikke kjedelig på Hurtigruten, men kveldene blir lange når det er mørkt kl. 16. I dag kapitulerte jeg og kjøpte jeg meg en kortstokk. Nå skal jeg legge 16 kabaler hver dag, for å se hvor mange som går opp, akkurat som Maria. (det var vel forsåvidt hun som fikk meg til å stikke av fra hverdagen på denne måten også....)
SvarSlettIkkje dumt. Å legge kabal er eit betre tidsfordriv enn å sjå på hjernedøde TV-program, i alle fall ;-)
Slett