Lydbokforlaget 2018
Speletid 10:51
Opplesarar Elisabeth Vatn og Ola G. Furuset
Lånt lydbok biblioteket
Brudekjolen er ein underhaldande krimthriller. Boka handlar om å mista seg sjølv, om manipulering, om psykologi, psykiatri og psykopati. Gjennom to sentrale forteljarstemmer får ein to ulike perspektiv. Historia endrar totalt karakter midtvegs og ein får også nokre twists & turns mot slutten.
I fyrste del av boka er forteljaren Sophie; ei ung kvinne som ein gong hadde eit normalt liv, men som vaknar opp til (og frå) eit sant mareritt. Alt tyder på at ho er gal og at ho har teke livet av eit barn. Det einaste ho har i tankane i denne situasjonen er å flykta. Det er skikkeleg ubehageleg å lesa om forvirringa og reaksjonane hennar på veg bort frå det livet ho har hatt. Sophie handlar "fornuftig" sett frå hennar ståstad, men kvifor ber ho ikkje om hjelp? Kva har Sophie opplevd i si fortid som gjer at ho handlar som ho gjer? Er ho sinnsforvirra eller er det krefter utanfrå som spelar inn?
Lesaren får gradvis vita kva den forvirra kvinna har opplevd, men det er fyrst når forteljarstemme nummer to, den skremmande karakteren Fritz, kjem på bana - at ein skjønnar kor omfattande Sophie sine vanskar er, har vore og kan bli. Det er når ein får kjennskap til Fritz sine tankar og planar at boka blir skikkeleg nifs.
Eg ynskjer ikkje å sei noko meir om handlinga fordi eg då kan avsløra for mykje. La meg berre kort leggja til at boka har upålitelege forteljarstemmer og overraskande vendingar. Medan eg las fekk eg assosiasjonar til bøkene Før jeg sovner, Flink pike og Hennes største frykt.
Pierre Lemaitre har frodig fantasi og er ein dyktig forteljar. Brudekjolen utkom fyrste gong i 2009, men kom ikkje i norsk oversetjing før i år. Boka er ikkje så rå som Camille-trilogien, og er heller ikkje så elegant komponert som t.d. Alex. Men her kan ein finna ein heil del mørk humor, mange småhysteriske situasjonar og mykje "snadder" som ligg til rette for ei nervepirrande lesestund. Ein kan innvenda at handlinga er "hinsides all fornuft" og særs lite truverdig og at fyrste del er litt treg, men alt i alt likte eg boka ganske godt.
Andre bloggmeiningar: Heartart, Bjørnebok, Hverdagsnett

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar