317 sider
Lånt papirbok privat
Eg har stor sans for Anne B. Ragde. Ho er eit friskt og frodig pust, både som person og gjennom bøkene sine. Eg har særleg sans for krimnovelleforfattaren Ragde.
Dei fire tidlegare bøkene i Berlinerpoplene-serien har eg gitt terningkasta 5 - 4 - 3 og 3. Leseopplevingane mine og interessa har altså vore dalande, men det er absolutt noko med denne Neshov-familien som gjer at eg også tok fatt på bok nummer fem. Liebhaberne er eit nytt gjensyn med Torunn, Margido, Erlend, Krumme og Tormod - desse folka som ein etter kvart er blitt kjent med - og ein er difor litt nysgjerrig på "korleis det går med dei".
Liebhaberne er ein uskjøneleg tittel, så eg måtte søkja opp ordet. Ein liebhaber er visstnok ein person som likar å samla på og å kjøpa ting - og boka handlar mykje om hovudpersonane si interesse for ting. Det handlar t.d. om Torunn si oppussing og fornying av garden, Erlend sine overdådige planar for den ganle villaen, Margido sine innkjøp av luksuskister og Tormod sitt ynskje om å kjøpa ny flaggstang på Neshov.
Torunn har teke over garden Neshov etter den avdøde faren Tor samstundes som ho også har gått inn i gravferdsbyrået til onkelen Margido. Dette set Margido uendeleg pris på, og han er på langt nær så stiv og tilknappa som tidlegare. Erlend har det travelt med borna og medmødrene, med Krumme og med oppussingsprosjekt. Gamle Tormod, "bestefar" (men egentleg onkelen) til Torunn har flytta på gamleheim, og har omsider fått det godt. Etter all underkuing gjennom alle år er det ikkje så lett å vera sosial, men han prøver. Gjennom jamnlege besøk frå Torunn og Margido og med små samtalar med personalet vert han gradvis meir open. Ein får fleire glimt av Tormod sin bakgrunn - og det er vondt å lesa om korleis han vart handsama av sin eigen familie.
Sidan to av hovudpersonane arbeider i eit gravferdsbyrå, handlar det naturleg nok ein del om døden: Både den brå og uventa døden og den stille og forventa døden. Akkurat dette er fint og naturleg skildra i boka. Her handlar det også ein del om ting; om blomster og lys og nye ritualar i høve dødsfall og sorg.
Ragde har eit lett, sprudlande og skravlete språk. Ho vekslar ganske så elegant mellom Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og luksusliv, Torunn og Margido sine gravferdsoppgåver og Tormod sine gammalmannsproblem og tilbakeblikk. Men altså - for meg vert det for mykje skravling. Såpass mykje at eg må ta lange pausar for å orka å lesa vidare. For mange ord, for mykje mas og for mange ting. For mange handlerundar og for mange oppramsingar. For mykje matprat og for mange uinteressante detaljar.
Slutten gjev oss ei påminning om at sjølv om døden kan ramma brått og brutalt, må livet gå vidare. Gjennom tårene kan ein skimta både håp og framtidstru.
Andre bloggmeiningar:
Den andre Berit, Reading Randi, Tine sin blogg, Pervoluto, Kleppanrova
Flott omtale Berit! Jeg er nok enig med terningkastene dine at det var den første romanen i serien som tok oss med storm. Som deg likte jeg Liebhaberne bedre enn den forrige boken, og gleder meg til fortsettelsen :)
SvarSlettDen forrige boka Alltid tilgivelse var på ein måte ei "unødvendig" bok, men med denne oppfølgjaren ser ein biletet klårare - og forteljinga om Neshov-familien er komen til eit nytt vendepunkt. For min del kan historia enda med Liebhaberne, sjølv om ein del er uavklart.
SlettFlott omtale, ser vi har ganske lik oppfatning av boka. Den er folkelig, enkel og rett frem om utviklingen av drømmer og virkelighet. En avslappende bok, men ingen "høydara". Takk for link.
SvarSlettEin kan ikkje ha forventningar om ei stooor litterær oppleving. Men det er lett å skjønna at Ragde er populær, sidan ho skriv enkelt og greit om dei nære ting.
SlettVeldig grei omtale og konklusjon. Det er kanskje litt på sida, men det siste avsnittet ditt fikk meg til å tenke på et sitat jeg ikke husker hvor kommer fra, men som er verdt å ta med seg:
SvarSlett"En dag skal vi alle dø, alle andre skal vi leve."
For meg er all livsvisdom samlet i de ordene...
Enig. Sitatet kjem frå Per Olov Enquist; "En dag ska vi dö, alla andra dagar ska vi leva"
SlettEg tykkjer også at nyleg avdøde Per Fugelli sa det så bra:Han meinte det burde stå "han gjorde så godt han kunne" på alle gravsteinar..
Ser du har noe ambivalent forhold til denne - jeg likte den spesielt på grunn av Ragdes forteller-talent, men nå må hun jo komme med en oppfølger - det bør rundes av på en bedre måte.
SvarSlettSlutten er kan hende uavklart - men ein forstår at Torunn står framfor ein ny start med store utfordringar. For min del kan serien slutta med denne.
SlettHar denne serien tilgode, fremdeles, blir nok ikke iår heller, selv om endel av meg synes jeg burde, bokbloggpris og alt. Har kastet meg over Wassmo istedet. Meen, leste nettopp ei Ragdebok fra 90tallet, Bunnforhold, om sex og sex og tiss og bleier, og kan egentlig ikke anbefale den til noen, altfor sær, og den har nå måttet synke i 3 dager før jeg har innsett at den traffpunkter både på ensomhet, konsum/porno/avhengighet og sexen har på en måte smeltet inn i bakgrunnen. Hmm, det betyr vel at jeg etterhvert må gå inn å forandre goodreadsdommen min, kanskje jeg bare skal gjøre det med engang..
SvarSlett(Leste Wiikinnlegget også, men klarer fremdeles ikke opparbeide nok motivasjon til å ta for meg denne norskekrimmen, annet enn kanskje Gunnerud, har allerede lest 2 der, før, men ser serien ligger på storytel. Velger altså fremdels svenskekrim, men jobber med saken.
(Der fekk du kommentert/sagt mykje på ein gong!)
SlettDet hender at bøker har kvalitetar sett i ettertid, men denne Bunnforhold trur eg at eg hoppar over.. Har aldri høyrt om den før.
Wassmo har eg fortsatt ikkje lyst til å lesa. Eg vart rett og slett altfor deprimert/rysta av Tora-trilogien den gongen på 80-talet. Det betyr jo at bøkene var knallgode, men eg har likevel aldri orka å ta til på Dina-bøkene.
Wiik er sprudlande og frisk etter mi meining, heilt annleis og med mindre gravalvor (eller realisme eller seriøsitet) enn dei fleste andre norske krimforfattarar.