er den norske tittelen på den populære britiske TV-serien Midsomer Murders. Serien er basert på novellene til forfattaren Caroline Graham og handlar om mord, hemmelegheiter og skandalar i ein liten søvnig engelsk by. Tidlegare likte eg godt å sjå slike kosekrim-seriar, men interessen har dabba av etter kvart.
Dette innlegget skal imidlertid handla om svenske Mord og mysterier og ei skikkeleg godteripose av ei bok! John-Henri Holmberg er redaktør for ei samling svenske krimnoveller berekna på den anglo-amerikanske marknaden; A Darker Shade of Sweden. Svensk (og anna nordisk) krim har i tida etter suksessen med Stieg Larssons Millenniums-trilogi fått eit voldsomt oppsving internasjonalt, og har fått sitt eige begrep; Nordic Noir. Samlinga er også utkommen på norsk no - men den norske utgåva er delt i to. Del 1 har fått tittelen Mord og mysterier, del 2 heiter Kalde skygger og skal etter planen komma ut i mars 2015.
Ni noveller er med i denne fyrste delen av samlinga. Dei er i ulike stilartar og frå både kjende og ukjende krimforfattarar. Den mest overraskande er kan hende ei novelle av Stieg Larsson som ikkje er blitt publisert tidlegare; ei slags science fiction/krim-novelle han skal ha skrive som 17-åring.
Redaktør Holmberg har skrive ei svært grundig og interessant innleiing der han fortel om historia og utviklinga av svensk krim. Han presenterer mange spennande forfattarar og deira inspirasjonskjelder, samt at han gjer greie for dei ulike undersjangrane som finst innan kriminallitteraturen.
Samlinga inneheld elles noveller av Cilla og Rolf Börjlind, Maj Sjöwall og Per Wahlöö, Inger Frimansson, Johan Theorin, Magnus Montelius, Sara Stridsberg,Veronica von Schenck og Katarina Wennstam. Dei fire siste var heilt nye og ukjende for meg, men i boka har kvar novelle eit forord der redaktøren presenterer forfattaren og plasserer den enkelte novella inn i den krimtradisjonen ho høyrer til. Veldig bra.
Eg likte novellesamlinga svært godt. Dette er ei fin blanding av stemningsfulle, mørke og gode historiar. Eg anbefalar boka til alle som har sans for kvalitets-grøss - og eg gledar meg alt til del 2 av denne samlinga. Den inneheld noveller m.a. frå Henning Mankell, Håkan Nesser og Åsa Larsson.
Tom Egeland har anmeldt novellesamlinga i VG og konkluderer slik: «I mylderet av krimantologier kan du trygt velge denne. Ikke bare fordi historiene i seg selv er medrivende, men fordi hver og en er så velskrevet at den fortjener en dedikert lesers oppmerksomhet.»
Eg er heilt enig med Egeland.
Gyldendal forlag 2014
John-Henri Holmberg (red.): «Mord og mysterier»
Ni svenske krimnoveller
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
256 sider
Hei! Utfordrer deg: http://artemisiasverden.blogspot.no/2014/11/de-beste-norske-sa-langt-tips-og.html Ha en god helg.:)
SvarSlettGodt boktips - helt ukjent før jeg leste om den her hos deg, Ser av bloggen at du lytter til Håkan Nessers siste - spent på hva du synes om den.
SvarSlett