Bloggen har visst gått inn i dvale i det siste; sommaren er kommen, sola skin og andre aktivitetar fristar meir enn blogging og skriving av bokomtalar. Skippertaksamleomtale følgjer.
Den andre siden av loven av Michael Connelly
Connelly er ein svært populær og produktiv forfattar. Eg har googla meg fram til at han har skrive 20 bøker i Harry Bosch-serien og 6 i serien om Mickey Haller i tillegg til eit par frittståande bøker. I Den andre siden av loven (The Reversal) er det Haller som er hovudperson medan Harry Bosch har ei viktig birolle. Dei to er halvbrødre, og det hadde sikkert vore lurt å lesa bøkene kronologisk slik at ein hadde hatt eit meir grunnleggjande kjennskap til familieforhold og andre forhold.
Det som er spesielt med denne boka er at begge heltane til Connelly er med, og at forsvarsadvokat Haller for ein gong skuld jobbar for aktoratet. Det handlar om ei gammal drapssak som vert ført for retten på nytt. Haller trur oppdraget skal bli grei skuring - men det skjer naturlegvis ikkje. Den andre siden av loven er altså advokatkrim, noko som kanskje høyrest kjedeleg ut. Etter mi meining er det slett ikkje kjedeleg, men det er ganske langsamt - sjølv med hyppige perspektivskift og synsvinklar og overraskingar undervegs.
Det amerikanske rettssystemet er heilt annleis enn det norske, men det virkar likevel ikkje framandt. Eg tok meg sjølv i å nikka gjenkjennande til skildringa av rettslokalet, juryordninga, samt dommar og advokatane sine roller. Sidan handlinga foregår i Los Angeles fekk eg også fleire assosiasjonar til LA Law som gjekk på TV på 1980/90-talet.
Eg las eit par bøker av denne forfattaren for fleire år sidan, men dei kan ikkje ha gjort så veldig inntrykk sidan eg har gløymt kven av bøkene det var. Denne boka vart plukka ut ganske så tilfeldig i og med at det ikkje var så mange Connellybøker tilgjengelege på "mitt" bibliotek. Den mest kjende Mickey Haller-boka er Loven i en Lincoln. (I filmen The Lincoln Lawyer er det glattkjekkasen Matthew McConaughey som har hovudrolla, noko som eg tykkjer er "feil").
Michael Connelly er ein stødig og grundig forfattar og Den andre siden av loven er på mange måtar ei skikkeleg og ordentleg bok. Men så er det avslutninga då.. For meg vart siste del av boka eit antiklimaks som gjer at eg ikkje kan gå høgare enn til terningkast 4.
Annabelle av Lina Bengtsdotter

Gyldendal 2012
393 sider, lånt papirbok biblioteket

Gyldendal 2018
358 sider, lånt ebok eBokBib
Så over til svensk krim - og til ein lovande debutant. Her handlar det om ei sakna ungjente og om ein etterforskar med rusproblem som gjennom arbeidet med saka møter sitt eige vanskelege oppvekstmiljø og fortrengde barndomsminner. Lest det før? Javisst, men eg tykkjer likevel at dette er ei bra bok.
Gjennom ulike forteljarstemmer og forskjellige tidsplan vert det avslørt kva som har gått føre seg av mørke hemmelegheiter og traumatiske opplevingar. Hovudpersonen Charlie Hager er litt slitsam og ho tek nokre merkelege og uheldige val undervegs i etterforskinga.
Boka er spennande, drivande og fortlest. Tematikken er velkjend, men Bengtsdotter har ein spesiell stil. Eg ser fram til framtidige bøker frå denne forfattaren. Terningkast 4.
Ingen vei tilbake av Tove Alsterdal

Kagge 2016
474 sider, lånt papirbok privat
Dette var ein alle tiders krimthriller, og eg forstår ikkje heilt kvifor eg ikkje har lest noko av denne forfattaren tidlegare. Boka er omfangsrik og har eit rimeleg komplisert plott med ei handling som går føre seg på to ulike kontinent, men forfattaren har ei stødig hand over det heile.
Protagonisten har eit noko uvanleg yrke i krimlitteratur-samanheng. Helene Bergman er arkitekt og opplever at systera hennar tek livet av seg. Ho får opplysningar om at ho muligens har fått "hjelp" til å avslutta livet sitt og vert etter kvart involvert i ei omfattande sak. Saka har truleg forgreiningar til landet systrene opphavleg kom frå; Argentina.
Ingen vei tilbake er ein innhaldsrik kriminalroman med mange trådar og eit omfattande persongalleri. Boka er svært interessant og velskriven og anbefalast varmt. Terningkast 5.

Jeg har lest to av bøkene til Tove Alsterdal og likte dem kjempegodt, særlig den fra Argentina.
SvarSlettDe andre to av dine har jeg ikke lest.
Spørs om det blir noen samleomtaler herfra også fremover.. det er mye som skjer om sommeren.:)
Samleomtalar er tingen for oss som lever eit liv utanom bøkene og som gjerne vil skriva litt om alle bøker me les.
SlettJa, det er jo kjekt å ha skrevet noe om de fleste, fint å kunne gå tilbake til for å huske.
SlettFordelen med å skrive innlegg om enkeltbøker er at de er mer søkbare på google- sånn at andre også kan finne dem - samleinnlegg forsvinner ofte langt bak .
Men sånn er livet, man får ikke alltid i pose og sekk.;)
Noterer meg svenskekrimmen. Rett inn på storytel for å legge i hylla. Avslappende at det er debutant, så blir det ikke så mye å ta igjen. Bruker egentlig å like at seriene er fiksferdige når jeg begynner, så man slipper å vente og/eller miste interessen, men er i podcastmodus og lydbøkene jeg vil høre (og audiblekredittene) har begynt å hope seg opp.. ja.. og...
SvarSlettUansett. Connelly. Du likte denne bedre enn meg. Sikkert fordi jeg sammenliker med tidligere bøker. Har begynt å se serien på HBO (ventet til jeg var sikker på at jeg har lest alle bøkene som brukes), og er mest overrasket over hvor 'treige' dialogene er. Bosch er ikke like kvikk som Haller, men har sett han for meg som ikke taletrengt men slagferdig.. Har lest 3 bøker i serien iår og ingen av levd opp til forventingene. Hovedvokalistsyndromet overført med endeløs seriekrim?
Har lest ei Alsterdal, husker ingenting..
Eg likte Connelly-boka og spesielt Bosch - så det er slett ikkje utenkeleg at det blir fleire bøker. Men så dukkar det jo stadig opp nye bøker - og denne helga har eg ikkje lest eitt einaste ord i ei bok. Har vore unormalt sosial.
Slett