Eg er "allergisk" mot kosekrim, femikrim, chicklitkrim eller kva ein no kallar "damevenlege" kriminalromanar. Alexander McCall Smith sin populære krimserie frå Botswana har eg fått anbefalt frå ulike hald i fleire år, men eg har vore skeptisk til bøkene - nettopp fordi dei vert sagt å vera kosekrim.
No har eg lest (lytta) til dei tre fyrste bøkene - og det er ei glede å kunna meddela at dette verkeleg ER koselesing. Koseleg og triveleg altså, og ikkje klissete. Enkelt og lettlest, men lærerikt. Humoristisk, men også med snert. Eg har hatt eit vellukka møte med Damenes detektivbyrå; innehavar Mma Ramotswe, hennar forlovede J.L.B. Matekoni, sekretæren Mma Makutsi og alle dei andre som ein vert kjent med etter kvart. Dei fleste bøkene i serien er tilgjengelege på Storytel.
Det er tydeleg at forfattaren Alexander McCall Smith (fødd i Zimbabwe, utdanna i Skottland og busett i Botswana i mange år, meir på Wiki) har brei kunnskap om og har stor kjærleik til landet Botswana. Lesaren får ein del afrikansk samfunnskunnskap på kjøpet når ein les om Damenes detektivbyrå. McCall Smith røskar litt opp i dei fordommane me gjerne har når det gjeld Afrika. Her får me eit heilt anna bilete enn det me vanlegvis får gjennom media; her er det ikkje fattigdom, utsulta barn og krig som er i fokus.
Mma Precious Ramotswe er ein fantastisk karakter som det er umuleg å ikkje bli glad i. Ho er den fyrste og einaste kvinnelege detektiven i Botswana. Ho er varm og frodig ("tradisjonell figur", meiner ho sjølv) og løyser små og store saker ved hjelp av intuisjon, resonnement og klokskap. Ho er stolt av den afrikanske kulturen og held fast på enkelte tradisjonelle verdiar, men ser óg at somme tradisjonar er forkastelege. Mma Ramotswe er på alle måtar ein tilhengar av moral, anstendigheit og rettferdigheit.
Bøkene er ikkje særleg spennande og inneheld lite action og dramatikk, men ein finn mykje underfundig humor og artige betraktningar. Mma Ramotswe tek på seg saker om utru ektemenn, stjålne bilar, falske legar, sjalu hushjelper og forsvunne barn. Somme saker er trivielle og ho løyser dei ved hjelp av litt tankeverksemd, andre er meir kompliserte og alvorlege.
Serien om Damenes detektivbyrå ligg stilmessig og innhaldsmessig laaangt unna den krimmen denne bloggaren vanlegvis les, men eg likar altså desse bøkene. Det er kjekt å lesa noko som er triveleg av og til. Når ein så kan læra noko i tillegg, gir det ekstra plusspoeng.

Ein må jo berre bli i godt humør av desse omslaga! Her er dei tre fyrste i serien. 15 bøker er utgitt til no, 13 av dei finst på norsk. |

Så fin omtale av de første bøkene, Berit. Morsomt at du likte den til tross for at du egentlig ikke er for "kosekrim". Det er det flotte med bøker, tenker jeg, at i nesten enhver kategori så finnes det bøker en kan like selv om en i utgangspunktet tror det ikke er noe for seg.
SvarSlettJeg leste den første boken i denne serien i 2010, kanskje det er på tide å forsøke seg på bok #2. Den første var helt ok, men jeg ble nok ikke like begeistret som deg. Har du sett filmatiseringen?
Du har sikkert rett i det; at ein kan finna gode bøker i einkvar sjanger eller kategori. Eg følte i alle fall at eg måtte bita i meg nokre av dei fordommane eg har når det gjeld 'kosekrim' etter desse.
SvarSlettEg er klar over at det finst ein film eller tv-serie basert på bøkene, men den har eg ikkje sett.
Gøy omtale av boken og serien. Jeg tror jeg har lest den første en gang for lenge siden, men fortsatte ikke å følge serien. Jeg er heller ikke fan av Storytel, for de gangene jeg har vært inne å sett nærmere på det, har jeg syntes at det er så få bøker å velge mellom, iallefall bøker jeg er interessert i. Skal huske denne serien neste gang jeg sjekker ut Storytel :)
SvarSlettEg er ikkje særleg begeistra for Storytel eg heller, men no fann eg altså denne bokserien. Det er slett ikkje umuleg at eg kjem til å lytta til fleire av bøkene, dette er slik ukomplisert og lettfatteleg litteratur som er fin som avkobling.
SlettJeg har også hørt den første boka i serien- og foreløpig latt det bli med det. Ikke fordi jeg ble skuffa, trur jeg, det var nok heller det at den forsvant i mengden. Det er lenge sida jeg hørte den, men mener å huske at jeg tenkte det var mer "en roman med krim-innslag" enn ren krim?
SvarSlettEllers ser det ut til at vi alle tre har den samme litt lunkne innstillinga til Storytel.. De jeg kjenner som ikke har motforestillinger mot å høre engelske bøker, er nok mer fornøyd med utvalget enn jeg er, selv om jeg i det siste har åpna opp for "svensk på svensk".
Ja, eg er rimeleg lunken til Storytel - og det skuldast mest det begrensa utvalet, som Tine seier over her. Dette har vel med rettigheiter, litteraturpolitikk og eigarskap å gjera.
SlettNår det gjeld svenske bøker er utvalet godt og det er også muleg å lesa/lytta til nyare bøker, men sjølv er eg ikkje heilt fortruleg med å høyra bøker på svensk.