Påbyrja i november, fullført i desember:
Nicci French - Blåmandag - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Frode Eie Larsen - Englefjær - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Britt Karin Larsen - De som ser etter tegn (Tatertrilogien 1) - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel
Lest i desember:
Bjørn Westlie - Fangene som forsvant - Krigshistorie/dokumentar - eBokBib
Henning Mankell - Pyramiden - Svensk krim, noveller - Lånt frå bokhylla.no
Frode Granhus - Kistemakeren - Norsk krim - Lånt lydbok
Richard Herrmann - Maria Stuart og hennes verden - Historisk/biografisk - Lånt frå bokhylla.no
Christer Mjåset - Det er du som er Bobby Fischer - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Britt Karin Larsen - Kaldere om natten (Finnskogserien 7) - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Charles Dickens - En julefortelling - Britisk klassisk kortroman, 1001-bok - Lydbok Storytel
Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Unni Lindell - Min mor har en saks i ryggen - Krimnoveller - Lytteeksemplar
Morten A. Strøksnes - Havboka - Sakprosa, fakta - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - I all evighet - Historisk roman - Lånt papirbok privat
Leseåret 2015 - summering, oppsummering og årsstatistikk
Eg pleier å notera ned bøker og tilhøyrande opplysningar på eit excel-ark etter kvart som eg les. Det gjer det enkelt å henta fram den årlege statistikken - og slik ser den "litterære sjølvmeldinga" ut for meg:
Eg las 140 bøker i 2015, dette er 2 færre enn i 2014 og 10 fleire enn målsetjinga på 130.
Her har eg ikkje rekna med dei 8 bøkene som eg byrja på og avbraut lesinga av.
Sjanger
Dei 140 bøkene fordeler seg slik sjangermessig:
- 70 krim-, thriller- og spenningsromanar (nøyaktig 50%)
- 35 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar (25%)
- av desse 4 stk. 1001-romanar
Dei resterande 25% består av
- 15 dokumentar-, debatt- og faktabøker
- 10 biografiar
- 7 novellesamlingar
- 3 humor/satire
Format
Det vart mest papir i 2015, men eboka er definitivt kommen for å bli, også hos meg.
- 57 papirbøker
- 43 ebøker
- 40 lydbøker
Terningkast
Det store fleirtalet, 68 bøker (49%), fekk terningkast 4. Elles vart terningkasta fordelte slik:
- 5 bøker fekk terningkast 6
- 43 (30%) fekk terningkast 5
- 23 fekk 3
- 1 bok fekk 2
Alder
Eg les mest nytt.
- 77 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2014
- 51 i 2015
- av dei 34 norske
- Eg las 12 bøker utgitt før 2000.
Kjelder
Heile 111 (79%) av bøkene eg las var lånebøker; dvs. anten lånt privat, lånt på biblioteket, via eBokBib eller bokhylla.no
- 16 har eg kjøpt sjølv
- 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar
Forfattarar
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2015 var
- Edvard Hoem (5 bøker)
- Ragnar Kvam (5)
- Britt Karin Larsen (3)
- Arne Dahl (3)
- Kjell Ola Dahl (3)
- Jan Mehlum (3)
- Ken Follett (2 1/2 bok) 'I all evighet' vart med meg inn i det nye året.
Kjønn
Eg visste at det var ei overvekt av mannlege forfattarar, men tala for 2015 vart faktisk så klare som
- 104 bøker skrivne av menn
- 39 skrivne av kvinner
(nokre få bøker har både mannleg og kvinneleg forfattar)
Nasjonalitet
Eit punkt eg ikkje hadde fokus på i det heile tatt i fjor, så her er det lite eksotisk
- 83 bøker (59%) skrivne av norske forfattarar
- 22 svenske (15%)
- 15 britiske
- 8 amerikanske
- 3 danske
- 2 franske
- 2 tyske
- 2 islandske
- 1 finsk
- 1 irsk
- 1 dansk-norsk
Bloggen
Aktiviteten her på bloggen har vore mindre enn dei to føregåande åra, men har likevel vore jamnt god. Om eg så skal sei det sjølv.
