2. januar 2019

Leseplanar og lesemål 2019

Godt nytt år til blogglesarar, bokormar og lesehestar! Eg markerer nytt år og blanke ark med nokre små endringar av utsjånaden på bloggen. Eg har funne ein annan mal og i tillegg nytta høvet til å endra bloggtittel til BOKSNAKK OG LESETIPS, men adressa er den same som før: https://bokbloggberit.blogspot.com. Biletet i header'en har eg teke sjølv og viser Lustrafjorden; frå Skjolden med utsikt mot Molden.

Eg hadde nokre heilt konkrete og talfesta lesemål for leseåret 2018. Tanken var at desse lesemåla skulle hjelpa meg sidan eg er ein ganske ustrukturert og impulsiv lesar. Ved årsskiftet viser det seg at kun eitt av dei ti punkta eg hadde sett opp vart nådd. Likevel er eg rimeleg nøgd med resultatet:

Lesemål 2018

  1. 94/100 bøker totalt
  2. 6/8 mursteinar (over 600 s.)
  3. 21/25 norske utgitt 2018
  4. 6/12 bøker utgitt før 2000
  5. 10/10 biografiar 
  6. 6/15 annan sakprosa
  7. 2/6 OTS, bokhyllelesing
  8. 31/40 bokomtalar 
  9. 25/30 "nye" forfattarar 
  10. 14/20 bøker frå Storytel
For 2019 vert lesemåla færre og tala lågare, men eg ynskjer å vera like konkret: Tal er greitt å forhalda seg til. Med følgjande delmål for 2019 har eg noko å strekka meg etter utan å vera altfor ambisiøs:

Lesemål 2019

  1. 100 bøker totalt
  2. 10 mursteinar
  3. 10 biografiar
  4. 10 annan sakprosa
  5. 30 bokomtalar
  6. 30 nye forfattarar
Norske utgjevingar av året kuttar eg ut. Eg kjem uansett til å lesa "nok" nye norske. Eg har hatt med dette delmålet dei siste åra for å begrensa meg. Bokhyllelesing er meir eller mindre uaktuelt for meg sidan eg har så få uleste bøker i hyllene mine. Eg tok ikkje imot eit einaste leseeksemplar i fjor, så eg har ikkje noko press på meg når det gjeld slike ting. Eg set heller ikkje opp noko lesemål når det gjeld "gamle" bøker, dvs. frå før år 2000. Storytel-abonnementet mitt kjem eg truleg til å sei opp i nær framtid, dersom det då ikkje skulle dukka opp noko heilt spesielt. Eg satsar heller på bibliotek-tenesta eBokBib som er gratis og som stadig vert utvida.

Eg ynskjer å halda fram med å finna underhaldande, spennande, gode og lærerike forteljingar. Det overordna målet for leseåret 2019 er å kosa meg med bøker og lesing. 

16 kommentarer:

  1. Fine realiistiske mål, dette.
    Å, så ble jeg så overrasket over den nye designen. Men det var fint.:) Og artig med ny tittel!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å ja. No har du kommentert hos meg medan eg har kommentert hos deg :-)

      Trur måla skal vera gjennomførbare. Dersom eg ikkje lukkast har det ikkje konsekvensar - kun for sjølvkjensla mi.
      Forandring fryder, heiter det. Og nytt år, nye muligheiter. Eg er ikkje så altfor glad i endringar, men eg var egentleg lei av det gamle designet. Difor bittelitt nytt.

      Slett
  2. Godt nyttår Berit!
    Det viktigste må jo være å kose seg med lesingen, så det målet heier jeg på. Jeg savner muligheten til å lese på eBokBib, siden iPadden har takket for seg, men skal bli finkere å bestille og ta turen bort til biblioteket for å låne. Skal prøve å begrense leseeksemplarene, noe som medfører at jeg leser mye færre nye bøker, men det får stå sin prøve.
    Gleder meg til å følge deg videre, i det nye året!

    SvarSlett
    Svar
    1. Av og til tenkjer eg at det er synd på dei som ikkje likar/vil lesa bøker. Dei går glipp av mykje - men dei kompenserer vel på andre måtar, får ein tru.
      Eg tykkjer eBokBib og iPad er ein super kombinasjon. Les masse bøker på den måten.

