 |
Omslaget vert "pryda" av
ein vill Prepple Houmb |
Aschehoug 2015
330 sider
Kjelde: Lånt ebok (eBokBib)
DumDum Boys har halde koken i årevis med hundretusenvis av selde album og låtar som
Splitter pine. En vill en. Slave. Metallic hvit. Englefjes.
Tyven tyven. Stjernesludd. Tynn tråd. Enhjørning.
Legendariske tekstlinjer, røffe riff og fengande refreng..
Og no er boka her..
Ei rockegruppe heilt utanom det vanlege fortener vel ein biografi utanom det vanlege. DumDum Boys har for mange av oss vore ei av dei leiande rockegruppene her i landet.
Eg hugsar godt korleis eg "fall" for denne gruppa; at eg tykte alt liksom stemte; musikken, tekstane og ikkje minst: energien. Det var ekte. Dei var skikkelege rockestjerner - men samstundes så folkelege og truverdige. Dei synte ekte speleglede og
ga faen. Ein kunne verkeleg
tru på det dei framførte - og her ligg nok forklaringa på at dei vart så enormt populære.
I boka til Sindre Kartvedt får me høyra heile historia. Det virkar i alle fall slik, for her kjem alle til orde: Alle dei involverte; bandmedlemer, familiemedlemer, crew, vener og støttespelarar, alle kjem dei med sine versjonar av det som hende, - frå då det heile starta med punkebandet Wannskrækk på slutten av 1970-talet, via debutalbumet «Blodig alvor (Nanananana)» i 1988, via fleire Spelemannsprisar, årelange pausar, comeback og fram til våre dagars suksess. Om medgang og motgang, galskap og glede, usemje og uro, venskap og samhald, turnering og kvardagsliv, tullprat og latter, frustrasjon og irritasjon. Her får me vita "alt".
Medlemene i DDB har aldri delteke på "hjemme hos"-reportasjar og sjeldan gitt intervju om andre ting enn musikken sin. Dei har vore litt mystiske - noko som sikkert har vore meininga. Men til forfattar (og kompis) Kartvedt har dei snakka. Og snakka og snakka.
Ein føler seg som ein del av gjengen; at ein er litt på innsida av miljøet og gruppa når ein les denne boka. Ikkje alt er like interessant. Spesielt fyrste tredjedel av boka var litt slitsam. Det handlar mest om festing, øving, speling, festing, øving, speling, festing, øving, speling. Og mykje hard jobbing. Interessant forsåvidt, men litt masete å lesa om.

Om eg skal trekka fram hendingar det vert fortalt om som gjorde ekstra inntrykk, må eg nemna det unike samhaldet/kjemien/forholdet mellom Prepple og Kjartan, at rusbruk og - misbruk lenge vart sett på som eit ikkje-eksisterande problem og om tragedien som førte til låta
Tyven tyven. Det var også artig å lesa om alt strevet dei hadde i samband med innspelinga av
Splitter pine, - låta som "opna dørene" for dei - og om forholdet DDB har hatt til Knutsen & Ludvigsen.
Boka er framfor alt ein hyllest til noverande og tidlegare medlemar av DumDum Boys, - og det er fortent, no som dei alle er blitt middelaldrande og "DumDum
Old Boys". Biografien er på den eine sida fengande og fengslande - men på den andre sida
vel omstendeleg, slik forteljargrepet er. Eg trur kanskje at boka hadde vore meir leseverdig om forfattaren hadde hatt litt strammare "regi" på intervjuobjekta sine, - men det er muleg at boka då hadde mista mykje av sjarmen.
Boka bidreg til å halda liv i "DumDum-legenden" og er sjølvsagt eit must for alle DumDum-fans.
Jeg lever i en drøm,
en vill en,
som spiser solnedganger som drops.
(Kjartan Kristiansen)