- 82 blogginnlegg
- 46 bokomtalar
- 12 samleinnlegg der 86 bøker er omtalt heilt kort
- Statistikken syner over 40.000 sidevisningar siste år
- Mest leste innlegg i 2015 vart det same som året før: Bli hvis du kan. Reis hvis du må - som er eit innlegg/bokomtale som får mange treff på Google og andre søkemotorar. Det lever eit heilt "eige liv" og er desidert mest lest (eller klikka på, eg veit egentleg ikkje om det faktisk vert lest); meir enn tre gonger meir enn det innlegget/omtalen som har nest flest treff: Mengele Zoo - Folkets favoritt. Begge desse bloggpostane er frå 2013. Av årets innlegg er det omtalen av De grenseløse av Jussi Adler-Olsen som har flest treff.
Både blogging, lesing - og blogglesing - har gitt meg mange trivelege stunder i 2015. Det kjennest godt å ta fatt på blanke ark i 2016.
Herlig!
SvarSlett(også kavalkaden i innlegget før!)
En av de tingene jeg har lovet meg selv, er at i 2016 skal jeg telle underveis, eller notere. I år har jeg knapt oppsummert så da måtte alt gjøres igår, noe som gikk kraftig utover resten av innlegget. Tallene stemte jo aldri.
Vi har lest akkurat like mange bøker, og det er alltid like spennende å se hvor forskjellig vi leser. Eg. herregud hvor mange menn du leser?? Og hvor mye nytt?? Vel det siste gjelder meg også, selv om jeg planlegger forandring på det området.
Artig at Kvam der den forfatteren du har lest mest av!
Britt Karin Larsen, tar jeg fatt på ganske straks, later som jeg ikke ser at de ikke er 'gamle' nok.
Det med menn vart eg overraska over sjølv også, i alle fall at det var SÅ mange. Eg skal prøva å vera meir bevisst på kjønnsfordelinga i året som kjem. Det same gjeld "gamle" bøker - for bøker går faktisk ikkje ut på dato..
SlettFor eit år sidan hadde eg aldri høyrt om Ragnar Kvam, tenk det!
Godt nyttår Berit 😃 vi har lest nesten like mange. Jeg har lest 141 bøker. Slo deg med en, tihi.. ;) jeg hg ar også begge seriene til Larsen i hylla, på vent. Må få startet på dem jeg også snart 😃
SvarSlettJa, du "slo meg" på oppløpssida. Jaja, eg tek det ikkje så tungt. Har tenkt å lesa færre bøker dette året, eit innlegg om planar og tankar for leseåret er påbyrja.
SlettEg er nesten misunneleg på alle dei som ikkje har lest bøkene til Britt Karin Larsen. Både du og Ingalill kan sjå fram til fine lesestunder med bokseriane hennar. Eg har heldigvis eit par til gode sjølv også; dei to siste i tatertrilogien.
Hehe, nei, det er bare litt morsomt.;)
SlettJeg funderer også over mine leseplaner/mål for 2016. Skal legge lista lavt, få mål, men viktige mål- som å lese mye fra hylla.
Der er jo også Larsens bøker, så da er det håp, og mye å glede seg til, skjønner jeg..:) Hvilke av de to seriene synes du er best? taterne eller den andre?
Finnskogserien er fenomenal, eg vart bergtatt frå fyrste bok - og føler det litt vemodig at eg no har lest den siste.
SlettTatertrilogien, i alle fall den fyrste, har ein litt annan stil. Ikkje fullt så poetisk i språket, men med ei like gripande og lærerik historie.
Hmm - tenkte å begynne på taterne, for det er bare første finnskogboka som ligger som lyd på storytel, eller den kommer ihvertfall i løpet av januar. Kanskje det betyr at resten kommer etter hvert. Alt er allerede på plass som e-bøker.
SlettIngalill: Den fyrste er på Storytel alt, dei to andre vert tilgjengelege i nær framtid.
SlettEg las papirboka, men hadde lydboka i tillegg. Dyktig opplesar, som eg ikkje hugsar namnet på i farten
Det var tema taterne som gjorde at jeg begynte å interessere meg for disse bøkene. Jeg fant en av de bøkene i en bruktbutikk i Valdres i 2013. Etter det ble de utgitt på nytt i pocket, og da var jeg rask på labben og kjøpte rubbel og bit. Spørs om jeg starter på dem..
Slett