      Slett
  3. Fine konkrete mål. Mine er nok litt mer diffuse i kanten (for da er det lettere å jukse..), men det er det eneste som fungerer for meg. Jeg plukker med meg målsetningen om bibliotekbøker. Jeg er oftere i Stavanger på hovedbiblioteket, og der har jeg et stort forbedringspotensiale. Jeg skal også lese færre nye norske bøker, kjenner jeg. Det har blitt for mange mindre gode opp gjennom årene. Tar heller ikke som deg imot leseeksemplarer lengre, ber heller om de få jeg ønsker å lese. Da blir samvittigheten bedre, og muligheten til å lese annen litteratur større. Jeg er ikke så flink å kommentere, men du leses alltid. Følger med deg inn i 2019 - så ha et flott lese- og skriveår :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Fleksible lesemål er ikkje så dumt. Då kan ein tilpassa måla etter lesinga og ikkje omvendt :-)

      Takk for at du les og for hyggeleg kommentar - og godt nytt år!

      Slett
  4. Fin ny design. Liker ditt overordna mål, der er vi samstemte!

    SvarSlett
  5. Så behagelig bilde!

    Imponert over mye på lista di, særlig antall biografier (og ikke bare fordi du faktisk nådde målet) - der er jeg fryktelig dårlig. Gleder meg til å følge deg også i 2019.

    SvarSlett
    Svar
    1. Behageleg bilde? Ja, det er kanskje det. Eg har det som skjermsparar på jobb-pc'en min, så eg er vant til å sjå på det.

      Eg set pris på at du vil følgja meg, tusen takk.

      Slett
  6. Greie mål, ikke for ambisiøse. Det liker jeg. Skal lage en liten oppsummering sjøl, og setter iallefall ikke store mål. Fint å bytte litt design. Har tenkt det samme, men er ikke så flink på dette. Får se. Godt nytt år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår, Åshild!
      Nokre mål for leseåret er nyttig for meg sidan eg som oftast les etter lystprinsippet og etter kva som er tilgjengeleg på bibliotek/ebokbib.

      Slett
  7. Fint bilde. Husker at du også en gang hadde blogg på bloggsoft plattformen. Jeg fikk beskjed om at den gamle bloggen min ville bli slettet i april. Jeg slettet den like greit. Litt rart. Den var litt viktig i de årene da jeg var i frustrasjonsmodus. Men jeg er glad jeg fant ut at det fantes bokbloggerne og byttet plattform. Håper det ikke skjer med denne plattformen. Jeg er ikke den som orker så mye av slike tekniske øvelser som bytte av plattform. eBokBib; det begynte jeg med. Men så byttet jeg ut min ipad til en Samsung Tab A og den liker jeg ikke å lese bøker på pga formatet. Lykke til med lesingen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det stemmer; eg byrja bokblogginga på blogg.no, men vart lei av reklamane der. Blogspot er ein grei plattform og det var her eg starta med blogg i 2008; ein blogg der eg skreiv om alt muleg - politikk, kvardagsliv, kultur og bøker - og som er sletta. Det finst mange ulike bloggmalar på blogspot og det er dette eg har nytta meg av no.
      Takk for hyggeleg kommentar og ha eit godt leseår, Tone.

      Slett
  8. Grattis med nytt design. Jeg tenker også på å bytte, innimellom, men så tar latskap og forandringsfrykt over. Eller kanskje mest at jeg sikkert i endringsprosessen trykker på noe som aldri burde vært klikket på, og vips så er man blogg og rotløs. Blogspot forever!

    Glad for at du fortsetter med biografier. Det skal jeg også (hehe)
    Du slo meg på pre-2000. Greide kun 4 (av 19). Beskjedne greier.
    Føler meg optimistisk for leseåret 2019. Alltid like spennende å se hva man ender opp med. Som regel er det langt, langt unna hva man (jeg) så for seg..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er også redd for å gjera feil når eg eksperimenterer. Difor er det greit med dei designmalane som alt ligg i blogspot. Ein kan prøva seg fram med utsjånad og fargar før ein publiserer.
      Eg er alltid optimist. Spesielt i starten av eit nytt år.
      Spent på årets biokategoriar, sjølv om eg like godt les noko heilt anna dersom kategorien ikkje passar meg, ref. genderbender-runden.

      Slett